Beskrivelse fra lokalitet:
20 steinar i ei rad, ein for kvar deltakar i eit brudefølgje. Dei to største steinane står i midten og skal symbolisera brud og brudgom. Brudledet ligg på eit flatt berg 40 m sør for det høgaste punktet på den gamle Kvålesheivegen. Vegen var i bruk til 1887.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
20 steinar som ligg i ei rad etter einannan (ein for kvar deltakar i eit brudefølgje), dei to største på midten (brudeparet). Ingen veit når brudefølgjet la ned dette brudledet.
Beskrivelse fra lokalitet:
Naturfenomen som St. Olav har fått skulda for: Ei steinblokk som ser ut som eit bord, og ei steinblokk som ser ut som eit fosete (forsete) = ein langbenk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Eit av dei mange naturfenomen som St. Olav har fått skulda for: Ei steinblokk som ser ut som eit bord + ei steinblokk som ser ut som eit fosete (forsete) = langbenk.
Terrengets art. Utsikt:Forholdsvis flatt høydedrag foran Husebybakkan (17/2). 1) ligger i bjørkeskog, mens 2) ligger på dyrket mark omgitt av bjørkeskog i S, Ø og N. Utsikt i alle retninger, men delvis hindret av skog. Fornminnets art. Utstrekning:Samling fornminner bestående av 1 rundrøys og 1 rundhaug.Utstrekning ca 60 m SSV-NNØ, ca 30 m ØSØ-VNV. Beskrivelse:1.Rundrøys, med jorddekke, trolig med fotkjede. Ikke så tydelig i terrenget, men relativt klart markert. Synlig krater i sentrum (diam 2 m), ellers uskadd. Bevokst med gress og bjørk.Mål: Diam 16 m, h ca 1 m. 15 m SV for 1:2.Rundhaug, overpløyd. Lett synlig i terrenget, men ikke klart markert. Mangler kantmarkering. Ingen synlige skader bortsett fra pløying i overflaten. Ligger muligens på berg. Stein ikke synlig i jordfyllen. Mål: Diam ca 30 m, h 1,5 m.
Fornminne: Kullgrop, ytre diameter 6,30 m, indre diameter 4,20 m, dybde 1,20 m.Gropa er kvadratisk, med tydelige vollkanter. Det står et stort furutre i sørlige vollkant. Gropa er bevokst med lyng og mose. Rikelig med kull i og rundt gropa.
Beskrivelse fra lokalitet:
Oppmuring, kan henda for å stiga av eller på hesten, eller kan henda for å setja frå seg likkista på det belet berarane kvilde.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Oppmura firkant like vest for bru-kara etter Bergjebekk-braunè. Kan ha vore brukt til å stå på for å stiga av eller på hesten.
Beskrivelse fra lokalitet:
Nokså flatt berg, brukt som danseplass under heimturen frå kyrkje.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Snautt berg, vanleg danseplass på heimtur frå kyrkje langs Kvålesheivegen til 1887.
Beskrivelse fra lokalitet:
Varpet var ein stad der kvar vegfarande kasta på ein ting, i dette tilfellet helst ein kvist, for her finst ikkje steinar i området. Kvar vegfarande kasta på det fram til 1887 då den offentlege ridevegen (sledevegen), også kalla Kvålesheivegen, blei nedlagd som offentleg veg. Folk kunne minnast at varpet såg ut som ei maurtuve til langt ut på 1900-talet. Under jordskiftet av 1948 blei det sett ein bytingstein i varpet, og denne bytingsteinen vil ein nok finna om ein grev her i yttersvingen. Om ein måler 42 m langs yttersida av vegen herifrå oppover kleiva, vil ein koma til ein tydeleg bytingstein som ligg på ei steinblokk i yttersida av vegen. Staden der denne sistnemnde bytingsteinen ligg, heiter Skodden Kvåle, oppkalla etter ein hårlaus mann som datt ut or kista her då dei skulle bera han som lik til kyrkjegarden, men det er ikkje visst om Skodden Kvåle har noko med Varpet 42 m lenger nede å gjera.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jordtuve så stor som ei mauretuve. Ho har danna seg fordi vegfarande brukte å kasta ein ting kvar på denne staden (ein stein eller ein pinne, vel helst ein pinne i dette området), fordi nokon blei funnen død her. Men ein veit ikkje om det var fordi Skodden Kvåle (ein skallete mann frå Kvåle) datt ut or kista her, jfr. steinblokka Skodden Kvåle med småsteinar på 42 m lenger oppe i kleiva, eller om det var ein annan som døydde ved varpet.
Beskrivelse fra lokalitet:
Vegvisarvarde på høg steinblokk. Sjå bilete frå 1920-åra i "Norske bygder" Vest-Agder II s. 10.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Vegvisarvarde, sjå bilete i "Norske bygder" då her var heilt snautt; no står varden mellom trea. "Ei kjådna" = ei kjerne eller eit kjernehus. Kan henda steinane på steinblokka minna om steinane i kjernehuset i eit eple.
Beskrivelse fra lokalitet:
Likkvile, den vestlegaste på Agder. Steinane er lagde etter einannan i U-form.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinar som er lagde etter einannan i U-form. Opninga vender mot kyrkja. Steinen midt i U-en liknar ei kodde (ei hovudpute). T.N. Hageland fann denne likkvila, og Oddmund Mogstad (som elles har registrert brudle og likkviler) seier at denne er den einaste kjende likkvila i Vest-Agder. Likkvila ligg nær det høgaste punktet på denne heieovergangen (når dei valde å gå utanom sjølve Indre Glymsdalen). Denne likkvila minnar om Rolvskvil på Bispevegen mellom Setesdal og Telemark.
Fornminne: Kullgrop, ytre diameter 7,30 m, indre diameter 4,40 m, dybde 0,75 m. Gropa er kvadratisk med svært tydelige vollkanter. I NØ vollkant står et bjørketre + mindre grantre. Løvkratt i SØ vollkant. Mindre bjørketre i SV. Gropa har godt med kull i seg.