Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Røysa som vert kalla for Urhaugen, måler 15 m i tvm. og er omlag 3 m høg. Ho er bygd av 0,2-0,5 m store steinar/blokker. I midten er det eit 2 m vidt og 0,5 m djupt søkk. I den nordlege delen er det ein 4 m lang, 2 m brei og 1,3 m høg oppmuring av nyare dato. I S står restar av murar frå ein husmannsplass. I V er røysa noko kutta av ein hage. I den sørlege delen av røysa står to lauvtre, men ho er elles ikkje tilvaksen. Røysa er godt synleg, men uklårt markert.
Steinringen er oval av form med ytre mål 2,5 m O-V og 2,2 m N-S. Dei indre måla er 1,7 m og 1,1 m. Han er bygd av 0,1-0,4 m store steinar/blokker som er mosegrodde. I midten veks det gras og mose. Han er godt synleg og klårt markert.
Helleren er 5 m brei, knapt 3 m djup og godt 3 m høg i framkant. Inst inne ligg det store steinblokker og helleren er naturleg avgrensa av ein stor blokk i N og S. Sjølve hellergolvet som er kring 5x2 m er heller flatt og grasvakse. Framanfor helleropningen går det ei godt 2 m høg, bratt skråning ned mot dalbotnen. Ved foten av denne skråninga ligg det 3 store steinblokker.Det vart teke eit prøvestikk i hellergolvet. Rett under grastorva kom ein ned på eit tørt kolholdig lag av finsand og jord. Dette laget var ca. 20 cm tjukt.I prøvestikket vart det funne 2 flintavslag og 7 avslag av kvarts.
Hustufta teiknar seg som ein kring 13 x 4 m stor, grasvaksen terrasse i den hallande lia. Ho er orientert NO-SV. I sørvestre kant av tufta er det ei kring 4 x 2,5 m stor forsenking, som er 0,5 m djup sett frå NV. I forsenkinga stikk det fram ein del heller og steinar. Ein kan elles kjenne ein del steinar under torva der veggene har gått. På 1700-talet er Øyjorda omtala i skriftlege kjelder som øydegarden Selfald.
I forbindelse med registreringsprosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) ble ødegården på Agdestein registrert igjen og lokalitetsavgrensningen ble oppdatert.
Det vart registrert dyrking fra ulike perioder tilbake til bronsealder.
Følg draget videre sørover fra ID M50. I draget som går sør-nord i dalsida mot vest, er det flere bogastiller på begge sider. Oppmurte med inntil 4 m lange murer og høye så en kan sitte bak uten å synes. Telte i alt 10 stk. I draget er det også en fangstgrav med 4 ledegjerder som sperrer av draget. Oppmurt delvis over terrenget. Ikke sammenrast. Dybde 1,3 m.
Haugen er 9 m i tverrmål og 0,75 m høg. I midten av haugen er eit søkk, 2 m vidt og 0,20 m djupt. Rundt røysa går ei fotkjede bygd av tildels store blokker, 0,5 - 0,7 m store. Rundt røysa langs kanten veks det store eiketre. Haugen er klårt markert og syner godt når ein kjem inn på han.
De fleste løsfunn ble gjort langs stien og i eroderte partier ved den nordre enden av flaten. Av 7 prøvestikk som ble gravd på flaten var 5 funnførende. Tilsammen angir disse et funnførende området på ca 500 kvm. Funnene ser ut til å konsentrere seg langs den østre kanten av flaten. PS 3 i det myrlendte terrenget i N var funntomt og likeledes var PS 6 lengst S på flaten funntomt. Stratigrafien i PS 4 og 5 ble beskrevet. Torva var 7 cm tykk, og under dette var et gulbrunt sand- og gruslag. I PS 4 var de første 15 cm under torva spettete og ineholdt en del organisk materiale, mens i PS 5 var det et 5 cm tykt grått gruslag like under torven som trolig representerer en bekkeavsetning. Dette prøvestikk ble gravd ned til 52 cm. Funnene ble gjort fra overflaten og ned til ca 35 cm under. Ingen trekull ble observert.
Lokaliteten er ikke avgrenset, men den lave bergryggen i V, og bergtungene i Ø, definerer ytterkantene av lokaliteten (350 kvm). Det ble tatt 4 prøvestikk i hellingen med ca 20 m avstand, hvorav 3 var funnførende. Prøvestikkene var bare 30-40 cm dype og med en torvtykkelse på 13 til 20 cm. Under torva var det grå sand i PS 1 og 2, mens det grå sandlaget var oppblandet med grus i PS 3. Funnene ble gjort i overgangen torva/sandlaget, og ca 20 cm ned i prøvestikket.
Haugen måler 5 m i tverrmål og er 0,5 m høg. Han er bygd av jord og stein, nokre 0,3 - 0,6 m store steinar/blokker stikk i dagen. Elles er haugen gras- og mosevaksen og har eit 1,10 m vidt og 0,35 m djupt søkk i midten. Haugen har fotkjede slik at han er klårt markert.
Feltet er orientert NNO-SSV og måler 80 x 45 m. Den nordlegaste av røysene (Fetts fk. 2/4) er ei langrøys som måler 12 x 5 m orientert, orientert ONO-VSV. Ho er heilt låg, nærmast berre ein rest. I midten av røysa er ei kiste av kantsette heller som stikk i dagen. Kista er rektangulær og måler 2 x 0,75 m, orientert ONO-VSV. Den lengste av hellene er 1,20 m lang, 0,2 m på det breiaste og stikk 15 cm over overflata. Ei stor eik står oppe i sjølve kista. Elles er røysa overgrodd med gras, berre nokre få steinar/blokker, 0,2 - 0,3 m store, stikk i dagen. Røysa er noko utkasta i S. 35 m SSV for langrøysa ligg ei anna røys (Fetts fk. 2/3). Ho måler 8-9 m i tverrmål, er bygd av steinar/blokker 0,1 - 0,5 m store og er heilt låg. På røysa veks det 2 eiketre og mykje lauvkratt, elles er røysa sterkt gras- og bregnevaksen. Ho er uklårt markert. 2 m V for denne røysa ligg ei anna røys. (Fetts fk. 2/2). Røysa ligg heilt øvst på ein topp. Ho måler 16 m i tverrmål og er opp i mot 1 m høg. Røysa er sterkt overgrodd med gras og lauvkratt og det veks og ein del eiketre på ho. 8 m V for denne røysa ligg ein haug (Fetts fk. 2/1). Haugen måler 7 m i tverrmål, er temmeleg låg, og fell bratt av mot N og V. Haugen er tilgrodd med mose, gras og lauvtre.