Kullgrop, ligger mot østre side av haug. Oval nedgravning. Stor haug/voll i øst, 2 x 2,5 m. Nedgravning lengde N-S: 1,6, bredde 0,8 m, dybde 0,4 m
KHM 2006:
Kolgrop S-1 låg aust på felt R12, om lag 15 m aust for tuft S-2. Den hadde ikkje markerte vollar, kun ei svak antydning til voll i sør og søraust. Nedskjæringa til milebotnen var nærast oval, men dette hadde samanheng med nedrasing i gropa. Gropa blei snitta med maskin ned til milebotnen, ved at den søndre halvdelen blei gravd vekk. Det viste seg at gropa hadde ein rund milebotn (diameter i overkant av 1,0 m), som låg rett på grunnfjellet. Det vart ikkje påvist fleire bruksfasar av gropa. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 890-1015 e.kr.
Slagghaug S-5.
KHM 2006:
Dette utkastet låg SØ for omn S-10, bak (SØ for) tuft S-2. Her heller terrenget bratt mot S, ned i ei relativt fuktig myr. Truleg har utkastet samanheng med omn S-10. Utkastet var tilnærma sirkulært (3,5 m i diameter), og rundt 20 cm tjukt. Volumet er rekna ut til å vere om lag 2 m³. Den NV delen av utkastet (nærast omn S-10) besto i hovudsak av lys brun sand. Dette kan vere ei oppspadd ”platform” rundt omn S-10. Eit fragmentarisk kollag under dette sandlaget kan indikere eit gamalt kollager, eventuelt søl rundt omnen (før platforma blei spadd opp). Dette området var som nemnd noko forstyrra av ei rot som blei fjerna med gravemaskin. For øvrig besto slaggutkastet av slagg (hovudsakleg små bitar med tappeslagg), blanda med sand og mørk brun malm. Utkastet er rekna ut til å innehalde om lag 2,3 tonn masse, korav 1,2 tonn slagg. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 900-1035 e.kr.
Slagghaug S-12.
KHM 2006:
Dette utkastet låg rett vest for slaggutkast S-5, og gjekk i sør saman med dette. NØ for utkastet låg omnsområde S-13, og det kan verke som om slagget er kasta i mot S, SV og V frå dette. Utkastet var ovalt i forma, med 6 x 5 m som største utstrekking. Slaggutkastet låg i til dels bratt skråning rett på svaberget, og var i hovudsak mellom 5 og 15 cm tjukt. Volumet er rekna ut til å vere om lag 3 m³. Massen besto av torvblanda, brun malm med ein del slaggbitar. I hovudsak var det snakk om små bitar av tappeslagg, men heilt nederst i utkastet (nede i myra) var det også ein del større bitar (delar av botnskoller m.m.). Utkastet er rekna ut til å innehalde 3,5 tonn masse, korav 2,6 tonn slagg. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 680-890 e.kr.
Malmlager S-7.
KHM 2006:
Dette laget låg om lag 2 m aust for tuft S-2, og rett sør for kollag S-6. Laget var tilnærma kvadratisk (2,5 x 2,5 m), men noko utflytande i vest (nærast tufta). Djupna på laget var 5-10 cm, og massen besto av grov, raudbrun malm med noko nevestor stein i.
Malmlager S-11.
KHM 2006:
Dette laget låg rett vest for omn S-9, og hadde ei utflytande form (inntil 3 x 1 m i største mål). Djupna på laget var mellom 5 og 10 cm, og det besto av kolblanda, mørk brun malm. Det er usikkert om dette er eit malmlager, eller om det er malmsøl rundt omn S-9.
Trekullager S-6.
KHM 2006:
Om lag 3 m aust for tuft S-2 blei eit kollager påvist. Rett sør for kollaget låg malmlager S-7. Kollageret var tilnærma kvadratisk (2 x 2 m i største mål), og rundt 10 cm djupt. Laget besto av kolstøv og ein del mindre kolbitar. Det låg også noko nevestor stein i botn av laget. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 1025-1160 e.kr.
Røsteplass S-15.
KHM 2006:
Dette området låg sør på feltet, rett aust for slaggutkast S-5. Området låg i slak sørvendt helling og strakk seg noko ut i myra, noko som indikerer at nivået for myra har stige ein del sidan anlegget var i bruk. Røsteområdet var rektangulært i utforminga (7 x 4 m i største utstrekking), og inntil 15 cm djupt. Fleire konsentrasjonar med malm innanfor dette området indikerer truleg røsteplassar, men det var vanskeleg å avgrense og talfeste desse sikkert. Truleg har minst tre røsteplassar lege innanfor røsteområde S-15. Malmen var i hovudsak finkorna og mørkebrun. Enkelte stader dekka malmen eit 1-5 cm tjukt kollag, medan den ellers var noko kolblanda. To kolprøvar frå struktruren er datert. Begge desse låg innanfor perioden 885-1015 e.kr.
Påvist renneslagg over hele haugen hvor jernvinneanlegget ligger, med unntak av i nordøst. Slagg ble påvist i 2004 og avgrenset ved hjelp av metallsøker i 2005. I nordvest er slagg påvist omlag i det området hvor det vokser fjellbjørk, ca. 8 m inn fra stedet der bergskrenten knekker mot bekk i vest. Også ved foten av bergskrenten ligger slagg, dels i dagen. Ca. 3 m sørøst for stor stein i nordre del av anlegget ble det også påvist biter med ovnsforing under torva.
KHM 2006:
Dette utkastet låg N og NØ for tuft S-2 og omn S-8, og har mest truleg høyrd til denne omnen. Slaggutkastet var tilnærma kvadratisk/rektangulært i utforming, og hella slakt mot N. Største mål på utkastet var 5,5 x 5,0 m, og djupna var mellom 10 og 20 cm. Volumet er rekna til å vere om lag 4 m³. Utkastet besto av små slaggbitar, for det meste tappeslagg, blanda med brun malm og noko torv/røtter. Det er rekna ut til å innehalde om lag 5,3 tonn masse, korav 3 tonn slagg. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 535-625 e.kr. Dette er den einaste dateringa frå lokaliteten som strekk seg tilbake til eldre jarnalder.
Mulig tuft, ved vestre avgrensning av jernvinneanlegget. Ligger ca. 6 m øst for kant av bergskrent. Mulig nedgravning i form av forsenkning med flat bunn. Lengde ca. 2,5 m nord-sør, bredde 1,2 m, dybde 0,2 m. Stein i kantene.
KHM 2006:
Denne låg vest på feltet, tett ved der berg kjem fram i dagen på kollen, og der denne heller bratt ned mot Vesleåne. Tufta var sterkt overgrodd, og vart fyrst godt synleg etter rydding av vegetasjon på feltet. Etter avtorving var tufta synleg som ein hesteskoforma voll (4,5 x 4,5 m i ytterkant), med opning mot nord. Så vidt vest for midten av opninga av tufta låg omn S-8, og slaggutkast S-3 låg nord og nordøst for denne. Utgangen til tufta har truleg gått mot nordaust, aust for omn S-8.
Vollane var rundt 1,5 m breie, og mellom 10 og 15 cm tjukke. Massen i vollane besto av oppspadd grus, nevestor stein og noko malm. I vest var det antydninger til ei grøft utanfor vollen. Denne var mellom 20 og 40 cm brei, skjeldan meir enn 5 cm djup, og
mellom 2 og 3 meter lang. Dette kan også vere eit naturleg søkk, då det ikkje var tydelege teikn på nedgraving ved grøfta.
I SØ-hjørnet av vollen, tett inn mot golvflata, låg ei flat helle (diameter ca 60 cm). Denne var synleg allereide rett etter avtorving, og kan ha vore del av ein huskonstruksjon (syllstein?), sjølv om den ligg noko langt inn mot golvflata til å passe som dette. Det var også ein del anna stein i vollen, utan at desse danna noko form for mønster/konstruksjon.
Heilt aust i vollen var det teikn til at denne var ”oppstiva” av ein del stein. Dette var truleg gjort for å hindre utrasing av vollen. Eventuelt kan denne konstruksjonen ha vore del av ein enkel takkonstruksjon (gapahuk) over malmlager S-7 og kollager S-6,
men det vart ikkje påvist andre spor (som til dømes stolpehol) etter ein eventuell slik konstruksjon.
Tufta var relativt lita, med eit golvareal på rundt 5 m² (2,0 x 2,5 m), og det var ikkje teikn til noko form for rominndeling. Heile tufta (masse i golvflata og veggvollane) blei gravd i eitt gravelag. Det vart ikkje påvist noko kulturlag i tuftene, ut over eit 5- 10 cm tjukt malm- og gruslag, likt det i vollen. Dette kan vere restar etter ein nedrast takkonstruksjon (torvtak?). Ved fjerning av dette laget kom ein eldstad fram heilt sør i golvflata. I N kom den steinforte tapperenna til omn S-8 fram. Det vart ikkje påvist stolpehol, korkje i golvflata eller under veggvollane.
Ildsted inne i blestertuft.
KHM 2006:
Denne låg tett innanfor den søndre veggvollen til hustufta, om lag midt mellom dei to N-S-gåande veggvollane. Eldstaden var ikkje synleg i overflata etter avtorving, men kom fram ved fjerning av laget i golvflata. Eldstaden var relativt klart avgrensa av kantsatte steinar (nevestore), som danna ein sirkel på om lag 1 m i diameter (ytterkant). Innanfor denne sirkelen låg eit fragmentarisk lag av mørk, raudbrun malm og grus med litt kolstøv i. Det var også enkelte bitar med jarnhaldig slagg i laget, som var mellom 1 og 5 cm tjukt.