Jernvinneovn S-10.
KHM 2006:
Denne omnen låg sør for tuft S-2. Rundt omnen (i N og NV) var det spadd opp ein del massar. Desse gjekk saman med veggvollen til tuft S-2 (i SØ hjørnet til tufta), noko som kan indikere at omn S-10 og tuft S-2 heng saman. Etter avtorvinga var denne omnen synleg som ei grus- og malmblanda steinrøys. Dette indikerer at sjakta kan ha vore stiva opp med ein god del stein. Ei klynge med fjellbjørk rett sør for omnen blei fjerna maskinelt, og røttene til desse kan ha øydelagt tapperenna til omnen ein del. Etter å ha fjerna ein del stein og lausmassar kom ein ned på to sirkulære kolrander inni kvarandre. Den ytterste kolranda hadde ein ytre diameter på rundt 1 m, og var mellom 5 og 10 cm tjukk. Den innerste kolranda hadde ein ytre diameter på 35-40 cm, og var mellom 1 og 3 cm tjukk. Området mellom kolrandane var fylt med raudbrun sand og leire, og indikerer truleg sjakta i omnen. For øvrig var ein god del stein nytta rundt omnen, truleg til å støtte oppe sjakta. Den ytre kolranda var broten i sørvest, og her har truleg tappinga gått ut. Som nemnd var dette området noko skadd av røtter, så det er vanskeleg å fastslå tappinga. Ein del steinar kan indikere ei murt tapperenne mot sør. Området innanfor den indre kolranda indikerer truleg sjølve sjakta, og dette området blei tømt. Etter dette blei omnen snitta, ved at den søndre halvdelen blei fjerna. Omnen var bevart i om lag 10 cm djupne, og var fylt med kol, malm og noko slagg. Snittet viste at sjakta var bygd på grunnfjell, og restar av ei botnskolle blei påvist i botn av sjakta. Rett sør for sjakta blei det ved snittinga påvist eit sirkulært søkk i undergrunnen. Dette kom fram fyrst ved snittinga, og låg på nivå 10-15 cm under botn av sjakta til omnen. Det hadde ein diameter på rundt 35 cm, og var bevart i 5 cm djupne. Fyllet besto av kolblanda slagg og malm. Dette kan være restar av ein eldre omn, men ein kan ikkje sjå bort frå at det dreier seg om til dømes eit steinopptrekk fylt med søl frå omnen/tappinga. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 1000-1165 e.kr.
Jernvinneovn S-13.
KHM 2006:
Denne omnen låg sør for tuft S-2, 3 m vest for omn S-10. Det var også etter utgravinga noko usikkert om S-13 faktisk er levningane etter ein omn for jarnutvinning, men slaggutkastet S-12 sør og sørvest for strukturen indikerer at strukturen faktisk er ein omn. Etter avtorving var enkelte horisontalt plasserte heller synleg i dette området. Vidare framrensing og fjerning av malmsøl gjorde at fleire heller kom fram. Til saman danna desse ei tilnærma halvmåneform, med ein ytre diameter på 150 cm og ein indre diameter på 75 cm. Innanfor denne ”halvmånen” låg eit lag med grå, ubrent leire. Denne var blanda med noko kol. Om lag 80 cm sør for det SØ hjørnet av ”halvmånen” var det teikn til tapping, truleg in situ. Det vart ellers ikkje påvist noko slagg frå sjakta (rest av botnskolle e.l.). Hellene låg tilnærma på steril undergrunn, i form av eit tynt (inntil 5 cm tjukt) lag med gråbrun grus, før ein kom ned på svaberget. Det var ikkje teikn til at omnen var forsøkt spadd ned til svaberget.
Slagghaug S-4.
KHM 2006:
Dette utkastet låg ca 10 m ØNØ for tuft S-2, og 5 m V for kolgrop S1. Omn S-9 låg heilt i vestkant av utkastet, noko som indikerer at slagget har vorte kasta mot aust, på flat mark (terrenget heller svakt mot nord her). Utkastet var ovalt i utforminga, med 8 x 5 m som største utstrekking. Djupna var i hovudsak mellom 5 og 15 cm. Volumet er rekna ut til å vere om lag 4,5 m³. Utkastet besto av knust tappeslagg, noko omnsforing og mørkebrun/brunsvart malm med noko kol og sand i. Ein del større steinar låg om lag midt i utkastet. Utkastet er rekna ut til å innehalde om lag 5 tonn masse, korav 2,4 tonn slagg. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 775-965 e.kr.
Kullgrop med oval nedgravning og traktformet bunn. Haug i NØ, bredde 2,3 meter. Nedgravning lengde N-S: 2,1 m, bredde: 1,2 m, dybde: 0,5 m.
IFK v/Ø.R. Andersen 28.11.2023: Det er ikke samsvar i ID-nummereringen i kartene i befaringsrapporten fra 2003 da det opereres med to ulike nummereringer i kart 3 og kart 4 i rapporten. Plasseringen av R14 i kart s. 3 i rapporten fra 2005 synes noe upresis, da plasseringen av ID92160 ligger noe mer mot Ø/NØ.
F1: Gravrøys. Diameter 6 m, høyde 0,5 m. Uklart markert. Steinene er delvis mosebevokst, litt bjørkekratt i midten og langs ytterkanten. Røysa er bygd av mellomstore bruddsteinn. Grop i midten. Diameter 1,5 m, dybde 0,4 m.
Kullgrop med oval nedgravning. Haug/voll i nord. Tilgrodd av kratt. Kull påvist 20 cm ned i senter av gropen. Nedgravning lengde nord-sør: 1,8 m, bredde 1,0 m, dybde: 0,6 m.
Kullgrop med oval nedgravning. Ikke merkerte voller, men små forhøyninger i øst og vest. Nedgravning lengde NØ-SV: 1,8, bredde: 1,1 m, dybde: 0,4 m.
Datert til overgangen vikingtid/tidlig middelalder, 1015-1195 e.Kr. Datert på bjørk.
Første gang registrert i 2003 ifbm. arealer avsatt til Tørrisheisen i kommunedelplanen for Tyinkrysset. R39 i det manuelt plottede kartet i rapporten, tilsvarende R35 i kartet med digitale innmålinger (Aasen 2004).
Kullgrop med oval nedgravning, lite markerte, lave og brede voller. Kun litt kull påvist. Ytre lengde N-S: 2,3, bredde: 1,8 m. Indre lengde: 1,6, bredde: 1,0 m. Dybde: 0,3 m.