Beskrivelse fra lokalitet:
Rothstova er ei eldre røykstove, som vart flytta til noverande plassering og om- og tilbygd truleg i 1904. Ho ligg i tettstaden Lofthus, 100 m N for Ullensvang kyrkje og i ganske open bebyggelse. Den opphavlege røykstova, av rundtømmer og med treromsplan, har torvtak og liggande brunmåla kledning. Ho ligg no i sterkt skrånande, graskledd terreng og har ein nyare kjellar av steinpilarar og panelt vegg.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Ullensvang prestegård ligger på en moreneflate like ved fjorden og like nedenfor middelalderkirken. Gården er nevnt første gang i 1309 og har vært prestegård kontinuerlig, bortsett fra et avbrudd fra 1606 til 1645 da presten bodde i Kinsarvik. En ny toetasjes hovedbygning ble bygget i presten Asches tid (1757-71). Denne bygningen ble tatt av en storm i 1806. Presten Nils Hertzberg lot bygge en ny, lav hovedbygning på bare en etasje med en midtbygning som lå parallelt med fjorden og to flankerende, øst/vest-vendte fløyer. Denne bygningen ble revet i 1865 og erstattet av den nåværende hovedbygning som ble bygget av sogneprest Hans H. Irgens (1863-79). Foruten hovedbygningen er borgstuen og et stabbur, begge trolig fra tidlig på 1800-tallet, samt et naust fredet.
Beskrivelse fra lokalitet:
Bygginga av Bergensbanen utgjer avslutninga på den tredje og største bolken i norsk jernbaneutbygging si historie. Ikkje bare sjølve jernbanelinja over høgfjellet, men også det omfattande programmet for oppføring av bygningar, gjer banen til det verkelege storverket i norsk jernbanebygging.
Snøtilhøva langs høgfjellstrekninga på Bergensbanen er svært problematiske, og dette gjorde det naudsynt å bygga eit system av vokterbustadar. Langs høgfjellstrekninga blei det oppført i alt 77 bustader, ein for kvar tredje kilometer. Fagernut vokterbustad er den høgastliggande av desse på 1310 m.o.h. Bygningen blei oppført i 1904 og nytta som ingeniørbustad under bygginga av banen, før den blei tatt i bruk til vokterbustad.
Fagernut vokterbustad er teikna av arkitekt Paul Armin Due, ein av dei viktigaste jernbanearkitektane. Gjennom dei 20 ara han var knytt til jernbanen, leverte han over 2000 teikningar til statsbanane. Blant desse er to hovudtypar vokterbustader for høfjellstrekninga på Bergensbanen, ein i tre og ein i stein. Fagernut vokterbustad høyrer til typen "Mindre Dobbelt Vokterbustad af Sten for Taugevand-Aal" og er den best bevarte vokterbustaden av denne typen langs høgfjellsstrekninga på Bergensbanen.
Fagernut vokterbustad er, som dei andre vokterbustadene Due teikna for høgfjellsstrekket på Bergensbanen, teikna i enkel jugendstil. Dette kan vi mellom anna sjå på den utvendige panelen og anna detaljering av trevirket, utforminga av vindauge og dører og bruk av rustikt murverk i fasaden. Den enkle utforminga skuldes truleg mellom anna tidspunkt for bygging, funksjon og plassering.
Bygningen er i ein og ein halv etasje, har halvvalma tak og skut på ein etasje i kvar ende. Opphavleg hadde bygningen to husvære som kvar gjekk over begge etasjane. Dei to husværa var identiske og hadde inngang frå kvar si langside. I første etasje var det stove, kjøken og ein gang med trapp, i tillegg til skuten med vedbod, spiskammers og privet. I andre etasje var det to soverom og råloft. Kjellaren inneheldt matbod og bryggerhus.
Etter at Finsetunnelen ble tatt i bruk i 1993, går det ikkje lenger ordinær togtrafikk forbi bustaden. I staden er det i dag mykje sykkeltrafikk på Rallarvegen som går parallelt med jernbanelinja. Vokterbustaden blir i den samanheng nytta som museum og kafe.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Bygningen er i ein og ein halv etasje, har halvvalma tak og skut på ein etasje i kvar ende. Første etasje er oppført i bruddsteinsmur, medan andre etasje og skutane er oppført i bindingsverk. Bruddsteinsmuren er utført med stor, jamn gråstein henta frå området rundt vaktarbustaden. Kledninga er liggjande staffpanel med massiv profilert bandgesims langs murkrona. Takutstikket på langsida er bore av profilerte, bua konsollar med sameleis detaljering. Bygningen hadde opphavleg to-fags, småruta vindauge og tilsvarande låge vindauge i knestokken og skutane. Taktekkinga på hovuddelen og skutane er lappskifer. Panelet på skuten mot aust er ikkje originalt, biingangen mot vest er stengt. Biingangen mot aust vart rekonstruert i 1998.
Fredningsvedtaket med hjemmel i § 15 omfatter bygningens eksteriør. Fredningsobjektet er avmerket på vedlagte kart datert 1. november 1993, påført Riksantikvarens stempel (se vedlegg).
Opphavleg ei stikningsbu. Er i dag ei hytte.Bygd delvis av stor stein som er fuget, med partier av trevegger med ståande kledning og stålplater. På tak ligg der trebord og stålplater.
Fornminne: Rund gravhaug, til dels klart markert. Tydelig i terrenget. Avrundet form med til dels bratte sider. Bygget av jord og enkelte mindre stein. I haugens NNV-lige kant en ca 3 m i diameter, 1 m dyp grop, i den kan man se enkelte steiner. Også i SØ en liten grunn grop. Haugen mosegrodd med grantrær. Mål: diameter ca 12 m, høyde 1,5 - 2 m. Ca 30 m V for haugen er det en avrundet forhøyning. Ingen klar avgrensning. Trolig ikke fornminne, men bergkolle dekket av mose. Mål: diameter 8-10 m, høyde ?. Må sees i sammenheng med registreringsnr 103 A 6, R21, samme bruk og registreringsnr R19 og 22 på Ulvin lille 32/1.
Beskrivelse fra lokalitet:
Vakterbustad frå 1907, tohøgda trebygning i sveitser-stil, med lappheller på taket.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Garden Einstabøvoll (Einstapevoll) ligg på vestsida av Tittelsneshalvøya, like nord for Valevåg. Bak garden, mot aust, er det bratt fjell, medan terrenget nedanfor strekk seg ned mot sjøen i nordvest. Husa på bruk nr. 1 vart bygde av Ole Georg Olsen tidleg på 1800-talet og ligg samla i eit tun. Det er i alt 14 gamle hus, dei fleste gruppert rundt to gardsrom: mot aust eit med uregelmessig form, der fleire av husa er dels bygde inn i det stigande terrenget, og eit firkanta gardsrom nedanfor mot vest. Bortsett frå hovudhuset og eit uthus er alle husa bygd av gråsteinsheller. Nokre av husa er kvitkalka, andre står med synlege steinmurar. Taka er tekte med store skiferheller. Vest og sør for hovudhuset ligg symmetriske hagar med terrassar, paviljongar og steingjerde omkring. I enden av aksen gjennom hagen mot vest er ein elliptisk forma haug, krona av eit stort kastanjetre. Også elles er det ei rekkje steinmurar, ofte meir enn mannshøge, i området rundt tunet. Eit par løer ligg drygt 100 m mot NV, og ytterlegare 250 m mot NV ligg eit naust, nede ved sjøen.