2 m2 ble avtorvet og gravd for hånd i 50x50 cm kvadranter ned til berg. Minerogene masser ble vannsåldet i netting med 4 mm maskevidde. Stratigrafi: Lag 1 - Brun torv, opp til 20 cm tykt. Lag 2 - Svart torv, opp til 15 cm tykt. Lag 3 - Sand og grus som kun fantes i deler av det avtorvede feltet, opp til 10 cm tykt. Funnkonteksten ble vurdert som god. Usikkert om lokaliteten ble frigitt etter avsluttet undersøkelse.
Ved avtorving kom den sirkulært, svakt bua røysa til syne. Røysa lå direkte på svaberget og var bygd av avrunda stein med ein gjennomgåande storleik på 20-60 cm. Tverrmålet på røysa var 5 m. Berget hadde ein naturleg, svak forhøyning slik at gravrøysa vart kuppelforma sjølv om ho berre bestod av eitt lag stein. Eit O-V orientert kammer låg noko vest for røysa sitt sentrum. Indre mål på kammeret var omlag 1,20 x 2,0 m. Ein del sundslegne heller som låg spreitt over røysa kan ha lege som eit tak over gravkammeret. Oppå røysa låg og ein avlang bautaforma stein, 80 x 20 x 10 cm, som smalna av mot den eine enden. Denne kan tolkast som ein liten bauta som har stått på toppen av røysa. Grava har ein gong vorte utsett for plyndring. Samtlege funn er gjort inne i kammeret. Funn av keramikk inne i grava daterar ho typologisk til 400-talet, og er då kanskje samtidig med tufta attmed. Truleg vart staden frigitt etter utgravinga.
Ved synfaring 14.12.18 låg røysa framleis på staden. Røysa vart målt inn på nytt og fekk endra geometri.
Røysa var svært øydelagt, og bestod av eitt lag stein. Tverrmålet har truleg ikkje vore meir enn 4 m. Ein må rekne med at denne røysa har samanhang med dei andre jernalderstrukturane sør i Budalen. Den kan difor truleg tidfestast til eldre jernalder, helst folkevandringstid. Truleg vart røysa frigitt etter undersøkinga.
Synfaring 14.12.18: Restane etter røysa ligg framleis på staden. Like vest for røysa er det fylt ut massar.
Dette er ei delvis naturleg lita ur som og kan ha vore nytta til å anlegga eit gravminne. Sjølve konstruksjonen gav eit rotete inntrykk med unntak av moglege veggsteinar som kunne ha utgjort eit kammer. Røysa kan ha hatt eit tverrmål på 5 - 6 m, med eit kammer med indre mål på 1 x 2 m. Om dette ein gong har vore eit gravminne, må det ein gong i tida ha vorte utsett for opning og plyndring. Konstruksjonen kan truleg sjåast i samanhang med dei andre anlegga på staden. Ei datering til slutten av romertid/folkevandringstid vil då vera sannsynleg.
Gravminnet er i dag fjerna.
Det er fylt ut massar på staden, og naturgassleidning til Mongstad går gjennom området.
Tufta låg orientert N-S, rett V for bekken. Dei øvre/nordre 6 m av strukturen er tolka som sjølve naustet. Veggane stod fram som 1 m breie murar. Innvendig mål på naustet var 3 x 5 m. Frå enden av naustet og 6 m ned mot vatnet i sørleg retning vart det påvist eit område med meir tilfeldig lagt, og bortrydda stein. Langs midtaksen av denne kunne ein sjå eit tydeleg søkk i bakken. Dette området vart tolka som båtopptrekk. To eldstader vart påvist inne i tufta. Naustet har truleg samanhang med hustufta og gravrøysene. Ein må då rekna med at naustet var i bruk eldre jernalder. I denne perioden har Kollsnesvatnet vore ein liten fjordarm med gode hamnetilhøve.
Kulturminnet er fjerna.
Huset målte utvendig 6 x 7 m, og innvendig 3,7 x 5,0 m. Veggane var markert av kraftige grunnmurar på tre sider, opptio 1 m breie og 0,5 m høge. Mot vest mangla grunnmur - her må det ha vore ein lettare konstruksjon kor inngangen truleg har vore. To eldstader låg inne i tufta. Huset bør truleg knytast til resten av jernalderstrukturane i Budalen.
Kulturminnet er fjerna. Det er fylt ut massar på staden, og naturgassleidning til Mongstad går gjennom området.
Fornminne 1: Tuft etter stavgamme, ca 6 m NV-SØ, ca 5 m SV-NØ, klart markert ved brei, grasvokst voll, 1,5 - 2 m bred og 0,5 - 0,6 m høy. Uklar voll i NV del. Det indre av tufta er fullstendig fylt med trevirke fra den revne gammen. Harald Nilsen, Løvås 71/5, opplyser at gammen ble revet for 6-7 år siden. Inne på åsen, antakelig på samme eiendom, N for gammetufta: Fornminne 2. Høygrop, ca 5,5 m lang, og 4,5 m bred ved hullet. Gropa er rektangulær og orientert Ø-V. Den er omgitt av en 2 m bred voll som er inntil 0,8 m høy (i V). Noen trelurker og stein synlig i bunnen og i sidene som er delvis utrast. Vollen og sidene inni grassiloen er bevokst med lyng, bregner og noe bjørk. Påvist av Harald Nilsen.