Å. Årli: "Heia nord for Store Sandvatn på Røyselandsheia er kalla Rysefalleheia. Etter gamal segn skal heia ha fått namn av at rysen fall her. Det skulle ha gått slik fyre seg: I heiane, truleg borte i Gyland, budde det i gamal tid ein stor ryse. Han sprang på frieri til ei rysefrøken som budde i Homstona, eit fjell i Tjørnhom. Ei natt kom hans seg ikkje av stad frå gjenta si før langt utpå morgonen. Han skunda seg vestover elva og opp framum Røyseland og over heia mot Gyland. Han skunda seg alt han vann for å rekkja heim før sola rann, men då han kom på heia nord for Store Sandvatn, rann sola, og rysen vart til stein og sprakk i småbitar då han datt. Endå står spora etter han bortover bergrinden, og i enden av spora ligg det ei steinrøys der han datt. Sidan har heia vorte heitande Rysefallheia." Kartfestinga er omtrentleg.
Å. Årli: "I søndre ende av garden Oksefjell ligg det nokre store steinar like ved vegen til Røyseland (Røynestad?). Den største av desse er kalle Oksesteinen. Det heiter i eit gamalt sagn at attmed desse steinane brukte dei underjordiske å samla buskapen sin. Dersom bøndene ikkje kunne få kalv i kyrne sine så kunne dei berre leia dei fram til den store steinen og så gå ifrå dei der, då kunne dei vera sikre på at kyrne vart med kalv. Dei kalvane som kom etter desse underjordiske oksane vart alltid gode trivelege dyr. Denne steinen vart kalla Oksesteinen og heiter det den dag i dag."
Å. Årli: "På Nedre Omland ligg ei tjørn. Ho ligg på grensa mellom Rafoss og Omland og er omgitt av fjell og skog. I gamle dagar kunne folk sjå fjøslykter rundt tjørna om kveldane. Dei sa at det var dei underjordiske som kom opp frå tjørna for å beita kyrne sine. Når folk på Omland skulle ha kyrne sine til stut, sleppte dei bare kyrne ut der dei trudde dei underjordiske var. Slik blei kyrne med kalv, og det var alltid store og gilde kalvar som blei fødde."
Å. Årli: "Dette er den største og beste utslåtta i bygda. ... Her er jord nok til fleire store gardar. ... I lang tid har folk frå Galdal og Knibestøl hatt utslåtter på Gunforsmonen. I eldre tid var her svært gode utslåtter. ... Når folk skulle til med slåtten, så var der ikkje gras. Der hadde vore krøter og gnaga av kvart strå. Dette hende år etter år. ... Dei måtte finna ut kven det var som stal graset år etter år. Dei skulle overnatta i ei utjordsløa, men ein måtte halda vakt heile natta. Då det lei ut på morgonsida, fekk dei sjå ein stor bøling med feite, store kyr som gjekk og åt gras. ... Nå opna det seg ein stor port i Målingsknuten. Det kom ut ei fin jente og kalla krøteret inn i fjellet. Dei hadde sett dei underjordiske. Prof. Torleiv Hannaas fortel i boka Vest-Agder, side 28, om eit bryllup hos dei underjordiske på Gunforsmonen. Eiel Fåland frå Hægebostad skulle gå over heia frå Hægebostad til Kvinesdal. ... Då han kom til Gunforsmonen, såg han store hus og rugåkrer over heile monen. ... Tønnes Ommundsen Kalstøl kom over heia frå Eiken. Då han kom til Gunforsmonen, fekk han sjå eit raudmåla hus som han aldri hadde sett før. Ei fin smilande jente kom ut og baud Tønnes inn. Ho var kledd i blå stakk og rødt liv. Tønnes blei traktert med mat og drikke. Han var på Gunforsmonen fleire gonger seinare, men såg aldri att huset. ... Nokre folk frå Steinsland såg eingong eit stort, staselig brudefølgje med spelemann i spissen som rei over Gunforsmonen. Dei rei på kolsvarte hestar med blanke skinande sølvsalar. Følgjet tok opp gjennom Mælingsdalen og så blei dei borte i skogen. Ein gut frå Steinsland var på jakt ein fin, mild haustdag. ... Då høyrde guten slik dårande kulokking i Gunforsdalen. Då fekk han sjå ein stor krøterflokk av svartsida og rødsida kyr. Men så kom skodda veltande ned over dalen og krøteret blei borte."
Å. Årli: "Dette er den største og beste utslåtta i bygda. ... Her er jord nok til fleire store gardar. ... I lang tid har folk frå Galdal og Knibestøl hatt utslåtter på Gunforsmonen. I eldre tid var her svært gode utslåtter. ... Når folk skulle til med slåtten, så var der ikkje gras. Der hadde vore krøter og gnaga av kvart strå. Dette hende år etter år. ... Dei måtte finna ut kven det var som stal graset år etter år. Dei skulle overnatta i ei utjordsløa, men ein måtte halda vakt heile natta. Då det lei ut på morgonsida, fekk dei sjå ein stor bøling med feite, store kyr som gjekk og åt gras. ... Nå opna det seg ein stor port i Målingsknuten. Det kom ut ei fin jente og kalla krøteret inn i fjellet. Dei hadde sett dei underjordiske."
Å. Årli: "Segna seier at ein mann frå Karten, ein frå Årli og ein frå Stølen ved Gløvre, drap ein kramhandlar frå Tinn i Telemark. ... Drapsstaden var ved Dramrikskjerret innafor Årli. Dei gamle kunne syna staden der han blei ihelslått og staden der han blei nedgraven. Pengane hans grov dei ned i ei ur i Bankarlia. Men dei grov dei så godt ned at dei fann dei ikkje att. Det har vore folk og leita etter pengane i mi tid. Hesten til kramkaren leidde dei opp på Treskoheia og slo han i hel og la kadaveret under ein heller ved Holekjødn. Dei gamle kunne minnast store hestebein under denne hellaren. ... Sidan har det vore skrømt rundt Dramrikskjerret. Ein mann frå Jerstad .... måtte gå til Årli og overnatta. Då han gjekk framom Skrømtesteinen i Bankarlia, fekk han sjå og høyra noko som han ikkje kunne tala om etterpå. Då han fekk sjå elden i omnen i Årli, blei han så sjuk at det stod om livet. Den som hadde sett og høyrt skrømt, tolde ikkje å sjå eld etterpå. Ei jente frå Årli var inne i utmarka og gjætte krøteret for far sin. Då kom kom til Dramrikskjerret, fekk ho sjå eit lite dyr som kom opp or myra. Det raraste var at dyret vaks og vaks. Ho blei så redd at ho blei mest vetskræmd og sprang frå krøterflokken. ... Bestefar til Sakken i Stolpan hadde vore ein tur i Hægebostad. Då han kom til Dramrikskjerret, fekk han sjå ein gråkledd mann som ropte at han måtte stoppa, han hadde noko å preka med han om. Sakken sin bestefar såg at dette var ein gjengangar. Han gjekk i klede han hadde med seg or grava."
Å. Årli: "Oline (Lena) Olsen var født på Jerstad og døydde i 1861. Ho blei gift 1840 med Bernt Olsen Oudalstøl. Dei budde i Borghammaren på Moi. ... Lena var innom Årli då ho tok ut på si siste reis over heia til Hægebostad. Dei spurde kor langt ho skulle idag. Lena svarte at ho skulde til Helvede. Det er eit stykke inn på Kvinesheia. Då ho ikkje kom att, tok folk ut på leiting. Dei trudde ho hadde gått gjennom isen og drukna. Dei som skulle av og leita, var inne hos Store Stakkeland ... og lånte ein hane. ... Hanen gol då dei kom til Store Sprangskjødna, men einkvan sa atdet nytta ikkje å sokna der. Lena låg til Kristi Himmelfartsdag året etter. Då kom ein mann over heia og fekk sjå ei mosetua i Sprangskjødna. Det var Lena. Sidan har ikkje folk lika å gå framom der etter det blei mørkt. ... Ole Jakobsen Lille Jerstad var ei kjempe som ikkje var korkje skrømt eller gjengangarar. ... Han kom framom Sprangskjødna i mørkninga. Då var det noko som tok etter han, noko han ikkje såg. Aldri hadde han vore så redd. .... Han sette på sprang, men dette utyske følgde med. .... Det måtte vera hamen til Lena som hadde følgt med."
Å. Årli: "Larsen Olsen Moi var son til Ole Andersen og Adrianne Larsdatter Gausdal. Han var 9 år i folketellinga i 1865. Lars ... måtte tidlig ut og klara seg sjølv. Då han var i 10 års alderen, måtte han til Gausdal og gjæta. ... Då Lars kom til Uføra ved Hidra, gjekk han gjennom isen og drukna. ... Fleire år seinare kom Beer Gausdal frå Liknes og skulle heim til Gausdal. Då var Beer i 10 års alderen. Då han kom til Varen ved Hidra, fekk han sjå ein smågut på sin eigen alder. ... Småguten lå på sprang, men Beer kjende ingen som kunne springa så fort som han. Her møtte Beer sin overmann. Det var som den framande flaug gjennom lufta. ... Då framandguten kom til Hidra, var det som han sokk ned i jorda og blei borte. På Hidra visste dei at det var Lars Moi som Beer hadde kappsprunge med. Dei hadde sett gjengangaren fleire gonger. Dei visste at gjengangaren fekk ikkje fred i grava før han blei så gamal at han kunne døy ein naturlig død i 70 års alderen."