Utvasket anlegg. Slagg konsentrert innenfor ett område på 10 m Ø-V, 5 m N-S. Slagget er fra slaggblokker. Slaggkonsentrasjonen synes å stamme fra to ovner.Slagget ligger i tilknytning til deler av brente heller. 10 m NØ for lokaliteten ligger skjørbrent stein. Mengden slagg synes å være svært begrenset.
"På ytre Sandsmark i Bakka hev dei ein stor stein midt i garden som dei kalla Brudesteinen. Der ved denne steinen møtest grannarne når dei avtalar um ting som vedkjem deira hopehav i garden." Det gamle klyngetunet på Ytre Sandsmark lå i nærheten av steinen, men nærmere Sirdalsvatnet.
"På Smidelen må det ha vore smidjing og kanskje jarnvinning frå gamalt. Dei har funne smislagg ved rydjing." Kartfestinga er omtrentlig.
Oppdatering 2.12.2016:Registreringen er på bakgrunn av avisen Grannen nr 1 fra 1939(se vedlegg 5). Området er registrert på er blitt ryddet, det ligger flere rydningsrøyser, steingjerder og oppbygde terrasser/borger på stedet fra nyere tid. En del av området er brukt til å brenne bråte. Området er imidlertid et viktig kulturmiljø og – landskapet på Hidra. Det skal imidertid ikke utelukkes at det på området har stått en smie eller brukt til å lage jern før eller etter reformasjonen.
"Eldste tufta på Liland skal vera Stove-tufta. Stove-mannen hadde tri søner. TIl den eine bygde han hus framanom gamlehusa, til den andre nedanfor. Den dag i dag heiter det på Liland "heim i Stovå" og "der framme" og "der nere". Men som eit fellesnamn på alle tri tuftene: "Der heima". Stove-mannen, segjer segna, hadde tri gilde ting; det var tvo langbord og dørhella. Eldste guten som vart sitjande i Stova, måtte velja i desse. Han valde dørhella. Dørhella ligg i Stova den dag i dag, men der er no avslege mykje. Ho var så stor at 9 par kunne dansa på ho samstundes. Enn trur eg der var danserom for 3 eller 4 par. Ho er så tunn at ho rekk ikkje på tjukkaste over 6 tumar. ..."
"I Kraunsknuden millom Veggjeland og Haddeland ei ei to som heiter Vandringstone. I gamal tid heldt det til ein fredlaus der. Ei enkja på Veggjeland gjekk med mat til han. Av det fekk toi namnet sitt." Ho måtte vandra ovanfrå og ned for å koma dit. Ei to = ei fjellhylle.
"Det er segn om ein ... fredlausing som heldt seg i Manneskardheide. Um nettene var han nede på garden og stal mat. Dei var av stad og leitte etter han tak på tak, men han hadde so god ein gøymestad at dei kunde ikkje finna han. Men so kom dei yver han ein gong han var ute av hola si. Då tok han på sprang burt Manneskaret. Og han sprang slik at ei fòra av berrfoten hans stend i berget den dag i dag. Men dei fekk tak i han og drap han."
"Når dei ute i garden kom med lik, sette dei ned kista på ein stein i ytre enden av garden og kvilde seg. Den steinen heitte Ligsteinen og bergi attmed Ligsteinsbergan. Det seinaste namnet er no avslite til Listeinsbergan."