Heller som dannar ei nisje inn i fast fjell, plass til to. Namnet kjem ikkje av kvinnenamnet Åste, men tyder derimot å-ste-helleren = elvebreiddhelleren.
Gode hellerar, den eine under fast fjell, liggjeplass til to, den andre med livdemur under steinblokk, plass til to. Grasvoll. Her var legegjeting 1814-1907.
Gammel vei Tonstad - Risnes i Kvinesdal. Under en registrering 2014 ble det undersøkt om man kunne finne mer av Gammelveien mellom Tonstad og Risnes (Seland 2001:398), enn det som allerede var målt inn i Askeladden. Veien ligger i kontekst av en rundrøys (ID 76540), noe som antyder at veien kan være anlagt og brukt i før-reformatorisk tid. Veien går i visse strekk i samme trasé som den moderne stien, men det lyktes å finne igjen det gamle løpet opp til Ertsmyra i bakken nord for den moderen stien og brudstykker på siden av skogsveien som går opp fra Ertsmyra og opp mot Ertsvannet.
Røysa er kring 8 m i tverrmål. Ho er noko utkasta og ytterkanten er difor ikkje heilt klår. Ho er mellom 0,5-1 m høg. Røysa er bygd av kanta steinar/blokker, 20-60 cm store. Her finst og nokre opp mot 1 m store. I sørvestre kant ligg det ei helleforma blokk, 1 x 0,7 m vid, og ei anna helleforma blokk stikk opp i dagen. Lengda på denne er 0,8 m. Steinane/blokkene er sterkt tilvaksne med mose. Kring røysa veks det furer på alle kantar.
Røysa ligg i bratt bakke og går i eitt med bakken på nedsida. Tverrmålet er 11 m, høgda 1 m. Ho er dekt med torv med 2-3 steinar stikkande fram. Ein del skada i NV, medan ei TV-antenne er plassert ved S-fot. Nypebuskar i SV-kanten av røysa.
Haugen er kring 14 m i tverrmål og 1 m høg. Haugen er dekt med grastorv og mose. Det er ei open kiste i toppen, 4 m lang, 1,5 m brei og 0,5 m djup. Kista er orientert NNO-SSV. Den søraustlegaste kanthella, 80 cm stor, står på plass. På S-sida av kista ligg to takheller, 1 og 2 m store. På haugen veks det to graner.
Haugen fk. 1/1 ligg ca. 75 m ONO for huset til Knut Grjotland, ca. 70 m NV for eit uthus og 12-13 m N for den gamle gardsvegen. Haugen er 12-15 m i tverrmål og ca. 1,5 m høg. Han er bygd av stein. I midten er eit søkk, ca. 1 m djupt. Mykje stein ligg framme i dagen. Elles er haugen dekt med grastorv og mose, men spreidde steinar stikk fram. Haugen fk. 1/2 ligg 35-37 m N for fk. 1/1 og ca. 80 m SO for elva. Han er ca. 8-9 m i tverrmål og ca. 0,75 m høg. Haugen er dekt med mose og tildels grastorv, men mykje stein stikk fram i dagen. Haugen er skadd i vestlege del, og ein kan sjå inn i kista frå V, der kanten av dekkhella er synleg. Opninga er ca. 0,7 m brei. I vestleg kant ligg ei helle, 1,40 x 0,75 x 0,65 m. Denne skriv seg mogelegvis frå kista. I nordlege del av haugen er eit hol, ca. 0,45 m vidt og ca. 0,5 m djupt. Eit par bjørker gror på haugen og strekkjer røtene utover han. Haugen fk. 1/3 låg 100 m NO for fk. 1/2, ca. 10 m frå bakken i O, no borte. 4-5 m tvm., bygd som dei andre. Opna før. Haugen fk. 1/4 ligg 100 m S for fk. 1/3, botnlaget ligg att under åker, elles borte. 10 m N-S, 5-6 m brei, bygd som dei andre. Haugen fk. 1/5 ligg ca. 20 m O for fk. 1/1 og 17-18 m N for gardsvegen. Han er 6-7 m i tverrmål og ca. 0,75 m høg. Avgrensinga av haugen er ikkje tydeleg markert. Haugen er bygd av stein og er dekt med grastorv og mose. Ein del stein stikk fram i dagen langs kanten. Kring toppen ligg mykje innpåkasta stein. Haugen fk. 1/6 ligg ca. 65 m S for fk. 1/1, ca. 85 m SV for eit uthus, ca. 50 m SO for huset til Knut Grjotland. Sørlege kant ligg på bnr. 3. Haugen er 16 m i tverrmål og ca. 2 m høg. Han er dekt med grastorv og mose. I toppen er eit lite søkk og ein del stein stikk fram i dagen. Ytste kantane er låge og avgrensinga på haugen er ikkje klårt markert.