Haugen er 7 m i tverrmål og kring 1 m høg. Han er tilvaksen med grastorv og ytterkanten går noko i eitt med den kringliggjande bøen. Under grastorva merkar ein over det heile steinar/blokker. Den vestlegaste kanten av haugen er gjennomskoren av uthuset. I søre kant ligg to større blokker. Haugen har eit lite søkk i toppen.
Helleren er 40 m vid i opninga og minst 15 m djup. Store steinar har ramla ned frå taket. Det står att pilarar til å stø taket, så helleren ser ut som ein søylegang. Spor etter drift på baksteheller syner både i og utanfor helleren. Tilleggsopplysningar: I samband med sine registreringar av kleberbrot registrerte Knut Johan Nerhus Bakkhidleren i 1988. Han opplyser då at helleren er sett saman av fleire hol, meir eller mindre samanhengande i 60-70 meters breidde. Ei tjukk beresøyle står att på midten. Det største holet er 40 m djupt og like breitt. Store bergstykke er ramla ned frå taket slik at takhøgda er redusert. Birthe Weber undersøkte helleren med metalldetektor i 1987 og fann då hakke, jernskoning og fragment av firkanta bakstehelle. Knut Johan Nerhus registrerte Bakkhidlern som lok. KJN-12.
Frå Per Fett: Steinkrans. Han er nemnt i litteraturen som tingplass og kampplass og teikna i plan av Christie 1824, Undal 1832 og av Stuwitz 1838. Dei to teiknarane samstavar nokolunde i storleik og form: sirkelrund, 34 alen (20 m) tvm. men Stuwitz noko mindre og Neumann seier 28 alen. Mot SO ei løkke eller eit øyre i halvsirkel. Christie seier der var 64 steinar i kransen og 7 i løkka, l/2 alen høge. I NV var ein 4 alen (2,4 m) brei "inngong", og rett innanfor og 8 alen frå inngongen låg tre steinar i trekant. Ikkje noko av dette er å sjå no. Prøvestikk 1942 (Eva og Per Fett) i midten viste at anlegget var bygt på berg, berre ein steinrast med jord over. Like under grassvorden fanst eit lag kol og brende båtnaglar etter jonsokbål i nyare tid. Det såg då ut som der var ein steinkrans i midten, 3 m i tvm. Der var ikkje teikn til grav. Frå Aksdal, 2004: Steinringen er i dag uråd å finna att på grunn av overgroing og kraftige einebuskar på området. Området kor steinkransen ligg vart påvist av grunneigar Kåre Juel.
Frå Registreringen 1970 samt Per Fett, 1965: Feltet er 50 x 35 m vidt, orientert NNO-SSV, og inneheld følgjande røyser: Fk. 14/1. Røys ligg i nordre del av feltet, 12 m i tverrmål og 1,25 m høg, tilgrodd med gras og furu og einer, men er tydeleg. Øvst ligg ein flat stein på 2,50 m, og også elles er store steinar synleg. Fk. 14/2-5. Røyser ligg 10-15 m SO-O for 1, noko tilgrodde som beitet elles, 3-5 m i tverrmål og låge. Det synest å vere far etter gjeremål (grøfting?, rydding for stein?) S og ned etter flata, men vanskeleg å avgjere som ho ligg nå. Ei usikker røys ligg drygt 15 m NNO for fk. 14/1. Frå J. Aksdal, 2004: Gravflokken er mykje overgrodd og ein kan såleis ikkje fastslå kor alle røysene er ut i frå synfaringa. Her er det fleire røyser i området (minst 5 stk.). I registreringsnotater er det nemnt femten andre mindre røyser. Desse er ikkje blitt kartfesta. Vegane som kryssar feltet har ikkje skadd dei største og sikraste røysene. Mindre røyser, som i dag ikkje er synlege kan væra skadd eller borte. Feltet bør difor målast opp og kartleggast skikkeleg. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Feltet er mykje overgrodd av tre, buskar og mose, og det var vanskeleg å finne att dei fleste av dei tidlegare registrerte gravminna. Området bør verte rydda for vegetasjon.
Hella er 1 x 0,75 m vid og inneheld fire moglege fotsolar og 55 skålgroper. Gropene er frå 2,5-8 cm i tverrmål og frå 0,5-4 cm djupe. Fotsolane er heilt uthogne. Tre av dei er kring 20 cm lange, ein kring 14 cm. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Tilstanden er framleis god, men steinen ligg utsett til i klosterbryggja.
Feltet ligg lengst ute på neset i eit beiteområde, NV for naustet, på vestsida av eit skogholt med oretre. Feltet er orientert NNV-SSO og har i dag ei utstrekning på kring 60 x 45 m. Opphaveleg omfatta feltet i alt 17 gravhaugar. Tre av desse vart utgravne i 1937, medan resten framleis ligg her. Området har vore overflatedyrka og alle haugane Eva Nissen Fett og Per Fett registrerte i 1942 er såleis ikkje like lette å attkjenna i dag. I fylgje denne registreringa var stoda slik: Lengst SV, på toppen av bakken opp frå sjøen, hadde haug fk. 1/1 lege, men var utgraven i 1937 saman med haug fk. 1/2 og fk. 1/3. Fk. 1/4: Haug ligg 25 m N for 1, 7 m i tverrmål, låg, heilt torvdekt. Fk. 1/5: Langhaug, ligg med sørenden 5 m NO for fk. 1/4, 25 x 5 m NV-SO, spiss i endane, noko høg. Torvdekt, med stygge sår etter innhogg. Fk. 1/6: Tresidig haug ligg 3 m NO for fk. 1/5, med endane mot NO, NV og SSO. Utanfor NO-enden ligg ein stor stein, og høyrer den med, er det 9 m mellom alle endar, innsvinga sider. Haugen er låg, torvdekt, men det stikk fram stein og i midten er eit søkk. Fk. 1/7: Haug, ligg 8 m NO for sørenden på fk. 1/5, firkanta 2 3/4 x 2 1/2 m, heilt låg og med store steinar i hjørna, elles bygd av småstein med litt jord over. Fk. 1/8: Tresidig haug? ligg 3 m O for fk. 1/7, med tre store steinar i trekant 2 m frå kvar andre og mogleg ei lita høgning med innsvinga sider i mellom. Fk. 1/9: Røys ligg inntil ein stor jordfast stein 3 m N for fk. 1/8, 4-6 m i tverrmål, utan torv. Fk. 1/10: Langhaug, ligg 2 m N for fk. 1/9, 10 x 2 m N-S, noko smalare i sørenden. Høg, torvdekt, søkk i midten. Fk. 1/11: Røys, ligg 1 m NNV for fk. 1/10, 5 m i tverrmål, bygd av småstein med tynt torvdekke, stygt skadd. Fk. 1/12: Røys, uviss, ligg 8 m N for fk. 1/11, firkanta, 5 x 2 m O-V, av småstein med ein og annan større, flat med bakken og lett torvdekt. Fk. 1/13: Røys, ligg 2 m VSV for fk. 1/12, 12 m i tverrmål, 2 m høg, bygd av jordblanda stein med torvdekke. Det er stygge sår etter utkasting og ei jarnøks herfrå skal vere sendt til Bergens Museum. Fk. 1/14: Langhaug, ligg 3 m S for fk. 1/13, 12 x 4 m NV-SO, noko høg, avrunda i endane, torvdekt. Fk. 1/15: Røys, ligg kant i kant med fk. 1/14 på vestsida, bygd i 3 m tverrmål av småstein utan nemnande torvdekke. Fk. 1/16: Steinlegging, låg på den andre sida av fk. 1/14 og var lita. Fk. 1/17: Langhaug, no berre austre helvt att, han var 18 x 6 m O-V, høg. Frå J. Aksdal, 2004: Feltet som eit heile ligg der i mykje god stand, dei innhogga som er gjort i haugane, må sjåast som ein del av historien til feltet. Haug nummer 13 er likevel mykje skadd etter uttak av sand. Krateret er her så djupt at haugen står i fare for å kollapse. Ein må difor vurdera om ein skal fylla i haugen for å kunne verna kulturminnet. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Tilstanden var mykje lik den som skildra av J. Aksdal. Alle minna vart målt inn med GPS utanom fk. 1/7-8, som ikkje vart attfunne. Også områda der fk. 1/1-3 hadde lege vart målt inn.
Feltet er orientert ONO-VSV, kring 30 m langt og 25-15 m breitt. Røysa opp på Jonahammaren er mykje utkasta og ligg til dels nedetter sidene på hammaren. Ho er bygd av 20-30 cm store steinar/blokker. På den grasvaksne flata er det idag mogeleg å skilja ut fire røyser. Desse er 5-7 m i tverrmål, og alle under 0,5 m høge. Dei er tildels tilvaksne med grastorv, men 20-40 cm store steinar/blokker ligg i dagen på dei alle.
Haugen fk. 2/1 som blir kalla "Vetlehaugen", er 17 - 18 m i tverrmål, kring 2,5 m høg og tilvaksen med grastorv. Det stikk enkelte 0,1 - 0,7 m store steinar/blokker fram i dagen. I søre del av haugen er der to søkk. Søkket som ligg lengst SO er kring 4 m langt, 2 m breitt og 1 m djupt. Søkket som ligg lengst SV er kring 3 m langt, 2 - 3 m breitt og 0,5 - 1 m djupt. Røysa fk. 2/2 ligg 24 m NNO for fk. 2/1. Ho er kring 10 m i tverrmål, opptil 0,5 m høg og bygd av 0,3 - 1 m store blokker som er sterkt tilgrodd med mose. Der veks lauvtre, einer og lyng på røysa. Over røysa går det ei kraftline. Røysa fk. 2/3 som vert kalla "Storhaugen", ligg ca. 54 m NNO for fk. 2/2. Ho er kring 12 m i tverrmål og opptil 1 m høg. Det stikk fram ein del 0,1 - 0,6 m store steinar/blokker, men røysa er elles tilvaksen med mosetorv, lav, lyng, einer og lauvtre. I sentrum av røysa er der eit kring 2 m i vidt og 0,5 m djupt søkk der det veks einer.