Samling gravhauger + fjernede hauger
Videre langs brinken har ligget 3 lignende rundhauger, nå fullstendig utplanert. Ingen spor. 2 skal ha ligget nokså tett sammen ikke langt fra de to overfornevnte, overpløyde hauger. 1 på lite fremspring lengst i SØ. Mål ukjent. Beinrester skal være påvist under pløying over de nå forsvunnede haugene. Oppl. v/gårdeieren samt fra hr. Jostein Holmens Historiske særoppgave. (Se skisse: Hjelde østre (146/2) V66 414 606 R1)
Haugene er kring 25 m i tverrmål og kring 3 m høg. Markeringa av ytterkantane er noko uklår da haugkantane til dels går i ett med det kringliggjande grasvaksne beitet oppe på kollen. Haugen er heilt tilvaksen med grastorv og mose, men steinar/blokker kan merkast over det heile under vegetasjonsdekket. Toppen av haugen er noko avflata og litt sørvest for sentrum er eit 1,5 m vidt og 0,5 m djupt søkk, og litt nordaust for sentrum er eit liknande mindre søkk.
Frå J. Aksdal, 2004: Røysa er vel 9 m i tverrmål og vel 1 m høg. Den er bygd av store løftestein. Fett skildrar eit søkk som var 2 m langt og vel 0,5 m djupt og gjekk i A-V retning. Røysa synest vera urørt i nyare tid.
Frå Per Fett: "Staden er først skildra av Skonvig 1626, med teikning. Sagen var her i 1820. I 1824 var Christie to gonger og i 1832 ein gong på staden, andre gongen for å skildre fornminna og gjere ei kartskisse. Skissa er ikkje grannsam, og det kan vere difor at Neumann, som tidlegare hadde vore med Christie, kom att i 1838 og let den vanlege reisefellen sin Stuwitz forfatte ei grannsam skildring med ei laus skisse til hjelp. Desse finst berre i kladd og det har vore vanskeleg å rekonstruere eit kart i dag berre ut frå dette, det blir på sine stader ratt store avvik frå det faktiske lendet, liksom det kan vere grove avvik mellom skisse og skildring. Lund teikna på staden i 1859, men teikningane er ikkje attfunne. Nicolaysen kom hit i 1867, Lorange i 1881 og Bendixen gjorde opp status i 1894. Sheteligs kroki av sjølve neset, VJG fig. 406, er frå 1905, og etter dette vart det gjort modell for Bergens Museum. Ingen av dei siste har visst om Stuwitzmaterialet. Kroki frå 1964 i arkivet prøver å sameine alle opplysningar med lendet, representert ved eit flyfoto." I dag er det berre att nokre få av alle dei gravminna som ein gang låg på Larsstø. Desse er (etter Aksdal, 2004): Fk. 1/2: Trekantrøys, ligg rett nord for bautasteinen oppå det flate Larstøneset. Røysa er svakt markert i bakken, men me kan skimta røysa med kunnskap om kor den er. Oddane peikar mot NNA, SV og SA. Sidene er 10 m lange og noko innboga. Steinringen Fett nemner skal væra på den nordvestre sida. Den er ikkje råd å sjå i dag, og er truleg overgrodd med torv (NB: denne vart attfunne i samband med kontrollen av gravfeltet i 2005). Fk 1/3: Bautastein og steinsetting. Bautasteiner vel 5,25 m høg, 0,7 m brei og 0,3 m tjukk. Rundt steinen er det ei steinsetting som er ca. 10 m i tverrmål. Steinen står ikkje i sentrum av denne. Steinsettinga var heller ikkje klart synleg rundt bautasteinen, men ligg under torv og lyng som i dag har vakse over steinane. Steinkretsen tangerer slik kanten på trekantrøysa, fk. 1/2. Fk. 1/4: Fett skriv: "Røys (Stuwitz nr. 25), berre hos Stuwitz, som er i tvil. I tilfelle låg ho tett NO for fk. 1/5 og var 42 skr. i rm. (8 m i tvm.), men den svære jordfaste steinen som låg i midten, må vere sprengd for lenge sidan. I dag er ikkje noko å sjå her, men sml. røys fk. 1/6." NB: I samband med kontrollen av gravfeltet i 2005 vart det påvist ei overgrodd og låg røys N for fk. 1/5 og heilt oppe mot gjerdet til naboeigedomen. Fk 1/5: Røys, ligg midt på neset ved Larsstø. Ho er vel 25 m i tverrmål og 2,5 m høg. Rundt røysa er det ei fotkjede av store løftestein. I toppen av røysa er det eit gamalt søkk som er omrota i nyare tid. I sentrum av røysa er det ein jordfast stein, som i seinare tid har vore nytta som målepunkt. Røysa er i dag delvis tilgrodd med torv, men fleire stader ligg steinane i dagen. I og rundt røysa er det fjerna ein del kvist og kratt slik at den i dag er godt synleg som det dominerande gravminnet det er og har vore. Fk. 1/6: Røys, ligg i dag som ein rest vel 10 m SV for fk. 1/5. Ho er i dag overvakse med torv og små orrekjerr. Røysa var i fylgje Fett omlag 6,5 m i tverrmål og bygd kring ein jordfast stein. I dag kan me knapt sjå att røysa. Fk 1/8-9: Steinleggingar, i dag ikkje synlege, men folk hugsar kor dei ligg. Dei skal væra overfylt med jord og torv og er difor truleg inntakte. Plasseringa skal væra på nordsida av langhaugen fk. 1/10, lengst A på Larsstøområdet. Fk. 1/10: Langhaug, ligg lengst A på det freda området ved Larsstø. Haugen ligg i dag vel 3 m V for vegen mellom Larstøvik og Sæbø. Vegen inn til Larsstøneset ligg parallellt med haugen 3-4 m N for denne. Haugen er vel 22 m lang og 7 m på det breiaste. I dag sterkt skadd av masseuttak. Dei største skadane ser ut til å væra påført alt i gamal tid. Fett nemner på grunnlag av Neumann at haugen alt var skadd før 1838, men nyare skader er og påvist. Langhaugen si opprinnelege form har vore markert med valma kortsider. I kvart av hjørnene stod det ein oppreist stein. I dag står det berre ein att på den opprinnelege staden. To av steinane ligg like ved, medan ein no er borte. Fk. 1/12: Steinsetting etter bautastein, låg omlag 20 m SSA for det sørvestre hjørna på langhaugen, fk. 1/10. Bautasteinen er i dag fjerna, og skal liggja i ein løemur på ein av Sjogardane. Steinsettinga ligg framleis i området. Området er i dag ikkje brukt og er såleis overvakse med klungerkratt og grastorv. Stein kan likevel sjåast i bakken på staden Fett viser til.
Røysa er kring 12 m i tverrmål og 2 m høg. Ho er bygd av tørre steinar/blokker som er 0,1 - 0,9 m store og noko tilgrodde med mose og lav. I sentrum av røysa er der eit ovalt forma krater som er 5 m langt NV-SO, 4 m breitt og kring 1,75 m djupt. I krateret og langs kantane av røysa veks det ein del furutre, lauvtre, einer og lyng.
Lokaliteten ligg lengst framme på det lett hallande bergneset før det går bratt ned mot sjøen i VSV. Lengst i SV, før stupbratta tek til, ligg ei lita grasvaksen, noko lågareliggjande terrasseflate. Her vart det i prøvestikk funne ei flintflekke og eit flintavslag. Rett NO for denne terrasseflata ligg ei knapt 5 x 5 m vid blokk. NO for denne blokka ligg ei anna lita grasvaksen terrasseflate, der det også vart funne flintavslag i prøvestikk. Det funnrikaste området tykkjest derimot å liggja på ein liten grasvaksen, heller flat rygg lengst mot N heilt framme på brattkanten mot elva. Denne ryggen vert i S avgrensa av to store blokker og ein liten dal som går mellom dei to nemnde terrasseflatene og ryggen. Heile vegen mot elva er ryggen utrasa og i denne raskanten ligg det flintavslag heile vegen. Her vart også funne avslag av bergkrystall. Det funnførande området er kring 30 x 20 m, orientert VSV-ONO.
Innberetning ved Ole Jacob Skagen 06.11.1985 vedrørande undersøking av lokaliteten (6,5 kvadratmeter samanhengande undersøkt) B-13844. TopArk. nr. 043876
Bautasteinen er 1,3 m høg, 0,7-0,8 m brei og 0,25 m tjukk. Han er laga av gneis. Steinen vender breisida mot elva. Han har ein fersk skade i O-del av toppen.
Røysa fk.nr. 1/1 er 18-19 m i tverrmål og 1,7 m høg. Røysa er dekka av grastorv, nokre steinar stikk i dagen i toppen. Langs røysfoten, unntatt i SO, veks det grantre. Røysa er klart avgrensa. Toppen er svært avflata. I midten er det sett opp ei flaggtstong. Tett N for flaggstonga er det reist ein bautastein som er 2,6 m høg, 0,5 m brei og 0,25 m tjukk.Fk.nr. 1/2 ligg 20 m V for fk.nr. 1/1. Røysa er 12 m i tverrmål og 1 m høg. Ho er dekka av tynn grastorv og mose. Det veks småbjørk og grantre rundt heile røysa. I toppen stikk mykje stein i dagen.Ho har eit søkk i sørlegaste sida. Det ligg ei rekkje med steinar ut for røysfoten mot SO.
Fk.nr. 1: Røysa er 15 m i tverrmål, høgda er ca. 1,5 m. Ho er dekka av grastorv, men stein stikk i dagen fleire stader, serleg i toppen. I vestlegaste delen ligg ein bautastein, 3 m lang og 60 cm brei. Røysa har fotkjede.Fk.nr 3/2 ligg på ein bergrygg 5 m O for fk.nr. 3/1. Røysa er 6 m i tverrmål, høgda er 0,3 m. Røysa er dekka av grastorv, stein stikk i dagen nokre få stader. Ein smal stein ligg i N-sida, han er 2 m lang og 0,5 m brei og han er heilt mosegrodd. truleg bautastein. Det er eit søkk i toppen.Fk.nr. 3/3 ligg på ein bergrygg 8 m O for fk.nr. 3/2. Røysa er 13 m i tverrmål, høgda er ca. 1,5 m. Røysa er dekka med grastorv og det veks ei stor einebusk på henne. Nokre steiner stikk i dagen og ein kan sjå steinar under det tunne torvlaget. Fjellknausen utgjer truleg ein stor del av røysa. Ein fin, uskadd fotkjede går langs heile røysfoten. Det er eit søkk i toppen.