Lokaliteten ligg på ei langstrakt flate på ein bergterrasse. Det er ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Det er erosjonsblotning på delar av lokaliteten. Flata går prarallelt til bekken i Djupdalen, som renn ut i Eidesvatnet. Det er fleire mindre ersosjonsflater på ulike nivå i området. Lokaliteten er ikkje skikkelig avgrensa. Lausfunna er gjort i erosjonsflata på ei hylle i berget mellom Djupdalen 3 og Djupdalen 5. Lokaliteten kan strekke seg mot Djupdalen 3 ved eit lite overhengg i berget i A. Lokaliteten er avgrensa av berg i A og S, og av ein kant ned mot bekken i N. Lokaliteten strekker seg om lag 15 m i N-S retning og 40 m A- V.
Stor erosjonsflate på ca 35 x 40 m i reguleringssona ved Eidesvatnet. Lokaliteten er avgrense av berg/bratt skråning i V og N. Bratt bergvegg med heller med overheng i A. Flata der lokaliteten ligg hellar svakt ut i Eidesvatnet i S. Funna var gjort i overflata over eit stort område. Det vart ikkje teke prøvestikk på lokaliteten.
Lokaliteten ligg i eit drag i ei lita vik opp frå Eidesvatnet. Draget er orientert NV - SA. Det vart samla inn funn frå overflata i erosjonssona med ei utstrekning på 8 m NA - SV og vel 20 m NV - SA. Lokaliteten strekker seg truleg lengre opp på flata i NV, der det må prøvestikkast. Ingen større flater på lokaliteten. Bergknatter fleire stader på lokaliteten. Kupert helling ned mot vatnet i SV. Lokaliteten er avgrensa av berg i NA og SV. Funna vart gjort i overflata. Det vart ikkje teke prøvestikk på lokaliteten.
Erosjonsflate på ca 15 x 35 m i reguleringssona ved Eidesvatnet. Lokaliteten er avgrensa av berg/bratt skråning i N og av ein liten holme i S. I V går det ein bratt skrent ned mot vatnet. Flata der lokaliteten ligg hellar svakt ut i Eidesvatnet i A. Funna var gjort i overflata over eit større område. Det vart ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Det er ingen drag ned mot lokaliteten. Heile lokaliteten ligg under vatn ved normal vannstand.
Erosjonsflate på ca 20 x 35 m i reguleringssona ved Eidesvatnet. Lokaliteten er delvis avgrensa av skråning i N. Avgrensa på grunnlag av utstrekninga av sand- og grusavsetningane. Det kjem eit lite drag ned i frå N, og lokaliteten kan strekke seg opp i dette draget. Flata der lokaliteten ligg hellar svakt ut i Eidesvatnet i S. Funna vart gjort i overflata over eit større område. Det vart ikkje teke prøvestikk på lokaliteten.
Erosjonsflate på ca 25 x 45 m i reguleringssona ved Eidesvatnet. Lokaliteten er avgrensa av berg/bratt skråning i NNV. Eit drag strekker seg opp frå lokaliteten mot Støladalen i NA. Lokalitetene Strekker seg truleg opp i dette draget. Flata der lokaliteten ligg hellar svakt ut i Eidesvatnet i SV og S. A. Funna var gjort i overflata over eit større område. Det vart ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Avgrensa på grunnlag av utstrekninga på sand- og grusavsetningane og funn i overflata. Det renn ein liten bekk ned frå draget i NA over lokaltiteten og ut i Eidesvatnet. I vika innafor lokaliteten er det avsett store mengder skjel etter østers, musling m.v.
Funnkartet nr. 1. Funnstad for B 12314 og HMH 2155. B 12314 - HMH 2155 Yja. klebergryte f. i ei lita myr oppe på Bergesfjellet, 60 m NV for det vesle vatnet midt oppå fjellet. Myra er 4-5 m i tvm. og ligg mellom nokre bratte berg, som eit husrom. Her fanst og to heile handkvernar. Den eine er HMH 2155, den andre ligg på eit berg attmed. I ei anna lita myr 60 m i NO og litt høgare fanst eit ukjent tal kljåsteinar, somme ligg att i lyngen, somme skal vere i HMH, men er ukjende der, og nokre få er i privat eige. I ei tredje myr fanst to stutehorn som smuldra opp. Bergesfjell er ein merkeleg koll, 126 m høg o.h. Det stig beint opp frå Bergevatnet, 6 m.o.h., og er tilgjengeleg berre på to stader i vestveggen, men der er ikkje vanskeleg. Begge er sers lette å stenge mot uvedkomande, då begge fører i gjennom kvar si trange klype. Den eine er stengd. Men her er ingen sikre murar - ein kan ikkje seie det var trong for slike heller.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinbrot, 250 x 60 m N-S. Her er minst tre gruver i grønsteinen som utgjer om lag midtre tredelen av holmen. Det største brotet er ca. 15 (ikkje 30) m breitt i fronten og er 7-8 m djupt på begge sider av ein 3-4 m brei stuv som står att midt i, 5-6 m fram frå bakveggen. Høgda på bakveggen er minst 4 m. Golvet er påfallande flatt, 6 moh. Her må då vere brote minst 350-400 S(3). Sjøbotnen utanfor vitja ved prøvedykk 1975 (Christian Keller o. a.). Botnen (sand) ligg på - 27 m, her ligg ei 12 m høg røys av avslag, øksemne og blokker opp til 1 tonn eller meir.(C.....). Grønsteinen her er meir finkorna enn annan grønstein som ein kjenner, og finst brukt i våpen og reiskap over heile Hordaland. Ein tidligare fastslått bruk over heile Vestlandet held ikkje: det er stein i Florø-området som er brukt heilt overvegande i Sogn, Nordfjord og Sunnmøre. Sjå Flora herad. Prøver på steinen er B 9311 og B 12106. Bilete: Kolderup 1925 fig. 1-2; Fægri 1944 Pl. 2; Shetelig 1930 fig. s. 20; Shetelig 1945 fig. 8; Gjessing 1945 fig. 19; Nerhus 1955 fig. s. 41; Hinsch 1956; Sjurseth 1961 første pl. mot s. 488; Øysang 1966 fig. s. 40; Hagen 1967 a pl. 4; Hagen 1967 b pl. 4; Hafsten 1972 fig. 10; Refleks A-E 1972 fig. s. 123; Karlsen 1973 s. A7; Lothe 1976 fig. s. 7, 9; Holm-Olsen 1973 fig. s. 1.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hespriholmen inneheld fleire spor av steinbrot. Grønsteinen har vore brukt gjennom store deler av steinalder. Fangsfolket i eldre steinalder byrja bruken av holmen til steinbrot. Det fortsatte langt inn i yngre steinalder, då jordbruket etterkvart blei viktigere, og erstatta det tidligare fangstsamfunnet.
Lokaliteten består av rester av to kullgroper. Kullgropene er nedpløyd og kun deler av milebunnene er bevart. Utstrekningen på lokaliteten er 6,5 m Ø-V og 3,5 m N-S.