Funnstaden ligg like ved bekken i det vestlegaste draget. Før var her opparbeidd kulturlandskap med ein mindre husmannsplass i nærleiken. No er det i hovudsak ei steinfylling der ei større steinblokk står igjen. Under denne har ein ein liten hellar på vel 10 m2 der dråpefallet går vel 2 meter ut. Hellaren kan ha vore større, men er i dag sprengt bort. Hellaropninga ligg vendt mot sør-sørvest ut mot området som i dag er beitemark. Hellaren ligg vel 50-80 meter nord for lokalitet 3. Det er tatt eit prøvestikk i lokaliteten. Overflaten er fylt med stein slik at ein vanskeleg kjem ned i grunnen. Lagdelinga viser at ein har eit relativt tynt lag med torv, 3-5 cm. Under dette synest laget vera homogent heilt ned til botn. Her er det brun sand og jord, med spreidde trekolbitar i. Dette laget er vel 50 cm tjukt, og er funnførande.
Lokaliteten ligg på ei avgrensa berghylle vendt mot sør nær det sørlegaste draget opp frå sjøen. Området er ein del av det større beitearealet der lokalitetane 3-6 er påvist. Området er likevel avgrensa av små kollar, og ligg noko lågare enn sjølve beiteflata. Området får så ei utstrekning på vel 100 kvadratmeter. På flaten er det påvist eit søkk i bakken som kan vere ei kolmile/eldstad. Undersøking med sonderbor viste eit markert lag med trekol i søkket. Om dette høyrer til same bruksfase som steinavslaga er usikkert, men er her tolka som ein lokalitet samla. Det er tatt sju prøvestikk på lokaliteten der 5 er funngjevande. Lagdelinga er i hovudsak slik at ein har eit 6-18 cm tjukt torvlag. Vidare er dte eit dyrkingslag av jord, sand og grus, som er blanda med trekol og gjer laget svart. Under dette kjem berget opp.
Lokaliteten ligg på toppen av ein kolle. Her er ein flate som vender i nord-sør retning. Sjølve flaten skrår ned mot nordaust. Funnområdet er ein større flate på toppen, og ein mindre terrasse i søraust. Lokaliteten avgrensar seg naturleg mot vest, der ein har ein bratt fjellskrent på 1-2 meters høgd. Nede i dette går det i dag eit fuktig, men drenert myrdrag. Mot aust skrånar flaten svært bratt etter vel 10 meter. Nordre del av lokaliteten har fleire knausar synleg i dagen. Der prøvestikk 3 vart grave ligg det ei lomme med lausmasseavsetningar. Desse var funnførande. Det samla funnområdet utgjer eit areal på om lag 250 m2. Lagdelinga viser at området er mykje overdyrka. Torvlaget varierer mellom 3 til 10 cm. Det er i prøvestikk 1 og 4 påvist eit lag av sand og jord. I dette laget er det noko trekol. I prøvestikk 2 og 3 er det sand under torva. Lag 2 i prøvestikk 1 og 4 vart tolka som dyrkingslag, medan sandlaget ser ut til å vere meir uforstyrra.
Stor rundhaug, 16m i diameter, 2,5m høy. Plyndringsgrop er ca. 2m i diameter. Haugen er skadet av skolebygget. Det er flere store grantrær på haugen. God utsikt til Vinjevatn.
Samling av fire gammetufter av forskjellig type. På øverste strandterrasse en gammetuft av "grunnfjordtype". På strandterrassen nærmest sjøen ligger to hesteskoformede gammetufter, minner om grunnfjordtypen men er inngravd i bakkant/mangler omgivende grøfter. Nærmest elva ligger en fellesgamme med langveggen mot sjøen. De tre tidligere nevnte gammetuftene har åpen kortvegg mot sjøen. Lokaliteten avspeiler trolig sjøsamisk bosetning over en lengre tidsperiode (jernalder - "nyere" tid).
Beskrivelse fra lokalitet:
Jordblandet gravrøys.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jordblandet gravrøys, 12m i diameter, 1,6m høy. Har en stor plyndringssjakt som strekker seg fra sentrum mot nord ut gjennom haugen. Synlig rundkamp både i sjakta og ellers på haugen. Mulig fotkjede synlig i kanten av grøfta ut mot E134.
Lokalitetsområdet ligg i nordre helvta av det flate partiet. Her er det i nordvestre kant ein bergknaus som avgrensar lokaliteten mot nord. I vest skrånar terrenget opp mot flaten og mot draget i nordvest. Mot nord skrånar terrenget mykje og dannar slik ein topografisk grense av lokalitetsområdet. I aust er det ein vel 30 meter høg bergkolle som dannar ein naturleg buffer mot aust.Funnområdet får ut frå serien med prøvestikk ein relativt stor utstrekning. I aust-vest retninga dekkjer funnførande prøvestikk heile flaten. I nord-sør retning vert utstrekninga vel 15 meter frå nord og ut på flaten. Utstrekninga på det funnførande området får slik ein storleik på mellom 450-500 m2. Lagdelinga vil på ein slik flate variere mykje ut i fra lokale tilhøve og aktivitetar. Vestre del av flaten har ein noko fuktig karakter der ein har eit topplag av fuktig torv/torvmose. Dette laget varierar frå 15-30 cm i tjukne. Under dette får ein eit lag der torv sand og noko grus er blanda. Lag 2 varierar mellom 6 og 12 cm. Lag 3 er samansett av gråbrun sand med noko småstein i. Lag 3 varierar frå 25 cm i prøvestikk 4 til 6 cm i prøvestikk 5. I prøvestikk 5 har ein under dette eit særs trekolhaldig lag på vel 5 cm tjukne. I feltet i austre del er lagdelinga noko ulik frå den i vest. Grunnen her er mykje tørrare, slik at ein her har tørr torv i øvste lag. Dette varierer mellom 8 cm i prøvestikk 10 til over 20 cm i prøvestikk 3. Under dette kjem det i prøvestikk 3 fram eit særs kompakt lag med trekol. Laget har store trekolbitar. Dette laget er ikkje synleg i prøvestikka 9 og 10. Her er det eit 10-20 cm tjukt lag med sand og jord. I prøvestikk 10 får ein eit lag av torvjord/stein under dette. Lag 3 i prøvestikk 3 er her ei tett steinpakning av nevestor stein. Innimellom desse er det oskeblanda sand. Dette laget går vel 40 cm ned. Steinpakninga er ikkje observert andre stader på flaten, og ein kan slik ha kome bort i ei eller anna form for konstruksjon. Deler av lokaliteten er øydelagt av tidlegare anleggsarbeid i samband med nedgraving av vassleidning til Toska. Ei vel 5 meter brei sjakt er grave mest langsetter draget og har slik forstyrra ein vel 100-150 m2 stor del av funnstaden. Det vart tatt ut trekolprøvar frå prøvestikk 3 og 5. Desse er datert til 2400+/-50 BP (overgang YBA/FR) og 3810+/-80 BP (MNB/SN), medan funnmateriale som rhyolitt og ein dråpeforma flateretusjert kvartsittspiss, indikerer bruk både i TN og BA.
Beskrivelse fra lokalitet:
Jordblandet gravrøys.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jordblanda gravrøys, 10m i diameter, 1,4m høy. Ikke synlig plyndringsgrop. Skadet av vei som går opp til døra i gavlen på uthuset. Uthuset er skåret inn i den sydligste delen av haugen.