Funnstaden ligg på toppen av draget. Her er ein flate mellom to større bergknausar. I nord er den avgrensa av ein vegfylling. I sør skrånar den naturleg ned mot sjøen. Deler av den opprinnelege markyta står att særleg i aust; her er det att ein vel 2-4 meter brei kant. Funna som er gjort vitnar om at lokaliteten er konsentrert i den sørlege delen av flata. Her er det frå gamalt av ein naturleg skrent ned mot draget. Funnmaterialet er likevel sparsamt langs kantane og ein må slik sjå sentrum av lokaliteten der grøfta går i dag. Ein utstrekning av lokaliteten er høvesvis på 30 m2, men er truleg noko mindre. Lagdelinga på den urørte delen av lokaliteten viser at aktiviteten på staden synest vera avgrensa til overflatedyrking, som ikkje har gått gjennom torvlaget. Torva er her vel 25 cm tjukk. Under er det eit lag med sand og grus. Funna i prøvestikka er gjort i nedre del av torvlaget, og lokaliteten har lege nokså intakt inntil vassleidninga vart laga.
Slagghaug med slagg av yja/ma-type. Slagghaugen er i stor grad ødelagt av traktorvei. Slagge ligger i hovedsak på øst-siden av traktorveien. Slagget er spredt utover.
Funnstaden ligg på flaten som vender utover mot Toskasundet. Her er vidt utsyn mot sør, vest og nordvet. Flaten er naturleg avgrensa. Sjølve funnstaden er flat, men med einskilde bergskaver stikkande opp på austsiden av flaten. Funna som er gjort vitnar om at lokaliteten er konsentrert til ein liten del av flaten; her er funn i eit prøvestikk og det kan difor vere naturleg å sjå denne lokaliteten som ein utkikksplass i samband med den aktiviteten som har funne stad i området. Lagdelinga viser at lokaliteten er mest urørt av nyare tids inngrep. Ein del beiting på staden har erodert noko av avsetningane, særleg arealet rundt funnstaden. Torva er veldig tjukk, opptil 40 cm. Under dette er eit lag på 2-3 cm av sandblanda torv, mørkt på farge etter blanding med oske og trekolpartiklar. Under dette eit lag med lys finkorna sand, vel 14 cm tjukt. Vidare har ein eit gruslag på 5 cm med sand og småstein.
Funnstaden ligg lengst nord på flaten. Her er i dag noko tørrare enn den sørlege delen av flaten. Midt i draget går det ein bekk som i dag delvis er oppgravd og steinsett. Funnstaden er relativt vid og er delt av bekken, som nok er eit naturleg bekkefar som opprinneleg har vore her. I nordre del av lokaliteten er det ein vel 10 meter høg knaus. Denne fortset mot aust, men då som ein voll i terrenget. I vest er mykje vidare og prega av fleire drag mot vest. Lokaliteten synest ha vore plassert ved foten av desse draga. Lagdelinga på den turraste delen av lokaliteten viser at ein har hatt noko dyrkingsaktivitet på staden. Denne synest vera avgrensa til overflatedyrking som ikkje har gått særleg gjennom torvlaget. Lagdelinga varierar noko frå prøvestikk til prøvestikk. I prøvestikk 1 er torva vel 15 cm tjukk. Dette laget ligg oppå eit lag med matjord. Under dette får ein sandlag blanda med trekol og oske. Dette laget er funnførande, og det er rimeleg å sjå dette som eit kulturlag. Under dette kjem det eit lag med lysgul/brun sand, vel 15 cm ned til steingrunn. I prøvestikk 2 manglar matjordlaget, og kulturlaget vert her synleg like under torvlaget. Prøvestikk 3 viser eit brunt sand- og grushaldig lag under torva, med eit tynt kolhaldig lag under dette. Felles er at funna er gjort i nedre kant av lag 1 (ps 2) og lag 2 (ps 1 og 3), i kollaget og i overkant av laget under. Prøvestikk 4 og 5 viser ein annan lagdeling der ein manglar kollaget og der massen ser ut til å vera meir prega av oppdyrking.
Fornminne 1: Tuft, rektangulær, bredde 3,5 m, lengde 3,5 m. 20 m NV for veien. Markert som en forhøyning i terrenget. 30 m V for fornminne 1: Fornminne 2: Tuft, rektangulær, uklart markert. Voll i SV og NV. ca 5 x 5 m. Vollen ca 80 cm bred. Forhøyning (voll) i tuftens N-hjørne. 12 m SV for fornminne 2: Fornminne 3: Nausttuft, uklart markert, lengde indre mål 11 x 4 m, 4 m fra flomålet. 10 m N for fornminne 3: Fornminne 4: Avrundet tuft, klart markert, kraftige voller. 1,5 x 1,5 m indre mål. Voller 1,5 - 2 m brede. Inntil fornminne 4 mot S: Fornminne 5: Mulig nausttuft, markert som forhøyning i terrenget, størelse ca som fornminne 3. Mulig ryddet båtstø i fjæra nedenfor tuftene.
Gravfelt N-S 100m, Ø-V 50m. Inne i den tette granskogen ligger et gravfelt som består av minst 9 gravhauger, derav 3 langhauger og 6 rundhauger. Alle haugene er lagt opp av mold og sand. De fleste er klart avgrenset, enkelte med antydning til fotgrøft. 2 hauger har toppet profil, mens resten er jevnt avrundet. Tydeligheten i terrenget varierer fra nesten usynlig under kratt og busker til godt synlig. Langhaugene er N-S-orientertemed avrundede ender. Med unntak av haug 5 - en av de N-ligste - så har alle groper i midtpartiet. Haug 4 er gravd til bunns i midten oghaug 1 er gjennomgravd fra N-S. Haugene 7,8 og 9 er bevokst med tett løvkratt, resten med tett granskog. Rundhaugenes D 4,5-15m, h 0,5-2,5m. Langhaugenes L 6-14m, br 4-6m, h 0,4-0,7m. Feltet er svært uoversiktelig grunnet den tette vegetasjonen. Se skisse.
Funnstaden ligg opp mot toppen av draget, her er ein mindre flate mellom to større bergknausar. I nord ender draget ut på ein flate. Mot søraust skrånar den jamt ned mot sjøen. Lokaliteten er mykje forstyrra av ei grøft som er grave opp i samband med drenering av området. Deler av den opprinnelege markyta står att særleg i aust, her er det ein vel 2-4 meter brei kant att. Vestre del av funnstaden ligg under dei oppgrave grøftemassane. Flaten er relativt tørr då det er sandgrunn under torva. I dag veks det grastorv i draget og nokre mindre rognetre og einer står langs kantane til draget. Funna som er gjort vitnar om at lokaliteten er konsentrert i til toppen av draget eller like i utkanten av flata lenger nord. Her er skrår terrenget svakt mot søraust, men ligg relativt godt i le. Funnmaterialet viser ein konsentrasjon med ei utstrekning på vel 10 meter i lengderetninga av draget. Utstrekninga på lokaliteten ligg slik på vel 80 m2. Lagdelinga på lokaliteten vart undersøkt gjennom oppreinsking av profilveggen i grøfta. Lys og massetilhøva gjorde det naturleg å ta vestre vegg i dreneringsgrøfta. Her vart først reinska opp eit 2,5 meter langt stykke. Vassolding av massane gav relativt mykje funn og to mindre flater vart retta opp, ei mot nor og ei mot søraust. I tillegg vart det tatt eit prøvestikk i austleg kant mot bergkollen, i eit område som ikkje var forstyrra av nyare graveaktivitetar. Lagdelinga i det største snittet viser eit vel 20 cm tjukt torvlag. Under dette kjem eit 12-15 cm tjukt relativt fuktig torv/jordlag. Under dette kjem eit lag med fin sand, enkelte mindre stein (små), stadvis fleire mørke flekker av oske, det var ikkje trekol i dette laget. Dette laget er og funnførande. Under dette eit lag med gråbrun grus - dette laget er ikkje funnførande. I nordre del av profilveggen kjem det fram ei gamal steinveit som viser at området har vore oppdyrka tidlegare. Lagdelinga i dei to mindre profilsnitta viser ei liknande lagdeling, der torva varierer mellom 10 -20 cm. I snitt I mot nord er det observert det same fuktige jord/torvlaget som i snitt II. Dette laget er ikkje observert i snitt III eller i prøvestikket her er den grå sanden borte og ein kjem rett ned på grusen.
Lokalitetsområdet ligg i nordre helvta av draget. Her er det i nordvestre kant ein bergkolle som avgrensar lokaliteten mot nord. Mot søraust skrånar terrenget jamt ned mot flata der lokalitet 14 ligg. Mot nord er det ingen topografiske avgrensingar av lokaliteten. Området skrånar jamt nedover. Vegetasjonen i draget er i all hovudsak grastorv. I austre og vestre kant veks det i dag fleire rognekjerr og einebuskar. Lagdelinga i dei tre funnførande prøvestikka viser først eit 10-12 cm. tjukt torvlag. Under dette kjem eit lag med brun jord, som i prøvestikk 3 har noko trekol. under dette kjem ein i prøvestikk 1 og 2 ned på eit brunt - rustfarga lag med grus. I prøvestikk 2 kjem ein rett ned på større stein.
Røysa er i dag vel 27 meter lang og vel 6-8 meter brei. Kantane er mykje overgrodd med tjukk torv og langsidene er ikkje råd å sjå. Røysa er likevel klart avgrensa frå steinura austafor og må slik væra lagt opp av menneske. Røysa ligg midt på bytet mellom bruk 1 og 8 og dannar ikkje noko naturleg grense. Røysa er ein del skadd av steintak i nyare tid. Steinen herifrå kan væra nytta i båtnausta lenger sør eller i steingarden lenger nord. Røysa ligg i dag vel 2 til 2,5 meter over havnivået. Røysa er lagt opp av fleire lag med stein, her er det fleire større stein i botn og mindre løftestein i toppen. Røysa får slik ein høgd på mellom 50 - 80 cm. I sentrum og nordre del av røysa er det steinkonstruksjonar som kan minna om kammerstrukturar. Desse er noko skadd av steintakinga. Steinane ser ikkje ut til å vera tatt i frå ura, men form og slitasjen gjer at dei truleg er strandstein. Blandinga mellom store og mindre stein gjer at konstruksjonen minner om ei gravrøys. Ein kjenner fleire slike langrøyser frå Hordalandskysten og sørover.