Fylkeskonservatoren sjaktet kant i kant med fylkesvegen på dennes østre side. Det ble funnet kokegropa som er datert til vikingtid. Karbon datering fra kokegropa vises 1060 +/- 60 BP (Beta-234931).
Beskrivelse fra lokalitet:
Det er tatt fem prøvestikk på lokaliteten. Det vart påvist eit sterkt kolblanda sand og gruslagt i tre av prøvestikka. Kollaget er mellom 14 og 4 cm tjukt. Det er tatt ut ei C14-prøve frå det kolhaldige laget (lag 4) i prøvestikk 1. Kolprøva er datert til Cal Ad 680 - 810. Kollaget representerer sannsynlegvis aktivitet knytt til sjøbruk, ei mogleg nausttuft som i dag ikkje er synleg i markoverflata.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det vart tatt fem prøvestikk på lokaliteten. I tre av prøvestikka vart det påvist eit sterkt kolhaldig grus og sandlag. Prøvestikka var mellom 40 cm og 50 cm djupe. Det kolhaldige laget minkar i tjukkleik mot sjøen, i prøvestikk 1 er laget 12 cm tjukt, i prøvestikk 2 er laget 10 cm tjukt og i prøvestikk 3 er laget fire cm tjukt. Massen i dei tre prøvestikka vart solda i sjøen. Det vart ikkje gjort funn i den solda massen. Det vart tatt ut kolprøve frå lag 4 i prøvestikk 1. Dette er C14 datert til merovingartid/vikingtid, Cal AD 680-810. Kollaget er etter all sannsyn restar etter aktivitet knytt til sjøbruk. Kollaget kan representere restar etter ei nausttuft som i dag ikkje er synleg i markoverflata.
15.03.2022 vart lokaliteten avgrensa med fem prøvestikk som varierte i djupn mellom 40 og 80 cm. Lokaliteten var i 2006 lagt inn med utgangspunkt i tre positive og to negative prøvestikk og utgjorde ca. 1,5 dekar. Ut frå søknad om å oppruste traktorvegen i sør og aust frå flaumskade, vart det gjort ei mindre registrering for å finne ei korrekt avgrensing av lokaliteten. Det viser seg at lokaliteten i sør kunne trekkjast om lag 10 meter i nordleg retning, medan den i aust kunne trekkjast mellom fire og fem meter vestover. I nord og vest vart det ikkje teke prøvestikk, men trekol kunne ikkje påvisast med jordbor i lokalitetsgrensa. Store mengder vassføring har grave seg ned i terrenget sør og aust for lokaliteten, litt utanfor sikringsona. Det må nemnast at den austlege delen av lokaliteten var særdeles vassjuk og blaut, sjølv etter ei veke med tørt og fint ver. Det er ikkje usannsynleg at lokaliteten er eit større dyrkingslag heller enn ei mogleg nausttuft.
Y-dia= 5,50m, I-dia= 3,80m, D= 0,80m, voll= 0,85m. Rund dyregrop med voll rundt hele. Gropa er belagt med lyng og mose. I gropa er det 2 graner. På vollen er de t noen graner. Gropa er godt synlig.
Kirkegården er innmålt etter opplysninger fra Lars Skjelstad. De første skriftlige opplysningene om kirke på Skjelstad er fra 1520. I 1589 ble det bestemt at kirken skulle nedlegges. Det er ved flere anledninger funnet spor etter kirkegården i form av kister.
Schøning skrev kun følgende i 1774 (II:15f): “Foruden benævnte Kirker have her tilforn været fire andre, som endeel berette, saasom en paa Gaarden Skiælstad, i Skiælstad-Bygden”. Kirkegården bør kunne lokaliseres til rett nord for låven på bnr. 2 av (gnr. 269) Austistu (Vestre) Skjølstad. Her er det ved grøfting blitt funnet flere likkister: “Nokre av kistene var laga av breie bord som var nagla saman. Andre var meir simple av kløyvde stokkar som var uthola som eit traug... Ein stor steinhellar ligg eit stykke nede i jordlaget. Det er grunn til å tru at her var alteret i kyrkja”. Et interessant trekk er at dette området lå udyrket til inn på 1900-tallet. Tidlig på 1960-tallet ble det gravd ei grøft omlag 10 m nord for veggen på låven. Her ble det funnet to kister, den ene en stokkiste til et barn. Den voksnes kiste hadde inngravert et “Olavskors” på lokket. Dette funnet av gravlagte kommer således i tillegg til de tidligere funn. Derimot da nåværende låve ble reist ble det ikke funnet graver. Likeledes ble det heller ikke funnet graver ved grøfting omlag 15 m nord og 30 m øst for der hvor bautaen står. Vest for bautaen er det blitt pløyd i mange år uten at noe er blitt funnet. Området der bautaen står kalles Kjerkekra eller Nørekra.
Buplassen ligg ca. 15 m over havflata. I dag er det bygd ei hytte på buplassen. Hytta vart bygd på 1940-talet. I år 2000 vart hytta utvida, og i den samanheng vart buplassen registrert. Buplassen strekkjer seg N, V og S for hytta, med ein storleik på ca 250 m2. I samband med utvidinga av hytta vart det greve på hyttetomta. Jorda vart lagt til sides i ein stor dunge 5-6 m NV for det nye tilbygget - ca. 10 m lang N -S, 5 m brei og opp til 2,5 m høg. I denne jorda vart det funne ei spissnakka, slipt trinnøks. Under registreringa vart her funne ei mengde med avslag, økseemne, flekker, øksefragment og ein stor slipestein.Det vart teke i alt 4 prøvestikk N og V for hytta (sjå plan- og snittekningar). Ca 15 m NNV frå det nordvestre hjørnet på hytta vart det funne avslag av grønnstein, flint og bergkrystall, 8 avslag til saman, prøvestikk 3. 2 m NV frå det nordvestre hjørnet på hytta vart det funne nærare 300 avslag og nokre flekker, prøvestikk 1. Prøvestikk 1 viste at det i området V for hytta var tilført jord frå bygginga av hytta på 1940-talet. Opplysningar frå grunneigar og dei stratigrafiske observasjonane frå prøvestikk 1 er her samsvarande. Under denne påførte jorda fanst eit 45 cm tjukt og urørt kulturlag. Dei fleste avslaga vart funne i dette kulturlaget. Prøvestikk 2, 1,5 m V for midten av verandaen viste seg å vera omrota. Her vart det funne grønnstein, flint og kvarts, 6 avslag til saman. Prøvestikk 4 vart teke mellom 1 og 3. Her var ingen funn.Utstrekninga på steinalderbuplassen er klart avgrensa i A, N og V. I S er avgrensinga meir usikker. Ein må rekne med at buplassen strekker seg eit lite stykke forbi steingjerdet S for hytta. Lokaliteten ble ytterligere undersøkt av Bergen Museum samme året, og en rekke ny funn ble gjort i den anledning (B15822).
Lokaliteten består av tre skålgropfelt. Bergkunst fra Skjelstad har vært kjent siden 1930-tallet, men bare skålgroper har vært funnet. Gjennom Sognnes sine undersøkelser på slutten av 1980-tallet, ble det bare gjenfunnet et av de tre feltene.