Kokegropa er vel 80 cm i tverrmål, og snittet viser ei djupne på 20 cm. Rund i flata, bua botn. Skjørbrend stein og trekol i overflata. Lite forstyrra. Overdekning ca 25 cm matjord. Profil syner øvst eit trekolhaldig lag med skjørbrend stein, sand og grus(lag 1). Under dette kjem eit trekollag på 10 cm i botn som går ut i null mot kantane (lag 2). Det er teke ut trekol til datering frå lag 2.
Kulturminnet har på kartet vore feilplassert på gnr. 60, bnr. 2. Dette skuldast nok innmåling med handhalden GPS. Kokegropa vart snitta og frigjeven etter kontakt med RA og Universitetsmuséet i Bergen.
Innberetning i Rapporter_1_2006_Kvinnherad
ca 40 kvm areal - smal hylle, langstrakt NV-SA. Vart søkesjakta etterpå, noko som fjerna det meste. Dette grunna potensial for andre funn. Dateringsprøve vert sendt.
Kolgrop (nr.1 i registreringsrapport)ligg i nordvestleg helling. Her er middels tett til tett låg bjørkeskog. Undervegetasjonen er lyng og gras.Gropa er lokalisert omlag 20 meter nordaust for eit gjøl med bekkefar og omlag 15 meter nord for kraftlinje. Utsikt mot Nedre smedalsvatnet. Kolgropra er rektangulær, orientert nordnordvest-austsøraust, 3,30m x 2m, 35 cm djup. Voll i nord, nedskjæring i sør og kolutkast i nordaust.
Kolgrop (nr.2 i registreringsrapport)ligg langs kanten av terreng med helling i vest og nord, 25 meter nord for kraftlinje, 15 meter sørvest for gjøl med bekkefar. Her er middels tett til tett bjørkeskog. Undervegetasjonen er lyng og gras. Kolgropa er rektangulær, orientert vestnordvest-austsørasut, 3,10m x 2,30m, 35 cm djup. Noko uklar voll og uklar nedskjæring. Det veks eit bjørketre i gropa.
Kolgrop (nr.3 i registreringsrapport)ligg på ei lita høgd omlag 15 meter nord for kraftlinje. Terrenget hellar i vest og nord. Her er middels tett låg bjørkeskog. Undervegetasjonen er gras og lyng. Det ligg ein stor stein 15 meter nordvest for gropa. Kolgropa er rektangulær, orientert vestnordvest-austsøraust, 2,90m x 2m, 35 cm jup. Uklår nedskjæring i nordvest, mogeleg voll i nord.
Kolgropa (nr.4 i registreringsrapport) ligg i nordvestleg lett hellande terreng omlag 15 meter søraust for kraftlinje. Her er middels tett til tett bjørkeskog. Undervegetasjonen er lyng og gras. 10 meter nordaust for gropa ligg eit flatt og vått område og i søraust er det ein bratt fjellside. Kolgropa er rektangulær, orientert nordvest-søraust, 2,90m x 1,70m, 45 cm djup. Til dels uklår nedskjæring, særleg i nord. Det veks to bjørketre langs kanten i vest. Det ligg ein stor stein 4 m vest for gropa.
Kolgrop (nr.5 i registreringsrapport)ligg på ei lita høgd i kupert terreng, 10 m søraust for kraftlinje. Det går eit myrdrag omlag 50 meter nordnordaust for gropa og det er eit vått parti gras omlag 7 meter aust for gropa. Her er middels tett til tett bjørkeskog. Undervegetasjoenen er bregner, gras, lyng og nokre einebuskar. Terrenget hellar i vest og nord, kupert i sør og aust. Kolgropa er rektangulær, orientert nordnordvest-sørsøraust, 2,90m x 2,10m, 55 cm djup. Noko uklår nedskjæring. Bjørketre langs kanten i vestre hjørne av gropa.
Kolgropa (nr.6 i registreringsrapport)ligg i nordvestleg hellande terreng, 7 meter søraust for kraftlinje. Eit myrdrag går omlag 20 meter nordnordaust for gropa. Her er tett, låg bjørkeskog. Undervegetasjoenen er lyng, bregner og gras. Kolgropa er rektangulær, orientert nordvest-søraust, 2,10m x 1,30m, 30 cm djup. Uklår nedskjæring. Ein stein langs kanten på langsida i nord og ein stein langs kanten i austleg hjørne. Det ligg ein større stein 1 meter aust for gropa og ein stor stein 7 meter søraust for gropa.
Kolgropa (nr.7 i registreringsrapport) ligg på ei nord-nordvest hellande flate. Aust for gropa er det eit ope, flatt område, nord for gropa går eit myrdrag, og 15 m nordaust for gropa er det ei lita høgd i terrenget. Kolgropa ligg på ein kant i terrenget. Kolgropa er rektangulær, orientert nordvest-søraust, 2,60m x 2,10m, 35 cm djup. Gropa her ein voll i nord. Uklår nedskjæring. Det veks bjørketre langs kanten på begge kortsidene, og ei lita bjørk ligg nede i gropa langs langsida i vest. Det ligg stein i sørvestre nedskjæring.