Beskrivelse fra lokalitet:
Garden Fet Nedre ligg i Uskedalen i Kvinnherad, like ved sjøen på sørsida av Uskedalselva. Det freda hovudhuset ligg i kanten av sletta i dalbotnen og er eit tømmerhus i halvannan etasje med kvitmåla panel, og symmetrisk fasade med midtark vendt ut mot fjorden. Aust for hovudhuset er ein hage avgrensa av ein fint mura steingard, framfor huset ein mindre hage med stakitt rundt. Eit eldre uthus ligg rett bak hovudhuset. Rett sør for hovudhuset ligg det gamle gardstunet, som vart skilt ut i 1873; her er fleire gamle hus. Elles er eigedomen omgjeven av dyrka mark. Mykje av det gamle kulturlandskapet rundt Kapteinsgarden er soleis intakt.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Malmanger prestegard ligg eit godt stykke søraust for Kvinnherad kyrkje og har som denne tradisjonar tilbake til mellomalderen. Prestegarden ligg plassert i eit usedvanleg rikt kulturlandskap og dannar eit heilskapleg bygningsmiljø som avspeglar dei lange tradisjonane som geistleg embetsgard. Dagens bygningar ligg på kvar side av ein eldre veg som fører over tunet mot Baroniet Rosendal. Hovudbygningen er eit breitt, lafta tømmerhus i ein etasje med liggande panel og høgt lappskifertekt saltak. Bygningen skal vera sett saman av tre eldre hus like før 1754 under sokneprest Jacob Jersin Nyegaard. Etter ei skredulukke 7. august 1793 vart bygningen året etter flytta til ei tryggare tomt. Dei andre bygningane i tunet er alle bygd på tradisjonelt vis i laft samt i stav- og grindverk med skifer på taket. Gamlestova er ei røykstove som er bygd saman med ei lemstove og vedskjul/garasje. Nystova skal vera bygd av sokneprest Unger mellom 1878 og 1910. Vidare omfattar tunet stabbur, eldhus, vedskjul (skykkje), vognstall og driftsbygning med fjøs og løe.
Damsgård hovudgård eller Jansongården, ligg i Laksevåg bydel i Bergen. Den ligg godt synleg på toppen av ein grasbakke med hovudfasaden vendt mot Puddefjorden i nord. Anlegget er bygd opp symmetrisk om ein midtakse med hovudbygg med to fløyer kring eit indre gardsrom og eit sørleg portbygg med uthusrom aksialt på hovudbygget. To indre hagar omgjevne av murer flankerer hovudbygget, den austlege er strengt geometrisk, den vestlege mindre streng med karpedam og andehus. Mot bakmuren i denne hagen ligg og anlegget sitt stabbur. Hovudfasaden mot nord er spent ut som ein skjerm med lange hagegjerder som ender i små porthus. Anlegget, slik det står i dag, fekk i hovudsak sin utsjånad på 1770-talet og er eit av rokokkostilen sine hovudverk i Noreg med høg grad av autentisitet både med omsyn til eksteriør, plan og ikkje minst interiøret til hovudbygget.
Fornminne: Rester av en rund gravhaug. Uklart markert, men nokså lett synlig i terrenget. Uregelmessig form. Bygget av jord og rundkamp. Haugen svært skadet, særlig midtpartiet, og nesten hele VSV-lige del er borte. To ganske dype (ca 1,5 m) groper i midten. Mye åkerstein, eller stein fra haugen i og like ved haugen. Gressbevokst med nokså tett lauvskog på haugrestene (Haugtufta). Mål, anslagsvis: diameter 17-18 m, høyde ca 2 m. (Tvilsomt fornminne?). 2-3 m lenger V er påkjørt åkerstein. Neppe fornminne.
Alvøen ligg ved den skjerma Alvøypollen, heilt vest i Bergen kommune, og er ein svært godt bevart industristad. Hovudbygningen er eit trefløya trehus i ein etasje, med kvitmåla panel og pannetekte tak, utvendig prega av empirestilen. Hovudfasaden mot nord er symmetrisk med valma tak, brei midtark, to inngangsdører og støypejernsveranda. På motsett side, mot hagen, er eksteriøret prega av ei rekkje gavlar og arker. I midtaksen av hagen står eit åttekanta lysthus frå 1797. Rundt hovudhuset er fleire gamle hus, m.a. paktarbustad og eit stabbur i to etasjar. Frå hovudfasaden går ein lang allé langs austsida av pollen nordover mot fabrikkanlegget. Her er ei rekkje bygningar frå 1700-talet og frametter. Langs vestsida av pollen ligg kring 40 små arbeidarbustader frå 1800-talet.
Prestegardstun med hovudbygning, stabbur garasje og uthus samt eit samanbygd hus med røykstove frå mellomalderen og ein tohøgda prestebygning som kan vera frå 1650 - 1700
Gardstun der driftsbygning og eit nyare bustadhus ligg på sørsida av vegen. På nordsida ligg eldre våningshus, kårhus, stabbur, eldhus og røykstova frå mellomalderen. Etter eit jordskifte i 1863 vart stova flytt og teke til sauehus. Ho vart flytt på nytt i 1992-93 til noverande plass og restaurert som røykomnstove.
Beskrivelse fra lokalitet:
Mellomalderstova frå Kallestad vart kring 1990 attreist på tomta til gamleskulen på Straume som ein del av Straume landskapsmuseum
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Bygningen var opphaveleg ei røykstove frå seinmellomalderen som i 1629 vart bygd om til ei sengebu. På slutten av 1800-talet fekk bua ei ny loftshøgd. Bygningen vart flytta til Stamnes kring 1920 og husa då Dyviks samlingar, men vart teke ned att etter omlag 20 år på grunn av dårleg byggetomt som førte til råteskadar. Ho låg lagra i mange år i skulestova på Straume i påvente av mogeleg attreising på Hordamuseet. I samband med 250-årsjubileet for det norske skulevesenet i 1989 vart tømmeret teke ut av skulestova og attreist ved sida av skulehuset.