Noko nøyaktig avgrensing av feltet er i dag uråd å gje, men røysene ligg truleg stort sett innan eit 100 x 75 m vidt område, orientert NV - SO. Ved Fett sine registreringar for over 30 år sidan, var lyngen avsvidd og det vart då påvist minst 45 røyser, eller rettare, runde steinleggingar på berre ei steinrast. Dei fleste vart funne å vere 3 - 4 m i tverrmål, men nokre var opp i 6 m og nokre ned til 1 m. Området er i dag tilvakse med einer og kratt og nyplanta små grantre. Røysene er difor ikkje lenger moglege å skilje ut nøyaktig, men under dei fleste tettvaksne lyngtuene merkar ein steinleggingane.
Røysa er om lag 16 m i tverrmål og knapt 2 m høg. Ho er bygd av 10 - 50 cm store steinar/blokker. Røysa er no mykje utkasta. Ho har eit stort sår i nordre og eit i søre kant. Røysa er ikkje tilgrodd.
Skildring frå Per Fett 1950: Førhistoriske minne på Sunnmøre - Skodje prestegjeld, s. 9:
2. Røys snautt 100 m N for 1 på bnr. 15, 30 m frå sjøen. 22 m i tvm., no ei 1,5-2 m høg. Midtpartiet er omrota, og det er eit djupt sår inn frå søre kant, elles er kantane urøyvde og høgare enn midten. Samtidig er det ikkje likt til at stein er ført bort frå røysa - her er t.d. utgrunt så båtar ikkje kan kome inn og ta ballaststein - så ei samanlikning mellom overflatevinkelen på kantane og den steinmengda som faktisk ligg her, må føre til at ein må rekne opphavleg krater i denne røysa.
Røysa er orientert NNV - SSO, og er om lag 43 m lang. På det breiaste er ho om lag 6 m brei, men smalnar i begge endar. Ho er bygd av 20 - 60 cm store blokker. Røysa er svært tilgrodd av mose, lyng, småbusker og store tre, særleg bjørk. Røysa er noko utkasta enkelte stader.
Skildring frå Per Fett 1950: Førhistoriske minne på Sunnmøre - Skodje prestegjeld, s. 9:
1. Langrøys 20 m frå sjøen på gbnr. 1, like S for steingarden mot bnr. 15. 30 m lang N-S, 6 m brei, sterkt avteken av tyske militære til bunkersanlegg litt høgare oppe i bakken. Røysa er spiss i endane, bygd av fjørestein utan jord eller torvdekke.
Røysa er 17 - 18 m i tverrmål, 1,5 - 2 m høg og bygd av 0,2 - 0,6 m store, jordfrie steinar/blokker. Den delen av røysa som ligg på austsida av steingarden, er sterkt tilvaksen med einer og lauvtre. Det veks også nokre lauvtre i vestre del av røysa. I nordaustlege del av røysa er det eit om lag 6 x 3 m stort og opptil 1,5 m djupt søkk, orientert NV - SO. Røysa er elles omrota.
Samlinga som inneheld 2 røyser, måler 48 m, orientert NO - SV.Røysa, fk.nr. 5/1, som ligg lengst sør, er 17 m i tverrmål og om lag 1,5 m høg i V, og om lag 1 m høg i den austlege delen. Røysa er bygd av 0,2 - 0,7 m store, tørre steinar/blokker. Kantane av røysa er tilvaksne med mosetorv og ein del rogne- og bjørketre. Røysa er sterkt omrota og har fleire søkk. Det største søkket er i nordlege del av røysa, og er om lag 3 m i tverrmål og 1 m djup.Røysa, fk.nr. 5/2, ligg 21 m NO for fk.nr. 5/1. Ho er om lag 10 m i tverrmål og 0,75 m høg. Røysa er noko utkasta og omrota i sentrum, der 0,2 - 0,6 m store steinar/blokker ligg i dagen. Kantane av røysa er tilvaksne med mosetorv, og det veks ein del einer, bjørk og rognetre på røysa. I austlege del av røysa er det lagt på steinar/blokker i samband med dyrking.
Røysa er 11 m i tverrmål og opp til 1,5 m høg. I nordlege del er att ein lynggrodd skalk, elles er røysa sterkt utkasta og heilt låg. Steinane er delvis dekte av mose, særleg i sørvestlege del. Det veks eit par bjørker og ein hassel i sørlege kant av røysa.
------------
Det vart gjort skjøtsel på grava i 2019. Brandal vel har teke ned tre av bjørk og hassel. Det er no betre sikt frå Røysa og utover fjorden.
Steinen som var avbroten, vart sett saman og reist på nytt att i 1971. Slik steinen no står, ris han 2,30 m over bakken. Steinen er jamt over mellom 90-100 cm brei, og 20-30 cm tjukk.Steinen står på ein 4 m vid, 1-1,5 m høg grushaug. Denne haugen er tilvaksen med gras og steinen er omgjeven av høge lauvtre.
Røysa er 6 m i tverrmål, 0,5 m høg. I midten er eit ovalt, grunt søkk orientert N-S, 2-3 m vidt. Røysa er dekt av mose og lyng, men i og kring søkket stikk det steinar i dagen. På den nordlege delen veks ein sprake og ei rogn. Røysa er omgjeven av lauvtre i V, N og O. Registrering utført av Ragnar Orten Lie i 1997 påviste en røys tett inntil tidligere registrert røys. Den nyregistrerte røysa ligger ca 1 m N for den tidligere registrerte. Og er 3 m i diameter, 0,8 m høy med et plyndringssøkk med tvm. på ca 1 m i toppen. Røysa er dekket med lyng.
Røysa som vert kalla Pengerøysa, er ca. 15 m i tverrmål, 1,5 m høg og nesten heil. Mykje stein ligg framme i dagen, men ein del er dekt av mose og eit tynt torvlag. I nordvestlege del av røysa er eit rundt søkk, opp til 0,8 m djupt og ca. 1,25 i tverrmål, og i nordaustlege kant er der eit sår.Nedanfor røysa ligg svære blokker i ur. I området rundt røysa veks det lauvskog.
Røysa fk.nr. 8/1 er ca. 13 m i tverrmål og sterkt utkasta og omrota. Ein del stein ligg synleg i dagen, mest i nordlege og austlege del. Elles er steinane delvis dekte av mose og lyngtorv. I sentrum av røysa er det kasta innpå greiner og ris. Kring røysa veks furu og blanda lauvskog.Røysa fk.nr. 8/2 ligg ca. 10 m VSV for fk.nr. 8/1. Ho er 11 m i tverrmål og ca. 1 m høg. I austlege del er røysa sterkt utkasta og markeringa er her uklår. Tjukk mose- og lyngtorv dekkjer røysa, men mosegrodd stein er synleg i austlege del. Tett O for røysa veks furu og blanda lauvskog som breier seg inn over austlege kant av henne.Røysa fk.nr. 8/3 ligg ca. 20 m NV for fk.nr. 8/2. Ho er 15 m i tverrmål og opp til 2 m høg, og sterkt utkasta. I midten av røysa er det eit ca. 1 m djupt og ca. 3 m vidt søkk, og i sørlege del eit stort sår, begge stader ligg mosegrodd stein synleg i dagen. Det veks einer og rogn på røysa og furu, gran og rogn kring henne.