Røysa er 9 m i tverrmål, kring 1 m høg og noko omrota og utkasta. Ein del mosegrodde blokker stikk i dagen kring i røysa, som elles er dekka av mosetorv og lyng. I S-kant av røysa står ein 0,5 m høg, og 0,35 m brei og opp til 0,15 m tjukk stein med breisidene orientert N-S. Det veks einer og furutre på kring røysa.
Røysa er 16 m i tverrmål og 1,75 m høg. Opp til 0,5 m store delvis mosegrodde steinar/blokker stikk i dagen, mest S- og O-del av røysa. Røysa har to søkk. Det største ligg midt i røysa, er kring 4 m langt N-S, 2 m breitt og opp til 1,5 m djupt lengst S. Det andre søkket ligg i N-del av røysa og er om lag 3 , langt O-V, 2 m breitt og 1 m djupt. Røysa er tilvaksen med mosetorv, lyng og ris, serleg i V-del. Det veks furu og lauvtre på og kring røysa.
Røysa fk.nr. 1/1 ligg på V-sida av huset, 5 m frå veggen. Røysa er 15 m i tvm. og nær 1,5 m høg. Langs kanten ligg 60-100 cm store steinar/blokker her og der, mogeleg restar etter forkjede. Røysa er noko flat på toppen, truleg eit resultat etter litt utkasting. Midtpartiet er nær på grasfritt og her ligg 20-40 cm store steinar/blokker i dagen overalt. Resten av røysa er grasgrodd. På røysa veks ein god del lauvkratt. V-re halvdel av røysa ligg på bruk nr. 1.Røysa fk.nr. 1/2 ligg på O-sida av huset. Røysa har truleg gått nærpå i husveggen, men V-legaste kanten er i dag avskorn, og det er lagt opp ein tre omfars mur som grense mot stigen som går rundt huset. Tvm. er 10-12 m og høgda kring 1,5 m. Haugen er heilt grasgrodd, men her og kvar kan ein merka steinane under torva. Ei flaggstong står på toppen.
Røysa er uklårt markert langs kantane, kring 8-10 m i tvm., godt 1 m høg. Svært mykje av steinane i røysa er nytta i steingarden som går langs røysfoten i S. Berre V for sentrum står det att ein skalk som er heller urøyvd. Eine sidehella i ei kiste som har vore orientert O-V står att i sentrum. Hella er no mykje tilgrodd med torv og lyng, men tykkjest vera kring 1,2 m lang og 40-50 cm høg. I snittkanten på den attståande skalken kan ein sjå at røysa har vore bygd av 20-30 cm store steinar/blokker. Røysa er heilt tilgrodd med mose og lyng. I vestkant veks eit stort rognetre.
Røysa som vert kalla "Røysa" er kring 10 m i tverrmål O-V og 6 m N-S. Nordre helvt av røysa er borte (bnr. 3). I V går steingarden inn i røysa. Her er det mykje innpåkast, og avgrensninga av røysa er difor vanskeleg å avgjera. Røysa er bygd av opp til 0,7 m store, tørre steinar/blokker som delvis er tilvaksne med mose og lav. Det veks tornekratt og litt busker på røysa.
Røysa fk.nr. 1/1 er 8 m i tverrmål N-S og 5 m i tverrmål O-V og 1 m høg. Vestre kant er borte. Det ligg ein del innpåkasta stein på toppen, elles er røysa tilgrodd med tjukk grastorv. Det veks bjørketre og einer på røysa.Røysa k.nr. 1/2 ligg 3 m NO for fk.nr. 1/1. Ho er 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. I N-kanta er eit søkk, 1,5 m langt NV-SO opp til 0,8 m breitt og 0,5 m djupt. Røysa er tilgrodd med tjukk grastorv og det veks einer og bjørkekratt på henne. To store bjørketre står i kvar sin kant av røysa.
Samlinga er 45 m lang og 15-20 m brei, orientert NNV-SSO. Røysa fk.nr. 2/1 ligg lengst i N. Ho er 4 m i tvm., 1/4 m høg og har ei 1,5 m vid og 0,5 m djup grop i midten. Røysa er heilt tilvaksen med mose og lyng, berre toppen av to-tre steinar stikk i dagen, men elles kan ein merka steinane under vegetasjonsdekket heile vegen rundt.Røysa fk.nr. 2/2 ligg kant i kant med nr. 1, SSO for henne. Av denne røysa er berre tufta att, men ein kan fylgje ytterkanten bra heile vegen rundt og tvm. er 14 m. Berre i S og N står noko meir att av kantane og høgda av N-re kant er knapt 1 m. I S-e kant ligg nokre 10-40 cm store steinar/blokker i dagen. Røysa er elles heilt tilgrodd med mose og lyng.Røysa fk.nr. 2/3 ligg 10 m SSO for nr. 2, på S-sida av stigen. Ein kan fylgje ytterkantane det meste av vegen rundt med unnatak av i SV. I N og NO er kanten kring 1 m høg. Røysa har truleg vore kring 10 m i tvm. Ho er sterkt utkasta mot SV, slik at røystufta hallar den vegen. Røysa er elles heilt tilgrodd med mose og lyng.
Gravanlegget er orientert SV-NO og er i denne retninga 7 m. SO-NV er det 4,5 m på det breiaste. Høgda er kring 0,5 m, måla i NV. Gravanlegget er samansett av ei kiste og stein som ligg rundt denne. Steinane/blokkene, som er skarpkanta, er frå 0,15-0,60 m i tverrmål. Anlegget er klårt markert og relativt tydeleg i terrenget. Det er for det meste naken stein, men her og der veks litt lyng og gras mellom steinane. I nordaustre delen er det eit stort brakekratt. Sentralt i anlegget er det ei kiste som er orientert same veg som dette, dvs. SV-NO. Fire store heller/helleliknande steinar markerer denne kista. Kista er 3 m lang, 0,6-0,7 m brei og kring 0,3-0,4 m djup. I sørvestre enden av kista ligg ein tversgåande stein som er 0,9 m lang, 0,6 m brei og 0,10 m tjukk. Ved kvar langside ligg ei større blokk. Den nordvestre av desse er 1,6 m lang, 0,8 m brei og 0,4 m tjukk. Den søraustre er 1,3 m lang, 0,6 m brei og 0,2 m tjukk. Kista vert avslutte i NO av ei tversgåande helle som er 1,4 m lang, 0,8 m brei og 0,2 m tjukk. Frå sørvestre endekant av kista ut til kanten av anlegget er det 2,5 m. I NO er denne avstanden berre 1,7 m. Ut for den nordvestre hella i kista ligg nokre heller, mogleg dekkeheller. Den største av desse måler 1,2 x 0,7 x 0,15 m. Ei noko mindre helle ligg dessutan i kanten av anlegget i SV.
Røysa er bygd på eit framskytande nes i bakken, og den eksakte avgrensinga av det som er lagt av menneske er ikkje heilt klår, men tverrmålet er kring 8 m og høgda er godt 1 m. I toppen er eit 3 m vidt og knapt 0,5 m djupt søkk. Røysa er tilgrodd med mose og grastorv, men 15-50 cm store steinar/blokker stikk i dagen over det heile. På vestsida (nedsida) av røysa ligg eit band av 50-100 cm store blokker. Røysa ligg i hallande lende med mykje blokker og til dels jord- og steindungar. Kva som er resultat av jordskred og menneskeverk er vanskeleg å avgjera. Området er i dag beitemark, men har truleg tidlegare vore slåttemark, og ein del av steindungane er nok resultat av rydding. Den registrerte røysa kan såleis ikkje seiast å vera utan tvil.
Bautasteinen er 1,65 m høg over bakken, rombeforma i tverrsnitt med sider 30x25 cm, noko avsmalnande mot toppen. Steinen er heilt lys, nærast kvit på farge, berre lavgrodd på den nordvestre sida og litt nedst på den sørvestre. Steinen hallar litt mot NO.1 m O for bautasteinen er det i nyare tid reist ein annan stein, 80 cm høg, med rombisk tverrsnitt og sider 35x25 cm. Også denne steinen er svært lys.2 m N for bautasteinen ligg ei røys som er 3 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. Røysa er samansett av 5-20 cm store steinar, ho er lyngkledd på kantane med eit lite sår i toppen. Røysa er truleg eit varp.