Tufti er orientert VSV-ONO og måler innvendes 9,5 x 3 m. Veggene er steinblanda jordvoll, utan synleg muring. Vollane er vel 2 m breie og inntil 0,5 m høge. O-veggen ligg inntil bakkeskråningi ovanfor og er ikkje mykje tydeleg. Inngangen synest ha vore på den V-re stuttveggen, som vender ned mot gjelet.Eit prøvestikk synte mørk kulturjord under 5 cm grastorv og 10-15 cm brunjord. Det er mogleg det finst fleire tufter i området, men dette er den einaste som er lett synlegJohannes Bjelde fortalde at ifylgje tradisjonen var Kvaoledn ein gard i gamal tid, men kan ikkje seia noko nærare om kor lenge dette kan vera sidan.Th. Gunnarson omtalar Kvaolen i samband med eit epitafium som hang i Aurlandskyrkja til minne om ein Bergenskjøpmann, Niels Michelsen, som drukna i Vassbygdvatnet i året 1613. I fylgje bygdetradisjonen vart han myrda av folk frå Vassbygdi. Ein slektning av enkja dukka seinare opp på eit ting i Aurland og "spurte ut i tingalmuen om nogen hadde greie på eiendommen Kvålen som avdøde kjøbmann Niels Michelsen i Bergen hadde hatt eiendomsretten til. En kar fra Veum som stod i ett eller annet slags forhold til drapssaken, holdt på å forsnakke sig. Dette blev da hindret - sier sagnet videre - ved at en mann drog ham i trøien og sa: Tig du, so ska du fao beste remen. Denne remen av Kvaolamannens panterettighet hører den dag idag til gården Veim eller Veum." (Gunnarson 1929: 65).Epitafiet som gjev att Davids salme 109, vers 1-22, ein hemnsalme over ustraffa fiendar, hang i kyrkja til 1926.Ettersom Kvaoledn også i 1613 synest ha vore ein teig, og ikkje ein gard, må øydegarden vera eldre enn frå det 17de hundreåret. Yngre kan han ikkje vera, om ein skal døma etter byggjemåten i tufti.
Røysi er 12 m i tverrmål, 0,5 m høg og bygd av kantrunda og kanta stein av ujamn storleik. Tett ovanfor ligg ei urd, men røysi har tydeleg ingenting med denne å gjera, og må vera lagd opp av folk, noko dei mange kantrunda røys-steinane syner. Litt SV for midten er eit krater på 1,5 x 1,5 m og vel halvmeteren djupt. I N-kant av røysi ligg ei stor rasblokk som er komi på plass sekundært
Røysa som vert kalla Svartevarden, måler 8,5 m i tverrmål, og har ei høgd på omlag 1 m. Steinane/blokkene er frå 0,15 - 0,7 m store, medan dei fleste måler omlag 0,3 m. Steinane/blokkene er nakne. Det er ein varde i søraustre del av røysa. Den måler 2 m i tverrmål nedst, smalnar litt av mot toppen og har ei høgd på 1 m. Steinane som varden er bygd av, er tekne frå nordaustre halvdel av røysa, men det ligg nokre få steinar att som markerer kanten av røysa. På denne halvdelen veks det no tett med låge eine. Røysa er utkasta i SO. Kring røysa veks det eine og lyng. Røysa er tydeleg markert og godt synleg.
Haugen er 7 m N-S og 5,5 m O-V og kring 0,70 m på det høgaste i SO. Haugen er heller klårt markert i N, V og S avdi det her ligg store steinblokker langs kanten. I O er han noko meir uklårt markert. Storleiken på steinane i kanten er opp til 0,8 m. Haugen er ikkje særleg godt synleg i lendet. I austlege delen av haugen er det ein konsentrasjon av store blokker. Den største av desse er 1,3 m lang, 0,60 m brei og 0,25 m tjukk. Store deler av haugen er dekt med gras.
Røysa kan vera om lag 10 m i tverrmål og 1 m høg. Ho er sterkt tilgrodd med mose, lyng og eine, slik at markeringa er uklår. Under vegetasjonen kan ein kjenna steinar. Røysa er noko omrota. I vestlege del er eit 1,7 x 0,7 m vidt søkk, orientert N-S. Søkket er opptil 0,5 m djupt i N.
Helleren er 2 til 3 m høy ved dråpefallet. Rimelig beboelig flate innunder er inntil 2 m bred og 8 m lang. Bare midtre og indre parti av dette er i dag tørt område. Nedenfor det grasvokste hellergulvet mot V og SV sees en ny flate, noe skrånende, med gras og einer. Også her er rimelig tørt, flatt og egnet for boplasslokalitet. Innunder helleren ble det tatt 2 prøvestikk (A og B).
Deler av lokaliteten inneheld to funnførande lag. Det underliggjande laget har ei utbreiing på 142 m2, er 50 cm tjukt og har karakter av kulturlag. Det overliggjande laget strekker seg monaleg vidare i det utbreiinga er 386 m2. Dette laget har også karakter av kulturlag og er 71 cm tjukt. I desse to laga vart det samla funne 980 funneiningar, med hovudtyngda i det overliggjande laget. Avslag var den dominerande funngruppa, men her vart m. a. funne168 fragment av brende bein, fem keramikkskår, to pilespissar av skifer, tre tangepiler av rhyolitt, ei slipeplate av sandstein og i det underliggjande laget m. a. eit fiskesøkke av kleber.
Lokaliteten har ei utstrekning på 282 m2. Over heile lokaliteten er det ei todelt funnførande lagdeling. Det underliggjande laget er samansett av grus og er 22 cm tjukt. Det overliggjande laget er eit kollag som er 12 cm tjukt. I gruslaget vart det i alt funne 61 funneiningar, mest avslag, men her var også flekker og ein geometrisk mikrolitt av flint. I kollaget vart det funne fjorten avslag og ein mikroflekke.
Gravrøysa er bygd av stein blanda med jord. Grasdekt i SO-del. I N-del er steinane berre mosegrodde. Røysa er ca. 16 m i tvm. og ca. 2 m høg..SO-del av haugen er dyrka (grasmark). Tre steingardar møtest på haugen. På desse er det truleg påkasta rudningsstein, for dei minner nesten om rudningsrøyser. Midt i steingardane veks no nokre lauvtre.