Beskrivelse fra lokalitet:
Inntil og Ø for sti; Kullgrop med voll br 1,5m, h 0,2m. D 2,5m, 0,5m dybde.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kullgrop med voll br 1,5m, h 0,2m. D 2,5m, 0,5m dybde. Ytre mål: 6m.
Kontrollregistrert av IFK 29.05.2024: Sirkulær kullgrop. Tydelig i terrenget med antydning til voll rundt hele gropa. Ligger i V-vendt hellende li. Bredest og tydeligst voll i V. Nevnte sti går mer eller mindre over vollen her. Bratte sidekanter inn til smal bunn. Noen innraste steinblokker i gropa. Glissen barskog med lite bunnvegetasjon annet enn bærlyng. Noen mindre trær og busker på/i gropa. Påvist trekull ved stikk med jordbor.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet frå ca. BC 7300.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten ligg rett sør for ID2996 (Lok.5), berre få meter frå nordkanten av pukkverket. Flata skrånar svakt ned mot nord og nordvest, det er berg i nordaust og brotkanten ligg i sør og søraust. I vest er eit lågt berg som skil terrassen og eit anna lite dalsøkk der PS42 og rekka vidare startar. Vegetasjon, jordmassar og skogstien er likeeins her som i ID2996. Det vart gjort funn i 3 prøvestikk her, med til saman 5 avslag av flint. Funna låg på 20-30 cm djupn, frå rett under torva til toppen av anrikingslaget. Arealet er på nærare 40x23 m (677 m²). Lokaliteten ligg på ca. 75 m over havet, noko som tilsvarar ei datering til ca. 7300 f. Kr., mellommesolitikum, Tørkopfasen. Det er mogleg at ID134313 og ID2996 er ein og same lokalitet.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet frå ca. BC 7800. Tillegg 2011; Fra gassprosjektet (Oldsaksamlingen 1990) er det registrert følgende under ID 12683 (13-189); I et "dal"platå mellom to fjellrygger. Den nordligste fjellrygg har en bra utsikt over Sarpsborg, og dalsøkket der lok. ligger er "klassisk", i den forstand at den ligger beskyttet av bergknauser med godt utsyn. I alt tre prøvestikk ble tatt, bare et ga et stykke flint i grus ca. 0,35-0,40m under tykt torvlag. Tekst fra ID 3002 (gass 13-216); I en "dal" rett V for pukkverk. "Dalen" er formet av to parallelle fjellknauser med en N-S løpende overflate i mellom. To prøvestikk, begge med skjørbrent stein, et med et stykke flint funnet ved Ø fjellknaus. Sand og grusjord. Lokaliteten kunne være ganske stor, 2-3000 kvadratmeter, eller veldig liten. Kartplasseringen er avhengig av om pukkverket har de samme grenser i dag som det har på kartet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
2010: Lokaliteten ligg i eit trongt lite nordaust-sørvestgåande dalsøkk som ligg rett sørvest for ID2996 & ID134313 (lok.5 & 6). Dalsøkket skrånar svakt oppover i retning sørvest, med berg i aust og vest. Lokaliteten ligg på ein liten flat terrasse og har plasseringsmessig stort potensiale. Til trass for dette vart det berre gjort 2 positive prøvestikk med 4 avslag til samen, eit par av desse er kanskje berre strandflint. Funna låg på ca. 15 cm djupn, rett under torvlaget. Jordmassane er sand og grus under torva, eit av stikka enda på berg. Dalsøkket er planteskog med ein del grantre, noko yngre enn dei som vaks på terrassen med alle lokalitetane som ligg rett i aust. I storleik er lokaliteten ca. 23x8 m (ca. 130 m²), høgda over havet ca. 80-85 meter. Dette tilsvarar ca. 7800 f. Kr., midtre del av mellommesolitikum.
Beskrivelse fra lokalitet:
Bronsealderrøys.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
ID134316 er ei stor røys som ligg oppe på den høgste toppen nord i planområdet. Røyser som dette er ikkje ukjente i Østfold, og vert tolka som gravrøyser frå bronsealderen (ca. 1800-500 f. Kr.). Når dei ligg til slik som her, oppe på toppen av ein ås utan nær tilknyting til jordbruksbusetnadar, er det mogleg dei innehar ei dobbeltrolle, både som gravminne og som ei revirmarkering. Slike åsrøyser ligg ofte langs gamle ferdselsårar, og skulle vere godt synlege for dei som for forbi. Ei slik ferdselsåre har vi truleg i dalsøkket som går av røysa, og her ligg samstundes fleire lokalitetar frå steinalder og bronsealder. Utsikta frå toppen her er svært god, særleg i nord, vest og aust. Røysa har vore bygd opp over ein oppstikkande bergnabb. Slik den ligg no har steinane rast eller blitt lempa ut på sidene i austleg og vestleg del, slik at røysa er todelt, med bergnabben stikkande opp i midten. Omkrinsen i dag er på ca. 9x9 m, høgda frå botnen til toppen av knausen er ca. 0,8 m. Det er naturleg å tenke seg at i utgangspunktet var røysa moglegvis noko høgare og mindre i diameter. Forma er tilnærma sirkulær. Steinane den er bygd opp med er truleg lokal bergart, men sidan det ikkje ligg særleg med stein oppe på åsryggane her har den nok vore henta lengre nede i terrenget.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet frå ca. BC 7500.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Denne lokaliteten ligg ein rundt 70 m nord-nordaust for ID134315 (lok.7). Den er ei flate med spreidd blandingsskog, veldig fuktig og nesten som myrdrag å rekne. Lokaliteten avgrensast av ein bergknaus i vest, ei svak stigning og så knaus i sør, knaus og svak helling opp i aust, samt negative prøvestikk. To positive prøvestikk gav til saman 1 flekke og 10 avslag av flint. Grunna myrpreget er torvlaget tykt her, opptil 60 cm. Funna vart difor gjort djupt, frå 40-80 cm. Under torvlaget ligg det eit grått gruslag, men det er uråd å skilje ut detaljar, av di prøvestikka fylte seg opp med vatn medan ein grov dei. Det er difor mogleg at det kan ligge flint endå litt djupare, sjølv om det ikkje er truleg. Den flinten som vart funne kjem frå ulike delar av gruslaget. Om dette skuldast at fuktigheita gjer undergrunnen laus og at flinten difor flytter seg gjennom laget eller om det er snakk om ulike deponeringar skal vere usagt. Høgda over havet er ca. 75-80 m, og lokaliteten bør difor daterast til ca. 7500 f. Kr. Storleiken er nærare 13x11 m (ca. 115 m²).
Røysa består av steinar av ujamn storleik, hovudsaklig skiferheller. Den største synlige steinen måler 1,5x1 m i storleik og ligg noko til sida for toppen av røysa. Dei øvrige steinane er frå hovudstore opp til 75x75 cm store. Røysa er rund i forma med ein storleik på 3,3x3,5 m med ei høgd på 0,75 m. I botnen av røysa er det flate steinar som er gravd ned i undergrunnen og sett på høgkant. I den V delen av røysa er nokre av desse steinane synlige og det ser ut til at dei er sett opp i ein ring under steinhaugen. I tverrmål måler steinringen 1,5x2 m og steinane står slik at dei skrår utover. Ei prøvesjakt vart gravd i den V- delen av røysa og syna at dei høgreiste hellene kvilar på bergrunnen. Jorda innanfor steinsirkelen er fjerna og attfylt med stein. Slik sett kan profilen framstå som ei attfylt fangstgrop, men plasseringa opp å ein mindre kolle talar i mot denne tolkinga. Røysa si plassering, oppå ein kolle ved ei eventuell ferdsleåre opp i dalen langs Rya underbyggjer tolkinga av strukturen som ei gravrøys.
Lengst NØ: 1. Langhaug, orientert NØ-SV. Bygd av stein og jord. Lett synlig og klart markert av 7 reiste stein, flate bruddstein med h ca 0,5m. Den V-ligste er det gravd rundt. I sentrum er jorden fjernet og her ligger en del store bruddstein. Bevokst med løvtrær og gress. L 10m, br 4-5m, h 1m. 2m SSV for 1: 2. Langhaug. Klart markert og lett synlig. Bygd av jord og stor bruddstein. I S er det gravd en grop, d 1m, dybde 0,5m. I sentrum svak forsenkning. På N-siden går en sti. Bevokst med eik og gran, lyng. L 11m, br 6m, h 1,5m. 2m S for 2: 3. Rundhaug. Lett synlig og klart markert med grunn fotgrøft. Bygd av jord. Forsenkninger i S og Ø. Bevokst med gran og eik. D 7m, h 0,75m. 3m NV for 1: 4. Flat rundhaug. Uklart markert og lite synlig i terrenget. Består av jord. D 7,5m, h 0,5m. Usikker som fornminne.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet frå ca. BC 7800.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.10 ligg ca. 30 m nordvest for ID134317 (lok.9). Lokaliteten avgrensast av negative prøvestikk i nord og vest, ei svak helling i terrenget og negative prøvestikk i aust, medan i sør stig eit berg bratt opp. Ein utstikkande bergnabb delar lokaliteten i to. Vegetasjonen er ganske tett blandingsskog. Lokaliteten vart påvist med 3 positive prøvestikk, som til saman gav 1 flekkefragment og 12 avslag av flint. Jordmassane er podsol med sand og grus, ein del jernutfelling. Funna vart gjort på frå 20-40 cm, rett under torva og noko ned i grusen. I storleik er lok.10 ca. 34x27 m (ca. 638 m²). Høgda over havet er ca. 80-85 m, noko som tilsvarar rundt 7800 f. Kr., midtre del av mellommesolitikum.