Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Røysa er 9,5 m N-S og 7,5 m O-V. Ho er tilnærma rektangulær i forma. Høgda er på det meste 0,7 m. Ho er klårt markert og tydeleg i terrenget. Her er naken rund stein. Nokre få brakebuskar og bregnar veks i røysa. Steinane er 0,1-0,6 m i tverrmål. I tillegg til desse steinane er det nokre større blokker. Den største av desse er 1,5 m lang, 0,9 m brei og 0,6 m tjukk. I søre delen er mykje stein kasta ut. Midt i røysa er ein liten rektangulær oppmuring av røysstein. Denne er 1,5 m O-V, 1 m N-S og ca. 0,6 m over steindekket elles i røysa. Det er noko tvilsamt om dette er ei gravrøys, eller om det kan vere restar etter ein annan konstruksjon.
Feltet ligg på eit bratt svaberg som skrår mot S. Utover dette berget er figurane spreidd O-V i 9 m og N-S i 5 m. Det skal i alt vere 9 båtar her. Berre eit par-tre av desse er godt synlege, avdi dei har vore måla. Det er nokre sprikker som går N-S i berget, her veks litt gras og lyng. Bergkunstdatabsen: Feltet ligger på et bratt svaberg i utmark, ca 50 m NV for Leirvåg III, ca 10 m fra vannkanten. Figurene ligger på hver side av en loddrett sprekk, nedenfor figurflaten er det en liten avsats. Svabergene rundt feltet danner en liten vik. Berget er svært vitret og oppsprukket, og avskallet. Figurene er svært utydelige, kun fig. 2 er noenlunde synlig. Utsyn til Lammetunfjellet (? vanskelig å tyde det som ble skrevet i felt), Vilnesfjorden og fastlandet.
Røysa er kring 12 m NO-SV og kring 9 m NV-SO. Ho er særs dårleg markert avdi få steinar er synlege i dagen. Ho er ikkje tydeleg i terrenget. Søraustre del av røysa ligg oppå eit berg. Det ser ut til at røysa har vore bygd opp til same nivå som dette berget også i NV. I dag ligg det att ein krans med steinar på berget i SO. Denne kransen er orientert NO-SV og er kring 2 m brei. Når det gjeld dei andre delane av røysa, er mest alt fjerna, men ein kan sjå nokre steinar her og der. Her er det ein nivåskilnad på kring 1,5 m til toppen av røysa på bergflata i SO. Det er umogeleg å ta noko eksakt mål på steinane avdi dei stikk innunder grastorva. Ein kan sjå litt av ei helle som stikk fram. Ho er 1,2 m lang, 0,1 m tjukk, men breidda er uråd å avgjere, då ho stikk innunder grastorva.
Grava er vanskeleg å sjå, avdi ho er overgrodd av lyng og gras. Nokre store steinar ligg nedi vegetasjonsdekket. Desse ligg i ei tilnærma rett line som går SSV-NNO. I lengderetninga ligg det her 3 synlege steinar. Gjennomsnittleg storleik er 0,8 m. I sørlege og nordlege enden av denne steinrekkja ligg ein stein på tvers og markerer grava si lengd. I nordlege enden er denne steinen godt synleg, og måla er: 1,3 m lang, 0,9 m brei og 0,3 m tjukk. Oppå denne steinen ligg ein annan, mindre stein, som dekkjer delvis den førstnemnde. Han er orientert O-V og er 1,2 m lang, 0,65 m brei og 0,15 m tjukk. Steinen i søre enden av grava er lite synleg, då han er mest heilt dekt av lyng. Det må ha lege nokre fleire steinar i lengderetninga i grava, avdi det mellom dei tre som er synlege, finst opne rom. Mogelegvis kan desse steinane liggje djupare under vegetasjonen, slik at ein ikkje merkar dei. Den totale lengda på gravanlegget ser ut til å vere kring 6 m. Breidda er 1-1,5 m og høgda kring 0,4 m på det meste. Noko dekkhelle er ikkje å sjå.
Røysa er kring 10 m N-S og kring 8,5 m O-V. På det høgaste (i S) er ho kring 1 m. Ho er noko uklårt markert avdi ho er mest heilt dekt av lyng og mose, men nokre steinar ligg i dagen, særleg i utkantane. Ho er bygd av steinar/blokker frå 0,10-0,90 m i tverrmål. Ho er ikkje særleg tydeleg i terrenget. I sentrum er eit lite søkk, kring 3 m i tverrmål og kring 0,20 m djupt.
Røysa fk.nr. 8/2 er 8 m N-S og 7 m O-V. Høgda er kring 0,6 m. Ho er bygd opp av steinar/blokker frå 0,15-0,6 m i tverrmål. Røysa er godt markert og er tilnærma kvadratisk med jamne, rette sidekantar. For det meste ligg steinane nakne, men nokre av dei er tilvaksne med mose. Det veks nokre brakebusker i røysa. Sentralt i røysa er det eit lite krater. Dette er kring 2 m i tverrmål og 0,5 m djupt. Nedi krateret ligg ei helle, orientert O-V. Hella er ca. 1 m lang, 0,4 m brei og 0,05 m tjukk. I røysa er det dessutan og fire andre heller. To av desse ligg i nordlege del av røysa. Ei av dei er orientert O-V. Ho er 1,0 m lang, 0,5 m brei og 0,1 m tjukk. Den andre hella her er orientert N-S. Ho er 1,0 m lang, 0,6 m brei og 0,07 m tjukk. I søre kant av røysa ligg dei to siste hellene. Den eine er orientert NV-SO. Ho er 1,1 m lang, 0,5 m brei og 0,07 m tjukk. Den andre er orientert O-V. Ho er 1,2 m lang, 0,4 m brei og 0,05 m tjukk.Røysa fk.nr. 8/3 ligg 3 m S for fk.nr. 8/2. Ho er 6 m N-S og kring 12 m O-V. Høgda er kring 0,4 m (målt i O og V). Røysa er bygd opp av steinar/blokker frå 0,15-0,7 m i tverrmål. Ho er noko uklårt markert og ikkje så tydeleg i terrenget. Store deler er utkasta, slik at det i den sentrale delen er mest steinfritt. Tydelegast er ho i O og V, der eit belte av stein ligg att. Ho ser ut til å ha hatt om lag same form som fk.nr. 8/2, med rette sidekantar, men har altså vore meir rektangulær. Breidda på steinbeltet som ligg att i O er 3,5 m. I V er det 4 m. I nordlege del av røysa veks det brake, elles er ho graskledd.
Røysa er 13 m i tverrmål. På det høgste (i S) er ho 1,8 m. Ho er bygd av steinar/blokker som varierer i storleik frå 0,1-0,7 m. Røysa er klårt markert og tydeleg i terrenget. I den sentrale del av røysa er det eit krater. Dette er 4 m N-S og 3,6 m O-V. Det er djupast i S, der det er 0,9 m. I krateret veks det brake. Det er to klåre innhogg i krateret, eit i den sørlege kanten og eit i den austlege. Innhogget i S er 1,1 m breitt. Breidda på det austre er 1,4 m. I den austlege del av røysa (rett utanfor innhogget) er mykje stein fjerna. Men her ligg ein del blokker, opptil 0,6 m store, som er nyare og må vere kasta opp her då dei bygde vegen.
Bautasteinen fk.nr. 1/1 står 11 m N for kyrkjedøra. Steinen er 2,2 m høg, 1,8 m brei og 20 cm tjukk. Flatsidene vender mot N og S. Han hallar lett mot N.Bautasteinen fk.nr. 1/2 står 14 m V for kyrkjedøra. Han er 3 m høg, 1,5 m brei og 10 cm tjukk. Flatsidene vender mot N og S.Den nordre flatsida på begge desse steinane er mosegrodd.Bautasteinen fk.nr. 1/3 skal vera attreist på opphaveleg plass i tidsrommet 1826-38. Han står no 18 m SSV for kyrkjedøra. Han er 2,2 m høg, 1,5 m brei og 10 cm tjukk. Flatsidene vender mot NNV og SSO.Steinkrossen fk.nr. 1/4 er avslått slik at berre øvre delen no er att. Krossen står 11 m SSV for kyrkjedøra. Han ris no 1 m over bakken og er 73 cm over armane. Materiala i krossen er granathaldeg glimmerskifer av same type som ein finn i kvernsteinsbrota i Hyllestad.
Feltet er samansett av :1. Røys (fk.nr. 4/1), ligg lengst SV, 10 m V for ei stor steinblokk, NV for Flesi, ein samleplass for sauer. Røysi er 12 m i tverrmål, 1,5 m høg med ein stor stein i midten. V for denne er eit djupt søkk.2. Røys (fk.nr. 4/2), ligg inntil V-sida av den store steinblokka. Ho er 10 m i tverrmål, 1 m høg og har merke etter fleire utkastingar.3. Røys (fk.nr. 4/3), ligg 2 m O for den store steinblokka. Ho er flat, 4-5 m i tverrmål 0,5 m høg. Noko utsegi og ikkje særleg klart markert.4. Røys (fk.nr. 4/4), ligg 2 m O for 3, 3,5 m i tverrmål, mest heilt flat, lægre enn 0,5 m.5. Røys (fk.nr. 4/5), ligg kant i kant med 4. Ho er 5 m i tverrmål, 0,5 m høg og har søkk i midten.6. Røys (fk.nr. 4/6), ligg ca 30 m O for 5. Ho er 8-10 m i tverrmål, 1 m høg.7. Røys (fk.nr. 4/7), ligg ca. 10 m NNO for 6. Ho er 12 m i tverrmål, 1,5 m høg. Søkk i midten.8. Røys (fk.nr. 4/8), ligg 2 m OSO for 7, og på ei hylle, noko lægre enn dei andre røysane. Ho er ca. 12 m i tverrmål, 1 m høg, noko utsegi og er utkasta i midten.9. Røys (nyregistrering 9/7 1977), ligg 16 m NO for 7. Ho er sterkt overgrodd av einer og vanskeleg å få mål på, men synest i alle høve vera 10 m lang og noko smalare. Det er mogleg ho kan tolkast som to smårøysar som ligg kant i kant.
Samlingi er samansett av :1. Røys, 8-9 m i tverrmål, 0,5 m høg, bygd av kanta fyllittblokker, mange av dei på skap som heller. I øvre kant er påkasta ein del rydningsstein. I midten eit grunt søkk, vel 2 m langt og 1,5 m breitt, der to, vel meterlange, heller er synlege. Dersom dei er restar av kiste, er dei no i alle høve skipla.2. Røys ligg NNO for 1, kant i kant med denne. Ho er 6-7 m i tverrmål, 0,5 m høg, bygd av same slag stein som 1, noko utflata i toppen. Det er mogleg det har stått ein bygning på denne. Tett NV for røysi, i skråningi nedanfor, ligg ei flat, fin helle, 2,5 x 1,3 m stor.