Enhjørningsgården er ein enkeltgard, med ei ca. 90 m lang husrekkje langs ein trebrulagt passasje. Baksida av husa i Bredsgården vender ut mot passasjen på nordsida, medan Svensgården er nabo på sørsida. Sjøstova som vender ut mot Bryggen er måla okergul og har ein rekonstruert empireportal inn til passasjen. Oppe på fasaden er gardsmerket, ein skulptur av ein einhjørning. Som elles på Bryggen, er husa langstrakte laftebygningar med svalgangar mot passasjen og saltak, for det meste i tre etasjar. Ein bygning ¿ den nest lengst bak ¿ vart riven i 1960-åra, då Bryggestredet vart opparbeida som ei branngate gjennom den bakre delen av Bryggen. Øvst mot Øvregaten er dei tidlegare kålhagane del av eit parkanlegg.
Finnegården har vore den sørlegaste av gardane på Bryggen sidan 1702, då han vart gjenreist som ein dobbeltgard med to husrekkjer. Om lag halvparten av bygningane vart rivne rundt år 1900 og ein bygning brann i 1982. Som vanleg elles på Bryggen er husa tre etasjars lafta bygningar med svalgangar mot passasjen og saltak. Fremst i den sørlege husrekkja ligg Hanseatisk museum. Dette er ein av dei best bevarte bygningane på Bryggen, med portal frå seint 1700-tal, raudmåla panel og småruta vindauge, og det er den einaste delen av Finnegården som i dag er freda. På langsida mot sør er eit murkledd tilbygg i tre etasjar frå slutten av 1800-talet. Bakanfor er bygningen som brann i 1982 gjenreist som ein utvendig kopi, men med kjerne av betong, og lengst bak i rekkja er ein original bygning, med eit lågt tilbygg på langsida mot sør. Ovanfor er den gamle tomta til garden kappa av på tvers av Rosenkrantzgaten. Det fremste huset på nordsida av passasjen er ein fire etasjars forretningsgard med teglfasade og gavl, og eit portrom inn til gardspassasjen ¿ den sørlegaste av dei nye murhusa som vart reist på Bryggen kort etter år 1900. Bakanfor ligg eit par bevarte gamle tømmerbygningar, og lengst bak, opp mot Rosenkrantzgaten, eit nybygg frå 1980-åra som er ein omtrentleg kopi av det opphavlege huset på staden, rive rundt år 1900. I den bakre delen av garden er det lagt glasstak over gardspassasjen. Her er i dag restaurant- og hotelldrift.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lyststad som er flytta til ei høgde vest på Elsesroanlegget i Gamle Bergen. Ein-etasjes hus med valmtak og midtark som har saltak med sterk svai. To uthusbygningari nord er bundne saman av eit høgt plankegjerde og omsluttar ein hellelagt gardsplass.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Beskrivelse fra lokalitet:
Hollendergaten 10 er eit toetasjars, lafta bustadhus i mellomalderbydelen Vågsbunnen i Bergen. Huset er bygd tidleg på 1700-talet, på ein kvelva kjellar som antakeleg er langt eldre. Det utmerkar seg ved ein rikt utforma rokokkoportal, og ein steinblokk med ein løve i lågt relieff, som er mura inn i trappevangen. Elles er huset utvendig prega av endringar frå 1800-talet, medan det innvendig er heilt modernisert.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Holmedalsgården er ein dobbeltgard, tidlegare med to lange husrekkjer på kvar side av ein smal passasje. Som elles på Bryggen er husa langstrakte laftebygningar med svalgangar mot passasjen og saltak, for det meste i tre etasjar. Sidan nabogarden Kappen vart riven i 1860-åra, har garden lege med langsida mot sør vendt ut mot Nikolaikirkeallmenningen, og etter at den sørlege halvdelen av Bryggen vart riven rundt år 1900 utgjer Holmedalsgården den sørlege avgrensinga av den samanhengande bebyggelsen på Bryggen. Garden vart hardt råka av ein brann i 1958, då om lag halvparten av husa vart øydelagde. Av den sørlege husrekkja er berre frontbygningen mot Bryggen og eit hus langt bak i garden tilbake. Området mellom ligg som ein open tomt, bortsett frå ein halvpermanent tømrarverkstad sett opp på 2000-talet. I den bakre delen av garden vart Bryggestredet opparbeida som ei branngate i 1960-åra, og samstundes vart ein stolpebygning med valmtak flytta frå midtrekkja i Bellgården-Jacobsfjorden til ei tomt lengst bak i den sørlege husrekkja. Ein lagerbygning frå Jacobsfjorden vart flytta til ei branntomt midt i den nordlege husrekkja, slik at denne i dag står som ei samanhengande rekkje. Begge frontbygningane mot Bryggen er raudmåla, og mellom dei er ein enkel boga opning til gardspassasjen. Lengst bak i garden, opp mot Øvregaten, er dei gamle kålhagene i dag ein del av eit enkelt parkanlegg.
Jacobsfjorden utgjer saman med Bellgården (ID 87121) til saman ein dobbeltgard med særskilt namn på kvar halvdel. Garden utvidar seg i breidda frå kaia og oppover, og i den bakre delen ligg ei tredje husrekkje mellom dei to halvdelane (ID 90851 ¿Midtbygningene¿). Jacobsfjorden er den nordlege husrekkja i dette anlegget, og har Svensgården som nabo på nordsida. Som elles på Bryggen, er husa langstrakte laftebygningar med svalgangar mot passasjen og saltak, i tre etasjar. Sjøstova ut mot Bryggen er raudmåla, og mellom denne og sjøstova i Bellgården er ein enkel, udekorert opning inn til den trebrulagde passasjen. På fasaden sit eit forgylla hjortehovud som gardsmerke. Lengst bak i husrekkja ligg ein steinkjellar. I 1960-åra, då Bryggestredet vart opparbeida som ein branngate gjennom den bakre delen av Bryggen, vart bygningen rett framfor kjellaren flytta ein tomt lenger fram i husrekkja, medan bygningen som stod her vart teken ned og sett opp att i Holmedalsgården. Bak kjellaren, opp mot Øvregaten, er dei gamle kålhagane i dag ein del av eit enkelt parkanlegg.
To gravhauger og en usikker gravhaug i et buet område hovedretning ØNØ-VSV. I V: Fornminne 1: Rund gravhaug temmelig klart markert, og tydelig i terrenget. Jevnt avrundet profil. Grunn forsenkning i toppen. Bevokst med gras og rogn. I ØNØ-kant store rydningssteiner. Mål: diameter 9 m, høyde 0,14 m. 10 m ØSØ for fornminne 1: Fornminne 2: Rund uregelmessig haug, uklart markert og utydelig i terrnget. Ujevn overflate, kan være torvdekket fjell. Gras og noe ungtrær. Mål: diameter 5-6 m, høyde 0,5 m. Ca 25 m ØNØ for fornminne 1: Fornminne 3: Rund gravhaug, nokså uklart markert, men temmelig tydelig i terrenget. Lav profil. Grunn grop i toppen. Gras, en gran, lauvtrær. Mål: diameter 5-6 m, høyde ca 0,5 m. 10 m N for fornminne 1 ligger en langstrakt samling åkerstein, orientert NØ-SV. Intet tyder på fornminne. 1 m N for fornminne 1 - inngravning til jordkjeller. Ø for inngravningen en liten forhøyning, - gavlhaugen til jordkjelleren. (Neppe fornminne).
Zander Kaaes stiftelse ligg i Kong Oscars gate i Bergen, litt innanfor Stadsporten, i eit strøk som før - og i stor grad enno - var prega av sosiale institusjonar, hagar og kyrkjegardar. Den freda bygningen er bygd i 1769 og er ein trefløya tømmerbygning i ein etasje, med kvitmåla panel, høgt saltak med svai, tekt med raud tegl, og portal og spissgavla ark i midtaksen. Også på baksida er det ein tilsvarande ark, og to små utbygg med pulttak. Gardsplassen mellom fløyene har brosteins- og helledekke og to symmetriske bed, og er mot gata lukka av eit 1800-tals smijernsgjerde. Bygningen ligg i hjørnet av ein firkanta hage, om lag 50 x 46 m, på dei tre sidene som vender mot gate omkransa av ein kvitkalka gråsteinsmur, tekt med eit sua bordtak på utsida, raud tegl på innsida. I søraust grensar eigedomen opp til Grand Hotel Terminus. Hagen har store lauvtre langs gjerdene, elles grasplen.
KONG OSCARS GATE 48, Gamle Bergen museum / Embedsmannshuset hovedbygning
opphav
Vestland fylkeskommune
informasjon
Beskrivelse fra lokalitet:
Kong Oscars gate 48 var ein etter bergensk målestokk stor byeigedom. Ut mot gata låg bustadhuset, eit toetasjars trehus frå 1790-åra med symmetrisk, kvitmåla fasade, utskoren portal, høgt valmtak og ein ark med svinga rokokkogavl. Bak huset var ein gardsplass med uthus - ved fredingstidspunktet i 1927 ein verkstadbygning, som antakeleg var eit tidlegare eldhus av same alder som hovudhuset, og eit vinkelforma skur som antakeleg vart nybygd i 1914. Lengst bak, ut mot Asylplassen, var det opphavleg ein hage, gjerda inn av steinmurar, men hagen vart i 1893 skilt ut og bygd ut med to små leigegardar av tre. Berre hovudhuset vart flytta til Gamle Bergen i 1960-åra, medan uthusa vart rivne. Hovudhuset står no på "torget" i museumsanlegget, som fondmotiv for den bratte hovudgata, og med andre gjenreiste hus på begge sider.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt