Hovudbygningen på Slettebakken er eit langstrakt trehus i ein etasje, kledd med kvitmåla vestlandspanel og med pannetekt saltak, i hovudtrekka lite endra sidan slutten av 1700-talet. Huset ligg litt ute på kanten av ein terrasse, nedanfor ein knaus på eit høgdedrag som skyt ut i Bergensdalen, slik at det er vidt utsyn nord- og vestover, og ei skjerma flate på sørsida. Både nord og sør for huset er det restar av hageanlegget frå lyststadtida. Også fleire av dei andre bygningane som høyrde til, finst enno: I sørenden av hagen ligg eit par gamle uthus, og litt lenger unna ei gammal løe.
Beskrivelse fra lokalitet:
Sliberget 1 utgjer ein liten byeigedom ved plassen Sliberget, lengst ute på austsida av Nordneshalvøya. Eigedomen har aldri omfatta meir enn sjølve bustadhuset. Det er eit lafta trehus i to etasjar kledd med liggande, kvitmåla panel og utsvaia saltak. Hovudfasaden er mot plassen Sliberget, i NV. I NA er ein passasje mellom huset og husrekkja i Tvedtegården, ein av sjøgardane på Nordnes, medan SA-sida ligg ut mot Hellandsgården , ein annan sjøgard. I SV låg opphavleg det freda huset Nordnesgaten 23, som vart flytta til Gamle Bergen museum i 1960-åra.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Sliberget 2 utgjer ein liten byeigedom ved plassen Sliberget, lengst ute på austsida av Nordneshalvøya. Eigedomen har aldri omfatta meir enn sjølve bustadhuset. Det er eit lafta trehus i to etasjar kledd med liggande, kvitmåla panel. Fasaden mot Sliberget har valmtak med ein stor, spissgavla ark ¿ ein karakteristisk hustype i Bergen på 1700-talet. I NV ligg det inntil det freda huset Sliberget 3, nabohuset i NA er rive rundt 1985, medan langsida mot SA ligg ut mot Tvedtegården, ein av sjøgardane på Nordnes.
Fornminne: Rund gravrøys, uklart markert og lite synlig i terrenget. Noe uregelmessig form. Bygget utelukkende av rundkamp og noe bruddstein. Nokså avflatet topp og slake sider. Mose- og lyngbevokst. Mål: diameter, anslagsvis 12 m, høyde ca 0,8 - 1 m.
Beskrivelse fra lokalitet:
Smalt tre-etasjes hus med valmtak i sør og saltak i nord. Bygningen er delvis laftetømra. Hovudfasaden er vendt mot Slibjerget i sør og har to vindauge i kvar etasje. Hjørneinngang mot søraust.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Det freda hospitalsanlegget består av i alt ni trebygningar, plassert rundt eit hellelagt gardsrom med om lag 25 m lange sider. Si noverande form fekk det på 1700-talet, men hospitalet har lege på same plass sidan det vart grunnlagd. I NA, ut mot Kong Oscars gate, er kyrkja frå 1707. Langs SA-sida av plassen er hovudbygningen frå 1754, der fleirtalet av pasientane budde (opphavleg spedalske i NA-enden av huset, og ikkje-spedalske i SV-enden), i SV er eit uthus som m.a. romma fjøs og løe, og i NV er klokkar- (seinare preste-) bustaden frå 1776, og ei rekkje med bodar. SA for hovudbygningen ligg "Friskestuen" frå 1745 (opphavleg bygd for ikkje-spedalske bebuarar) og eit par mindre uthus, og eit til uthus ligg rett SV for klokkarbustaden. I V- og N-hjørnet av gardsplassen er portoverbygg av tre, der smauet Hospitalsgangen går gjennom anlegget. Fram til slutten av 1800-talet låg hospitalet i utkanten av tettbebyggelsen, omgjeve av opne marker, som for ein stor del høyrde til hospitalet. "Hospitalsengen" på motsett side av Kong Oscars gate vart utbygd kring år 1900, men elles er markene delvis bevarte. Enga rett NV for anlegget er eit parkmessig opparbeida, offentleg grøntområde, og her er også ein barnehagebygning frå 1980-åra, medan enga rett S for anlegget no er ein hage som høyrer til Lepramuseet. Begge engene er til dels avgrensa av gamla steinmurar.
Beskrivelse fra lokalitet:
Stadsporten ligg i sørenden av Kong Oscars gate, der gateløpet skifter namn til Kalfarveien. Det er ein portbygning av kvitkalka gråsteinsmur, med tønnekvelva port som opptar heile første etasje, og over denne ein etasje som nåast via ein utvendig trapp på austsida. Bratt, utsvaia saltak med mura gavl i nord, bordkledd i sør. Begge kortsidene har klebersteinstavler med byggherrane sine våpenskjold. Porten var opphavleg del av eit forsvarsanlegg med jordvollar og gravar, men står i dag fritt ute på ei brusteinskledd trafikkøy, med bilveg på begge sider.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Bygd av kvitkalka gråsteinsmur. I lengderetninga går eit tønnekvelva portrom gjennom bygningen, høgda er ca. 4 m. Over porten er ein etasje med tilkomst via ein utvendig mura trapp på langsida mot A. Bratt utsvaia saltak, tekt med raud tegl. Gavlen mot sør er kledd med kvitmåla, liggande panel, gavlen mot nord er mura. Begge kortsidene har fleire dekorative ledd: stort klebersteinsrelieff over porten i sør, med ein lang innskrift flankert av våpenskjolda til lensherre Oluf Parsberg og hustru. Sjølve portopninga, som sit asymmetrisk i muren, har kleberomramming, utspringande list i anfanget til bogen, og sluttstein med borgen frå byvåpenet i høgt relieff . Oppe i gavlen er eit måla byvåpen på ei rund skive, hengt opp i 1837. I nordgavlen rundboga portopning utan omramming, eit kleberrelieff med våpenskjolda til lensherre Henrik Thott og hustru, og over dette eit byvåpen måla på ei rund skive og med årstalet 1843. Eit muranker øvst i gavlen er forma som eit C4-monogram. Elles finst det enkle muranker på alle fire sider. Øvst på kvar gavlspiss ein messingkule. Oppe i gavlane og øvst i langveggene småruta vindauge med stikkboga overkant, i nordgavlen også to runde gluggar.
Hagerup(s)gården, også kalla Stiftsgården, er eit fornemt bustadhus bygd tidleg på 1700-talet av generaltollforvaltar Hans Schreuder, på ein tomt rett ved rådhuset i Bergen. Det er eit barokkpalé i mur, i ein etasje på høg kjellar, med to framskytande fløyer på fasaden og valmtak. Fasaden er dekorert med doriske pilastrar. Sjølve huset er i hovudtrekka lite endra, men tidleg på 1800-talet vart interiøra modernisert i empirestil. Bak huset var ein stor gardsplass, omgjeven av ein mur og ei rekkje uthusbygningar; på venstre side var ein stor hage, likeeins muromkransa. Huset var ein fornem privatbustad fram til midten av 1800-talet, mykje av tida eigd av stiftamtmenn. Brukt som del av hovudbrannstasjonen i Bergen frå 1863 til 2007. Hagen vart i 1860-åra brukt som tomt for nytt fengsel og tinghus, og i 1880-åra vart husa på gardsplassen erstatta av ein ny brannstasjonsbygning.