Reperbanen i Fjøsangerveien 71 ble oppført i 1833 og sto opprinnelig p! Nøstet. Christen Bruun som eide anlegget fra 1861 til 1896 bygget det gradvis ut til å bli et av de største repslageriene i Norge. Da sønnen overtok i 1896 og stiftet firmaet Gerdt Meyer Bruun A/S ble reperbanen flyttet til Fjøsangerveien 71 og produksjonen ble mekanisert. Samtidig ble en del nye bygninger oppført i anlegget. Disse er igjen supplert i perioden 1915-25. Ved siden av repslageri har firmaet drevet fiskeredskapsfabrikk og kokosvever
Beskrivelse fra lokalitet:
Då ho vart freda stod stova i tunet på bruk 3 på Råheim i Gaular. Der hadde ho truleg lege sidan 1748, då husa på bruket vart flytta ut av fellestunet på garden. Råheimstova står i dag på eigedomen Heienberg, som ligg i eit villastrøk på Skjold i Fana, om lag 10 km sør for Bergen sentrum. Stova er ei røykomnstove med eittromsplan, bygd av stort, ovalt tømmer. På Råheim hadde ho torvtak og liggande panel og var bygd saman med eit toetasjes tømmerhus, og begge husa stod på høge kjellarar med steinmurar. No er stova del av eit større anlegg med fleire hus bygde saman i rekkje. Forutan Råheimstova er det to andre eldre, tilflytta hus, og eit nytt bustadhus frå 1950-talet. På eigedomen står òg eit par frittliggande gamle, tilflytta hus.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Fornminne: Svært lav, tilnærmet rund gravrøys. Uklart markert og lite synlig i terrenget. Bygget av kuppelstein. Uregelmessig form. Flere merker etter graving. Røysa er i det hele svært utoverkastet. Mosegrodd, ellers noe gras og lauvtrær. Mål: diameter 16-17 m, høyde ca 0,5 m.
Stend hovudgard ligg på Stend i Fana, på ei slette der den tronge Rådalen opnar seg mot botnen av Fanafjorden, ca. 13 km sør for Bergen sentrum. Den freda hovudbygningen er ein stor, trefløya bygning av i ein etasje, av tømmer med liggande, kvitmåla panel, og utsvaia valmtak tekt med raud tegl. Midt på hagefasaden er ein spissgavla ark bore av søyler. Hovudforma på bygningen skriv seg frå han var ny i 1680-åra, men alle utvendige detaljar er frå ei ombygging i 1920-åra, som gav han eit utvendig stilpreg av typisk ¿bergensstil¿. Av interiøra peikar salen seg ut, med bevart måla dekor frå 1680-åra. Mellom fløyene er ein grusdekka gardsplass, på motsett side ein grasplen. Her låg tidlegare ein storslått barokkhage, medan ein lang, buktande allé gjekk frå gardsplassen ned mot sjøen. Dei gamle driftsbygningane på garden låg sør for hovudhuset. Bortsett frå i aust er hovudbygningen i dag omkransa av skule- og driftsbygningane til landbruksskulen, dei fleste frå etterkrigstida. Elles er omgjevnadene også i dag prega av dyrka mark.
Den freda bygningen er hovudhus på garden (Store) Fjøsanger, no mest kjend under namnet Langegården. Garden ligg ved den inste bukta av Nordåsvatnet, i lia opp mot fjellet Løvstakken. Mykje av det gamle gardslandskapet rundt det freda huset er bevart, med driftsbygningar, mykje av innmarka, og utmarka som no er skogkledd. Det finst òg ein geologisk førekomst av avsetningar frå siste mellomistid og morene frå nest siste istid. 113 dekar er frå 1986 verna som naturminne og landskapsvernområde. Tett ved hovudhuset, på vestsida, er eit uthus av stolpeverk i ein etasje, som romma vaskehus, vedskjul og privet. Det skal vere bygd samstundes som hovudhuset. Ein 400 m lang allé leiar fram til hovudhuset frå nord. Oppe i lia NV for hovudhuset ligg det gamle gardstunet med paktarbustad og driftsbygningar i to rekkjer. Fleire av husa går attende til 1700-talet. Sør for hovudhuset og i akse med dette er ein aldersbustad frå 1958, eit nøkternt saltakshus frå 1958, teikna av Per Grieg. Rett NA for hovudhuset er eit eldre uthus med stall og vognremisse, bygd saman med ein atelierbygning frå 1989. Uthuset vart saman med tomta det står på løfta 1,5 m i samband med omlegging av Fjøsangervegen på 1980-talet. Eit paktarhus frå kring 1900 vart då rive. Det same vart to naust, som vart erstatta av to nye naust på ny tomt.
Garden Store Milde ligg på Hjellestadhalvøya i Fana, på nordsida av Fanafjorden, og det freda hovudhuset ligg oppe på ei høgd over den vesle vika Mildevågen. Det er eit stort, langstrakt tømmerhus i ein etasje, med liggande kvitmåla panel og utsvaia valmtak tekt med raud tegl. Eksteriøret er prega av louis seize-stilen, med store småruta skyvevindauge og portal midt på den symmetriske hovudfasaden mot sør. Huset har store og til dels rikt utstyrte rom, med m.a. dekorerte lerretstapet, vegg- og takmåleri, dei eldste frå byrjinga av 1700-talet. Sør og aust for hovudhuset ligg ein gammal hage, truleg eldre enn huset. Han har omtrent kvadratisk form, ramma inn av kraftige steinmurar, og framfor huset er terrassar med særs gammal buksbom. På motset side av huset låg tidlegare fleire uthus rundt eit gardsrom. Hovudhuset ligg no som sørfløya i eit stort, rektangulært tun med folkehøgskulebygningar frå 1900-talet. (Vestfløy frå 1917, påbygd 1923, og austfløy 1939, begge av Ole Landmark, med kvitmåla panel og valmtak, og fleire bygg nord i tunet 1967 ved J. og C. Lindstrøm, med betong og flate tak.)
Garden Viken (Vikjo) ligg i ganske bratt terreng eit stykke oppe i lia. Då tre av husa her vart freda i 1924 var det eit ganske tett, lite tun, som rett etter vart mykje endra. Også seinare er det rive hus i tunet. Den freda røykstova ligg på opphavleg plass. Ho er av ovaltelgja tømmer kledd med liggande panel, med sval og kove i nordgavlen og eit grindbygd eldhus i sørgavlen. Eit lite lafta og panelt bur ligg SV for dette, bygd inntil ei skykkje; buret er antakeleg det stabburet som også vart freda, og som då låg N for røykstova. På tomta til sengebua, rett N for røykstova, står eit våningshus frå 1920-åra, lenger unna ein driftsbygning. Etter å ha vore flytta tre gonger står den freda sengebua no på Tangerås, seks km lenger N i bygda (sjå lokalitet 87176).
Hellisøy fyrstasjon ligger på en liten øy utenfor Fedje og er et kystfyr. Anlegget har et 32,2m høyt fyrtårn i støpejern som står på en lav granittsokkel. Tårnet er på samme måte som Eigerøy fyr i Rogaland foret med teglstein og gråstein som sikring mot bølgeslag. Fyret har 3. ordens linseapparat fra 1903 og maskinhus, bolig, naust og landing, samt tuft etter assistentbolig. En støpt vei fører fra landingen opp til boligen og videre over en bro bort til fyret. Hellisøy har forholdsvis gode landingsforhold. Fyrstasjonen ligger mellom to områder vernet som naturreservat etter lov om naturvern. Fyrstasjonen har høy grad av opprinnelighet, med linseapparatet fremdeles i drift. Anlegget har stor miljøskapende verdi sett i sammenheng med bygningsmiljø og kulturlandskap på Fedje, og det gamle handelsstedet på Kræmmerholmen.
Fjelberg prestegård har en praktfull beliggenhet der den ligger vegg i vegg med tømmerkirken fra 1722. Såvel kirkestedet og prestegården har tradisjoner tilbake til middelalderen. I skriftlige kilder omtales prestegården første gang i 1561. Den nåværende bebyggelsen stammer fra begynnelsen av 1700-tallet og fremover. Seks av de fredete bygningene ligger plassert i tunet - hovedbygning, bispestove, stabbur, bakeri, vedskjul og utedo. Utenfor tunet ligger driftsbygning og nøst.