Lokaliteten måler om lag 7 x 6 m orientert nordvest ¿ søraust og nordaust sørvest. Lokaliteten ligg godt skjerma for ver og vind. Litt sør for midten av lokaliteten renn ein bekk frå vest-nordvest mot aust-søraust og ned mot myra i søraust. På lokaliteten veks det gras, lyng og noke mose. På lokaliteten veks og nokre store furetre. Sør for bekken ligg nokre store steinar. Nord og nordvest på lokaliteten går eit dyretrakk / sti. Her er det og naturleg å ta seg fram frå riksvegen og ned mot lokaliteten. Kjem ein denne vegen ned til lokaliteten kan ein ta seg fram vidare austover og langs kollen der hellaren (lokalitet 1) ligg. Det vart teke til saman 6 prøvestikk på og rundt lokaliteten, fire av prøvestikka var funnførande. Stratigrafien er mykje lik på heile flata. Under eit om lag 10 cm laust torvlag finn ein eit meir kompakt torvlag om lag 5-10 cm tjukt. Under denne torva kjem ein rett ned på funnførande lag. Det funnførande laget er frå 5-15 cm tjukt. Laget er sand og grushaldigt og det fins kolbitar i laget. I tre av stikka finn ein kollinser eller kolhaldig masse. Undergrunnen varierar frå raudbrun sand til meir silthaldig lys grå sand og grus med stein. Det kan sjå ut til at det ned mot bekken og myra i sør er meir silthaldig undergrunn. Ut frå plasseringa i landskapet og høgda over havet kan ein tenke seg at denne lokaliteten er strandbunden og låg nokre få meter o.h. når han var i bruk.
Lokaliteten måler om lag 10 X 6 m vest-nordvest ¿ aust-søraust og nord-nordaust ¿ sør-sørvest. Lokaliteten er overgrodd med gras og lyng og her er kupert. Lokaliteten er skrinn og her er ikkje mykje lausmasse. Det vart teke til saman to prøvestikk på lokaliteten. Eit av stikka var funnførande. Under torvlaget (lag 1 og 2) finn ein eit lys grått sand og gruslag som er silthaldigt. Dette laget, lag 3, er funnførande. Under dette laget finn ein eit lag av same type men som er meir ¿spetta¿. I toppen av dette laget vart det gjort funn. Undergrunnen er grå til gul og inneheld silthaldig sand og grus. Lokaliteten ligg 1-2 m lågare enn lokalitet 2. Høgda er då ca 13 m. Ut frå strandforskyvningskurva og dateringa av dei andre lokalitetane er det då mogleg at lokaliteten er samtidig eller noko yngre enn lok. 2. Ei datering til seinmesolitikum er den mest trulege.
Hellaren er om lag 20 m lang orientert aust-nordaust ¿ vest-sørvest, men det er kun ein mindre del av hellaren i den sørvestre del som er egna til lengre opphald. Dette området er på om lag 10 m2. Det er og her det fins nokre avsetningar i hellaren. Denne delen av hellaren er temmelig flat men her ligg fleire store blokker og nokre mindre stein. Inn mot ein større stein vart det teke eit prøvestikk, prøvestikk 1. Framfor hellaren veks nokre furuer og skrenten opp mot hellaren er grasvaksen. Her er og nokre einer. Det øvre laget i hellaren var kompakt sauetalle. Lag 2 var eit lys grått til beige sandlag med noko silt og vitra stein. Laget var funnførande. Lag 3 ineheldt gråbrun til oransje sand, silt saman med vira stein og noko grus. I dette laget var det funn. Lag fire var temmelig raudt og her var og vitra stein og grus. Det nederste laget, lag 5, var gråbrunt i farge og var sand og silthaldig. I laget var og ein del vitra stein og grus. Dette laget var og funnførande. Stikket i hellaren vart greve stratigrafisk og alle massane vart solda. I botnen av stikket var det stein / berg. Det var ikkje noko trekolhaldigt lag i prøvestikket. Dateringa av hellaren er ikkje eintydig. Funna som vart gjort er ikkje diagnostiske og kan på denne måten ikkje nyttast til ei direkte datering. Det me kan hevda er at området var i bruk i frå slutten av mesolitikum og ein må rekne med at hellaren vart nytta i den same tida som dei andre lokalitetane. Råstoffa som vart nytta i hellaren stemmer godt overens med dei opne lokalitetane.
Den tørre delen av hellaren måler om lag 2 x 4 m orientert aust ¿ vest og nord ¿ sør. I nord ligg nokre store steinar som vernar for nordavinden. Her er det mura med nokre få steinar. I den søndre delen ligg og nokre steinar og berget stikk og opp av hellargolvet. I den søndre delen står eit tre. Framfor hellaren ligg ein låg voll, rett utforbi dråpefallet. Vollen er 5-6 m lang og opp mot 2,5 m brei. Vollen er tolka som utkast frå hellaren eller rester etter ein mogleg vegg. Hellaren er naturleg skjerma frå vinden i nesten alle retningar. På hellargolvet veks det gras og rundt hellaren veks nokre lauvtre, brake og furu. Hellaren er naturleg tilgjengelig frå nord og sør. I aust ligg ei stor myr som strekk seg heilt ned til lokalitet 1 og vidare mot aust. Det vart greve ei prøverute om lag midt i hellaren. Under eit brunt silt- og humushaldigt sandlag, lag 1, vart det funne eit tjukt kulturlag, lag 2. Kulturlaget varierte noko i farge ¿ frå grått til brunt og inneheld sand, grus og nevestor til mellomstor stein. I heile laget finn ein kolbitar. Kulturlaget vart skilt frå kvarandre stratigrafisk etter farge ¿ 2a-2c. Under lag 2b ligg eit om lag 3-5 cm tjukt kollag, lag 3. Kollaget er tolka som ein eldstad. Over dette laget låg det flate steinar i ei høgde på om lag 15-20 cm. Kollaget ligg ned mot botnen av kulturlaget. Kulturlaget fortsatte under kollaget og i botnen av stikket var det ikkje funn, lag 4. I heile kulturlaget vart det gjort funn. Ser ein på dei ulike råstoffa og på mikroflekkene vil ei datering til slutten av mellommesolitikum / seinmesolitikum vera innafor rekkevidde. Det vart og sendt inn ei dateringsprøve frå lag 3. Dateringa viser at hellaren og har vore i bruk i keltertid, 14C-alder før notid 2205±80, kalibrert alder BC 380-165. Det vart funne mikroflekker over og under kollaget. Dette tyder på at hellaren til ein viss grad er omrota og har vore i bruk i fleire periodar.
Lokaliteten er lyng og grasgrodd og her vekst furutre og blanda lauvskog. Om lag midt på lokaliteten ligg nokre steinar inn mot berget i aust. Lengda på lokaliteten er om lag 50 m og bredda er ca 10 ¿12 m. Høgda over havet varierar frå om lag 15-18 m. Det vart teke til saman 15 prøvestikk på og rundt lokaliteten. 7 av prøvestikka var funnførande. Avgrensinga av lokaliteten er naturleg mot sør og aust. I vest vart lokaliteten avgrensa ved prøvestikk. Mot nord er lokaliteten avgrensa ut frå topografien. Stratigrafien er ikkje lik over heile lokaliteten og det verkar som om kulturlaget varierar noko i samansetning og farge på lokaliteten. I toppen av alle stikka varierte torva frå brun til våt myraktig torv, 4 til 10 cm tjukk. Under denne torva finn ein eit 8-15 cm tjukt kompakt torvlag med noko sand. Kulturlaget er frå 5-20 cm tjukt og varierar i farge. Det er kjenneteikna ved at det er ¿spetta¿ med fargevariasjonar frå brun-svart til gul-grått. Laget inneheld ein del stein av ulik karakter, frå strandstein til vitra stein. Grusen og sanda varierar i samansetning. Undergrunnen varierar frå grå silthaldig sand til gul-grå sand og grus. Det einsidige flintmaterialet, trekantmikrolitten og flekketeknikken plasserer lokaliteten i mellommesolittikum. Ein skal likevel ikkje sjå bort i frå at det kan vera fleire faser på lokaliteten og at lokaliteten er i bruk i seinmesolittikum. Lokaliteten ligg om lag 14-17 m over havet noko som passar bra med ein strandbunden lokalitet i mellommesolittisk / seinmesolittisk tid.
1968: Steinalderboplass. Fra denne lokalitet, en forlengst nedlagt plass u Kil, stammer nøstvetfunnene C.27600 a-h. Sakene er trolig alle funnet på skogsveiens V-side opp mot 80-90m's høydekurven. Noen brynestykker og flintavfall ble funnet i rydningsrøyser på jordet. Samtlige oldsaker funnet av nå avdøde Olaves Hasledalen og statsstipendiat Erling Johansen, Kråkerøy. Grunnmuren til stua står enda i N-kant av området.
2021: Bosetningsområde. Lokaliteten er lokalisert på begge sider av N/S-gående grusvei som deler området i to. I V-del er det tilnærmet flatt terreng, og er kraftig forstyrret av flere dreneringsgrøfter. Ca. 50 m NV for lokaliteten står det en ruin. Det går en traktorvei, orientert V/Ø-retning, fra grusveien og frem til ruinen. I den Ø-delen går det et steingjerde parallelt med grusveien. Området er noe mer ujevn, og har flere vindfall. Det ble ikke funnet steinalder i rotveltene. Geometrien ble kun innsnevret ca. 30 m i N-del, og topografisk avgrenset av traktorveien.
Lokaliteten er lyng og grasgrodd og her veks mykje brake. Lokaliteten måler om lag 9 X 5 m NA-SV og NVSA. På lokaliteten veks fleire store furetre. Det vart teke til saman 3 prøvestikk på og rundt lokaliteten. 2 av prøvestikka var funnførande. Under den brune torva som var frå 12-25 cm tjukk (lag 1 og 2) vart det funne eit grått til brunt grus- og sandlag som var funnførande. Laget svarer til lag 3 i prøvestikk 2 og lag 4 i prøvestikk 1. Laget var om lag 8 cm tjukt. Under dette laget kjem eit grått sand og gruslag i prøvestikk 1. Dette laget vart solda for seg og var ikkje funnførande. I prøvestikk 2 kan det sjå ut til at dette laget er eit utvaska lag. Under dette laget finn ein i prøvestikk 2 berg. Heile lokaliteten er temmeleg steinete så ein må rekne med at stratigrafien varierar noko. Her er eit kraftig vatnsig fleire stader noko som gjer at ein må rekne med ein del utvasking på lokaliteten. Ei datering til mellommesolittikum / seinmesolittikum er den mest trulege men her kan og vera fleire bruksfasar.
Lokaliteten er ein mindre hellar som ligg nordvest for Skutlevika. Hellaren strekker seg ikring 20-25 meter V-Ø. Lokaliteten er avgrensa i sør av ein mindre kolle. Hellaren er reltivt tørr med eit lite overheng. Det vart tatt eit prøvestikk sentralt i hellaren. Det var tett med steinar under torva.
11.04.2019: I forbindelse med funn i Karlsborgveien 5 under overvåkning, og løsfunn ID97724, ble det besluttet å utvide lokalitetsavgrensningen til også å omfatte østre del av dalen.