Totalt sju artefakter vart funne, fordelt på to prøvestikk. I prøvestikk GHO48 vart to avslag av bergkrystall funne. Frå prøvestikk MT20 vart eit flintavslag, ei retusjeringsflis i flint og tre kvartsavslag funne. Stratigrafien i prøvestikka synte eit sand og gruslag med ein del flate steinar, som mest trulig har rast ned frå hellartaket. I prøvestikk MT 20 vart eit trekolsjikt påvist 22-27 cm under overflata. Trekolsjiktet er tolka som ein eldstad og C14 datert til 2460 - 2190 BC som svarar til overgangen MNB - SN. Funna vart gjort i same nivå som eldstaden. I prøvestikk GHO48 vart det ikkje påvist trekol. Det funnførande sjiktet låg ca 25 cm under overflata. Det kan ikkje utelukkast at det har vore fleire opphald i hellaren over tid.
Funnmaterialet bestod av fire vanlige avslag og tre mikroavslag. To av mikroavslaga var av kvarts og eit av bergkrystall. Eit vanlig avslag var av mylonitt, to av kvarts og eit av flint. Materialet var ikkje vassrulla eller varmepåverka. Stratigrafien i prøvestikka var 18-22 cm torv (lag A) etterfølgt av det funnførande sandlaget, som inneheldt noko stein (lag B). Lag B vart avløyst av eit leire/siltlag som trulig er ei marin avsetjing (lag C). Noko trekol vart observert i overgongen mellom lag B og C. Vassig i prøvestikka gjer at konteksten til trekolet vert rekna for usikker. Stratigrafien verka uforstyrra. Trekk i funnmaterialet peikar i retning av ei SM ¿ TN datering. Legg ein strandlinjekurvene for området til grunn så ville lokaliteten fått ei datering til om lag 4000 BP, som svarar til mellomneolitikum B. Det samsvarar godt opp i mot C14 dateringa av lok. 30 (129725) som er C14 datert til same periode. Lok. 30 ligg like NV for lokalitet 31.
Eit avslag og eit flekkeliknande avslag i kvarts vart funne. Dei er ikkje vassrulla, brent eller frostsprengt. Det er ikkje mulig å erkjenne typologiske trekk i funnmaterialet som kan bidra til å gje ei klar datering på lokaliteten. Stratigrafien i dei to funnførande prøvestikka var som følgjer: 20-25 cm m torv. Under torva var det funnførande sand/siltlaget, med ein tjukkleik på mellom 18-25 cm (lag B). Under lag B var det eit tynt siltlag, trulig ei marin avsetjing og deretter berg. Litt trekol førekom, men grunna stort vassig vart konteksten til trekolet rekna som uklar. Tek ein førehald i ein strandbunden lokalisering og tek utgangspunkt i strandlinjekurvene for området så kan ein anta ei strandlinjedatering til om lag 4500-5000 BP (tidlig neolitikum - mellomneolitikum A). To lokalitetar som ligg like i nærleiken har og mulige bruksfasar i mellomneolitikum A. Det kan derfor ikkje utelukkast at dateringa på lok. 32 fell til omtrent same tidsperiode.
Totalt vart det gjort 22 funn fordelt på fire prøvestikk. Det er snakk om fire vanlige avslag, ni mikroavslag og ei retusjeringsflis. I tillegg vart det funne fragment av skifer som trulig har vore slipt samt ein pimpstein med ei mulig slipt fure. Eit avslag samt retusjeringsflisa var i flint, to mikroavslag og 9 vanlige avslag var i kvarts, eit avslag var i bergkrystall, 7 bitar var av skifer og ein pimstein. Materialet var ikkje vassrulla, brent eller frostsprengt. Funn av flateretusjeringsflisa samt slipt skifer er typologiske trekk ved materialet som lenar mot ein bruksfase i neolitikum. Stratigrafien i prøvestikka synte eit 20 cm tjukt torvdekke, med det funnførande sand/gruslaget under (lag B). Lag B varierar i tjukkleik mellom 10-30 cm. Under lag B var det berg. Trekol vart påvist i overgangen mellom torva og lag B. Trekolet vert tolka som restar etter ei nyare avsviing og har mest trulig ingenting med lag B å gjere. Med bakgrunn i funnsamansetjing og strandlinjedatering vert lokalitetens bruksfase plassert rundt overgangen tidligneolitikum-mellomneolitikum.
Totalt 65 artefaktar i form av 61 avslag, ei mikroflekke og to ubestemde kjernefragment vart funne. To brente/varmepåverka flintavslag var funne som lausfunn på overflatenivå. Desse har mest trulig vorte brent ved seinare lyngbrenning i området. Det øvrige materialet var ikkje varmepåverka. Sju avslag samt mikroflekka var i flint. Resten a materialet var i mylonitt, kvarts eller kvartsitt. Stratigrafien i prøvestikka bestod av 10-17 cm tjukk torv. Noko trekol vart påvist i botnen av torvlaget i det eine prøvestikket. Det funnførande laget, eit brungrått sand/gruslag var mellom 24-45 cm djupt. Noko trekol vart observert men konteksten vart rekna for å vere uklar. Under sand/gruslaget var det berg. Stratigrafien verka uforstyrra. Råstoffordelinga, med eit innslag av mylonitt er eit trekk som kan knytas til slutten av seinmesolitikum. Ei strandlinjedatering av lokaliteten gjev og ei datering til 5000-5500 BP (seinmesolitikum-tidlig neolitikum). Lokalitet 35 (129730) like N for lokalitet 34 er i tillegg C14 datert til seinmesolitikum. Tek ein utgangspunkt i dei ovannemnte faktorane vil det vere nærliggjande å plassere ein sannsynlig bruksfase på lokalitet 34 attende i slutten av seinmesolitikum.
Totalt vart det funne 267 artefaktar i form av to bipolare kjernefragment, to mikroflekker, tre flekkeliknade avslag, fire avslag med retusj, ein skrapar og 255 avslag/bitar. Råstoffordelinga er variert og inneheld flint, bergkrystall, kvarts, kvartsitt og mylonitt. Stratigrafien synte eit torvdekke på mellom 15-30 cm i tjukkleik. I to av prøvestikka vart eit trekolsjikt påvist under torva, med det er uklart om dette kan setjas i samanheng med lokaliteten eller med lyngbrenning i området. Trekol samt hasselnøttskal førekom og i det funnførande sand/gruslaget. Funnførande sjikt var mellom 5-35 cm tjukt. Ei C14 datering av hasselnøttskala gav ei datering til 4940-4720 BC (seinmesolitikum). C14 dateringa stemmer godt overens med typologiske trekk ved funnmaterialet, som mikroflekketeknikk samt bipolare kjerner, som plasserar bruksfasen på lokaliteten i slutten av seinmesolitikum.
Totalt 20 artefaktar vart funne i form av eit fragment frå ei bipolar kjerne, eit flekkeliknade avslag, eit avslag med retusj og 17 avslag/bitar. Berre to av funna var av flint. Resten var av kvarts, kvartsitt, bergkrystall og mylonitt. Flinten var vassrulla, noko som kan indikere transgredering. Det flekkeliknade avslaget kan betraktas som ei makroflekke som er uregelmessig slått. Uregelmessige flekker av ein slik storleik kan plasseras attende i tidligmesolitikum-mellommesolitikum. Storparten av materialet var likevel ikkje vassrulla og stemmer nok frå ein yngre bruksfase. Overvekta av andre råstoff framfor flint kan tyde på ei datering til slutten av seinmesolitikum-tidligneolitikum. Tre stratigrafiske lag let seg utskilje. LA er eit 25-35 cm tjukt torvdekke. I eit av prøvestikka vart trekol registrert i overgangen mellom torva og LB. Trekolet sin kontekst er uklar, det kan komme frå lyngbrenning i området og treng ikkje ha noko med lokaliteten å gjere. LB er eit grått sandhaldig gruslag som var funnførande i eit av prøvestikka. Det funnførande lag C er eit brungrått sand/gruslag, som er mellom 15-25 cm tjukt. Tek ein førehald om ein strandbunden lokalisering kan to mulige bruksfasar utskiljast ved hjelp av strandlinjedatering. Ein til ca 9800/8000-7500 BP (tidlig-mellommesolitikum) og ein til 5500 BP (seinmesolitikum). Dette biletet samsvarar godt opp i mot gjenstandsmaterialet.
Eit smalflekkeliknade samt eit avslag i fin gråsvart kvartsitt vart funne. Dei var ikkje frostsprengt, vassrulla eller eldpåverka. Det er få diagnostiske trekk i gjenstandsmaterialet forutan at det smalflekkeliknande avslaget ser ut til å ha vore slått frå ei sylindrisk kjerne. Sylindrisk flekketeknikk vert sett i samanheng med tidligneolittiske busetjingar. Bruk av kvartsitt er utbredt som råstoff i seinmesolitikum og i neolitikum. Stratigrafien i det positive prøvestikket var som følgjer: 66 cm djupt torvlag. Under torva var det eit grålig homogent gruslag, som kan vere forvitra berg. Gruslaget var ca 10-15 cm tjukt. Ingenting tydar på sekundære omrotingar av stratigrafien. Ei strandlinjedatering på lokaliteten plasserar strandbunden aktivitet attende til 4500-5000 BP (tidligneolitikum-mellomneolitikum A). Med bakgrunn i funnmaterialet, men og strandlinjekurva er det mest trulig at lokalitetens bruksfase kan plasseras i tidligneolitikum.
Ein noko uregelmessig, tilnærma rektangulær endeskrapar i flint vart funne i eit 10 cm tjukt lag med mørk grå silthaldig grus. Over det funnførande laget (LC) vart det eit lag med mørk grå silthaldig sand, i blanda noko trekol (LB). Over LB er det ca 58 cm torv. Det kan ikkje utelukkast at det ikkje finst fleire funn i LC, då ein grunna store steinar ikkje kom lenger ned i prøvestikket. Endeskraparen hadde fin retusj langs eine sidekanten og kortsida. Flinten var av fin kvalitet og kan vere importert. Om så er tilfellet peiker dateringane mot seinmesolitikum. Skraparen var ikkje frostsprengt, vassrulla eller eldpåverka. Med lite funnmateriale og usikkre strandlinjekurver for området er det vanskelig å sikkert plassere lokaliteten i tid. Bruksfasen vert rekna for å vere mellomneolittisk.
50 artefaktar i form av fem bipolare kjerner/kjernefragment, to ubestemde kjerner, ei smalflekke, ei mikroflekke, ei ryggflekke, eit flekkeliknade avslag, eit avslag med retusj, eit avslag av ein slipt gjenstand, ei slipeplate og 36 avslag/bitar vart funne. Råstoffsamansetjinga syna at åtte av artefaktane var av flint, tre av grønstein, 12 av kvarts, åtte av kvartsitt, 16 av mylonitt og ein sandstein. Mikroflekka, smalflekka samt eit flintavslag var varmepåverka. Stratigrafien i dei positive prøvestikka synte eit torvlag på 30-60 cm i tjukkleik. Under torva var det funnførande, brune gruslaget (LB). LB hadde noko ulikt sand, stein, grus forhold mellom dei ulike prøvestikka. Tjukkleiken på LB varierte frå ca 10 cm til 22 cm. I to av prøvestikka vart eit tredje lag av sand påvist under LB. I eit prøvestikk førekom små mengder trekol i overgongen mellom torv og LB. Trekolet vert rekna å tilhøyre nyare tids lyngbrenning. Bruk av mylonitt og grønstein er eit trekk ved materialet som peikar mot ei datering til slutten av seinmesolitikum. Mikroflekker, smalflekker og avslag av slipte gjenstandar er typetrekk som forbindas med buplassar i dette tidsrommet. Legg ein strandlinjekurvene for området til grunn vil ein få ei datering til 5000 BP, som svarar til tidligneolitikum. Med bakgrunn i ei samla vurdering av gjenstandsmaterialet samt strandlinjedatering er det nærliggjande å plassere bruksfasen på lok. 39 til overgangen seinmesolitikum ¿ tidligneoltikum, mest trulig i byrjinga av tidligneolitikum.