Kulturmiljoer



Filter
Sorting
  • Heidal

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3205
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:16:02Z
    id
    • 3205
    informasjon
    • I nedre del av Heidal, nedanfor tettstaden Bjølstadmo, flatar dalbotnen ut og gir plass til jordbruksareal frå elva og eit stykke oppover i lia. Ovanfor Bjølstadmo er dalen markert med bratte, skogkledde skråningar ned mot elva og jordbruksareal på dei litt flatare areala lenger oppe i lia. På Leirflaten og innover Murudalen vidar dalbotnen seg kraftig ut og går gradvis over i slakare lier opp mot fjellet. Det er få kjende arkeologiske spor i området, men det kjem truleg av manglande arkeologiske undersøkingar. Kjende spor, som fangstgroper og gravfunn, kombinert med ressursar og naturlege føresetnader, gardsnamn og busetjingshistorie i mellomalderen, tyder på at dalen var busett i jernalderen. Karakteristisk for den nedre delen av Heidal er dei mange store gardstuna med tømmerbygningar på rekkje og rad i dalsida. I den siste istida låg det ein bredemd sjø her, og strandlinja etter sjøen viser seg som ei markant hylle i dalsidene. Mange av dei gamle gardane ligg på denne hylla, med åkrar i bakkane både ovanfor og ned mot dalbotnen. Jorda har gjennom tidene vore samla på få bruk, og husmannsvesenet varte lenge. Den sosiale lagdelinga mellom storgardane, mindre bruk og dei mange husmannsplassane er framleis synleg i eigedomsstrukturen, gjennom plassering på ulike høgder i landskapet. I dag er få av plassane bevarte, men mange ruinar i området viser omfanget av både husmannsplassar og småbruk. Innanfor området ligg til saman 96 vedtaksfreda bygningar frå 1700- og 1800-talet fordelte på 14 gardstun og tre tidlegare husmannsplassar, med bygningar knytte til ulike funksjonar. Eit bruk kan ha to stuebygningar, tømmerlåve, storfefjøs, grisehus, sauefjøs, geitefjøs, stall, loft, stabbur, eldhus, smie, kvern og fleire utløer. På enkelte gardar finst meir enn 20 bygningar. I tillegg til dei freda bygningane er mykje av busetnaden i Heidal verneverdig. Nær gardane er det mange førekomstar av artsrik naturbeitemark. Sentralt i bygda ligg Heidal kyrkje frå 1941, ein tru kopi av kyrkja frå 1752 som brann i 1933. Ved kyrkja står gamle Bjølstad kapell, oppført på Bjølstad i 1531, med portalplankar frå den eldste kyrkja i Heidal, ei stavkyrkje frå 1000-talet. Desse portalplankane har truleg den eldste treskurden i landet. Setrane finn vi høgt oppe i lisidene på begge sider av dalføret heilt inn til Murudalen. Ifølgje tradisjonen skal dei første setrane ha lege i områda nær bygda. Etter kvart som det vart fleire bruk og fleire dyr, vart setrane tekne i bruk til fast busetjing, og det vart bygd nye setrar lenger unna, heilt opp til Holsætrin og Stålane i Murudalen. I høgtliggjande skogsområde frå Leirflaten og inn i Murudalen var det omfattande bureising i mellomkrigstida og i åra etter andre verdskrigen. I 1937 vart heile 6000 mål lagde ut til bureising, og ryddinga starta i 1939. På 60-talet kom ei ny bølgje med bureisingar. Landskapet er elles prega av grasproduksjon og beite i dei brattaste partia og i områda opp mot skogen. Dette er mest utprega på solsida, medan det på baksida er fleire nyryddingsområde med lite utmarksbeite. I seterområda er det ei blanding av kulturenger og gamle setervollar. På elveslettene rundt Leirflaten er det utmarksprega beite på furumoar.
    kommune
    • 3437
    kulturmiljoId
    • K535
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 535
    malemetode
    • 81
    navn
    • Heidal
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Gjende og Sjodalen

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3206
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:16:24Z
    id
    • 3206
    informasjon
    • I øvre del av området ligg det lange, smale vatnet Gjende med Øvre og Nedre Leirungen i sidedalar, omgitt av toppar på rundt 2000 meter over havet. Her er Besseggen, med bratt og luftig utsikt ned i det grøne Gjende i sør og det djupblå Bessvatnet i nord. Området nedover Sjodalen, Griningsdalen, Russdalen og Randsverk byr på mildare terreng og er prega av spor etter breelvar frå siste istid. Dei mange eldre spora frå steinalderen og fram til nyare tid viser at utmarksressursane i området har vore viktige for menneske som var busette i Gudbrandsdalen og i fjellområda. Seterhus, steinbuer og fangstanlegg fortel om jakt, fangst og setring. Då vitskapsfolk, kunstnarar og dei første fotturistane fekk auga opp for fjellet ved midten av 1800-talet, var traktene rundt Gjende eit av dei områda som først fekk besøk. Dei urbane gjestene frå England og Kristiania fekk hjelp av bygdefolket. Kjende namn her er mellom andre Petter og Jens Tronhus, som var fjellførarar, reinjegerar og etter kvart turistvertar. Sjodalen var eit viktig seterområde, og i starten tok fotturistane inn på setrane og i steinbuer inne i fjellet. Etter kvart vart det lagt betre til rette for overnatting på fleire av setrane ved Gjende og i Sjodalen. Enkelte av dei utvikla seg seinare til turiststasjonar og fjellhotell. Ved Gjendeosen hadde den legendariske reinjegeren og fritenkjaren Jo Gjende bua si. Her møttest bygdefolk, overklasse og kunstnarar. Henrik Ibsen gav ut skodespelet Peer Gynt i 1867, og bukkerittet over «Gjendineggen», inspirert av Besseggen eller Knutshø, bidrog til å marknadsføre denne fjellheimen ytterlegare. Gjende var det store målet for reisa i den engelske boka Tre i Norge ved to av dem, ei av dei mest kjende reiseskildringane frå den tidlege turismen på 1800-talet. Ruinen av Blackwellbua ved Russvatnet er eit minne etter den engelske general Blackwell, som brukte mykje tid i fjellet her. DNT, etablert i 1868 med bankier og friluftsmann Thomas Heftye som ein av initiativtakarane, fremja turismen i fjellet. Heftye hadde nær tilknyting til området og til «Sikkelsdalens interessentselskab», som etablerte Bessætra som den første turiststasjonen i Aust-Jotunheimen. DNT etablerte Gjendebu i 1871. Same år vart Gjendine Slålien fødd i eit steinbygd setersel her. Heile livet sitt var ho budeie i fjellet. Ho møtte Edvard Grieg, og folkesongen hennar inspirerte komposisjonane hans – best kjend er Gjendines bådnlåt. DNT varda Noregs første fotturistrute frå Bessætra i Sjodalen over Veslfjellet og Besseggen til Memurubu i 1874, og seinare vidare til Gjendebu. Alle dei nemnde turisthyttene har sidan fått nybygg eller utvidingar i fleire omgangar. Gjendebu og Memurubu ved Gjende høyrde til gardar i Lom. Setrane i Sjodalen og Griningsdalen tilhøyrer gardar i Vågå og er kjerneområdet for den norske tradisjonen med vintersetring. Setrane slik vi kjenner dei i dag, er truleg frå 1700-talet. Enkelte av dei ligg fem–seks mil frå garden. I staden for å køyre fôr ned til garden dreiv bøndene buskapen tilbake til fjells i november for å utnytte fôret der – kalla «vinterlego». Vintersetringa kravde store fjøs med plass til å lagre fôr og store sel med fleire matbuer. Mange av fjøsa har eit høgare midtparti med eit såkalla «måsåtrev» til å tine mose, som var ein viktig del av vinterfôret. Turen opp til dei inste setrane tok to dagar. I området finst bevarte seterhus, fiskebuer og kvilesetrar som tilhøyrer freda og verneverdige gardstun nede i bygda. Her er òg parti med artsrik naturbeitemark. I Randsverk, som ligg omtrent halvvegs mellom setrane og gardane, var det «kvilingsseter» med hus og fjøs der dei kvilte. Seterområdet er svært godt bevart, med slåtte- og beitemark og seterbusetnad. Sagbruket til Langmorkje allmenning vart etablert her i 1901. Det er framleis i drift og er ein viktig arbeidsplass for folk i Randsverk. På sørsida av Gjendeosen, vis-a-vis Gjendesheim, er eit unikt kulturhistorisk miljø med stor tidsdjupn. Her er fleire steinalderbuplassar, restar etter ein gravhaug og eldre jakt- og fiskebuer, mellom anna bua etter Jo Gjende. Tidleg på 1900-talet vart villreinen utrydda i Jotunheimen, men det er mange spor etter den gamle villreinfangsten. Over 550 dyregraver og fangstgroper vitnar om storstilt reinfangst. Framleis beitar det rein i Sjodalen, etter at Vågå tamreinlag vart oppretta i 1942. Dette bidreg til opplevinga av landskapet og dyrelivet i fjellheimen. Sommaren 1943 dreiv okkupasjonsmakta militærtrening i Sjodalen. Det er anteke at det var godt over tusen mann i området. Offiserane hadde hovudkvarter ved Gjendesheim, og det er fleire krigsminne i nærleiken. Teltplassar og øvingsfelt låg i Leirungsdalen, sør for området. Ei rute mellom Gjende og Bygdin er med i Historiske vandreruter (DNT og Riksantikvaren), og Nasjonal turistveg Valdresflye (Statens vegvesen) går gjennom området.
    kommune
    • 3435
    kulturmiljoId
    • K536
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 536
    malemetode
    • 81
    navn
    • Gjende og Sjodalen
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Dokkfløy, Espedalen og Murudalen

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3207
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:16:46Z
    id
    • 3207
    informasjon
    • Området har spor etter omfattande jernutvinning, særleg rundt Olstappen. I dalsida rundt Espedalsvatnet finst òg førekomstar av koparmalm som folk freista bryte frå 1600-talet. På midten av 1800-talet vart eit nikkelverk anlagt på den markante «Verksodden» nede ved vatnet. Fjellområda har vore nytta til setring, fiske og turisme. Det er likevel kulturminne og historia knytt til elgtrekket og elgfangsten som verkeleg pregar dette landskapet. Mellom områda rundt Dokkfløy og Murudalen går i dag eit av Nord-Europas største elgtrekk. Trekket kryssar framleis fleire lange rekkjer med fangstgroper som nesten har sperra trekket langs sørvestsida av Espedalsvatnet og vidare inn i Murudalen. Undersøkingar peikar mot at fangstgropsystema var i bruk i to hovudperiodar, på 200–500-talet og 1000–1600-talet. Fangstgroper frå yngre steinalder kan ein òg finne. Arkeologiske undersøkingar i samband med reguleringane av vatna Dokkfløy og Olstappen har gitt oss god kunnskap om den aller tidlegaste elgjakta. Ei samling brende elgbein ved innløpsosen i Olstappen er så gamle som frå 8000 f.Kr. – i eldre steinalder. Dette er truleg restane av ein slakteplass og viser at både elg og jegerar har vore i området ganske raskt etter at isen trekte seg tilbake. Ei bergflate med tre elgfigurar ved Dokkfløy er teken vare på i Kittilbu Utmarksmuseum. Dei mange buplassane som er undersøkte ved vatna, viser at storviltjakta har vore eit viktig ressursgrunnlag i desse områda gjennom heile steinalderen og inn i bronsealderen. Den sentrale rolla elgen har i området, vart stadfesta hausten 2018, då ei gruppe hellemåleri med elgmotiv vart oppdaga i Espedalen. På ei bratt fjellside som går rett ned i vatnet, er minst fem elgar, ein bjørn og ein menneskeliknande figur måla i raud okermåling. Hellemåleria kan mest sannsynleg knytast til ein fangstkultur mot slutten av yngre steinalder (4000–1800 f.Kr). Denne tidlege jakta har hovudsakleg gått føre seg med pil og boge, sjølv om fangstgroper kan ha vore i bruk. Vi veit ikkje om elgen alltid har hatt behov for å trekkje like langt som i dag. Med andre temperaturar, som i den varmare eldre steinalderen, er det mogleg at tilgang til beite sommar og vinter var annleis enn i dag. Dei som jakta, oppheldt seg ved dei store vatna, som Dokkfløyvatn, Olstappen og Espedalsvatnet. Truleg trong dei ikkje reise langt for å finne elgen. Mot slutten av jernalderen og særleg i mellomalderen vart fangstanlegga viktigare, fram til krutvåpen vart vanleg til jaktformål frå 1700-talet. Det er så mange fangstanlegg her at det er naturleg å gå ut frå at jegerane har fått eit overskot som dei kunne bruke i bytehandel. Ressursar som pels, hud, skinn og gevir har vore attraktive bytevarer i vikingtida og tidleg mellomalder. Dei store vatna er demde opp, men elles er dei skogrike dalføra urørte av større tiltak. Det er av­grensa med infrastruktur, hyttefelt og turisthotell. Derfor er det mogleg for elgen å vandre lange strekningar utan menneskeskapte hinder, og samtidig kan ein relativt lett kome tett på både dyr og natur. Området blir derfor promotert som «vennleg villmark». Elgjakta er framleis svært viktig i området, både som privat jakt og som del av forvaltninga av elgbestanden. Elgen er òg utgangspunkt for eit større verdiskapingsprosjekt i området, som formidlar kunnskap og historie om elg og elgjakt gjennom den felles merkevara «Elgland». Som ledd i dette arbeidet er det bygd eit 12 meter høgt elgtårn som overnattingsstad ved Ramstjern, i nordenden av Espedalen. Utforminga av tårnet minner om tradisjonelle jakttårn, men her kan ein overnatte komfortabelt midt i elgtrekket og kome tett på natur og dyreliv.
    kommune
    • 3441
    kulturmiljoId
    • K537
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 537
    malemetode
    • 81
    navn
    • Dokkfløy, Espedalen og Murudalen
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Frya - Harpefoss

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3208
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:17:17Z
    id
    • 3208
    informasjon
    • Denne delen av Gudbrandsdalen er karakterisert av store og samanhengande landskapsrom. I området ligg eit mindre rom i sør, rundt Fryasletta, med bratte, rasutsette sider. I nord opnar landskapet seg i det store rommet rundt Hundorp og grenda Ryssland, før dalen igjen snevrar seg inn rundt Harpefoss. Det ligg i ei solvend, svakt skålforma, høg li, med markerte dalhyller som bryt opp det hallande terrenget. Godt jordsmonn og eit terreng som passar godt til dyrking, har gitt grunnlag for åkerbruk og husdyrhald. Her er fleire store gardar på eit forholdsvis lite område. Ein viktig føresetnad for den rike ressurstilgangen er Harpefossen rett vest for området, som ligg som ein effektiv flaskehals i Lågen. Fossen har bidrege til eit rikt fiske og vore eit trafikknutepunkt i skiftet frå elvebasert til landbasert ferdsel vidare nordover – viktige supplement til det tradisjonelle jordbruket både på Hundorp og i Rysslandgrenda. Området er blant dei eldste busetjingsområda i Gudbrandsdalen, og garden Hundorp var i lang tid eit viktig politisk og religiøst maktsenter. I området rundt Hundorp finn vi eit monumentalt gravfelt frå jernalderen, med seks store gravhaugar og to steinleggingar. I soga om Olav den heilage beskriv Snorre møtet mellom kong Olav og hersen Dale-Gudbrand på garden i 1021. Ein av mennene til kongen skal ha knust ein Tors-figur med klubba si, og møtet representerer etter tradisjonen eit vendepunkt i kristninga av Noreg. I mellomalderen vart både den verdslege og religiøse maktbasen flytta til området Steig–Alme, som ligg lenger oppe i lia. Steig var kongsgard, og i soga om Håkon Håkonsson blir det fortalt at kongen lét byggje ein veitslehall her. Funn av ei skaftholøks frå yngre steinalder på prestegarden i Sør-Fron vitnar om tidleg jordbruk. Tidlegare trudde ein at den eldste jordbruksbusetjinga i Gudbrandsdalen låg omtrent midt i den solvende lia. Men etter utgravingane i samband med ny E6 vart det slått fast at det var gardsbusetjing i dalbotnen i bronsealderen og eldre jernalder. Nærleik til elv og flaumfare ser ikkje ut til å ha påverka val av bustad. På Fryasletta viser fire meter tjukke lag korleis jordbruksland ei rekkje gonger er dekt eller øydelagt av ras og flaum, og rydda og dyrka på nytt fleire gonger. Førestillinga om eit fåtal «urgardar» som har vore splitta opp i mindre einingar ved befolkningsauke, har òg måtta vike for eit meir komplekst bilete. Funn vitnar om stor mobilitet og om flytting av tun i landskapsrommet. Heile landskapet synest å ha vore langt meir intensivt utnytta enn ein har trudd tidlegare. Det fanst fire kyrkjer eller kapell i området i mellomalderen, på gardane Steig, Alme, Listad og Kjorstad, men ingen av dei er bevarte. Dagens åttekanta Sør-Fron kyrkje, innvigd i 1792, ligg godt synleg på ei høgde ovanfor Hundorp. På 1700- og 1800-talet var Sør-Fron òg eit militært senter med ekserserplass og sjefsgard. Området har alltid vore viktig som eit knutepunkt for ferdsel gjennom Gudbrandsdalen. Hovudvegen har hatt skiftande trasé til ulike tider, i samanheng både med lokale maktforhold og kravet styresmaktene hadde til linjeføring og standard. Dagens tilrettelagde pilegrimsveg går gjennom heile området, og delar av denne traséen var i bruk alt i mellomalder. På 1600-talet vart det organisert skysstell i området, og det har vore skysstasjonar på mellom anna Hundorp, Oden, Listad, Grytting, Veslhove og Jensbakken. Jernbanen kom til Sør-Fron i 1896 og førte mellom anna til etablering av hotell på Hundorp. Eit særtrekk ved landskapet i dag er dei store gardstuna som Hundorp (Dale-Gudbrands gard), Steig, Grytting, Alm, Hove, Rolstad og Kjorstad. Gardane har eldre bygningsmasse som ligg godt synleg i terrenget på markerte terrenghyller i fleire høgder. Det er lite eller ingen spreidd busetnad mellom tuna. Mange av gardane og dei tidlegare husmannsplassane har tradisjonell tømmerbusetnad frå 1700- og 1800-talet. Samtidig er det mange døme på panelarkitektur frå 1800-talet. Det finst to freda mellomalderloft på gardane Sygard Forr og Sygard Grytting. Dagens tettstad har vakse fram på ein terrasse nedanfor Sør-Fron kyrkje, i tilknyting til den gamle kongevegen og gamle E6 (i dag fv. 2522). Dei mange steingardane som omkransar jorde i området, og dessutan solide murar på begge sider av geiler og vegar, vitnar om det store rydningsarbeidet som er utført gjennom tidene. Det er verdifulle og artsrike kulturpåverka naturtypar i området, mellom anna knytt til naturbeitemark og slåttemark.
    kommune
    • 3438
    kulturmiljoId
    • K538
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 538
    malemetode
    • 81
    navn
    • Frya - Harpefoss
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Vinstre

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3209
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:17:42Z
    id
    • 3209
    informasjon
    • Saman med Tyin, Bygdin og Kaldfjorden dannar Vinstre ei rekkje med store vatn som utgjer ein nesten uavbroten vassveg frå vest til aust gjennom fjellområdet. Vinstre er regulert (1032–1028 moh.), og høgaste regulerte vasstand står éin meter over opphavleg vasstand. Områda mellom vatna har danna naturlege flaskehalsar for dei store nord-sør-gåande trekka med reinsdyr. Dette har gjort området til eit attraktivt jakt- og fangstområde gjennom store delar av historia. Området ligg ved foten av høgfjellet med eit tøft klima når vêret står på. Samtidig er liene rundt vatnet slake og sørvende, med næringsrikt jordsmonn og godt beite. Langs vatnet ligg buplassar, tufter, fangstgroper og stølar, dei fleste på nordsida av vatnet. Den største konsentrasjonen av kulturminne finn vi ved Bjørnhølen i den austre enden til vatnet. Her blir vatnet innsnevra, og små holmar mellom nord- og sørsida gjer dette til eit naturleg kryssingspunkt for dyr. På fleire verutsette nes uti vatnet viser funn at menneske har hatt jamleg opphald i heile perioden frå omtrent 7500 f.Kr. fram til omtrent 1000 f.Kr. Her ligg tjukke lag med skjørbrend stein, steinavfall etter reiskapsproduksjon og bein frå reinsdyr, som vitnar om storviltfangst. På eitt av nesa vart det dessutan funne to graver frå yngre jernalder (550–1050). Den eine, truleg frå 500-talet, er ei såkalla «fjellgrav» eller «utmarksgrav», som gjerne finst i nærleiken av vatn eller ferdselsårer i gode fangstområde langt frå bygdene. Inni ein liten steinsirkel under torva ligg pilspissar, knivar, ein spydspiss, ei saks og ein skinnskrapar. Dei som gravla døde her i yngre jernalder, grov seg altså ned i ein buplass som første gong vart teken i bruk i eldre steinalder, 8000 år tidlegare. Vinstre er i dag eit godt fiskevatn. Vi må rekne med at fisket òg har vore viktig tilbake i tid, men auren har ikkje hatt ein naturleg innvandringsveg, på grunn av store fall nedanfor Vinstre. All fisk i vatnet har nok derfor vorte sett ut. Det er uvisst kor tidleg dette starta. Funn av garnsøkke indikerer garnfiske i mellomalderen. Spor etter naust, båtopptrekk, båtstøer og ein særeigen båtopplagringsplass med båtforma steinsetjingar på Gravolsøddin gir innblikk i ein hovudsakleg nord-sør- gåande båttrafikk over vatnet, knytt til både fiske og stølsdrift. Tidlegare var det over 40 stølar i drift langs Vinstre. I 2010 var det framleis drift med mjølkeproduksjon med ku og geit på ni stølar. Skriftlege kjelder fortel om stølsdrift i 1781, og nye stølar til bureisingsbruk kom til så seint som på 1940-talet. Lokale stølsregistreringar av kulturminne utfyller historia om livet på stølane. Her finn vi kjølingskjelder, geiler, leikeplassar, badekulpar, lokkeplassar for budeiene, veg, vegmerke, varp, røyser og steinmurar. Stølsvollane vart slått før, men i dag blir dei først og fremst brukte til beite. Dei færraste stølane har stølsjord som kan haustast maskinelt. Stølsbusetnaden er kjenneteikna ved at mange av tømmerbygningane er panelte og raudmåla. Stølane langs Vinstre var opphavleg langstølar eller sommarstølar til gardane mellom Skammestein og Beitostølen, sør for området. Tidlegare vart buskapen driven langs stølsvegar over fjellet. Før reguleringa var det ein bufarveg frå sør- til nordsida over Straumen i austenden av Vinstre. Frå tidleg på 1900- talet vart mjølka transportert med motorbåt og frakta vidare til meieri og ysteri. Før dette vart det produsert ost og smør på stølane. Båt vart òg brukt til å frakte turistar inn til Haugseter Fjellstue på nordaustsida av vatnet. På Haugseter har dei teke imot reisande sidan 1880-talet. Fjellstua er framleis i drift, men bygningen er frå 1994, etter at den gamle brann ned. Vinstre vart regulert i 1944–49, med tosidige konsekvensar for kulturminna. Fleire av lokalitetane ligg utsett til og blir gradvis eroderte av vatn og is. Samtidig har føresegner i konsesjonen sikra at vi i seinare tid har fått henta ut store mengder kunnskap om kulturhistoria til området. Etter reguleringa vart det vanskeleg for båten å leggje til, og etter krav frå både stølsbrukarar og kommunen kom arbeidet med veg i gang tidleg på 1950-talet. Stølsmjølka kunne no transporterast med bil til næraste meieri. Vegen følgjer nordsida av vatnet, går vidare austover til Skåbu og knyter Valdres saman med Gudbrandsdalen. Han blir kalla Jotunheimvegen og har vorte ein populær turistveg. Rundt 10 000 bilar køyrer her kvar sommar, og vegen inngår i sykkelruta Mjølkevegen, som formidlar kulturhistoria til området både digitalt og med skilt ute i terrenget.
    kommune
    • 3453
    kulturmiljoId
    • K539
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 539
    malemetode
    • 81
    navn
    • Vinstre
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Filefjell aust

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3210
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:18:00Z
    id
    • 3210
    informasjon
    • Ved Kyrkjestølane går vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, med vassdrag som endar i Sognefjorden i vest og Tyrifjorden i aust. Dalføret over Filefjell ligg på omtrent 1000 meter over havet og er prega av vassdrag, fuktige myrar og tørre ryggar. Terrenget i landskapet er skålforma, med Otrøvatnet i aust. Dalsidene i sør er slake, med store myrdrag, medan nordsida er bratt, blokkrik og delvis heilt dekt av steinur. Fjella rundt går opp mot 1500–2000 meter over havet. Som den første offentleg bygde køyrevegen mellom aust og vest stod Den bergenske kongevegen ferdig på slutten av 1700-talet. Vegen fekk mykje å seie for ferdselen mellom landsdelane. Seinare har riksveg og europaveg avløyst Kongevegen. Ferdselshistoria går langt tilbake. Ei rekkje spor viser ferdsel i steinalderen. I jernalderen var det fast busetjing her, og faste ferdselsvegar over Filefjell. Valdres var eit tyngdepunkt for jernutvinning i yngre jernalder og tidleg mellomalder, med dette området som eitt av fleire kjerneområde. Tydelege spor i terrenget etter kolgroper, omnar, slagghaugar og tufter vitnar om jernutvinninga. Jernet vart truleg frakta over fjellet mot kysten. Her er dessutan gravminne, skålgroper, fangstgroper og bogestillingar. Eit eldre vegfar – ein av fleire såkalla saltmannaeller sildemannsvegar mellom Valdres og Vestlandet – førte ned mot sørsida av Otrøvatnet og vidare mot Kyrkjestølane. Her ligg tuftene etter stavkyrkja St. Thomaskyrkja frå seint 1100-tal, bygd på det som truleg alt var ein etablert samlings- og handelsstad. Sælehus – herberge for vegfarande – kan ha lege i området alt då kyrkja vart bygd. På 1600-og 1700-talet vart det halde messe i St. Thomaskyrkja ein gong i året, med tilreisande frå Valdres, Hallingdal, Sogn og Gudbrandsdalen. Samtidig var det marknad, og bråk og slåsting her skal ha vore årsaka til at kyrkja vart riven i 1808. Det er knytt mange segner, og dessutan folkemusikk, til kyrkja og rivinga av henne. Dagens kyrkje vart sett opp i 1971 og er omgitt av ei stølsgrend med verneverdig bygningsmiljø og innslag av nyare fritidsbustader. Sentralt i området ligg tufter etter eldre stølsbygningar. Her var det nemleg stølsmark for øvre delar av både Lærdal og Vang. Ved sørsida av Otrøvatnet, der det eldre vegfaret kjem ned, ligg Gamlestøga. Her er tufter etter eit sælehus, kanskje frå seinmellomalderen, som vart avløyst av skysstasjonen Nystøga på nordsida av vatnet på 1600-talet. Då kom òg første postrute over Filefjell. I perioden 1660–1814 vart det bygd køyrevegar på kongeleg forordning – kongevegar – for å kunne frakte embetsfolk raskast mogleg mellom dei større byane. Den bergenske kongevegen heitte etter veglova av 1824 Den bergenske hovudvegen. Partiet over Filefjell stod ferdig i 1793. Kongevegane følgde i stor grad traseane til eldre ridevegar, men der ridevegane følgde terrenget over tørre rabbar og rundt knausar og haugar, skulle Kongevegen gå rett fram etter «det franske prinsippet». Transport med hest og kjerre stilte krav om jamne og tørre vegar. Hindringar vart fjerna med krut, og vegen fekk fast grusdekke og god drenering. Tidvis var vegen så bratt at det vart vanskeleg å kome seg opp med hest og kjerre. Etter berre 50 år vart enkelte parti derfor lagde om. Kongevegen kan følgjast i parti opp gjennom heile Valdres. Frå Tyinkrysset ligg han delvis bevart langs nordsida av Otrøvatnet og vidare til Kyrkjestølane. På oversida av vegen finn ein restar etter ein trasé som er teken av ras, og truleg derfor forlaten og flytta lenger ned i terrenget. Frå Kyrkjestølane går den eldste og godt bevarte traséen mot Maristova i sørvest over myrområde, gjennom skogen, og opp mot det høgaste punktet på vegen nær fylkesgrensa omkring 1250 meter over havet. Her står Stiftsstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bjørgvin stift. Utsynet er vidt utover fjellområda, med mellom anna Hurrungane i nord. Herfrå går vegen vidare inn i Vestland, mot Maristova og Lærdalsøyri. Vegen har seinare vorte omlagd og utbetra ei rekkje gonger. Kongevegtraséen gjennom området er del av ei mykje brukt vandrerute, Kongevegen over Filefjell, som er sett i stand og strekkjer seg 10 mil mellom Vang i Valdres i aust og Lærdalsøyri i vest. Vern og tilrettelegging for bruk knytt til reiseliv og vandreturisme har i lang tid vore eit nasjonalt satsingsprosjekt. I 2014 vann vandreruta «Vakre vegars pris» og i 2017 EUs kulturminnepris «Europa Nostra», noko som gir kongevegen kulturhistorisk status i internasjonal samanheng. Juryen la vekt på høg fagleg kvalitet, forankringa i lokalsamfunnet og kombinasjonen bevaring og bruk.
    kommune
    • 3454
    kulturmiljoId
    • K540
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 540
    malemetode
    • 81
    navn
    • Filefjell aust
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Stølsvidda

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3211
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:18:30Z
    id
    • 3211
    informasjon
    • Området er eit stort, ope og samanhengande viddelandskap med store myrområde, mindre innsjøar og stølsmiljø. Flæidn (‘vide flater eller vidder’) er eit eldre namn, medan nemninga Stølsvidda har vore i bruk dei siste 45 åra. Her er det nærare 600 stølar, og kvar tredje støl er framleis i aktiv bruk med utmarksbeiting, hausting av vinterfôr eller tradisjonell stølsdrift. Nær 50 av stølane har mjølkeproduksjon. Lang kontinuitet og stor aktivitet i området heng saman med tradisjon for husdyrhald og mangel på beite i bygda. Det blir òg drive stølsturisme basert på den aktive drifta og formidling av arbeidet på stølen. Den omfattande bruken av utmarksbeite gjer at store delar av landskapet framleis er ope. Nokre område er likevel prega av attgroing. Mange av stølane har gått over til å bli fritidshus, og nokre er heilt fråflytta. Det finst òg ein del hytter i skogbeltet. Den historiske vandreruta Stølsruta i Valdres (DNT og Riksantikvaren) vart merkt og tilrettelagd gjennom området i 2018. Stølsdrifta i dette området har fleire hundre år gamle tradisjonar. Dateringar frå andre område viser at den historiske forma for stølsdrift kan førast tilbake til seinmellomalderen, på 1400- og 1500-talet. Størst aktivitet var det med fullstølsbruket på 1700- og 1800-talet, då både folk og dyr hadde tilhald på stølen heile sommaren. I område med fullstølsbruk var det vanleg å ha to eller tre stølar, men frå midten av 1800-talet gjekk heimstølane som låg nærast gardane, ut av bruk. Ei kartlegging av verdifulle og utsette bygningsmiljø (Valdresmusea 020) viser at det finst 500–600 historisk interessante stølshus i området. Bygningane er sentrale for å forstå kor viktige stølsområda har vore som livsgrunnlag og kvinnearbeidsplass, i Valdres spesielt og i Noreg generelt. Her er eit mangfald av ulike bygningstypar frå ulike periodar i stølshistoria, som sel, kokehus, buer, mjølkeramper, løer, fjøs og naust. Nokre bygningstypar er særleg utsette og byrjar å bli fåtalige. Stølane ligg samla i stølslag. Eit særtrekk ved byggjeskikken er at sel og fjøs er plasserte øvst på jordet og løe nedst, typisk for midtre del av Valdres. Husa er anten lafta, bygde i reisverk eller ein kombinasjon. Sela er ofte panelte og måla, arakteristisk for Valdres. Bygningsmiljøa er prega av både eldre og nyare driftsmåtar. Byggjeskikken varierer ein del mellom dei ulike stølslaga. Råstølen på Kinnholt med sel, skåle, fjøs og låve, og dessutan ei kve, er freda som del av garden Rå i Vestre Slidre. Tidlegare vart vinterfôr hausta på utslåtter. Stadnamn og tufter etter utløer vitnar om denne bruken. Landskapet har innslag av kulturpåverka og artsrik naturbeitemark og slåttemark. Lokale stølsregistreringar av kulturminne utfyller historia om livet på og rundt stølane: Her finn vi kjølingskjelder, geiler, leikeplassar, badekulpar, lokkeplassar for budeiene, vegar, vegmerke, varp, røyser og steinmurar. Eit døme på ein stad med historie er Gråtarplassen, der budeiene tok farvel med mennene sine. Av munnlege tradisjonar kjenner vi òg gamle vêrmerke («vesta klare vil lenge vare – austa glette gje våt hette»), regler og segner. Runde morenehaugar med namn som Sevalshaugen og Sevathaugen har gjerne tradisjon om underjordiske, helst haugkallen Sevat eller Sevald. Dei malmhaldige myrane har gitt grunnlag for ei omfattande jernutvinning i jernalderen og mellomalderen. Utvinninga har etterlate seg talrike spor, som kolgroper og restar av jernvinneomnar. Det er gjort få undersøkingar om tidleg jakt og fangst, så dette har vi lite kunnskap om. Ved vatnet Reinsenn er det funne ein buplass som har vore i bruk i fleire omgangar gjennom store delar av jernalderen og mellomalderen. På grunn av ei karakteristisk utforming av ein steinsett eldstad (arran/aernie) er det diskutert om den siste fasen kan tolkast som samisk busetjing.
    kommune
    • 3451
    kulturmiljoId
    • K541
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 541
    malemetode
    • 81
    navn
    • Stølsvidda
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Vassfaret

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3212
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:18:51Z
    id
    • 3212
    informasjon
    • Landskapet følgjer det breie og skogkledde dalføret frå Strøsdammen i vest og ned mot Hedalen i aust. I den slake dalbotnen ligg vatna Øvre og Nedre Grunntjern, Skrukkefylla, Suluvatnet, Nevlingen og Aurdalsfjorden omkransa av bratte skog- og fjellier på begge sider: Fledda mot nord, og Storrustefjell og Dyttholsfjellet mot sør. Vassfaret var tidlegare tilhaldsstad for ein bjørnestamme, og for mange er området uløyseleg knytt til skildringane av Vassfaret og jakta på slagbjørnen Rugg i forfattaren Mikkjel Fønhus’ bok Der vildmarken suser. Fønhus skreiv historia si i 1919, med inspirasjon frå det som er kjent som den lengste bjørnejakta i noregshistoria. Den DNT-merkte Ruggstien fører i dag opp til ei minneplate der bjørnen fall. Fønhus skildrar landskapet slik: «Mellem kalkhvite fjell krøkte Vassfaret seg nordover. Det var en trang fjelddal uten folk. Men vilddyrene skrek, og vildmarken nynnet ødets og vaarnattens sang. Gammel krokfuru i liene, snebøid bjørk i fjeldkraket, frodig unggran i dalbunden, alle spilte de kvistene ut og sang med.» Men Vassfaret er meir enn villmark. Kulturminna viser ei langvarig og mangfaldig utnytting av utmarksressursar. Det er særleg kulturminne knytte til skogsdrift og fløyting som pregar området, men jakt, fangst, fiske, jernutvinning og småbruks- og stølsdrift har òg sett spor. Skogsdrifta kan sporast tilbake til slutten av 1600-talet, med sikre kjelder om tømmerfløyting frå 1684. Som i andre skogsområde på Austlandet vart fløytinga i vassdraget særleg viktig då trelasthandelen auka i omfang utover 1700-talet. Det vart drive fløyting (eller brøtning, som det blir kalla her) fram til 1967. Kulturminne knytte til fløytinga er fire dammar, ved utløpet av Aurdalsfjorden, Nevlingen, Øvre Grunntjern og Strøsdammen. Ved demningane finst damvaktarbuer, overnattingshus for fløytarar og skogsarbeidarar, naust og fiskebuer. Det er minst 18 kjende tømmerkoier i Vassfaret, fleire med stallar. Langs elvane mellom vatna er det spor etter forbyggingar, og i vatnet innanfor dammen i Aurdalsfjorden finst fleire lensedoppar. Vi veit lite om tidleg busetjing i området. Under befolkningsveksten på 1700–1800-talet vart det trongt om plassen nede i hovudbygdene, og då gav dei marginale plassane i skogs- og villmarksområdet ei moglegheit for levebrød. Dei første kjende gardane vart rydda frå midten av 1700-talet og utover 1800-talet. På det meste skal det ha vore 12 bruk og 20–30 setrar her inne. Den vesle mølla ved elva mellom øvre og nedre Grunntjern vitnar om korndyrking. Kornhausten har likevel vore uviss, så mange livberga seg gjennom ein kombinasjon av skogbruk, jordbruk, jakt, fangst og fiske. Vassfarplassen og Amundheimen, ved Nevlingen, vart begge rydda rundt 1750. På Vassfarplassen er berre stabburet opphavleg, dei andre bygningane er sette opp på tuftene etter tidlegare bygningar i seinare tid. Her er òg artsrike slåttenger. På Amundheimen står i dag to lafta hus, som i seinare tid fungerte som skogshusvære. Like ovanfor står ei lita jakthytte i sveitserstil som truleg vart reist rundt 1900. Skulestua for området stod på Vassfarplassen frå 1866, men vart seinare flytta til Amundheimen. Den siste garden vart fråflytta i 1914. Den siste fastbuande i området var Berte Skrukkefyllhaugen (1854–1950), som voks opp på plassen Skrukkefyllhaugen ved vatnet Skrukkefylla mellom Aurdalsfjorden og Nevlingen. Plassen vart rydda rundt 1840 og fråflytta etter brann i 1891. Berte og mannen budde i Vassfaret til 1921. Frå 2012 er stue, låve og fjøs gjenreiste på Skrukkefyllhaugen. Fleire setrar har bevarte eller gjenreiste hus. Under andre verdskrig vart hovudkvarteret for heimefrontbasen «Elg» etablert her, og fjellpartia rundt Vassfaret vart brukte mykje som slepplass for forsyningar frå England. Ein kan framleis finne sleppkonteinarar i området. På Vassfarplassen og Amundheimen vart det arrangert troppssjefskurs, nokre av dei første og mest omfattande kursa som vart haldne i det okkuperte Noreg. Fleire hus har hatt ulik bruk, mellom anna vart dei fråflytta husa på småbruka tekne i bruk som skogshusvære. Fleire av bygningane her kan truleg knytast til både jakt, fangst, fiske, jordbruk og skogbruk. Dette er karakteristisk for eit område der ressursane i utgangspunktet er marginale for fast busetjing, men der ei brei og mangfaldig utnytting av det som var tilgjengeleg, likevel gjorde det mogleg å leve her. Etter etablering av verneområda i 1985 vart det laga ein kulturvernplan for delar av Indre Vassfaret, som mellom anna la vekt på vedlikehald av kulturminne og på å revitalisere skogsdrift i undervisningssamanheng. Ein avtale mellom Fylkesmannen i Oppland og grunneigarar var knytt til planen, som sist vart revidert i 2003. I perioden 1991 til 2007 vart det drive tradisjonell hogst, køyring og fløyting.
    kommune
    • 3449
    kulturmiljoId
    • K542
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 542
    malemetode
    • 81
    navn
    • Vassfaret
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Randsfjorden

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3213
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:19:14Z
    id
    • 3213
    informasjon
    • Området ligg innanfor eit stort, ope landskapsrom rundt innsjøen Randsfjorden. Opp frå Randsfjorden ligg slake lisider der leirjord gir gode føresetnader for jordbruk. Landskapet går etter kvart over i skogkledde åsar med grus/morenejord. På vestsida strekkjer åsane seg opp til 500–600 meter over havet. Frå midten av 1800-talet fekk skogeigande bønder langs Randsfjorden eigedomsrett til allmenningen til kongen. Samtidig vart dei strenge sagbruksprivilegia frå 1600-talet oppheva. Den teknologiske utviklinga med dampsagbruk, høvleri, tremasse-, cellulose- og papirindustri gav bøndene store moglegheiter til økonomisk utbytte av skogen. Høgkonjunkturen for skogbruket i Land varte til det vart eit kraftig fall i tømmerprisar i 1921. I same periode gjekk jordbruket gjennom eit hamskifte med modernisering og mekanisering, og vart i større grad marknadsretta. Den gode økonomien førte til stor byggjeaktivitet på gardane med store skogeigedommar. Store våningshus i dei rådande stilartane, som sveitserstil, drakestil, jugend og nyklassisisme, og dessutan store einskapslåvar vart bygde. Det var inntektene frå skogbruket, ikkje jordbruket, som la grunnlaget for byggjeaktiviteten. I det same området finn vi òg bygningane til dei som jobba på skogen, både husmannsplassane der dei budde, og koiene der dei oppheldt seg under arbeidet. Desse små og enkle bygningane står i sterk kontrast til skogeigargardane og viser at ikkje alle samfunnslag fekk ta del i den økonomiske utviklinga. Dei skogrike åsane rundt Randsfjorden ligg langt frå skipsleia, og skogbruket var lite utvikla før 1700-talet. Skogen hadde vorte brukt av dei gardane som hadde rett til å hente ut tømmer til eigen bruk i den kongelege allmenningen. Frå gammalt av vart elvane brukte til transport av hus- og vedtømmer, medan den første kjende fløytinga for eksport var i 1634. På 1660–70- talet fekk fut Jørgen Phillipsson kongeleg privilegium på tømmerbruk i kongens allmenning i fleire delar av området, og dessutan rett til fløyting, utbygging av fossefall og førsterett til å kjøpe tømmer av bøndene. Han bygde dammar, sluser og andre installasjonar i Lomsdals-vassdraget, som var det viktigaste fløytingsvassdraget på Veståsen, og som dekte eit enormt skogsareal. Randsfjorden gav gode moglegheiter for transport av trelast til Drammen. I Noreg var den kystnære skogen i stor grad uthogd på 1700-talet. Skogsområda i innlandet vart viktigare. Då bøndene fekk eigedomsrett til kongens allmenning på midten av 1800-talet, spreidde utbyttet frå skogbruket seg til fleire av grunneigarane. Dei fleste av dagens fløytingsanlegg i Lomsdals-vassdraget er bygde i perioden 1870–1905. Her finst mange kulturminne etter fløyting, som elveforbyggingar, dammar, damhytter, skogshusvære, stallar, naust og fiskebuer. Etter andre verdskrig vart fløytinga i aukande grad utkonkurrert av frakt med lastebil på vegar ned til Randsfjorden. Fløytinga i vassdraget tok slutt i 1968. I regi av foreininga Lomsdalsvassdragets bevaring vart det i 1994 gjennomført eit restaurerings- og formidlingsprosjekt knytt til dammar, skogshusvære o.a. Fallselva eigna seg ikkje like godt til fløyting, men fossefalla gav kraft til industri. Utviklinga av tettstaden Holmen – seinare kalla Fall – er knytt til bruk av kraft frå Fallselva til ulik verksemd frå slutten av 1700-talet og framover. Mellom anna vart vasskrafta brukt til sagbruk og garveri og Holmen Mølle, som var i drift frå 1908 til tidleg 1960-tal. I 1874 kom Lands Træsliberi i drift, og i 1910 vart Skrankefoss Træsliberi anlagt noko høgare i elva. Tremasse og ferdige pappprodukt kunne fraktast ut frå Fall stasjon (1902) på Valdresbanen rett ved. Fabrikkane ved Fallselva fungerte som hjørnesteinsbedrifter i Fall og Holmen. Dei vart nedlagde i 1962, med store konsekvensar for lokalbefolkninga. Nokre fann seg arbeid ved andre treforedlingsfabrikkar, men mange vart vekependlarar til Oslo. Produksjonsbygg på dei to fabrikkane inngår som del av ein kultursti med kulturminne knytte til Fallselva. Stien vart vald ut som Søndre Lands tusenårsstad. Fabrikkane er godt bevarte døme på ei verksemd som i ein periode var svært viktig for regionen. Arbeidarbustader, funksjonærbustader og direktørbustad speglar den sosiale strukturen i den tidlege industristaden. Tradisjonelt skogbruk og treforedlingsindustri har vore eit viktig næringsgrunnlag for gardbrukarar og gitt industriarbeidsplassar til tidlegare husmenn og småbrukarar. På 1920- og 30-talet kom delar av arbeidarklassen, hovudsakleg skogsarbeidarar, i konflikt med det lokale næringslivet, stort sett skogeigarar. Årsaka til den såkalla Randsfjord-konflikten var eit dramatisk fall i tømmerprisane frå 1921–22, men konflikten gjaldt prinsipielt organisasjons- og forhandlingsretten. Han varte frå 1929 til 1936 og fekk langvarige etterverknader for forholdet mellom folk i bygda.
    kommune
    • 3447
    kulturmiljoId
    • K543
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 543
    malemetode
    • 81
    navn
    • Randsfjorden
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Granavollen, Tingelstadhøgda og Røykenvik

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3216
    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:20:08Z
    id
    • 3216
    informasjon
    • Det bølgjande mosaikklandskapet vekslar mellom frodige jordbruksareal, skog og våtmarksmiljø med store naturverdiar. Landskapet rundt Røykenvik er relativt storskala, med stor vasspegel og lange lisider. Tingelstadhøgda og Granavollen har eit småkupert landskap som vekslar mellom opne landskap med vidt utsyn og mindre, avgrensa landskapsrom. Området inngår i kambrosilurbygdene rundt Mjøsa og Randsfjorden, som på grunn av næringsrik morenejord med kambrosiluriske bergartar har hatt særleg gode føresetnader for jordbruksdrift. Funn av steinøkser viser at det var jordbruksdrift i området alt i yngre steinalder. To bronselurar som er funne ved Nes i Røykenvik, og dessutan flintdolkar og steinar med skålgroper, gir glimt inn i busetjinga i bronsealderen. Den store mengda kulturminne frå jernalderen teiknar eit bilete av eit samfunn der makt og rikdom sette sitt preg på landskapet. Steinringen på Bilden, gravminne, dyrkingsspor, konsentrasjonar av kokegroper og moglege tufter viser dette. Heile tre steinkyrkjer på Granavollen og Tingelstadhøgda, og dessutan eit profant steinhus knytt til prestegarden, vitnar om eit religiøst maktsenter i mellomalderen. Det finst òg tufter etter tidlegare stavkyrkjer på Dvergsten og Grindåker. Granavollen har vore eit viktig religiøst, politisk og kulturelt senter langt tilbake i tid. Sentralt i kulturmiljøet her ligg Mariakirken og Nikolaikirken frå 1100-talet, kalla Søsterkyrkjene. Eit av hjørnetårna (stopulen) i ein opphavleg høg ringmur er framleis bevart. Ei godt bevart strekning av Den bergenske kongevegen går forbi Søsterkyrkjene, vidare nordover til den romanske mellomalderkyrkja Tingelstad gamle kyrkje frå 1200-talet på Tingelstadhøgda og vidare til Brandbu. Truleg er vegfaret her enda eldre. Det knytte dei store gardane og kyrkjestadene i området saman. Vegen følgjer heile høgderyggen over Granavollen og Tingelstad og er ein del av dagens tilrettelagde pilegrimsveg. På motsett side av kyrkjevangen frå Søsterkyrkjene ligg Granavolden Gjæstgiveri, med tre freda bygningar. Her var det skysstasjon alt på 1600-talet, og i 1716 fekk eigaren kongeleg privilegium til å drive gjestgiveri etter innsatsen sin i trefninga med svenske styrkar på Harestua under den store nordiske krigen. Tett inntil gjestgiveriet ligg framleis gardstun med busetnad frå førre hundreårsskifte. Telthuset på Granavollen vart oppført litt nord for Søsterkyrkjene på 1700-talet og dannar saman med kyrkjer og kyrkjevang, kongeveg, gjestgiveri og prestegard eit heilskapleg kulturmiljø frå denne tida. Den norske hæren som vart oppretta i 1628, var basert på eit system der gardane gjekk saman i legder som kvar utrusta ein soldat. Øvingane gjekk først føre seg på kyrkjebakken etter kyrkjetid. På 1700-talet kom eigne ekserserplassar, og det vart bygd eigne telthus for lagring. I kulturmiljøet på Granavollen inngår også kommunehus frå 1846, ein kyrkjestall frå 1930-talet og eit samvirkelag frå 1950-talet. I vest, litt utanfor det sentrale bygningsmiljøet, ligg Gran prestegard med steinhuset frå 1200-talet og ein rekonstruert prestehage frå 1700-talet, og i nord ligg presteenkesetet Sjo frå slutten av 1700-talet. Aasmund Olavsson Vinje døydde på Sjo under eit besøk i 1870 og er gravlagd ved Søsterkyrkjene. I kulturmiljøet nær Tingelstad gamle kyrkje ligg òg nye Tingelstad kirke frå 1866, og Klokkerlåven, bygd med materiale frå stavkyrkja på Grindåker. Landskapet her er òg prega av Hadeland Folkemuseum, med om lag 30 antikvariske bygningar. På Nes i Røykenvika står ei korskyrkje frå 1730. Denne kyrkja erstatta i si tid ei steinkyrkje frå mellomalderen, truleg frå 1100-talet. På grunn av plasseringa var ved Randsfjorden var det i Røykenvik på 1800- og 1900-talet eit lite sentrum, med handel og knutepunkt for samferdsel, med togstasjon og dampskipsbrygge. Tømmertransporten på Randsfjorden var viktig. Det var brenneri her frå 1856 til 1978. Nokre bygningar står att frå denne tida. I dag er området eit heilskapleg jordbruksområde med 246 landbrukseigedommar der det blir drive eit aktivt og variert jordbruk med produksjon av korn, gras, potet, grønsaker og bær. 49 av desse har husdyrdrift med sau, mjølkeku, storfe, gris, høns eller hest. Mange av gardane har godt bevarte freda og verneverdige bygningsmiljø. Her er staselege midtkammerbygningar, store, forseggjorde stabbur og store, raudmåla kombinerte driftsbygningar. I tillegg ligg enkelte tidlegare husmannsplassar innanfor området. Eit stort nettverk av småvegar og gamle fegater i området har vore aktivt tilrettelagde og skilta sidan 1990-talet.
    kommune
    • 3446
    kulturmiljoId
    • K545
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 545
    malemetode
    • 82
    navn
    • Granavollen, Tingelstadhøgda og Røykenvik
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126