ÅDLANDSSTOVA, Sunnhordlandstunet museum / MUSEUMSANLEGG - stue
opphav
Vestland fylkeskommune
informasjon
Beskrivelse fra lokalitet:
I BRUK OG VEDLIKEHALDT AV SUNNHORDLAND MUSEUM.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røykstove frå garden Øvre Ådland på Stord. Stova vart tidleg på 1930-talet flytt til Sunnhordland folkemuseum. Stova har eitt tømra rom og inngang gjennom ein lettbygd sval i nordre gavlen. Det har vore tvil om det har vore åre eller røykomn, men plasseringa av ljoren og andre spor og mangel på spor tyder truleg på at åre er rett. Stova er bygd av govt slankovalt lafteverk og er tekt med torv.
Strandebarm Ungdomshus er tegnet av arkitekt Torgeir Alvsaker (1874-1971) i 1927. Huset blir kalt "Haugatun" og ble innviet i 1929. Det er oppført i en romantiserende stilretning preget av vestlandsk byggeskikk og bergensarkitekturens bruk av barokk-klassisistiske elementer. Ungdomshuset har en rektangulær hovedform med saltak og ligger tett inntil riksveien med gavlsiden mot nord. Inngangspartiet er markert som et tilbygg idet det har en lavere mønehøyde og er litt smalere enn resten av bygningen. Et mindre tilbygg på østsiden rommer sideinngang til scenen og
trapp til underetasjen. Huset er oppført i laftet plank på en underetasje av upusset tegl. Utvendig
kledning er liggende rødmalt panel mens vindskier, dør- og vindusomramminger og vinduer er malt gule. Fasadene har et regelmessig preg med en-, to- og firerams vinduer med sprosser. Saltaket har svai og er tekket med skifer.
Inngangspartiet ble på begynnelsen av 1980-tallet utvidet mot nord for å få bedre garderobe- og adkomstforhold. I den forbindelse ble utvendig panel og vinduene i denne delen av bygningen skiftet ut. Sprosseinndeling og omramming av de nye vinduene samsvarer med opprinnelig utførelse. Den
barokkpregede portalen rundt døren ble tatt vare på og satt opp på nytt.
Salen karakteriseres av en tredeling, med en søylerekke et stykke fra veggen på hver side, og buet himling over midtpartiet. Langs veggene er det en sammenhengende fast benk og brystning med speilfyllinger, oppdelt av halvsøyler mellom vinduene. Veggene forøvrig har stående vekselpanel.
Panelet er brunbeiset, forøvrig er interiøret holdt i rødtoner med gulbrune detaljer, som f.eks. listverk og kapiteler. I en del av interiøret er det brukt en abstrahert marmorering, bl.a. på søylene og brystningen. Sceneåpningen flankeres av knippesøyler bygd opp av kvaderstensimitasjoner. Overdekningen er konstruert av et rammeverk med ornamenter og utskjæringer. Omrammingen rundt åpningen til galleriet bakerst i salen har samme type dekor. På hver side av scenen er det en buet nisje med en rund støpejernsovn. Belysningsarmatur i form av pendler mellom søylene er trolig
opprinnelig.
Scenens bakteppe har motiv fra bygda, malt på lerret. Teppet er ikke opprinnelig, men er av samme type som det originale teppet fra 1929. To ulike kulisser som forestiller henholdsvis "tømmerstue" og "bjerkeskog" er også av nyere dato, men motivet og utformingen bygger på de opprinnelige
kulissene. Denne typen kulisser er typisk for ungdomshusene. Talerstolen, som er opprinnelig, er rikt utskåret og malt i samme farger som salen forøvrig.
Ungdomshus teikna av arkitekt T. Alsaker, ferdig 1929. Bygning i 3 høgder, kjeller, sal og loft. Liggande kledning og saltak. Dekorert innvendig med skinnrulling.
Beskrivelse fra lokalitet:
Garden Håbrekke ligg sentralt i Strandebarm, på sletta i botnen av eit lite dalføre, med bratte fjellsider tett innpå. Det freda hovudhuset er ein einetasjars bygning med lågare sidefløy vinkelrett mot vest. Huset er i engelsk raudt med saltak både på hovudbygning og sidefløy. I nord eit nyare tilbygg med pulttak. Fasaden til sidefløya går i sør i eitt med bygningens sørgavl. Nesten heilt inntil er eit eldhus av panela grindverk, og husa ligg som del av eit lite gardstun med bygningar av ulik alder. Tunet er omgjeve av grøne marker, og det gamle kulturlandskapet er ganske intakt. Drygt 100 meter unna ligg tunet på prestegarden, med fleire freda hus.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt
Beskrivelse fra lokalitet:
Garden Skogasel ligg i bratt lende ovanfor Ivarhus, den gamle prestegarden i Strandebarm. På garden stod ei sengebu som vart freda i 1923, men som vart rive kring midten av 1900-talet. Ho var eit tømmerhus i ein etasje, med sval i sørgavlen og med rik, måla dekor av 1600-talskarakter innvendig. I nord var bua bygd saman med ei stove med årstalet 1797 skore inn. Denne står enno, no med eit garasjetilbygg på den gamle bua si plass.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tømmerbygning i ein etasje, med eitt tømra rom og sval i gavlen. Inne i rommet var det restar av rik dekor måla på tømmeret. Bygningen vart riven ein gong mellom 1947 og 1960, men noko av det dekorerte tømmeret er bevart i museumssamlinga på Stalheim hotell. I 1927 vart bygningen skildra slik: "Paa gaarden staar en en-etages gammel gjestestue av tømmer med spor efter en reisverks svalgang under frembygget tak paa den ene gavlside, likeledes efter fire nu forsvundne faste senger ved denne langvæg; paa de runde stokkevægger indvendig malte dekorationer: draperier nederst og ovenover disse vaser med blomster og ranker; disse kan tyde paa 2. halvd. av 17. aarh. som opførelsestid." I nord var sengebua bygd saman med ei lafta stovebygning. Denne står enno, no med eit garasjetilbygg i bindingsverk der sengebua stod.
Beskrivelse fra Bygg:
Bua vart i innberetninga til den antikvariske bygningsnemnd i 1927 omtala slik: ¿Paa gaarden staar en en-etages gammel gjestestue av tømmer med spor efter en reisverks svalgang under frembygget tak paa den ene gavlside, likeledes efter fire nu forsvundne faste senger ved denne langvæg; paa de runde stokkevægger ind vendig malte dekorationer: draperier nederst og ovenover disse vaser med blomster og ranker; disse kan tyde paa 2. halvd. av 17. aarh. som opførelsestid.¿ I nord var bua bygd saman med ei lafta stovebygning, med lafta kove og sval/eldhus i standarverk, og med årstalet 1797 skore inn. Denne står enno, no med eit garasjetilbygg i bindingsverk der sengebua stod. Dette samanbygde huset er raudmåla med saltak og liggande supanelskledning.
Fornminne: Fjernet gravrøys - ikke lokalisert. T 12461 Ufullstendig spydspiss av jern, med damaskert blad. Funnet i 1922 under bortkjøring av en steinrøys (antagelig gravrøys).
Strandebarm prestegard ligg på elveøyra like ovanfor der Strandadalselva renn ut i Hardangerfjorden. Etter ein tradisjon som vart skriftfesta så tidleg som i 1661, skal prestegarden opphavleg ha høyrt til ein adelsslekt frå Oma, men vera skjenka kyrkja av riddaren Ivar Andresson Oma (Ivar Slede), omtala 1340. Derav namnet «Ivarshus» på prestegarden. Dei fleste av dei gamle husa på prestegarden vart rivne i 1907, mellom dei både ein gammal og ein nyare hovudbygning. Den sistnemnde var sett saman av fire ulike hus. Den noverande hovudbygningen vart reist same året og skal vera teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker. Av bygningar frå før 1907 står no att eit stabbur, ei borgstove og eit vedskjul som tener som garasje. Dessutan er naustet til prestegarden, som ligg i elveosen ved kyrkja, bevart. Desse fire husa er freda.
Bukken ligg på ei lita øy i skipsleia sør for Bergen, like nord for Krossfjorden. Anlegget består i dag av tre hus på austsida av øya. Hovudbygningen er eit kvitmåla panelt trehus i to etasjar, med pannetekt valmtak, louis seize-portal og empirevindauge. Huset ligg på ein gråsteinsmura terrasse nokre få m frå sjøen. Eit sjøhus, i to etasjar med saltak, ligg på eit gråsteinsfundament bygd ut i sjøen. Sjøhuset er kledd med kvitmåla panel og har ein lafta kjerne, med sval på to sider ¿ open i første etasje, lukka i andre. I gavlen mot sjøen er ei vindeark. Bak sjøhuset og ved sida av hovudhuset ligg tingstova, også den ein panelt tømmerbygning i to etasjar med valmtak, men raudmåla og med småruta vindauge. Rett bak hovudhuset låg eit paktarhus, i ein etasje med saltak, som vart rive ein gong etter krigen, truleg i 1950-åra. Det finst og ein jordkjellar, og på motsett side av øya er eit nyare naust med slipp.
Agatunet ligg på vestsida av Sørfjorden, om lag 150 m frå sjøen og rett nedanfor ein bratt fjellknaus som gjer ly mot ras. Den gamle bygdevegen går tvers gjennom tunet, vegen frå første del av 1900-talet går rett nedanfor medan den nye vegen er lagt i tunnel bak tunet. Før utskiftinga på slutten av 1930-talet låg dei fleste husa i eit klyngetun som omfatta meir enn 60 hus. Den sentrale og mest tettbygde delen av tunet, med rundt 30 bygningar, har vore eigd av Stiftinga Agatunet sidan då og er bevart nesten uendra. Husa er både lafte- og grindebygg, dei fleste med supanel – både måla og umåla – og helletekte saltak. Dei fleste våningshusa ligg langs vegen gjennom tunet, fleire store grindløer ligg samla i den nordlege delen, medan stabbur, eldhus og mindre uthus ligg meir spreidd rundt i tunet. Etter utskiftinga fekk fleire av bruka på garden tun på område rundt stiftinga si eigedom. Mange av dei gamle gardshusa vart rivne, både i samband med utskiftinga og seinare, men enno står 12 gamle hus her, både våningshus og mindre bygningar. Her er òg bygd nokre nye våningshus og løer. Nedanfor tunet, langs sjøen, er ei rekkje med gamle naust som har høyrd til garden. Områda rundt er elles grøne markar eller planta med frukttre.