"Ei segn fraa Rafoss ... fortel um ein mann som fylgde etter ein som hadde drepe broren. Daa drapsmannen ikkje kunde koma undan paa onnor vis vaaga han spranget yver strupen paa fossen, umlag 8 meter, og kom yver. Hin sprang etter men for i fossen. Her kom drapsmannen til og drog han upp att. Dei skildest daa vener og vel forlikte." "Det gjeng ei segn i dalen um ei gjenta som gjorde same storspranget. Ho var dømd fraa livet for ei ugjerning, kva det var, men vilde ho heller hoppa yver fossen so saag ho det sjølv. Ho greidde spranget og gjekk sidan fri. Mange trur at glipen yver fossen maa ha vore trongare fyrr, um segnerne byggjer paa røynlege hendingar."
"Paa Rafoss i Kvinesdal livde ein gong ein mann som heitte Stebaggje. Sume trur han var konge, men kva tid han livde veit ingen aa segja. I hans tid var me i krig med engelsmannen. Det kom ein engelsk her iland paa Øya og herja uppetter dalen. Daa Stebaggje fekk høyra dette samla han folk og heldt slag med fienden paa Englemoen ovaum Aamot i vestre dalen. Enden paa ota vart at engelsmannen laut ta floget. SUme seier at Englemoen hev namnet fraa dette, men andre segjer moen heiter so av di likfylgjet som kom med Besse i Knaben høyrde englesong daa dei for framum her. Paa Øvre Eikeland budde den gongen ein mann som hadde 12 søner og 13 hestar. Eikelandsbonden hadde set engelskmannen vart jaga og for til aa fæla at han no vilde snu paa Liknes og koma upp austre dalen. Han fekk sala hestarne i ein fart, og dermed tok han og sønerne til aa rida rundt "Endelaushaugen". Engelskmannen trudde det var ein stor her med folk og hadde seg ned att til sjøen snarast raad var. ... Paa Englemoen skal dei av og til ha funne gamle vaapen i jordi." "Besse Knaben er vel den einaste bondehelgen segni veit um fraa vaare kantar. Han kune faa votterne sine til aa hanga paa solstraalarne. Ein dag fekk han det ikkje til. So tenkte han yver kva synd han kunde ha gjort og kom i hug at han hadde gjenge framum eit bygaks som laag i vegen, og ikkje teke det upp. Han snudde, fann akset og tok det med seg, og sidan var det ingen vande med vottarne. Besse hadde 6 gamle mil aa gaa til Liknes kyrkja, endaa var han fyrste mannen med kyrkja joledags morgon. Men ein joledag sakna dei han. "Han kjem nok, anten daud eller livnade", sa presten. Og rett nok! Med dei saag uppetter vegen tok kyrkjeklokkorne til aa ringja av seg sjølve, og daa kom fjotlændingarne med liket hans Besse til Neset. SUme kvinesdøler trur at Englemonen ovanum kyrkja hev namn av at likfylgjet høyrde englesong daa dei kom dit med Besse. Paa Knaben er det eit sæte i berget som heiter Bessestolen den dag idag. Der heldt Besse bøn kvar morgon. Paa Hauland i Liknes er Bessebordet. Der heldt han maaltid naar han var til kyrkje."
I Grannen 4-1918 gjengis et sagn om Kappsøyna. Holmen tilhører Moi, "men i gamle dagar trettast dei um ho, dei paa Moi og Jerdal. So skulde dei gjera det av paa den visi, at ein mann fraa Moi og ein fraa Jerdal skulde springa heimefraa til same tidi, og den som fyrst naadde fram skulde eigna til seg øyi for seg og sine. Moismannen kom fyrst til maalet, og sidan hev Moisfolket aatt øya." Koren skriver i sin Omkring Lindesnes at det "paa holmer i Litleaaen skal ha været fundet stensætninger fra gammel holmgang." Det er rimelig å se tradisjonen og Korens opplysning i sammenheng.
"Millom Framvaren og Eidsfjorden - Listeidet - skal der være gjemt en umaatelig stor guldskat. Sagnet fortællet at den skal være nedgravet ved en bæk som gaar fra syd til nord ved siden av to store stener og en kjæmpehaug. Skattens størrelse skal dreie sig om flere hestelæss purt guld. Efter sigende skal til og med en forhenværende prest paa Lista ha læst det paa skind inde i Kristiania."
Et noe forvirret variant av sagnet om kjetta på Dovre er knyttet til denne lokaliteten: "Paa Skjekkeland i vestbygda holdt i eldgammel tid en mængde trold til i en stor fjeldknause. Blandt troldene var der særlig et som udmærket sig fremfor de andre ved sin uhyre størrelse. Det var deres store gud Trone, som alle de øvrige agtet og æret høit. Hvert aar en kort tid før store juleaften maatte folkene paa Skjekkeland rømme huset for da vilde troldene absolut holde julegilde der, hvorunder de gjerne holdt et svare leven og spetakel. Men saa hændte det en gang at en ensom omreisende fattigmand kom til Skjekkeland og bad om huslyd over julehelgen for sig og kameraten sin, en rød bikkje. Paa fattigmandens bøn svarte manden i huset at han desværre ikke kunde opfylde hans ønske, eftersom troldene da vilde være eneherrer i huset. Fattigmanden fik dog tilslut lov at bli helgen over i huset, hvis han selv turde. Da det led ut paa eftermiddagen store juleaften flygtet alle husets folk som vanlig til nabogaarden, kun fattigmanden og hunden hans blev alene tilbake. Han tok en gammel muskedunder som hang paa væggen og krøp rustet med denne bakom peisen for der i skjul sammen med hunden sin at oppebie troldenes komme. Ut paa kvelden kom de i en stor skare med sin høvding i spidsen. Alle bænket sig rundt det lange bord og gildet tok sin begyndelse. Da den rette stemning hadde indfundet sig og alt lot til at være paa det hyggeligste løftet et av de største et skummende sølvbæger, idet det reiste sig og utbrøt med høitidsfuld røst: - Naa skjænk eg vaar høge Trone. - Naa skjænk eg au den høge Trone, lød det idetsamme borte fra peisen og et drønende skud smalt. Fattigmanden hadde skutt Trone. I en fei grep troldene liket mellem sig og flyktet rædselslagne bort med fattigmandens sinte bikkje hylende efter sig. Men fattigmanden satte sig nu tilbords og forsynte sig av alle de herlige retter tilgangns. ... Siden kunde man hvert aar store juleaften borte fra fjeldknausen, hvor troldene holdt til, høre det rope: Er den raude bikkja der ennaa! Og en stund efter en dæmpet gravsang tone ut i julenattens høitidelige fred."
"Ein gong for lenge sidan kom det burt 2 born fraa Guddal med dei laag paa stølen sin um sumaren. Dei leita i 8 dagar, so høyrde dei so unders ven song i lufti, og gjekk etter ljoden. Rett nedunder der dei tykte songen let fann dei borni døde. Det kann vera ein fjordung veg fraa stølen deira Guddal. Dei kalla lidi for Salmelid sidan, og der er no gard. Ein aaker paa Salmelid heter Bodnaakren den dag idag. Og just der skulde det vera dei fann borni."
"Det var ein gong ein mann paa Birkeland som tok upp ein bytestein og kasta i Svinnlandstjødna. No gjeng han i Birkelandsskogen myrke neterne, vil faa steinen paa plass att; men kvar gong han fær han paa kneane lyt han sleppa att, og daa illskrik han so fælt. Folk skal ha høyrt han mange gonger."
"Det var tvo brør som tok til aa rydja gard i eine enden av vatnet. So saag den yngste burt i hin enden av vatnet og tykte der var finare. Han vilde dei skulde slutta arbeidet der dei var og fara til andre enden. Broren vilde ikkje vera med paa dette, men hin tok arbeidskvelden og gjekk. "No gjeng eg!" sa han. "Ja gaa du, din ubore!" sa broren. Det var til det at dei tufta der yngste broren vilde, men Uborsheia vart garden heitande etter di eldste broren hadde skjellt hin for ubore."