Ytre mål: 2,5 x 2 m. Indre mål: 1,5 x 1 m. Bunnform: Rekt. Kol påvise I botn av gropa med jordbor. Ikkje så tydelege vollar. Trestubbar rett ved gropa. Omlag 0,6 m djup
Lokaliteten vart fyrst påvist med funn av i underkant 100 avslag, flekker og flekkekjerner av flint og eit par moglege bergartsøkser, i hjulspora etter hogstmaskiner.
Vi har her ei høvesvis stor flate som skrår nedetter mot sør-søraust. Det er berg i vest og ein bergnabb i aust. I nord er det flatt eit par hundre meter. Avgrensinga her er litt vilkårleg, men basert hovudsakleg på funntomme prøvestikk. Det same gjeld i sør, sjølv om vi her har ei helling i terrenget ned mot Rønneldveien.
Jordlaga består av svart grastorv med raudbrun grus under. Undergrunnen er ljosare brungul grus. Flintfunna verkar å vere konsentrert i den raudbrune grusen. Heile lokaliteten er per no ei hogstflate.
Det er fleire strukturar og moglege kulturlag synlege i hjulsporprofilane. Vi nytta ikkje all verda med tid på å finreinse fram alt vi såg her, men påviste 3 klare strukturar i form av groper, som vart dokumentert med foto og innmåling. A1 vart radiologisk datert. I tillegg påviste vi ei kokegrop i botnen av prøvestikket P5. Det er difor stort sannsyn for fleire strukturar på lokaliteten. Ut i frå storleik og topografi er det også meir enn truleg at ein kan finne restar av huskonstruksjonar her.
Truleg ser vi restar etter aktivitet frå fleire tidsperiodar. Om flintfunna er strandlinjebasert, vil ei høgde over havet på rundt 67 meter datere den delen av lokaliteten til eldre steinalder – mellommesolitikum og den såkalla Trinnøksfasen – tidsrommet 7000-5600 fvt.
Kullgropa ligger på toppen av en flat høydedrag, omgitt av vegetasjon som hovedsakelig består av lyng og lave busker. Gropa er undersøkt både i plan og ved snitting. I plan fremstår gropa med en rektangulær bunn og en dybde på ca. 40 cm fra toppen av vollene til bunnen. Den har innvendige mål på ca. 1,5 meter i nord-sør-retning og 2 meter i øst-vest-retning, mens de ytre målene er omtrent 5,5 meter nord-sør og 3 meter øst-vest. Det er ingen voll i øst og vest, mens den sørlige vollen måler ca. 2 meter i bredde og 35 cm i høyde. Den nordlige vollen er ca. 2 meter bred og 20 cm høy. I profil viser snittet at dybden fra toppen av torvlaget til bunnen av kullgropa er ca. 35 cm på det dypeste, særlig i den østlige delen hvor det ble gravd gjennom mye stein. Et kullag på omtrent 10 cm tykkelse ligger direkte under torvlaget, som er ca. 10 cm tykt. Under kullaget ble det observert et lag med mye stein blandet med oransje jord.
Lokaliteten vart fyrst påvist med funn av 8 avslag av flint i hjulspora etter hogstmaskiner.
Lokaliteten er ei flate der terrenget skrånar svakt nedetter mot sør-søraust. Vi har berg i aust og vest. I nord skrånar det svakt oppover i ei smalare kløft. Dette området har topografisk potensiale for steinalderlokalitetar, men fleire funntomme prøvestikk avslørte ikkje eventuelle slike. Jordlaga her er mørk, fuktig torv med mykje stein. Avgrensinga i nord er difor sett opp til dette skiljet i jordmassane. I sør er avgrensinga ein kombinasjon av funntomme prøvestikk, plangrensa og vegen.
Lokaliteten er difor i praksis opninga på kløfta. Jordlaga er eit tynt humuslag med eit ganske tykt (30-40 cm) gråbrunt matjordlag under. I botnen finn vi raudgul grus. Flintfunna ligg hovudsakleg i dette matjordlaget. Prøvestikk P6 skil seg noko ut med å ha eit 20 cm tykt lag forhistorisk kulturmasse, enten i form av eit kulturlag, eller ein slags struktur. I dette laget vart det funne eit par keramikkskår, der det eine er eit tynt, finmagra skår med dekor.
Om flintfunna er strandlinjebasert, vil høgda over havet på rundt 69 meter datere den delen av lokaliteten til eldre steinalder – mellommesolitikum og Trinnøksfasen, rundt 7000-5600 fvt. Keramikken er derimot langt yngre, truleg frå yngre romartid eller folkevandringstid – 200-550 evt.
Lokaliteten er no ei hogstflate. Sentralt står eit vrak av ein bil og ei campingvogn parkert.
Nærast heile den nordlege tredjedelen av planområdet verka å vere ei gedigen steinrøys. Under overflatesøket var det uråd å kome nedi bakken sjølv med sonderingsboret. Unntaket var her oppe i nordvestre hjørne, som viste seg å vere eit parti med svært fin, raudgul sand. Fleire sjakter vart lagt der vi kom til inne i tette granskogen, men underleg nok var det berre den eine kokegropa som dukka opp. Mest truleg ligg det meir her, men det har nokre fleire utfordringar med seg å nytte maskin i skog. Det vart også observert eit par kolgroper i området.
Terrenget er høvesvis flatt, men skrånar svakt nedetter mot sør.
Sirkulær – trekol og skjørbrent stein. C14-prøve.110 x 110 cm.
Lokaliteten vart påvist med to funnførande prøvestikk.
Lokaliteten er ei flate som heller nedetter mot sør. I praksis er vi i utløpet av ei kløft som strekk seg 400 meter nordover. Lokaliteten avgrensast av berg i aust, der ein større åsformasjon endar, og ein mindre bergkolle i vest. I sør nyttar vi hellinga i terrenget, medan avgrensinga i nord-nordvest er meir vilkårleg.
Flata er i dag eit hogstfelt. Jordmassane varierer litt på dei to prøvestikka, der P9 har eit grått humushaldig lag over det raudbrune utfellingslaget. P10 har meir ein klassisk podsolprofil, men skil seg ut med å ha ei kokegrop i botn. Det vart sendt inn ei trekolprøve for radiologisk datering frå denne.
Om vi ser for oss at flinten representerer ein strandbunden lokalitet, vil ei høgde på ca. 69 moh datere lokaliteten til eldre steinalder – mellommesolitikum og Trinnøksfasen – tidsromet rundt 7000-5600 fvt.
Lokaliteten vart påvist med 3 funnførande prøvestikk.
Vi er på ei flate som skrånar nedetter mot sør-søraust. Det er låge berg i aust og vest. I sør avgrensast lokaliteten av at terrenghellinga endar. I nord flatar det ut, samt eit par negative prøvestikk. Jordmassane er klassiske podsolprofilar, men svært steinete i høve til det vi er vant med. Flata er tilvekst med furuskog. Sidan den har vore rydda, er det høvesvis opent.
Vi reknar det som svært truleg at denne lokaliteten er strandbunden. Høgda over havet er på rundt 80 meter. Då er vi attende til eldre steinalder – mellommesolitikum og Mikrolittfasen – tidsrommet ca. 8200-7000 fvt.
Rett vest for Rønneldveien 95 Bråten er det eit lite parti dyrka mark som har gnudd seg inn i planområdet. Det er ikkje store flekken, men topografisk tykte vi den var såpass interessant at vi ville sjakte der.
Terrenget er høvesvis flatt. Jordet stikk som ein ivrig finger inn mellom berg og stigande terreng i vest, nord og aust. I sør skrånar det svakt nedetter. Sjakta i vest ga lite, det var ein del moderne forstyrringar her, m.a. ei stor grøft. I tillegg var det ein del vegetasjonsmerker frå skogen som har vekse tett ved.
Sjakt 2 i vest var derimot ein annan sak. Her dukka det opp ein del strukturar. Grunna tørke, laus sand og ein del moderne uro, var det litt krokete å få styr på heilheita her, så vi opna opp ei sjakt til rett vest for sjakt 2. Her såg vi meir av det same. Det er i all hovudsak stolpehol vi finn her, samt nokre groper utan kjent funksjon. Det kan vere kokegroper, eldstadar eller anna. Det er ein del brent leire i fleire av strukturane, noko som er svært vanleg rundt forhistoriske gardsbusetnadar. Stolpeholet A13 inneheldt nokre grovmagra bitar keramikk. Vi sendte ei kolprøve frå gropa A16 til radiologisk datering.
Kullholdig gruslag med innslag av oransjebrun sand og stein. ganske porøs. Antas å være en rest av et kulturlag med større utstrekning. Datering foreløpig usikker pga. moderne rør like ved. begrenset til sørvestlige del av sjakten og antas å fortsette videre sør. Kan ikke undersøkes pga. hage.
Blesterovner, store slaggblokker, slette med tynt lag av røsta myrmalm, dunge med røsta malm og jernholdig myr som ser ut til å være bearbeidet.
Målinger av magnetisk susceptibilitet viste at jernvinneområdet dekker et areal på ca. 2200m2, og enkeltutslag ca 30 og 50 meter lenger sør ser ut til å indikere plasseringen av assosierte røsteplasser.