Det er tatt tre funnførande prøvestikk på lokaliteten, desse er teikna i profil og flata er teikna som prinsippskisse. På lokalitet 2 har ein fire- til femdeling av stratigrafien. Lag ein er mellom 5 - 16 cm tjukt og er i hovudsak røter frå torv, laus jord og barnåler. Under dette laget finn ein i prøvestikk 1 og 2 eit lag av ikkje fullstendig nedbrote organisk materiale - likt med det på lokalitet 1. Her er dette laget meir kompakt enn på lokalitet 1. Under dette laget finn ein i dei same prøvestikka eit lag med svart sand (oske og kolhaldig) på mellom 6 - 10 cm. tjukne. Det neste laget ein finn i prøvestikk 1 og 2 er eit lag med gråbrun sand stadvis svært kompakt. Dette laget finn ein att i prøvestikk nr. tre, som lag 2. Dette laget varierer mellom 5 - 17 cm i dei ulike stikka. Laget under dette er igjen er meir variert, i prøvestikk 1 er det lag med sand - gulgrå på farge som strekker seg ned til botn. I prøvestikk 2 kjem ein ned på eit lag av grå leire som eg ser på som avsetningar frå då vatnet stod over dette nivået. Dette leirlaget finn ein og i prøvestikk 3. Mengda funn på lokaliteten er relativt liten. Plasseringa av prøvestikka viser at lokaliteten truleg er svært stor og at ein naudsynleg ikkje har støtt på konsentrasjonar av noko slag. Strategrafien viser at det er eit lag som kan identifiserast som eit kulturlag på lokaliteten. Bruken av råstoff viser ei datering til tidlegaste del av yngre steinalder.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet påvist ved funn av bearbeidet flint. Ljosevatnet er et regulert vatn, og registreringen er gjort ved lav vannstand.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funn av bearbeidet flint ved lav vannstand i Ljosevatnet.
I dei seks prøvestikka som er tatt på lokalitet 3, er topplaget (torv) mellom 5 - 15 cm. tjukt. I prøvestikk 1, 2 og 4 er det eit lag av mest svart organisk materiale - som enno ikkje er omdanna til mold. Dette laget er mellom 15 - 30 cm tjukt og inneheld noko trekol ned mot overgangen til neste lag. I prøvestikk 5 og 6 er det eit tilsvarande mørk organisk lag, men dette er meir omdanna til jord og er meir plastisk i konsistensen. I dette laget er det berre nokre få bitar av kol. Lag 3 er for det meste grus med islag frå laget over. I prøvestikk 1 og 2 er det ein meir sandaktig konsistens på laget, men fargen er den same. I alle prøvestikka sett bort frå ps 5 er det i botn eit lag av grøngul leire. I ps 5 kjem ein ned på berg. Lokaliteten ligg på eit relativt flatt område, som i dag er småkuppert og overgrodd med krattskog. Området har tidlegare vore dyrka og dei øvste laga er nok noko omrota. Stratigrafien viser at eit mogleg kulturlag (nedre del av lag 2 og lag 3) kan identifiserast. Dette ligg djupt og har truleg i liten grad vorte råka av tidlegare jordbruksaktivitet.
Funn fra sjøbunnen i nivået 0-3 m under middelvannstand ved diabasgangens sørende. Uttakspor fra gangen i sonen -1 til 6 m. Funnene tatt ut i februar 1982 i forbindelse med marinarkeologisk registrering. Lokaliteten registrert som mulig brudd i mai 1978 av Svein Brandsøy og Asle Bruen Olsen, men de nye observasjonene gir bevis for bruddaktivitet.
Det er tatt i tre prøvestikk på lokaliteten, då den har klare topografiske grenser. Prøvestikka er dokumentert i profil i skala 1:10. Flaten er teikna som prinsippskisse der prøvestikka er markert. Stratigrafien på lokaliteten er svært varierande. I prøvestikk 1 har ein stratigrafi der ein kan identifisere 5 lag, medan ein i ps 3 har tre lag. På lokaliteten har ein her eit omlag 10 cm tjukt torvlag, her mest samansett av røter og grannåler. Skogen er her så tett at ein ikkje har noko undervegetasjon i det heile. I ps. 1 har ein eit lag med mørkt halvvegs omdanna organisk lag blanda med noko trekol. Under dette laget kjem ein på lag med sandjord. I ps 1 er dette raudbrunt på farge, medan det i ps 2 er meir brunleg. I ps 3 finn ein ikkje dette laget. men her har ein eit luftig lysegrått sand og gruslag. I ps 1 er dei to nedste laga (lag 4 og 5) svært grushaldig, og er skilt frå kvarandre på grunn av farge. I ps 2 har ein i lag 3, eit lag av hardpakka sandjord på vel 25 cm tjukne. Lag 4 er her lysegrå silt av same karakter som lag 5 i ps 1. I ps 3 er det nedste laget eit tilsvarande kompakt sandlag som lag 3 i ps 2. Området har nok som elles på flata vore nytta til jordbruksføremål. Det er ikkje identifisert noko eintydig lag som kan sjåast på som kulturlag. Funna ligg spreidd i frå midten av lag 2 og ned til og med lag 3. Om ein har eventuelle konstruksjonar vil desse truleg ligge så djupt at dei vil væra nokolunde intakte. På lokaliteten er det funne ein del kvartsittypar og flint, men ikkje rhyolitt. I alt er det gjort 71 funn i tre prøvestikk, mellom anna ein del mikro- og smalflekker i både flint og kvartsitt. Det er funne ein eldskåren stein som synest å væra slipt på over og undersida av eit ovalt tverrsnitt. Denne kan væra eit fragment av eit reiskap av noko slag. Funna på lokaliteten viser eit spekter av råstoff . Ein kan ikkje sjå noko skilje i mellom lagdelinga og råstoff, funna strekker seg nedover frå torvlaget og ned til undergrunnen. Ein har såleis truleg ein lokalitet med få bruksfasar. Med ei høgd på vel 14,3 meter er det rimeleg å sjå denne lokaliteten som mesolittisk. Materialet viser ikkje noko som skulle tilseie at yngre fasar skulle væra tilstade.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet påvist ved funn av bearbeidet flint. Ljosevatnet er et regulert vatn, og registreringen er gjort ved lav vannstand.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funn av bearbeidet flint ved lav vannstand i Ljosevatnet.
Det er tatt tre prøvestikk langs med bergveggen på lokaliteten. To av desse er funnførande og er dokumentert i profil i skala 1:10. Lokaliteten er og gjengitt i prinsippskisse. Stratigrafien på lokalitet 5 er noko uklar av di ein ikkje kan seia sikkert om ein her har rasmasse over lokalitetsområdet eller at steinane er ein del av lokaliteten. Lag 1 er eit torvlag på mellom 5 og 10 cm. Her har ein grastorv og røter frå busker og villbringebær. Under dette laget har ein eit lag med mørk brun jord iblant grus. Dette er godt og vel 35 cm tjukt. I ps 2 har ein under dette eit lag med gulbrun jord og blant med grus på vel 15 cm. tjukne. Lag 4 er kompakt leire og noko småstein. I ps 1 kjem ein etter lag 2 ned på stein - moglegvis rasstein. Dette gjer at ein her moglegvis vil ha at deler av lokaliteten no ligg under steinsprang frå bergveggen og platået like bak lokaliteten. Det vart ikkje observert noko trekol i prøvestikka. Det er funne eit reiskap, ein stikkel laga av ei flekke i flint. Det er og representert mikroflekker og smalflekker. Det er ei smalflekke i rhyolitt, elles er råstoffet flint og kvarts. Sjølv om lokaliteten har relativt lite førekomst av rhyolitt kan ein med lokaliteten si høgd over havet sjå lokaliteten i samanheng med andre tidlegneolittiske lokalitetar. Mengda funn er relativt liten, dette skuldast nok meir den topografiske situasjonen i dag der ein har eit tett lag med undervegetasjon og der ein truleg har hatt mogleg ras/steinsprang utover lokaliteten.
Det er tatt 5 prøvestikk på flaten rundt lokaliteten, her var berre eit funn gjevande og dette er dokumentert med teikning av profilen. Flaten der prøvestikka er gjort er teikna som prinsippskisse opp til lokalitet nummer 8 som er avgrensa av nokre av dei funntomme prøvestikka. Stratigrafien på lokaliteten er tredelt, her har ein først eit lag med grastorv på vel 20 cm. Under dette eit lag med mørkbrun jord med noko trekol omlag 15 cm tjukt. Lag 3 er eit brunsvart plastisk lag av sand blanda med småstein på vel 20 cm. Det er uvisst om ein kan sjå lag 2 og 3 som kulturlag. Funna strekker seg frå torvlaget og ned i lag 3. Truleg er laga forstyrra av landbruksaktivitetar i seinare tid. Funna viser at ein på denne lokaliteten har eit blanda råstoffinventar, der kvarts og rhyolitt dominerer. Sjølv om ein har eit lag under torva med trekol ligg funn spreidd vertikalt. Dette kan tolkast som at lokaliteten er forstyrra og at laga er omrota.
I svak SV hellende skråning: Fornminne: Kullgrop. Tydelig markert i terrenget. Gropa er rund, med diameter 5 m. Tydelig voll i S og SV. Bunnen er kvadratisk 1,5 x 1,5 m. Dybde 1 m. På vollen i NV stor gran.
Det er i alt tatt tre prøvestikk på flata, der eitt gav funn. Flaten er teikna som prinsippskisse og dokumentert i profil. Stratigrafien til det funnførande prøvestikket viser ein seks delt strategrafi. Her har ein først eit torvlag på vel 10 cm. Laget under er brunsvart og svært plastisk - vel 10 cm. tjukt. Lag 3 er ei linse med grå sand med ei maksimal tjukne på 4 cm. Lag 4 er eit 15 cm tjukt gulbrunt sandlag. Under dette får ein ei ny linse med raudbrun sand blanda med jord - berre 2 cm tjukk. Nedst har ein eit 10 cm. tjukt lag av gulbrun sand. Området lokaliteten ligg på har nok vore nytta til fleire føremål, både åker og veg ser ut til å ha vore lagt over deler av området. Dei ulike linsene av sand kan skuldast mykje trakk, då ein her har ein høveleg veg ned frå platået og til den gamle naustplassen på Leirvik gard. Det skal kring 1850-åra ha stått tre naust i daldraget nedanfor. I prøvestikka rundt på flaten er det observert trekol i lag som tilsvara lag 2 og 4. I desse vart det ikkje gjort funn. I prøvestikket er ein moglegvis i utkanten av eit kultur-/dyrkingslag.