Området er eit stort, ope og samanhengande viddelandskap med store myrområde, mindre innsjøar og stølsmiljø. Flæidn (‘vide flater eller vidder’) er eit eldre namn, medan nemninga Stølsvidda har vore i bruk dei siste 45 åra. Her er det nærare 600 stølar, og kvar tredje støl er framleis i aktiv bruk med utmarksbeiting, hausting av vinterfôr eller tradisjonell stølsdrift. Nær 50 av stølane har mjølkeproduksjon. Lang kontinuitet og stor aktivitet i området heng saman med tradisjon for husdyrhald og mangel på beite i bygda. Det blir òg drive stølsturisme basert på den aktive drifta og formidling av arbeidet på stølen. Den omfattande bruken av utmarksbeite gjer at store delar av landskapet framleis er ope. Nokre område er likevel prega av attgroing. Mange av stølane har gått over til å bli fritidshus, og nokre er heilt fråflytta. Det finst òg ein del hytter i skogbeltet. Den historiske vandreruta Stølsruta i Valdres (DNT og Riksantikvaren) vart merkt og tilrettelagd gjennom området i 2018. Stølsdrifta i dette området har fleire hundre år gamle tradisjonar. Dateringar frå andre område viser at den historiske forma for stølsdrift kan førast tilbake til seinmellomalderen, på 1400- og 1500-talet. Størst aktivitet var det med fullstølsbruket på 1700- og 1800-talet, då både folk og dyr hadde tilhald på stølen heile sommaren. I område med fullstølsbruk var det vanleg å ha to eller tre stølar, men frå midten av 1800-talet gjekk heimstølane som låg nærast gardane, ut av bruk. Ei kartlegging av verdifulle og utsette bygningsmiljø (Valdresmusea 020) viser at det finst 500–600 historisk interessante stølshus i området. Bygningane er sentrale for å forstå kor viktige stølsområda har vore som livsgrunnlag og kvinnearbeidsplass, i Valdres spesielt og i Noreg generelt. Her er eit mangfald av ulike bygningstypar frå ulike periodar i stølshistoria, som sel, kokehus, buer, mjølkeramper, løer, fjøs og naust. Nokre bygningstypar er særleg utsette og byrjar å bli fåtalige.
Stølane ligg samla i stølslag. Eit særtrekk ved byggjeskikken er at sel og fjøs er plasserte øvst på jordet og løe nedst, typisk for midtre del av Valdres.
Husa er anten lafta, bygde i reisverk eller ein kombinasjon. Sela er ofte panelte og måla, arakteristisk for Valdres. Bygningsmiljøa er prega av både eldre og nyare driftsmåtar. Byggjeskikken varierer ein del mellom dei ulike stølslaga. Råstølen på Kinnholt med sel, skåle, fjøs og låve, og dessutan ei kve, er freda som del av garden Rå i Vestre Slidre. Tidlegare vart vinterfôr hausta på utslåtter. Stadnamn og tufter etter utløer vitnar om denne bruken. Landskapet har innslag av kulturpåverka og artsrik naturbeitemark og slåttemark. Lokale stølsregistreringar av kulturminne utfyller historia om livet på og rundt stølane: Her finn vi kjølingskjelder, geiler, leikeplassar, badekulpar, lokkeplassar for budeiene, vegar, vegmerke, varp, røyser og steinmurar. Eit døme på ein stad med historie er Gråtarplassen, der budeiene tok farvel med mennene sine. Av munnlege tradisjonar kjenner vi òg gamle vêrmerke («vesta klare vil lenge vare – austa glette gje våt hette»), regler og segner. Runde morenehaugar med namn som Sevalshaugen og Sevathaugen har gjerne tradisjon om underjordiske, helst haugkallen Sevat eller Sevald. Dei malmhaldige myrane har gitt grunnlag for ei omfattande jernutvinning i jernalderen og mellomalderen. Utvinninga har etterlate seg talrike spor, som kolgroper og restar av jernvinneomnar. Det er gjort få undersøkingar om tidleg jakt og fangst, så dette har vi lite kunnskap om. Ved vatnet Reinsenn er det funne ein buplass som har vore i bruk i fleire omgangar gjennom store delar av jernalderen og mellomalderen.
På grunn av ei karakteristisk utforming av ein steinsett eldstad (arran/aernie) er det diskutert om den siste fasen kan tolkast som samisk busetjing.
Landskapet følgjer det breie og skogkledde dalføret frå Strøsdammen i vest og ned mot Hedalen i aust. I den slake dalbotnen ligg vatna Øvre og Nedre Grunntjern, Skrukkefylla, Suluvatnet, Nevlingen og Aurdalsfjorden omkransa av bratte skog- og fjellier på begge sider: Fledda mot nord, og Storrustefjell og Dyttholsfjellet mot sør. Vassfaret var tidlegare tilhaldsstad for ein bjørnestamme, og for mange er området uløyseleg knytt til skildringane av Vassfaret og jakta på slagbjørnen Rugg i forfattaren Mikkjel Fønhus’ bok Der vildmarken suser. Fønhus skreiv historia si i 1919, med inspirasjon frå det som er kjent som den lengste bjørnejakta i noregshistoria. Den DNT-merkte Ruggstien fører i dag opp til ei minneplate der bjørnen fall. Fønhus skildrar landskapet slik: «Mellem kalkhvite fjell krøkte Vassfaret seg nordover. Det var en trang fjelddal uten folk. Men vilddyrene skrek, og vildmarken nynnet ødets og vaarnattens sang. Gammel krokfuru i liene, snebøid bjørk i fjeldkraket, frodig unggran i dalbunden, alle spilte de kvistene ut og sang med.» Men Vassfaret er meir enn villmark. Kulturminna viser ei langvarig og mangfaldig utnytting av utmarksressursar. Det er særleg kulturminne knytte til skogsdrift og fløyting som pregar området, men jakt, fangst, fiske, jernutvinning og småbruks- og stølsdrift har òg sett spor. Skogsdrifta kan sporast tilbake til slutten av 1600-talet, med sikre kjelder om tømmerfløyting frå 1684. Som i andre skogsområde på Austlandet vart fløytinga i vassdraget særleg viktig då trelasthandelen auka i omfang utover 1700-talet. Det vart drive fløyting (eller brøtning, som det blir kalla her) fram til 1967. Kulturminne knytte til fløytinga er fire dammar, ved utløpet av Aurdalsfjorden, Nevlingen, Øvre Grunntjern og Strøsdammen. Ved demningane finst damvaktarbuer, overnattingshus for fløytarar og skogsarbeidarar, naust og fiskebuer. Det er minst 18 kjende tømmerkoier i Vassfaret, fleire med stallar. Langs elvane mellom vatna er det spor etter forbyggingar, og i vatnet innanfor dammen i Aurdalsfjorden finst fleire lensedoppar. Vi veit lite om tidleg busetjing i området. Under befolkningsveksten på 1700–1800-talet vart det trongt om plassen nede i hovudbygdene, og då gav dei marginale plassane i skogs- og villmarksområdet ei moglegheit for levebrød. Dei første kjende gardane vart rydda frå midten av 1700-talet og utover 1800-talet. På det meste skal det ha vore 12 bruk og 20–30 setrar her inne. Den vesle mølla ved elva mellom øvre og nedre Grunntjern vitnar om korndyrking. Kornhausten har likevel vore uviss, så mange livberga seg gjennom ein kombinasjon av skogbruk, jordbruk, jakt, fangst og fiske. Vassfarplassen og Amundheimen, ved Nevlingen, vart begge rydda rundt 1750. På Vassfarplassen er berre stabburet opphavleg, dei andre bygningane er sette opp på tuftene etter tidlegare bygningar i seinare tid. Her er òg artsrike slåttenger. På Amundheimen står i dag to lafta hus, som i seinare tid fungerte som skogshusvære. Like ovanfor står ei lita jakthytte i sveitserstil som truleg vart reist rundt 1900. Skulestua for området stod på Vassfarplassen frå 1866, men vart seinare flytta til Amundheimen. Den siste garden vart fråflytta i 1914. Den siste fastbuande i området var Berte Skrukkefyllhaugen (1854–1950), som voks opp på plassen Skrukkefyllhaugen ved vatnet Skrukkefylla mellom Aurdalsfjorden og Nevlingen. Plassen vart rydda rundt 1840 og fråflytta etter brann i 1891. Berte og mannen budde i Vassfaret til 1921. Frå 2012 er stue, låve og fjøs gjenreiste på Skrukkefyllhaugen. Fleire setrar har bevarte eller gjenreiste hus. Under andre verdskrig vart hovudkvarteret for heimefrontbasen «Elg» etablert her, og fjellpartia rundt Vassfaret vart brukte mykje som slepplass for forsyningar frå England. Ein kan framleis finne sleppkonteinarar i området. På Vassfarplassen og Amundheimen vart det arrangert troppssjefskurs, nokre av dei første og mest omfattande kursa som vart haldne i det okkuperte Noreg. Fleire hus har hatt ulik bruk, mellom anna vart dei fråflytta husa på småbruka tekne i bruk som skogshusvære. Fleire av bygningane her kan truleg knytast til både jakt, fangst, fiske, jordbruk og skogbruk. Dette er karakteristisk for eit område der ressursane i utgangspunktet er marginale for fast busetjing, men der ei brei og mangfaldig utnytting av det som var tilgjengeleg, likevel gjorde det mogleg å leve her. Etter etablering av verneområda i 1985 vart det laga ein kulturvernplan for delar av Indre Vassfaret, som mellom anna la vekt på vedlikehald av kulturminne og på å revitalisere skogsdrift i undervisningssamanheng. Ein avtale mellom Fylkesmannen i Oppland og grunneigarar var knytt til planen, som sist vart revidert i 2003. I perioden 1991 til 2007 vart det drive tradisjonell hogst, køyring og fløyting.
Området ligg innanfor eit stort, ope landskapsrom rundt innsjøen Randsfjorden. Opp frå Randsfjorden ligg slake lisider der leirjord gir gode føresetnader for jordbruk. Landskapet går etter kvart over i skogkledde åsar med grus/morenejord. På vestsida strekkjer åsane seg opp til 500–600 meter over havet. Frå midten av 1800-talet fekk skogeigande bønder langs Randsfjorden eigedomsrett til allmenningen til kongen. Samtidig vart dei strenge sagbruksprivilegia frå 1600-talet oppheva. Den teknologiske utviklinga med dampsagbruk, høvleri, tremasse-, cellulose- og papirindustri gav bøndene store moglegheiter til økonomisk utbytte av skogen. Høgkonjunkturen for skogbruket i Land varte til det vart eit kraftig fall i tømmerprisar i 1921. I same periode gjekk jordbruket gjennom eit hamskifte med modernisering og mekanisering, og vart i større grad marknadsretta. Den gode økonomien førte til stor byggjeaktivitet på gardane med store skogeigedommar. Store våningshus i dei rådande stilartane, som sveitserstil, drakestil, jugend og nyklassisisme, og dessutan store einskapslåvar vart bygde. Det var inntektene frå skogbruket, ikkje jordbruket, som la grunnlaget for byggjeaktiviteten. I det same området finn vi òg bygningane til dei som jobba på skogen, både husmannsplassane der dei budde, og koiene der dei oppheldt seg under arbeidet. Desse små og enkle bygningane står i sterk kontrast til skogeigargardane og viser at ikkje alle samfunnslag fekk ta del i den økonomiske utviklinga. Dei skogrike åsane rundt Randsfjorden ligg langt frå skipsleia, og skogbruket var lite utvikla før 1700-talet. Skogen hadde vorte brukt av dei gardane som hadde rett til å hente ut tømmer til eigen bruk i den kongelege allmenningen. Frå gammalt av vart elvane brukte til transport av hus- og vedtømmer, medan den første kjende fløytinga for eksport var i 1634. På 1660–70- talet fekk fut Jørgen Phillipsson kongeleg privilegium på tømmerbruk i kongens allmenning i fleire delar av området, og dessutan rett til fløyting, utbygging av fossefall og førsterett til å kjøpe tømmer av bøndene. Han bygde dammar, sluser og andre installasjonar i Lomsdals-vassdraget, som var det viktigaste fløytingsvassdraget på Veståsen, og som dekte eit enormt skogsareal. Randsfjorden gav gode moglegheiter for transport av trelast til Drammen. I Noreg var den kystnære skogen i stor grad uthogd på 1700-talet. Skogsområda i innlandet vart viktigare. Då bøndene fekk eigedomsrett til kongens allmenning på midten av 1800-talet, spreidde utbyttet frå skogbruket seg til fleire av grunneigarane. Dei fleste av dagens fløytingsanlegg i Lomsdals-vassdraget er bygde i perioden 1870–1905. Her finst mange kulturminne etter fløyting, som elveforbyggingar, dammar, damhytter, skogshusvære, stallar, naust og fiskebuer. Etter andre verdskrig vart fløytinga i aukande grad utkonkurrert av frakt med lastebil på vegar ned til Randsfjorden. Fløytinga i vassdraget tok slutt i 1968. I regi av foreininga Lomsdalsvassdragets bevaring vart det i 1994 gjennomført eit restaurerings- og formidlingsprosjekt knytt til dammar, skogshusvære o.a. Fallselva eigna seg ikkje like godt til fløyting, men fossefalla gav kraft til industri. Utviklinga av tettstaden Holmen – seinare kalla Fall – er knytt til bruk av kraft frå Fallselva til ulik verksemd frå slutten av 1700-talet og framover. Mellom anna vart vasskrafta brukt til sagbruk og garveri og Holmen Mølle, som var i drift frå 1908 til tidleg 1960-tal. I 1874 kom Lands Træsliberi i drift, og i 1910 vart Skrankefoss Træsliberi anlagt noko høgare i elva. Tremasse og ferdige pappprodukt kunne fraktast ut frå Fall stasjon (1902) på Valdresbanen rett ved. Fabrikkane ved Fallselva fungerte som hjørnesteinsbedrifter i Fall og Holmen. Dei vart nedlagde i 1962, med store konsekvensar for lokalbefolkninga. Nokre fann seg arbeid ved andre treforedlingsfabrikkar, men mange vart vekependlarar til Oslo. Produksjonsbygg på dei to fabrikkane inngår som del av ein kultursti med kulturminne knytte til Fallselva. Stien vart vald ut som Søndre Lands tusenårsstad. Fabrikkane er godt bevarte døme på ei verksemd som i ein periode var svært viktig for regionen. Arbeidarbustader, funksjonærbustader og direktørbustad speglar den sosiale strukturen i den tidlege industristaden. Tradisjonelt skogbruk og treforedlingsindustri har vore eit viktig næringsgrunnlag for gardbrukarar og gitt industriarbeidsplassar til tidlegare husmenn og småbrukarar. På 1920- og 30-talet kom delar av arbeidarklassen, hovudsakleg skogsarbeidarar, i konflikt med det lokale næringslivet, stort sett skogeigarar. Årsaka til den såkalla Randsfjord-konflikten var eit dramatisk fall i tømmerprisane frå 1921–22, men konflikten gjaldt prinsipielt organisasjons- og forhandlingsretten. Han varte frå 1929 til 1936 og fekk langvarige etterverknader for forholdet mellom folk i bygda.
Det bølgjande mosaikklandskapet vekslar mellom frodige jordbruksareal, skog og våtmarksmiljø med store naturverdiar. Landskapet rundt Røykenvik er relativt storskala, med stor vasspegel og lange lisider. Tingelstadhøgda og Granavollen har eit småkupert landskap som vekslar mellom opne landskap med vidt utsyn og mindre, avgrensa landskapsrom. Området inngår i kambrosilurbygdene rundt Mjøsa og Randsfjorden, som på grunn av næringsrik morenejord med kambrosiluriske bergartar har hatt særleg gode føresetnader for jordbruksdrift. Funn av steinøkser viser at det var jordbruksdrift i området alt i yngre steinalder. To bronselurar som er funne ved Nes i Røykenvik, og dessutan flintdolkar og steinar med skålgroper, gir glimt inn i busetjinga i bronsealderen. Den store mengda kulturminne frå jernalderen teiknar eit bilete av eit samfunn der makt og rikdom sette sitt preg på landskapet. Steinringen på Bilden, gravminne, dyrkingsspor, konsentrasjonar av kokegroper og moglege tufter viser dette. Heile tre steinkyrkjer på Granavollen og Tingelstadhøgda, og dessutan eit profant steinhus knytt til prestegarden, vitnar om eit religiøst maktsenter i mellomalderen. Det finst òg tufter etter tidlegare stavkyrkjer på Dvergsten og Grindåker. Granavollen har vore eit viktig religiøst, politisk og kulturelt
senter langt tilbake i tid. Sentralt i kulturmiljøet her ligg Mariakirken og Nikolaikirken frå 1100-talet, kalla Søsterkyrkjene. Eit av hjørnetårna (stopulen) i ein opphavleg høg ringmur er framleis bevart. Ei godt bevart strekning av Den bergenske kongevegen går forbi Søsterkyrkjene, vidare nordover til den romanske mellomalderkyrkja Tingelstad gamle kyrkje frå 1200-talet på Tingelstadhøgda og vidare til Brandbu. Truleg er vegfaret her enda eldre. Det knytte dei store gardane og kyrkjestadene i området saman. Vegen følgjer heile høgderyggen over Granavollen og Tingelstad og er ein del av dagens tilrettelagde pilegrimsveg. På motsett side av kyrkjevangen frå Søsterkyrkjene ligg Granavolden Gjæstgiveri, med tre freda bygningar.
Her var det skysstasjon alt på 1600-talet, og i 1716 fekk eigaren kongeleg privilegium til å drive gjestgiveri etter innsatsen sin i trefninga med svenske styrkar på Harestua under den store nordiske krigen. Tett inntil gjestgiveriet ligg framleis gardstun med busetnad frå førre hundreårsskifte. Telthuset på Granavollen vart oppført litt nord for Søsterkyrkjene på 1700-talet og dannar saman med kyrkjer og kyrkjevang, kongeveg, gjestgiveri og prestegard eit heilskapleg kulturmiljø frå denne tida. Den norske hæren som vart oppretta i 1628, var basert på eit system der gardane gjekk saman i legder som kvar utrusta ein soldat. Øvingane gjekk først føre seg på kyrkjebakken etter kyrkjetid. På 1700-talet kom eigne ekserserplassar, og det vart bygd eigne telthus for lagring. I kulturmiljøet på Granavollen inngår også kommunehus frå 1846, ein kyrkjestall frå 1930-talet og eit samvirkelag frå 1950-talet. I vest, litt utanfor det sentrale bygningsmiljøet, ligg Gran prestegard med steinhuset frå 1200-talet og ein rekonstruert prestehage frå 1700-talet, og i nord ligg presteenkesetet Sjo frå slutten av 1700-talet. Aasmund Olavsson Vinje døydde på Sjo under eit besøk i 1870 og er gravlagd ved Søsterkyrkjene. I kulturmiljøet nær Tingelstad gamle kyrkje ligg òg nye Tingelstad kirke frå 1866, og Klokkerlåven, bygd med materiale frå stavkyrkja på Grindåker. Landskapet her er òg prega av Hadeland Folkemuseum, med om lag 30 antikvariske bygningar. På Nes i Røykenvika står ei korskyrkje frå 1730. Denne kyrkja erstatta i si tid ei steinkyrkje frå mellomalderen, truleg frå 1100-talet. På grunn av plasseringa var ved Randsfjorden var det i Røykenvik på 1800- og 1900-talet eit lite sentrum, med handel og knutepunkt for samferdsel, med togstasjon og dampskipsbrygge. Tømmertransporten på Randsfjorden var viktig. Det var brenneri her frå 1856 til 1978. Nokre bygningar står att frå denne tida. I dag er området eit heilskapleg jordbruksområde med 246 landbrukseigedommar der det blir drive eit aktivt og variert jordbruk med produksjon av korn, gras, potet, grønsaker og bær. 49 av desse har husdyrdrift med sau, mjølkeku, storfe, gris, høns eller hest. Mange av gardane har godt bevarte freda og verneverdige bygningsmiljø. Her er staselege midtkammerbygningar, store, forseggjorde stabbur og store, raudmåla kombinerte driftsbygningar. I tillegg ligg enkelte tidlegare husmannsplassar innanfor området. Eit stort nettverk av småvegar og gamle fegater i området har vore aktivt tilrettelagde og skilta sidan 1990-talet.
Landskapet inngår i kambrosilurbygdene rundt Mjøsa og Randsfjorden og er prega av vide, bølgjande sletter og slake åsar. Nemninga «kambrosilurbygdene» kjem av at området har mykje kambrosiluriske bergartar som lett forvitrar og skaper næringsrik morenejord. Dette jordmonnet er svært gunstig for jordbruksdrift. Busetjinga i landskapet går tilbake til yngre steinalder. Funn rundt Lena og Hoffsvangen vitnar om at dette var eit viktig politisk og økonomisk sentrum i jernalderen, og fleire gardar har vore svært velståande. På garden Gile er det eit gravfelt med over 90 gravminne, der det er gjort ei mengd gjenstandsfunn. Særleg er funna frå romersk jernalder (0–400 e.Kr.) spektakulære, både når det gjeld mengd, konsentrasjon og type kulturminne. Det er òg rike funn frå vikingtida. Rune- og biletsteinane frå Alfstad, Stabo og Gile stadfestar at området hadde ein sentral posisjon i yngre jernalder. Også dei to steinkyrkjene frå mellomalderen på Hoff og Balke er uttrykk for dei rike ressursane i området. Dei viktigaste spora frå jernalderen er funne oppe på terrengryggen frå Stabo, via Alfstad og Lillo, Hoff og Gile og ned til Balke og Dyren. Dette området ligg noko tilbaketrekt frå Mjøsa. Funn tyder på at arealet langs innsjøen i mindre grad var prega av sentralgardar med makt i jernalderen. På 1700- og 1800-talet etablerte fleire offentlege tenestemenn seg i området, med inntekt frå både embetsgjerning og gardsdrift. På embetsmannsgardane og dei rikaste gardane vart det bygd store, staselege midtgangsbygningar. Mange av desse våningshusa er rappa, ein teknikk der tømmerbygningar er overflatebehandla med leire og overmåla med kalkmåling. Leire og kalk er truleg funne lokalt. Fleire salar på gardar i området er dekorerte av kunstnaren Peder Balke. På gardane Vestre og Østre Balke, Billerud, Hoff prestegård og Rognstad står til saman ni freda bygningar. I tillegg finst det fleire bevarte tidlegare husmannsplassar, småbruk, bureisingsbruk og arbeidarbustader. Det er fleire førekomstar av artsrike, kulturpåverka naturtypar i området.
Mjøsa har vore ei naturleg hovudferdselsåre, der folk har brukt båt på sommarstid og hesteskyss over isen på vinteren. Heilt sør i området ligg den såkalla Kongsstøa i Sundvika nedanfor garden Dyren. Hamna er nemnd i 1600-talskjelder, men har truleg røter tilbake til mellomalderen. I nyare tid har bryggjemiljøet på Kapp vore eit viktig knutepunkt for ferdsel på Mjøsa, og fleire av dei gamle bryggjeanlegga er bevarte. Her ligg kongsbåtbryggja Talloddenbrygga frå 1600-talet, som vart brukt av bøndene som hadde plikt til å skysse offentlege personar. Smørvikbrygga frå tidleg 1800-tal ligg der framleis. I 1885 vart ho erstatta av Kapp brygge då Vikens Dampskip Selskap etablerte pakk- og ekspedisjonshus der. I samband med at MF «Hamar–Kapp ferjen» vart sett i rute i 1951, vart det i tillegg bygd ei eiga ferjebryggje. På land finst eldre vegfar som er bevarte frå Sundvika og vestover, og mellom Balke og Hoff har vegen holvegpreg. I den vestlege delen av området kjem Kjølvegen inn, ein gammal ferdselsveg over «Femmilsskogen» mellom Hadeland og Toten. Mjølkefabrikken på Kapp vart etablert i 1889 og produserte usukra kondensert mjølk på blekkboks – Viking Melk. Nestlé kjøpte opp produksjonen i 1898, og dette var den første staden firmaet etablerte seg utanfor Sveits. Fabrikken var den største arbeidsplassen i kommunen, men vart nedlagd i 1928. I dag husar han mellom anna Kulturskolen Mjølkefabrikken og funksjonar for Mjøsmuseet. Etter krigen vart jordbruket i området i stor grad lagt om frå korn- og mjølkeproduksjon til grønsaksdyrking. Dagens jordbruk er prega av potet- og grønsaksproduksjon og noko husdyrhald. Området har store oppdyrka areal, karakteristisk for det moderne jordbrukslandskapet. Området må òg sjåast i samanheng med den rike kulturhistoria på den andre sida av Mjøsa, med Helgøya og Hamar domkirke som viktige element.
MERK: Den ytterste avgrensingen markerer Circumferensen som er buffersonen. UNESCO verdensarvområdet består av de mindre avgrensingene som er innenfor denne buffersonen.
Gruvedrift og jordbruk var grunnlaget for Røros sin eksistens. Dette viser seg i byens bygningsmessige struktur. Byplanen reflekterer en teknologisk og industriell utvikling. Tradisjonell byggeskikk i tre viser innbyggernes todelte livsgrunnlag som både bergverksarbeidere og jordbrukere. Kompakte gårdsanlegg er innpasset i et urbant planmønster og tilpasset beliggenheten i et karrig fjellterreng med ekstreme klimatiske betingelser.
Byens uttrykk er skapt av lokale byggetradisjoner og impulser som kom utenfra i forbindelse med Kobberverkets utvikling og drift (1644 – 1977).
Etter at byen ble brent i 1678-79 har ingen dramatiske hendelser inntruffet, men jernbanens ankomst i 1877 førte til en total omlegging av Verkets drift samtidig med endringer innen allmenn byggeskikk.
Røros ble innskrevet på listen over verdens kultur- og naturarv i 1980.
Circumferensen
I 2010 ble de omkringliggende områdene rundt Røros bergstad, den såkalte Circumferensen, skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste.
Utvidelsen omfatter bergstaden med omkringliggende landskap og de viktigste gruveområdene samt Femundshytta, som representant for de fjerntliggende smeltehyttene og vintertransportruten fra Tufsingdal over Korsjøen til Røros. Hele cirumferensen, privilegieområdet som ble gitt til Røros kobberverk av Chrisitan IV i 1646, får status som buffersone.
Utvidelse av verdensarvområdet er viktig for formidlingen av hele bergverkshistorien og menneskenes innsats for å overleve under svært vanskelige klimatiske forhold.
MERK: Den ytterste avgrensingen markerer Circumferensen som er buffersonen. UNESCO verdensarvområdet består av de mindre avgrensingene som er innenfor denne buffersonen.
Gruvedrift og jordbruk var grunnlaget for Røros sin eksistens. Dette viser seg i byens bygningsmessige struktur. Byplanen reflekterer en teknologisk og industriell utvikling. Tradisjonell byggeskikk i tre viser innbyggernes todelte livsgrunnlag som både bergverksarbeidere og jordbrukere. Kompakte gårdsanlegg er innpasset i et urbant planmønster og tilpasset beliggenheten i et karrig fjellterreng med ekstreme klimatiske betingelser.
Byens uttrykk er skapt av lokale byggetradisjoner og impulser som kom utenfra i forbindelse med Kobberverkets utvikling og drift (1644 – 1977).
Etter at byen ble brent i 1678-79 har ingen dramatiske hendelser inntruffet, men jernbanens ankomst i 1877 førte til en total omlegging av Verkets drift samtidig med endringer innen allmenn byggeskikk.
Røros ble innskrevet på listen over verdens kultur- og naturarv i 1980.
Circumferensen
I 2010 ble de omkringliggende områdene rundt Røros bergstad, den såkalte Circumferensen, skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste.
Utvidelsen omfatter bergstaden med omkringliggende landskap og de viktigste gruveområdene samt Femundshytta, som representant for de fjerntliggende smeltehyttene og vintertransportruten fra Tufsingdal over Korsjøen til Røros. Hele cirumferensen, privilegieområdet som ble gitt til Røros kobberverk av Chrisitan IV i 1646, får status som buffersone.
Utvidelse av verdensarvområdet er viktig for formidlingen av hele bergverkshistorien og menneskenes innsats for å overleve under svært vanskelige klimatiske forhold.
MERK: Den ytterste avgrensingen markerer Circumferensen som er buffersonen. UNESCO verdensarvområdet består av de mindre avgrensingene som er innenfor denne buffersonen.
Gruvedrift og jordbruk var grunnlaget for Røros sin eksistens. Dette viser seg i byens bygningsmessige struktur. Byplanen reflekterer en teknologisk og industriell utvikling. Tradisjonell byggeskikk i tre viser innbyggernes todelte livsgrunnlag som både bergverksarbeidere og jordbrukere. Kompakte gårdsanlegg er innpasset i et urbant planmønster og tilpasset beliggenheten i et karrig fjellterreng med ekstreme klimatiske betingelser.
Byens uttrykk er skapt av lokale byggetradisjoner og impulser som kom utenfra i forbindelse med Kobberverkets utvikling og drift (1644 – 1977).
Etter at byen ble brent i 1678-79 har ingen dramatiske hendelser inntruffet, men jernbanens ankomst i 1877 førte til en total omlegging av Verkets drift samtidig med endringer innen allmenn byggeskikk.
Røros ble innskrevet på listen over verdens kultur- og naturarv i 1980.
Circumferensen
I 2010 ble de omkringliggende områdene rundt Røros bergstad, den såkalte Circumferensen, skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste.
Utvidelsen omfatter bergstaden med omkringliggende landskap og de viktigste gruveområdene samt Femundshytta, som representant for de fjerntliggende smeltehyttene og vintertransportruten fra Tufsingdal over Korsjøen til Røros. Hele cirumferensen, privilegieområdet som ble gitt til Røros kobberverk av Chrisitan IV i 1646, får status som buffersone.
Utvidelse av verdensarvområdet er viktig for formidlingen av hele bergverkshistorien og menneskenes innsats for å overleve under svært vanskelige klimatiske forhold.
MERK: Den ytterste avgrensingen markerer Circumferensen som er buffersonen. UNESCO verdensarvområdet består av de mindre avgrensingene som er innenfor denne buffersonen.
Gruvedrift og jordbruk var grunnlaget for Røros sin eksistens. Dette viser seg i byens bygningsmessige struktur. Byplanen reflekterer en teknologisk og industriell utvikling. Tradisjonell byggeskikk i tre viser innbyggernes todelte livsgrunnlag som både bergverksarbeidere og jordbrukere. Kompakte gårdsanlegg er innpasset i et urbant planmønster og tilpasset beliggenheten i et karrig fjellterreng med ekstreme klimatiske betingelser.
Byens uttrykk er skapt av lokale byggetradisjoner og impulser som kom utenfra i forbindelse med Kobberverkets utvikling og drift (1644 – 1977).
Etter at byen ble brent i 1678-79 har ingen dramatiske hendelser inntruffet, men jernbanens ankomst i 1877 førte til en total omlegging av Verkets drift samtidig med endringer innen allmenn byggeskikk.
Røros ble innskrevet på listen over verdens kultur- og naturarv i 1980.
Circumferensen
I 2010 ble de omkringliggende områdene rundt Røros bergstad, den såkalte Circumferensen, skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste.
Utvidelsen omfatter bergstaden med omkringliggende landskap og de viktigste gruveområdene samt Femundshytta, som representant for de fjerntliggende smeltehyttene og vintertransportruten fra Tufsingdal over Korsjøen til Røros. Hele cirumferensen, privilegieområdet som ble gitt til Røros kobberverk av Chrisitan IV i 1646, får status som buffersone.
Utvidelse av verdensarvområdet er viktig for formidlingen av hele bergverkshistorien og menneskenes innsats for å overleve under svært vanskelige klimatiske forhold.
Hustadvika er eit av dei mest krevjande havstykka langs Norskekysten. Farvatnet er ureint, med små øyer, holmar, skjer og båar, og det er særleg vêrhardt, med sterke straumdrag. Gjennom tidene har det vore eit utal forlis på denne strekninga. Eit av dei mest kjente skipsvraka er det såkalla «Stopleleivraket», som vart oppdaga av dykkarar i 1985. Vraket var av ei hollandsk seglskute, som hadde forlist tidleg på 1700-talet. Meir enn 300 gjenstandar er henta opp frå vraket, og nokre av desse er i dag stilte ut på museum. På grunn av dei mange skipsvraka som ligg her, vert havstykket langs Hustadvika rekna som ein eigen skipskyrkjegard. For å lette navigasjonen og gi landkjenning vart det sett opp eit fyr på Kvitholmen allereie i 1842. På Bjørnsund, sør om leia, vart det bygd fyrstasjon i 1871. Seinare har det kome fleire fyrlykter, stakar og andre sjømerke langs denne leia. Strandlandskapet langs Hustadvika er kupert, med viker, tangar, berg og smale sund. Lenger inne er det eit meir ope, myrlendt strandflatelandskap, innramma av einskilde, markerte fjellformasjonar, som til dømes kystfjellet Stemhesten. Stemhesten har til alle tider vore eit landemerke for dei sjøfarande. Gardsskipnaden her er ei blanding av små og større bruk. Bygdene Farstad og Hustad har nokre av dei største gardane i Romsdal. I myrlendte furer mellom nakne berg attmed sjøen ligg dei minste gardane, fiskarbondebruka. Tunskipnaden her er gjerne orientert langs leia (SV-NØ). Maleremmen, som i dag er museum, står som døme på eit typisk fiskarbondebruk. Store, djupe torvmyrer pregar Hustadvika. I eit elles skogfattig landskap, var difor skjering av torv, til brensel, utbreidd. Sanking, tørking og brenning av tong var ei vanleg attåtnæring. Tong-oska vart eksportert og nytta i glas-produksjon og til framstilling av jod. På øyer og holmar finn vi restar etter rorbuanlegg og fiskevær. På Teistklubben låg både fiskevær og losstasjon. Losstasjonen er freda, og bygningane her gir innblikk i ei tid då desse sesongbaserte samfunna var talrike langs Romsdalskysten. Hustadvika er blant områda i Møre og Romsdal med flest registrerte fornminne. Dette har nok samanheng med plasseringa langs den sentrale kystlina mellom sør og nord, enkel tilgang til rike fiskefelt og gunstige vilkår for jordbruk. Her finst rike spor etter steinalderbuplassar, samt gravminne frå både bronsealder og jarnalder. Mange av desse er såkalla kystrøyser, vendt mot leia, og lagt dominerande til på nes, berg eller strandflatar. Eit døme her er Hogsneset på Nerland, der ei stor gravrøys ligg godt synleg ved innsiglinga til Hustadbukta. På Malefeten ligg eit rullesteinsgravfelt med om lag 30 gravrøyser frå perioden omkring 400–900 e. Kr. I Sandvikhagen finn vi det største gravfeltet i Romsdal, med om lag 150 små haugar. På Hustad ligg Aslaksteinen, ein omkring 200 meter lang klippeformasjon, som på folkemunne går for å ha vore ei bygdeborg. Arkeologiske undersøkingar her
har avdekt gjenstandar og kulturlag frå jarnalderen.
Ein tidlegare kongsgard og adeleg setegard på Hustad er nemnd første gong i 1122/1123, då kong Øystein Magnusson, i følgje Snorre, døydde under eit opphald her. Det er ikkje synlege spor etter kongsgarden i dag, men det er påvist rike arkeologiske spor etter førhistorisk gardsbusetnad i området. Ein bauta til minne om kongen, er reist her. Langs Hustadvika var fiskarbondetradisjonen
levande fram til byrjinga av førre hundreåret. Utover på 1900-talet bidrog nydyrking og eit meir mekanisert jordbruk, kombinert med større og meir ressurskrevjande fiskefartøy, til auka grad av spesialisering. Nye generasjonar måtte velje om dei ville bli bønder eller fiskarar – om dei då ikkje hamna i heilt andre yrke.
Fiskeværet Bud er omtalt i skriftlege kjelder frå mellomalderen, men kan ha røter tilbake til vikingtid.
På 1500- og 1600-talet var Bud den viktigaste handelsstaden langs heile kyststrekninga mellom Bergen og Trondheim. Dei som budde på fiskeværet Bud eller på øyværet Bjørnsund var aldri ein del av fiskarbondetradisjonen. For dei fleste av desse var fisket
einaste utkome. Mellom Bud/Gule og Hustad ligg spor etter den såkalla «Kongevegen». Vegen, som kan følgjast i fleire kilometer, er truleg frå mellomalderen.
I mellomkrigstida vart det opna for nydyrking på eksisterande bruk og oppdyrking av nye bruk langs
Hustadvika. Oppdyrkinga var ein del av Ny jordrørsla, der det første feltet i det som vart kalla Fræna-Farstad Ny jord, kom i 1919. Dette var ein statleg fremma bureisingspolitikk som skulle gjere folk meir sjølvstendige som eigarar, og styresmaktene ville ta landet i bruk til jordbrukstenlege føremål, og demme opp for emigrasjon. Ergan kystfort på Bud vart bygd i 1941. Kystfortet var ein del av Atlanterhavsvollen, som den tyske krigsmakta sette opp under andre verdskrigen. Kommandosentralen til kystfortet var plassert inne i fjellet. Anlegget, som var operativt i perioden 1942-1945, låg strategisk til for skipstrafikken. Ergan kystfort er teke vare på, og er i dag eit krigshistorisk museum som tematisk sett omhandlar fleire sider av den nazistiske okkupasjonshistoria. Atlanterhavsvegen, som opna i 1989, er ein del av den nasjonale turistvegen mellom Averøy og Bud. Atlanterhavsvegen går på bruer og fyllingar mellom holmar og skjær, med ei rekke utkikkspunkt mot storhavet. Veganlegget er i dag freda.