Lokaliteter



Filter
Sorting
  • 87125

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87125
    id
    • 87125
    navn
    • Brødretomten
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Brødretomten ligg i Sandviken, eit par km nord for sentrum av Bergen. Det freda huset er eit tømmerhus i ein etasje frå 1790-åra, med kvitmåla panel, mansardtak med svart glasert tegl og symmetrisk fasade med portal i louis seize-stil og ei stor ark. På baksida er eit tilbygg frå 1924, utforma av arkitekt Ole Landmark i tilpassa stil. I storstova er veggmåleri av J.G. Müller frå byrjinga av 1800-talet, og også elles er huset godt bevart. Eigedomen Brødretomten strekte seg tidlegare frå Sandviksveien og oppover fjellsida, i nord danna ein bekk ein del av grensa mot lyststaden Christineborg, nabo i sør var eigedomen Wilhelmineborg. Ein allé førte frå vegen opp til hovudhuset, som låg eit lite stykke opp i lia; gardshusa låg ovanfor og litt til sida. Ein liten, firkanta hage låg framfor hovudhuset, medan det på baksida var ein inngjerda gardsplass med eit mindre uthus. I dag ligg huset midt i ein ca. tre mål stor hage. Eit stykke nord for hovudhuset ligg ein bygning, også den med mansardtak og teikna av Landmark, bygd som kombinert portnarbustad og garasje i 1919. Amalie Skrams veg ligg 10 m nedanfor fasaden på hovudhuset, og nedanfor der er den gamle lindealleen delvis bevart, med ein lågblokk på kvar side. Elles er den gamle eigedomen utbygd med villaer frå 1960-åra. Våningshuset på gardsbruket Brødretomten, bygd i sveitsarstil i 1878 på same plassen som det gamle paktarhuset, inngår i rekkja av bustadhus på oppsida av eigedomen.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87125
    antallEnkeltminner
    • 2
    lokalId
    • 87125
    lokalitetsart
    • 20151
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1995-01-13T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
  • 87126

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87126
    id
    • 87126
    navn
    • Bugården (Bryggen)
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    informasjon
    • Fram til 1955 var Bugården ein dobbeltgard med ei ca 100 m lang husrekkje på kvar side av ein smal passasje, og ein hagegrunn lengst bak, opp mot Øvregaten. Garden var den sørlegaste som vart råka av brannen i 1955, då det meste av han vart øydelagd. Dei fleste bygningane i den bakre delen, som stod att etter brannen, vart rivne i 1960-åra. Det som står i dag er dei to fremste husa i den sørlege husrekkja ¿ treetasjars laftebygningar med saltak og svalgangar mot passasjen, eit lite eldhus langt bak i same husrekkje, og ein steinkjellar frå 1666 lengst bak i den nordre rekkja. Sørenden av hotellbygningen frå 1982 dekkjer det meste av tomta etter den nordre husrekkja, medan resten av tomtene etter husa i garden er ein passasje tekt med raud tegl. Den fremste delen av den opphavlege gardspassasjen har plankedekke, og ut mot Bryggen står den enkle, boga portopninga att, krona av ein skulptur av ein bonde med øks. Tufta etter det bakarste huset i den sørlege rekkja er ein grasplen.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87126
    antallEnkeltminner
    • 17
    lokalId
    • 87126
    lokalitetsart
    • 20124
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1996-08-23T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
  • 87127

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87127
    id
    • 87127
    navn
    • Christinegård
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Christinegård ligg i Sandviken, eit stykke oppe i lia under Sandviksfjellet. Det er eit stort og heilskapleg anlagt lyststadsanlegg, der hovudhus, uthus og hage utgjer eit arkitektonisk heile. Hovudbygningen er eit trehus i to etasjar, med kvitmåla panel og valmtak tekt med svart tegl. Huset har ein T-form, med ein hovudfløy mot vest og ein tverrfløy på austsida. Det arkitektoniske utstyret i empirestil er rikt og særprega, med m.a. søyleborne terrassar på begge sider, og sjalusiar ved vindauga. Frå hovudhuset strekk lange, smale fløyer seg mot N og S, på vestsida utforma som opne søylegangar. Hovudhuset og fløyene dannar austsida i ein firkanta hage med geometrisk utforming. På dei andre sidene er hagen ramma inn av ein kvitkalka mur med avrunda "bastionar" i hjørna mot V. A for hovudhuset er ein gardsplass, som i N og S er avgrensa av kortendane på to bygningar av kvitkalka mur, i ein etasje på høg sokkel og med valmtak. Det eine er stall og vognremisse, det andre paktarbustad. Ca. 160 m mot A, og ca. 40 m høgare i terrenget, ligg lysthuset Mon Plaisir, som eit lite gresk tempel med fire joniske søyler i fronten mot V. Skråninga opp mot Mon Plaisir var opphavleg ein romantisk prega park, i dag eit meir uryddig grøntområde. I den nedre delen er ein grusdekt treningsbane, til dels skoren inn i terrenget. Resten av eigedomen vart utparsellert kring 1930 og bygd ut med frittliggande fleirfamiliehus.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87127
    antallEnkeltminner
    • 6
    lokalId
    • 87127
    lokalitetsart
    • 20151
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1993-02-09T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
  • 87128

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87128
    id
    • 87128
    navn
    • DANCKERT KROHNS STIFTELSE Dankert, Danchert
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Danckert Krohns stiftelse ligg ved Kong Oscars gate i Bergen. Den freda bygningen til stiftinga er bygd i 1789 og er i form og dimensjonar nesten ein kopi av den 20 år eldre Zander Kaaes stiftelse 100 m lenger sør i gata, nemleg ein trefløya tømmerbygning med kvitmåla panel, ein etasje, høgt saltak, og portal og ark i midtaksen. Bygningen ligg på ein stor eigedom, som tidlegare strekte seg opp skråninga mot Skivebakken, ramma inn av steingjerder. Ein 8 m brei passasje i midtaksen til huset førte ned til Kong Oscars gate. Ut mot gata låg her på sørsida kyrkjegarden til St. Jørgens hospital; der står no ein murleigegard frå 1890-åra. På nordsida av passasjen låg ein privat hage som i dag er innlemma i eigedomen. Ein ny bygning for stiftinga, eit langstrakt murhus i avdempa nyklassisisme, vart reist bak det gamle huset i mellomkrigstida. I 1971 fekk det freda huset eit tilbygg på nordsida, med fasadar av slemma tegl og pannetekt valmtak.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87128
    antallEnkeltminner
    • 2
    lokalId
    • 87128
    lokalitetsart
    • 20152
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1995-01-13T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
  • 87129

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87129
    id
    • 87129
    navn
    • Den Gamle Latinskolen
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    informasjon
    • Latinskulen ligg rett nord for Domkyrkja. Tomta ligg på oppsida (austsida) av Lille Øvregate, og strakte seg før oppover i fjellsida inntil terrenget vart så bratt at det ikkje kunne nyttast. Her vart Bispengsgaten anlagt rundt 1900, og Bispengsgaten aldersheim vart bygd på den øvre delen av tomta i 1913. Elles grensar eigedomen i nord mot ein rekkje med bustadhus frå seint 1800-tal, og i sør til Domkyrkjegarden. Skulebygningen ligg om lag midt på nedste delen av tomta, med kortsida mot gata. Det er ein stor bygning i to etasjar, med valma tak og ein høg kjellar under. Huset er dels av mur, dels av utmura bindingsverk, kledd med teglmur og liggande panel. Nord for det er eit bryggjarhus av panelt tømmer i ein etasje. Mellom husa fører ein steinsett veg opp frå gata, elles er eigedomen opparbeida som hage med plen, tre og hellelagde gangvegar. Mot gata er ein pussa gråsteinsmur med gitterport.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87129
    antallEnkeltminner
    • 2
    lokalId
    • 87129
    lokalitetsart
    • 20130
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1993-02-10T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
  • 8713

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/8713
    id
    • 8713
    navn
    • Skattøra flyhavn
    opphav
    • Norges arktiske universitetsmuseum (arkeologi)
    informasjon
    • Under anlegg av Skattøra flyhavn sommeren 1940 fantas 5 skjelettgraver. I "grav nr. 4" la Ts. 4231, forrustet jernfragment med trerester på. I en av de andre var et ganske lite tøystykke (ikke bevart). "Grav 1-3" inneholdet 3 skjeletter, tett sammen, med hodene i S, ca 80 cm dypt. "Grav 4-5" inneholdt 1 skjelett og litt av ett til og lå 300 m fra de andre.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:23:01Z
    kommune
    • 5501
    kulturminneId
    • 8713
    antallEnkeltminner
    • 5
    lokalId
    • 8713
    lokalitetsart
    • 20164
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • UAV
    vernedato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    datafangstdato
    • 1940-01-01T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-01-27T18:23:01Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
  • 87130

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87130
    id
    • 87130
    navn
    • Den Nationale Scene
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    informasjon
    • Den Nationale Scene ble reist på Engen, som var Bergens gamle ekserserplass og festplass. Christian Michelsen ledet arbeidet for å få bygget et nytt og moderne teater. Arkitekt Einar Oscar Schou vant den utlyste arkitektkonkurransen, og da bygningen sto ferdig i 1909 hadde Bergen fått et praktfullt jugend-bygg. Grunnstensnedleggelsen til den Nationale Scene i 1906 var en av Kong Haakon og Dronning Mauds første offisielle handlinger. Teateret har en fremtredende plassering på Engen, som en avslutning på en åpen arkitektonisk akse som går gjennom sentrum via Ole Bulls plass, Olav V`s plass, Byparken, Lille Lungegårdsvann og til Bergens Offentlige Bibliotek. Parkanlegget rundt teaterbygningen er anlagt i samsvar med tidens jugend-idealer, dette skaper således et helhetlig kulturmiljø. Parken er klart avgrenset, inndelt ved murer og trapper, og gir slik en nøye gjennomtenkt avstand og verdighet til bygningen. Like i nærheten lå Komediehuset på Engen eller Det gamle Teater (1799-1944) og Ekserserhuset (1819-2002) hvor det ble vist alt fra masseforestillinger til kunstridning – slik kom den nye bygningen til å komplettere det allerede eksisterende teatermiljøet i strøket. I det sydlige hjørnet av parken ble det omkring 1920 anlagt en rotunde med tre bronseskulpturer. Rotunden var omkranset av et høyt espalié bevokst med lindehekk, men dette er nå borte. Skulpturene i rotunden er utformet av Auguste Rodin og Ingebrikt Vik. I Teaterparken er det flere skulpturer, Bjørnstjerne Bjørnson (av Gustav Vigeland 1917) , Henrik Ibsen (av Nils Aas 1981), Nordahl Grieg (av Roar Bjorg 1957), samt en byste av Hans Wiers-Jenssen (av Per Ung 1992). På teaterets vestside er det en plass (Bjørnsons plass) med stenlagt plassgulv i mønster inspirert av teaterfasaden, utformet av tekstilkunstneren Kari Dyrdal 1991. Plassen foran hovedinngangen og reposet nedenfor ble lagt med granittheller (type grå iddefjord og rød røyken) i 1991 i et mønster beslektet med gulvmønsteret i vestibylene innenfor, utformet av Arkitektkontoret Grieg. (Byggekunst 1993 s 52-53). Teaterparken ble fredet i 1993 sammen med teaterbygningen etter kulturminneloven § 15. Historikk: Den Nationale Scene i Bergen begynte sitt virke i 1876 i Komediehuset på Engen, bygget i 1799-1800. Selv om dette var Nord-Europas største borgerlige teater, viste det seg etter hvert å ikke kunne tilfredsstille de krav datidens moderne teater måtte stille. Derfor ble ”Komiteen for et nyt Theater i Bergen” dannet i 1895. En del av byens velhavende borgere med Christian Michelsen og Johan Ludwig Mowinckel i spissen gikk inn for å tegne aksjer til et selskap som skulle ta ansvar for bygging av et nytt teater. ”AS Bergens Teater og det Dramatiske Selskab” sto som byggherre da det første spadetaket ble tatt og siden som eier av bygningen. Kommunen vedtok å stille gratis tomt til disposisjon.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87130
    antallEnkeltminner
    • 2
    lokalId
    • 87130
    lokalitetsart
    • 20153
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1993-04-15T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
    datafangstdato
    • 1993-04-28T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T01:38:04Z
  • 87131-1

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87131-1
    id
    • 87131-1
    navn
    • Magistratbygningen (Det Annekterte Rådhus)
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Magistratbygningen, også kjent som Det annekterte rådhus, ligg på hjørnet av Rådstuplassen og Allehelgens gate i Bergen. Det er eit hus i to etasjar, med utsvaia valmtak tekt med svart glasert tegl. Første etasje er av mur, andre etasje er av lafta tømmer, men forblenda med tegl på alle sider unntatt baksida mot A. Veggene er pussa og måla kvite. Det freda huset utgjer nordfløya i eit større, samanbygt anlegg, der resten er tilpassa Magistratbygningens arkitektur - kvitmåla mur, to etasjar og svarte tegltak. Rett sør for Magistratbygningen dannar fløyene ein liten forgard, graskledd og med trapp opp til inngangsportalen i empirestil. Fram til midten av 1800-talet hadde huset ein hage på vestsida, men ligg no ut mot fortauget både her og på nordsida. Nabohuset som låg vegg i vegg i aust vart rive på 1960-talet, og her er no ein parkeringsplass. I bakveggen på mellomfløya mot sør er eit stykke gråsteinsmurverk som kan stamma frå mellomalderens Allehelgenskyrkje og -hospital (AskeladdenID 95052). Beskrivelse fra Enkeltminne: Hus i to etasjar, der 1. er av mur og 2. av laft forblenda med teglmur på tre sider. Utvendig kvitmåla, sokkelen lys grå. Glattpussa mot V og N, skvettpussa mot S. Baksida mot A har kalka mur, som lar murverket skinne gjennom, i første etasje, og liggande supanel i andre etasje; i første etasje tre muranker av enkel type. Utsvaia valmtak tekt med svart glasert tegl, profilert konsollgesims av tre, måla mørk grå. Seksruta, kvitmåla krysspostvindauge av empiretype. I nordfasaden er vindauga symmetrisk plassert i rytme 2-1-2, i austfasaden fire vindauge i jamn avstand. Den freda bygningen utgjer no ei sidefløy i eit større bygningskompleks, og har inngang gjennom mellombygget frå 1930-åra rett sør for huset. Beskrivelse fra Bygg: Hus i to etasjar, der 1. er av mur og 2. av laft forblenda med teglmur på tre sider. Utvendig kvitmåla, sokkelen lys grå. Glattpussa mot V og N, skvettpussa mot S. Baksida mot A har kalka mur, som lar murverket skinne gjennom, i første etasje, og liggande supanel i andre etasje. I første etasje tre muranker av enkel type. Utsvaia valmtak tekt med svart glasert tegl, profilert konsollgesims av tre, måla mørk grå. Seksruta, kvitmåla krysspostvindauge av empiretype. I nordfasaden er vindauga symmetrisk plassert i rytme 2-1-2, i austfasaden fire vindauge i jamn avstand. Inngang gjennom mellombygget frå 1930-åra rett sør for huset.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87131-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87131-1
    lokalitetsart
    • 20118
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    opprinneligFunksjon
    • 1200
    datafangstdato
    • 1995-01-16T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    oppdateringsdato
    • 2020-01-27T20:13:20Z
  • 87132-1

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87132-1
    id
    • 87132-1
    navn
    • Det Gamle Rådhus
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Gamle rådhus er ein kvitkalka steinbygning i to etasjar med høgt, utsvaia saltak. Huset har fleire tilbygg frå ulike periodar: på langsida mot aust er ei lita tverrfløy med spissgavl, framfor nordgavlen eit einetasjars tilbygg med låg trekantgavl og kvaderlisenar, og frå dette tilbygget går det murar, delt inn av lisenar, langsmed aust- og vestsidene slik at det her vert danna innelukka, til dels overdekka gardsrom. Tverrfløya har ein monumental empireportal i tre, og doriske pilastrar, og på gavlen mot nord er eit forgylt kongemonogram (C7). Bygningen ligg fritt midt ute på Rådstuplassen og er fondmotiv for Strandgaten. På austsida av Gamle rådhus er omgjevnadene mykje endra, med høge etterkrigsbygg og ein mykje trafikkert veg tett inntil. Det gamle miljøet er meir intakt på vest- og sørsida, der den brosteinslagde plassen er omkransa av Hagerupsgården, Gamle tinghus og Magistratbygningen. Beskrivelse fra Enkeltminne: Kjernen i Det gamle rådhus er ein rektangulær kvitkalka steinbygning i to etasjar med høgt, utsvaia saltak på ein profilert gesims, tekt med svart glasert tegl. gavlfeltet mot sør er av tegl, elles kraftig gråsteinsmur. To små pulttaksarker, tre piper på mønet. 2. etasje har krysspostvindauge, og tilsvarande, litt mindre vindauge i gavlfelta. Gavlen mot sør har i 1. etasje ein rundboga portal i enkle, men kraftige former, med ei tofløya dør. Hovuddelen av huset er elles omkransa av tilbygg frå ulike periodar. På langsida mot aust er ei lita tverrfløy av mur, i to etasjar med utsvaia saltak. Endeveggen mot aust har i 1. etasje ein monumental empireportal i tre, med pilastrar, bjelkeverk og trekantgavl som innramming av ei tofløya dør med rundboga overlys. 2. etasje har doriske pilastrar i hjørna, medan gavlfeltet er av tre og har eit liggande, ovalt vindauge med louis-seize-omramming. Framfor nordgavlen er eit einetasjes tilbygg med låg trekantgavl over midtpartiet og ein låg attika på kvar side, vegger delt inn av kraftige kvaderlisenar, og ei tofløya dør i midten. Langsmed langsidene mot aust og vest går det murar, noko lågare enn 1. etasje, delt inn av kraftige lisenar og med ein enkel gesims. I aust er muren broten av ved portalen i tverrfløya, og både her og i sør, både på ytterhjørna og der muren treff sørgavlen, er hjørna skore av på skrå. Arealet innanfor murene er i dag overbygd med flate tak, bortsett frå i nordaust, der det er eit lite gardsrom. Fleire dører kledd med fiskebeinspanel i murene. Rundt om på huset finst diverse dekor: i nordgavlen Bergens byvåpen (i ein gammal versjon) i gavlfeltet på tilbygget, og oppe på hovudgavlen eit stort, forgylt C7-monogram med krone over; eit byvåpen er også plassert som sluttstein på hovudportalen i tverrfløya, og oppe på austveggen er ein B av smijern. Elles finst ein del enkle muranker. Midtvindauget på nordgavlen er blindt, men illusjonsmåla på ein grunn nisje. Oppå ringmuren, på kvar side av hovudportalen, ein jugendprega koparlanterne. Alle veggflater er kvite, medan detaljar som lisenar, gesimsar, vindauge og vindskier har ein mørk grågrøn farge. Hovudportalen er grå, og pilastrane på tverrfløya nesten svarte; dørene grøne.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87132-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87132-1
    lokalitetsart
    • 20129
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    opprinneligFunksjon
    • 2600
    datafangstdato
    • 1993-02-10T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T02:02:47Z
  • 87133

    https://api.ra.no/LokaliteterEnkeltminnerOgSikringssoner/collections/lokaliteter/items/87133
    id
    • 87133
    navn
    • ELSESRO, Gamle Bergen museum
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    informasjon
    • Eigedomen Elsesro vart grunnlagt i 1784 som kombinert verft og lyststad av skipsbyggar Rasmus Rolfsen og fekk namn etter hans kone Elsebe. Hans son og soneson bygde anlegget vidare ut, med tilbygg til hovudhuset, ein romantisk landskapspark med paviljongar, vassdammar mm, og melteriverksemd på verftstomta. Det aller meste av dette er bevart ¿ hovudhus med bakbygning, paktarbustad, tre paviljongar og dei fleste landskapsmessige hovudtrekka i parken, ei rekkje uthus, samt verfts- og melteribygningar, og ein del av bygningane er freda. Frå 1940-åra og frametter er bygningsmuseet Gamle Bergen bygd opp på eigedomen, med ca. 25 hus flytta frå ulike stader i Bergen - fleire av dei er også freda.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87133
    antallEnkeltminner
    • 10
    lokalId
    • 87133
    lokalitetsart
    • 20151
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 2000-09-21T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z