Landskapet ligg nordvest for Stord, med Selbjørnsfjor-den i nord, Midtfjellet i aust, Stokksundet i sør og ope hav i vest. Sjøen er golvet i landskapsrommet og det som bind landskapet saman, og leia her tek ein forbi Stord og dei mange Fitjarøyane. På Stord og på Fitjarøyane er det gode hamner med strategisk plassering. Øyane er låge og lyngkledde, og dei har rikt tilfang av kulturminne med stor tidsdjupne som vitnar om den rike kulturhistoria i områda her ved leia. Her er småbruk, torvmyrar, vente-stader, naustmiljø og privilegerte handelsstader. Staden Fitjar aust om leia har store, dyrkbare område og god tilgang til vatn. Saman med den strategiske posisjonen ved leia gav dette grunnlag for at eit maktsete kunne vekse fram.
Busetnad i området tok til i steinalderen, ved dei mange matrike straumane mellom Fitjarøyane. I bronsealderen busette folk seg lenger aust, dei første gardane der låg i skråningane frå Fitjar sentrum til Rimbareid i sør. Rike funn og storslagne gravrøyser som flankerar leia forbi staden Fitjar, vitner om at der truleg var gardar med stormenn alt i bronsealderen. Busetjinga på Fitjarøyane har i lang tid hatt kombinert næringsgrunnlag av fiske og jordbruk. Lyngbrenning gav beite for utegangarsau og torvuttak i myrane gav brensel. På øyer og holmar, ved viker og sund, ligg små bruk ikkje langt frå naust og kai. Landskapet på Fitjarøyane er i dag sterkt prega av denne driftsmåten, og Fitjarøyane er eit av 23 nasjonale referan-seområder for lyngheilandskap.
Skipsleia deler seg i tre i Fitjarøyane: den ytre leia, Nye-leia og Engesundleia. Langs desse ferdselsårene ligg gam-le handels-, gjestgjevar- og ventestader. På Gisøya ligg handels- og gjestgjevarstaden Brandasund frå 1600-talet. Fiskehandelen her ved det rike fiskefeltet går truleg langt tilbake i tid. Ein av dei store marknadsplassane i Hor-daland i mellomalderen har truleg lege på Selsøya ved Brandasundet, og stadnamnet Torgjo fortel om ein stad der varer vart selde. Bøndene frå fjellbygdene og indre fjordbygder selde tømmer, huder og skinn, haukar og fal-kar i byte for fisk, salt og varer frå andre land. Staden var kjent for Hansaskip på veg til Bergen, og er teikna inn på eit hollandsk kart frå 1624. Brandasund blomstra i det store sildefisket på 1700- og 1800-talet. Engesund ligg ved Engesundsleia og var kjend som tingstad i 1650. Den er eit av dei fyrste kremmarseta utanfor Bergen.
Ytre Sørfjorden er eit rett fjordløp i Hardanger med lier som stig jamnt frå sjøen til fjellet. I aust ligg Hardanger-vidda, i vest ligg Folgefonna og lågfjellet mellom Sørfjor-den og Jondal. Det går ferdselsvegar frå fleire stader ved sjøen, vestover fjellet til Jondal og inn på Hardangervid-da i aust.
Gardseigedomane går frå fjord til fjell. Nedst ved fjorden ligg stø, naust og gjerne kai, i den best tempererte sonen ligg det frukthagar, andre stader er det bøar. Arealet med frukttre er svært stort i norsk samanheng, der det ligg som eit mest samanhengande belte på begge sider av fjorden. Mange gardstun ligg ved vegen, og enkelte stader ligg det eit øvre tun høgre opp i lia. Eit tydeleg trekk ved byggeskikken langs etter fjorden er dei høgreiste laftehu-sa i sveitserstil med vide skifertak. Høgt opp i liene ligg det vårstølar, og på randen av liene har mange eldre bruk eggestølar (langstølar). Yngre bruk har gjerne partar i steinbuer til jakt, fangst og støling inne på vidda. Det går vegar og sleper til fjells og bind saman desse mangesyslar-bruka.
Det freda klyngetunet Agatunet var eit gamalt høv-dingsete, og gravhaugar tyder på svært tidleg busetnad. Tunet ligg trygt for ras under Tveitaberget. Garden var av dei største i Hardanger i mellomalderen og har vore knytt til fleire vestlandske adelsætter. Her ligg Lag-mannsstova frå om lag 1220-1230.
Det har i lang tid vore høvdingætter og storslekter knytt til landskapet, og jordbruket har stor tidsdjupne. Det har også vore jakt og fiske i fjellet og handel med bygdene aust om vidda. Innføringa av fruktdyrking på 1100-talet er ein viktig kulturhistorisk faktor som har påverka land-skapskarakteren. Det skal være Cisterciensarmunkar frå Lysekloster som førte fruktdyrkinga til Hardanger, og på Opedal ligg Munkagard. Her skal ein avlsgard ha lege, og i fjellet ovafor heiter det Munkatreppane. Fruktdyrkin-ga skaut fart på 1800-talet, då dampen knytte gardane nærare marknaden i Bergen.
Ved strandstaden Lofthus er ein freda sorenskrivargard, kyrkje frå 1250-1300 og ein vidkjend prestegard der tilreisande kunstnarar kom for å oppleve og måle naturen og folka som budde der. Lofthus er visuelt samlande i landskapet i Ytre Sørfjorden. Gjennom leveviset, sentrale nasjonalromantiske kunstverk og sterke kunsthandverk-stradisjonar har landskapet ein sterk posisjon.
Inst i botnen av Etnefjorden ligg bygda Etne, med dei markerte terrassane på Grindheim og Stødle. Jordbrukslandskapet er ramma inn av fruktbare lier opp mot fjella, desse er brotne opp i aust av dalføra Stordalen og Litledalen. Landskapsrommet er vidt og har ei nesten sirkulær form. Etne er ei av dei mest fruktbare bygdene på Vestlandet, bygda har husa landbruk i fleire tusen år og er særs rik på kulturminne. Landskapet er framleis i aktiv drift både til landbruk, som lakseelv og grusressurs i terrassane. Landskapet er særs historieforteljande og gjev ei sterk oppleving av lang tids kontinuitet og tidsdjupne.
I åssidene og på terrassane ligg det bergkunst med jord-bruksristningar. Her er og ei stor mengd gravminne, som pregar landskapet. Rike spor etter forhistorisk busetnad er å finne både i åssidene og på terrassane, og dei ligg særs tett nede på elvesletta. Bygdeborger ligg på markante høgdedrag i kvar ende av bygda og gjev eit omsluttande inntrykk av landskapet som ein historisk viktig stad. På Stødle låg garden til Erling Skakke, og han fekk truleg bygd mellomalderkyrkja i stein som ligg der i dag. Etne var eit maktsentrum som spelte ei aktiv rolle i nasjons-danninga i mellomalderen.
Den sentrale delen av bygda Rosendal ligg på morene-terrasser ned mot Hardangerfjorden. Eit særmerkje ved området er dei alpine kystfjella kring bygda. Hattebergel-va og Melselva kjem ned dalføra mellom fjella, gjennom terrassane i bygda, og renn saman og gjennom tettsta-den Skålafjøra. Landskapet har bydd på gode vilkår
for busetnad, og her er store jordbruksareal på ein vid strandbrem, men det er òg mykje prega av ras i frå fjella rundt. Utmarksressursane i Skåladalen, Melsdalen med Myrdal og Muradalen har vorte nytta fram til nyare tid. Stølsdrifta heilt opp til Øvre Myrdal under dei alpine fjella sør og aust syner eit omfattande system tilpassa krevjande omgjevnader. Naustrekkja ved Myrdalsvatnet fortel òg om eit verdfullt fiske.
Dei kulturhistoriske elementa i landskapet byrjar alt i steinalderen med sine fangstbuplassar. Området frå Seimsfoss til Løfallstrand har buplassar like så gamle som i ytre strøk. Garden Skåla sentralt i bygda har spor etter meir eller mindre fast busetnad frå alle fasar gjennom forhistoria. Det er dei solvarme sørvestvendte liene som har vore attraktive i all tid.
Dei arkeologiske spora spenner vidt og viser ei markert auke i bronse- og jernalder og inn i mellomalderen. Her er rike grav- og skattefunn, og fleire langskipstufter i bygdene kring Rosendal vitnar om organisert makt her alt i eldre jernalder. Den største gravhaugen på Folge-fonnhalvøya låg på Skåla og var 28 meter i tverrmål. Av i alt sju tufter etter langskipsnaust ligg framleis tufta i Skipadalen godt synleg i terrenget. Rosendal har hatt fleire steinkyrkjer frå mellomalderen, og her er mel-lomaldergravplass. Kyrkja på Skåla var fjordungskyrkje og ligg på ein framskoten kvelving i landskapet. Kyrkja på garden Mel er knytt til lendmannen Gaut frå Mel i høgmellomalderen.
I Rosendal ligg òg Baroniet noko tilbaketrekt frå sjøen på garden Hatteberg. Her står framleis slottet frå 1660-65 med barokke trekk og renessansehagen frå same tid. Baroniet fekk namnet Rosendal i 1678, eit namn som i nyare tid kom til å verte brukt om heile bygda. Baroniet er det einaste i Noreg. Parken vart utvida i 1870-75 med ein landskapshage i romantisk stil. I eit slåande samspel med nærområda når hagekunsten i Noreg her eit av sine høgste uttrykk, og landskapshagen er halden fram som eit sentralt verk i romantikkens kunst i Norge. Her er òg ein viktig avlsgard som var med å fornya jordbruket på Vestlandet. Så langt fram som i 1929 var Baroniet eit av dei største leiglendingsgodsa i Noreg, oppført med 546 bruk. Landskapet er svært inntrykkssterkt.
I nyare tid flytta tyngdepunktet i bygda seg ned mot sjøen. Her stod oppgangssag og verft. På 1800-talet vart Skålafjøro i Rosendal kjend for bygging av hurtiggåande jekter, ein av desse er Roald Amundsen sitt skip «Gjøa».
Landskapet der dalen møter fjorden er trongt mellom høge fjell, der høgtliggjande vatnsystem ligg i fjelldalane ovafor. Fjorden er isfri, og elva Opo renn ut i fjordbot-nen der strandstaden Odda ligg. Her var ein naturleg ferdselsveg sørover til pilegrimsmålet Røldal. Kyrkja på Almerket, nede ved fjorden, er frå 1870, men her har vore kyrkje sidan 1250. Ho er eit samlande element i landskapsrommet. Lenger oppe i dalen, aust for elva Opo, ligg nokre få tun som vitnar om det gamle bonde-samfunnet i Odda.
Strandstaden Odda var rundt 1900 det mest vitja turist-målet i landet. Reisemåla var dei mektige fjella og fossa-ne, som Tyssestrengane og turen til Dalen i Telemark. Av denne travle strandstaden er eit konsentrert bygnings-miljø att ved Brotateigen og traséen til ferdselsvegen til Røldal.
Tidleg på 1900-talet var kraftpotensialet i fjellet og den isfrie hamna perfekte vilkår for bygging av eit heilt industrisamfunn i fjordbotnen. Oppdemming av
Tyssovassdraget og kraftstasjonane i Tyssedal gav straum til kraftintensiv industri i Tyssedal og Odda og seinare på Eitrheimsneset. Gjennom store og integrerte strukturar har industrien lagt beslag på mykje av dei sentrale areala i Odda og Tyssedal. Kring industrianlegga er det bygd heile samfunn. Fleire element i industrisamfunna Odda og Tyssedal har nasjonal og internasjonal kulturminneverdi, og høg arkitektonisk verdi. Tveitahaugen i Tyssedal er eit tidlig døme på ein hageby i Noreg. Ringedalsdammen, Tyssedal kraftstasjon og Odda Smelteverk er freda.
Industrisamfunna i Odda og Tyssedal dominerer det heilskaplege inntrykket av det lågareliggjande landska-pet. Sjølv om industrisamfunna er nært knytt til naturen og naturressursane i landskapet, er industrilandskapet eit markant element innskote mellom fjorden og dei urørte øvre delane av landskapet der høge fjellsider strekkjer seg mot himmelen. Dei store industrisamfunna her er mellom dei landskapa i landet som er sterkast prega av den andre industrialiseringa.
Bygdene i Eidfjord er fjordmøtet på vegen mellom aust og vest. Landskapet i Nedre Eidfjord er prega av dei to grusterrassane Lægreid og Hæreid. Landet heva seg då isen trekte seg tilbake, og eit eid løfta seg mellom fjorden og vatnet, difor stadnamnet Eidfjord. Elva Eio delte eidet i to, eit høgtliggjande og eit lågtliggjande – Hæreid og Lægreid. Dei to grusterrassane isen la att ligg i relieff mot steile fjellsider som fører landskapet vidare opp mot bygda Øvre Eidfjord. Herfrå går gamle vegar opp Må-bødalen og Hjølmodalen til store og viktige ressursar i fjellet og vidare til Austlandet.
Tilgang til dei rike og varierte ressursane i fjellet har vore viktig for folk på Vestlandet heilt sidan steinalderen, noko samanhengen mellom fangstbuplassar i fjellet
og steinalderfunn langs den fortidige strandsona ved fjorden viser.
Talrike forhistoriske spor etter jernutvinning i fjelldalane kan etter alt å døme knytast til ei jernalderbusetting i Eidfjord med ein sentral posisjon i Hardanger. Rike grav-minne både i Øvre Eidfjord og på terrassane ved fjorden ber bod om dette, der gravfelta på Hæreidterrassen står
i ei særstilling i Noreg, med hundrevis av gravrøyser frå eldre- og yngre jernalder. Jernvinneanlegga frå jernalde-ren på Fet i Sysendalen og ved vassdraga Berdølo og Veig er framståande i nasjonal samanheng. Jernvinneanlegga ligg i dalføra ned frå høgfjellet, der det har vore tilgang til myrmalm, brensel og arbeidskraft. Det er gravhaugar i området ved jernvinneanlegga.
Framover i tid har Eidfjord vore ein sentral stad i indre Hardanger. Bygda var ein innfallsport til Hardanger. Leidangsnaustet for Eidfjord skipreide har truleg stått i Vikøyra, og mellomalderkyrkja på Lægreidterrassen er frå tidleg 1300-tal.
Vidare fram i tid har buføring til fjellstølar og handel og ferdsel over vidda danna og forsterka definerte far i landskapet. I Måbødalen og Hjølmodalen ligg gardar og tun med stor tidsdjupne langs dei gamle ferdselsårene og kløvstigane.
Turistane fann på 1800-talet vegen til den inntrykksster-ke Måbødalen, der Vøringsfossen var og er ein attrak-sjon. Fossli Hotel vart reist i 1891 der fossen fell i juvet. Det er utvida fleire gonger og har høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi. Eit imponerande veganlegg vart bygd opp til hotellet, og vart etterkvart ein hovudveg mellom aust og vest.
I enden av den geologiske formasjonen Bergensboga-ne ligg eit langstrakt landskap som strekkjer seg mot nordvest. Det er rivna i talrike låge landtunger og øyar. Området strekkjer seg frå Alversund til Kjelstraumen, og frå Hundvin i Lindås til nordvest om Mjøs på Radøy. Her er mildt kystklima og vekslande vilkår på land, frå skrint jordsmonn til større avsetningar av fruktbar, sjølv-drenerande jord. I sjøen er det rike og sterke straumar. Ei heilårsopen farlei fører frå Alverstraumen, gjennom den vidare Lurefjorden og ut Kjelstraumen i Austrheim.
Dei rike saltvasstraumane har gjeve grun-nlag for meir permanent busetnad i steinalderen, og her byrja ein tidleg med jordbruk. Den rike funnstaden Fosnstraumen nord om Mjøs, der brua i dag forbind Radøy og Fosnøya, er mellom dei mest framståande døma på tidleg perma-nent busetnad i landet. På Straume, like ved, er det funne om lag 4500 år gamle pollen av korn som vitnar om bufast kombinasjonsbruk av jordbruk og fiske.
Eit kultivert lyngheilandskap har breidd seg over mykje av området, særleg i utmarkene i ytre strøk der det er mykje skrinn jord. Lyngheiene på Lygra er eit markant landskapselement med stor tidsdjupne og representerer eit av dei tre nasjonale referanseområda for lyngheilandskap. Landskapet er framleis prega av lite trevekst i ytre strøk og har store myrer der ein har henta brensel. Det skogfattige landskapet er eit av kjerneområda for saman-bygde hus og for bruk av stein som byggemateriale til gardflorar, løer og steingjerde. Slik fortel landskapet også om eit kulturfellesskap kring Nordsjøen. Dei mange små bruka som pregar landskapet i dag, har eigedomsstruktur frå tida etter jordskiftet, men fiskarbonden har fram til våre dagar hatt det same kombinerte livsgrunnlaget som dei som slo seg ned på Straume.
Ressursrikdom i området er spegla i stadnamn som Njøten og Hundvin. Og har gjeve grunnlag for viktige maktstrukturar. Gravrøyser ved farleia vitnar om stor-folk i området i forhistorisk tid. Rike funn knytt til dei sjølvdrenerande dyrkingsfelta på Lygra og Seim stør opp om at sagamaterialet seier dei var kongsgardar. Seim, der Håkon den gode etter tradisjonen skal vere gravlagt, ligg midtvegs mellom dei tronge innløpa til farleia. Her har vore uvanleg mange bautasteinar, og enno står ein i kvar ende av den gamle innmarka i bygda. Bøkeskogen på Vollom er den nordlegaste i verda og frå vikingtida, og vitnar om eit handelsnettverk til kontinentet.
Etter landssamlinga vart maktstrukturane i Nordhord-land oppløyste. Mykje eigedom i området vart lagt under krona, kyrkja og klostra frå 1100-talet av. Kyrkjestadene Alversund, ved Alverstraumen, Seim og Lygra dominerte frå no av utsynet frå leia. På Lindås ligg ruinen til ein av to kjende steinkyrkjer i Nordhordland. Truleg er den frå 1100-talet.
Stadnamnet Festo midtvegs i leia vitnar om ferdselen som har vore her. Handels- og overnattingsstader for langvegsfarande var det i Alverstraumen, i Kjelstraumen og på Bruknappen. Også «Kipestrilen» som heldt til i området brukte leia for å kome til Bergen med varer. Ved ventestader langs dei sterke straumane er det boltar og ringar som fortel om korleis ferdselen gjekk føre seg før motorane kom. Seinare vart dampskipkaiene knute-punkt og post-, gjestgjevar- og handelstader. Lindåsslusa-ne er eit særmerkt kulturminne frå denne tida.
Ny-Hellesund er en av de mest kjente uthavnene langs Sørlandskysten. Uthavnene danner et mønster i landskapet, og er knyttet til seilskutetrafikken fra 1600-tallet og frem til cirka 1880, da seilskutene ble avløst av dampskip. Siden middelalderen har det gått handelsruter langs Agder-kysten som en del av nordeuropeiske handelsforbindelser mellom Øst- og Vest-Europa. Uthavnene fungerte som nødhavner, og utstyrte seilskuter i opplag. Samtidig hadde uthavnene betydning for kystnær trafikk og utviklingen av egen skipsfart langs kysten. Gjennom uthavnene i ytre skjærgård kunne seilskutene enten leie seg opplagsplass eller ligge på svai og vente på riktig vindretning ved inn- og utreise. Rundt seilskutene som lå i opplag, oppsto handel, skole, gjestgiveri og andre sekundærnæringer. Dette har fått varige uttrykk i en karakteristisk byggeskikk, der husene ofte ligger i sjøkanten, med fasaden rettet mot et sund eller havnebassenget. Uthavnene utviklet seg til små samfunn som var helt avhengige av trafikken med seilskutene.
Uthavnene langs Sørlandskysten er blant de viktigste kulturminnene fra Norges sjøfartshistorie, og er også unike i internasjonal sammenheng. Ny-Hellesund er gjennom størrelse, autentisitet og representativitet, den viktigste blant de bevarte uthavnene. Det opprinnelige bygningsmiljøet er svært intakt og områdets historiske tidsdybde er visuelt lesbar. Kulturmiljøet i Ny-Hellesund illustrerer godt hvilke sosiale funksjoner en uthavn langs sørlandskysten representerte fra cirka 1650 til 1880.
Bebyggelsesmønster og landskapsfigurer i Ny-Hellesund viser en typisk uthavn hvor bygningene er vendt mot sjøen, med brygger i front. Bebyggelsen ligger i klynger, gjerne i viker og sund, mens det kollelignende landskapet rundt er ubebygd. En rekke stilarter er representert i fasader og interiører, herunder innslag av barokk, rokokko, empire og sveitserstil. Flere arkitekturhistorisk viktige bygninger i området ble fredet allerede på 1920-tallet. Bygningsmassen innenfor det foreslått fredete kulturmiljøet har stor tidsdypde og høye kvaliteter. Det gamle Gjestgiveriet (Olavsheia, Kapelløya), oppført cirka 1730, har for eksempel barokke stildetaljer i fasadefront og inngangsparti mot sjøen. I bygningen Tønnevold (Helgøya), oppført i 1765, har man funnet et fransk tapet, som kan være utført av Ludvig den 16’s tapetmester Jean-Baptiste Réveillon. Enkelte bygninger fra 1800-tallet har løftevinduer som er inspirert av engelsk byggeskikk. Begge eksemplene viser hvordan uthavnen Ny-Hellesund, som seilskutesamfunn, har hatt kulturell utveksling og mottatt impulser utenfra.
I tråd med tradisjonell sørlandsk byggeskikk langs kysten, er flere av bygningene to etasjers tømmerhus med panelkledning, og de har bygningsstruktur som midtgangshus med hovedinngang på midten. Midtgangshus har gjerne en stue på hver side av midtgangen mot forsiden. Bygningene er ofte tilpasset det kollelignende landskapet ved at takflatene på husets bakside er trukket lenger ned.
Ny-Hellesund er svært godt bevart som kulturmiljø fra uthavnsperioden. Landskap og bebyggelse er i stor grad intakt. Losvesenet i Ny-Hellesund ble etablert i 1721. Med fast tollstasjon fra 1795 var Ny-Hellesund frem til midten av 1800-tallet en av landets viktigste havner for eksport av levende hummer. De mange gamle fortøyningsfestene rundt det sentrale havnebassenget er et særtrekk ved uthavnen, og vitner om Ny-Hellesunds sentrale plass i en større maritim infrastruktur.
Mot slutten av 1800-tallet og begynnelsen 1900-tallet, hadde området også kulturhistorisk betydning som oppholdssted for kjente kunstnere, som maleren Amaldus Nielsen, og dikterne Vilhelm Krag og Nordahl Grieg. På slutten av 1800-tallet hentet Nielsen motiver til flere malerier her, blant annet det kjente "Morgen i Ny-Hellesund" (1885). Krag er kjent for å ha gitt navn til Sørlandet som egen landsdel tidlig på 1900-tallet. Nordahl Grieg skrev diktet "Til ungdommen" under et besøk i Ny-Hellesund i 1936.
Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap omfattar Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane.
Dei to spektakulære fjordområda ligg 120 km frå kvarandre og er eksempel på klassiske fjordlandskap i geologisk tyding. Dei viser utviklinga av landskapet frå siste istid og fram til i dag. Begge områda er døme på unge, aktive isbrelandskap.
Spor i landskapet viser at fjordområda har vore brukte av menneske sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan. På små flater langs fjordane ligg gardsbruk, og på berghyllene over fjorden ligg fjellgardar. Dei fleste av dei er no fråflytta.
Gardane ligg på stader som gir vern for snø- og steinras. Bosettinga viser at det har vore drive eit nøysomt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur. Fleire av dalane i fjellet har setre.
Områda er lite påverka av menneske. Utanfor tettbygde stader er det få synlege tekniske inngrep som til dømes kraftledningar mellom brear, snaufjell og fjord. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er difor dei største urørte fjordlandskapa i Noreg.
Nærøyfjordområdet
har stor variasjon i landskapstypar frå nakent høgfjell kring Fresvikbreen til lune viker med varme- kjær lauvskog nede ved fjorden. Den 17 km lange Nærøy- fjorden er berre 250 m brei på det smalaste og omkransa av fjell som når opp i 1760 moh. Hengande dalar, fossefall, skarpe gjel og store rasfelt er dramatiske innslag i dei stup- bratte fjellsidene. Høgfjellsområda har rolege former og er restar etter det gamle slettelandet slik det låg før isen tok til å grave ut dei mektige dalgangane. Den storfelte rasskrå- ninga som strekkjer seg frå fjellet Bleia og ned til botnen av Sognefjorden syner at fjordlandskapet framleis er i utvikling. I dette dramatiske landskapet veks den sjeldne urvalmua. På rassikre stader kring fjordane ligg fleire mindre grender der jordbruket er viktigaste næringsveg.
Vestnorsk fjordlandskap vart innskreve på Verdsarvlista, lista over verda sin kultur- og naturarv i 2005.