Området ligg over tregrensa, i eit ulendt terreng der landskapet er prega av ur, kneisande tinderekker og tronge fjelldalar. I dag er det få som ferdast her, men frå gamalt av var det vanleg å ta vegen gjennom Gravdalen når ein skulle vitje kjenningar på andre sida av fjellet. Mellom Eikesdalen og Lesja har sambandet frå gamalt av vore tett. Desse banda vart i mange år markert ved årlege fjellstemne i Sandgrovbotnen og i Gravdalen. Her møttest grannar og slektningar frå begge sider av fjella. Gravdalen har til alle tider vore ein del av trekkruta til villreinen. Namnet «Gravdalen» syner til dei mange fangstanlegga som det framleis finst spor av. På grunn av lite ferdsle og få menneskelege inngrep i nyare tid, har slike spor i stor grad fått stå urørde. På sin veg aust- eller vestover har dyra tradisjonelt kryssa Gravdalen to stadar: ved utlaupet av Gravdalsvatnet og om lag fire kilometer lenger nede i dalen. Dyregraver som er gravne ned i jorda, er avdekt her. I tillegg til desse to trekka, går der også eit reintrekk gjennom Grovåskaret, sør for Gravdalen. Dette vert rekna som hovudtrekket for villreinen til og frå Romsdalsfjella, og her finst restar etter eit stort fangstanlegg. Truleg var det villreinen som lokka dei første menneska til desse lite tilgjengelege fjellstroka. Her finst mange spor etter reinsdyrfangst; til dømes restar etter steinbuer der jegerar har søkt ly. Steinbuene er vanskelege å datere, og har også vore nytta i nyare tid. Funna i området stammar i hovudsak frå jarnalder og mellomalder. Grovåskaret, som ligg mellom dei høge toppane Grovåkampen og Kallbottinden, er ein port inn til dei nordlege og nordaustlege delane av Romsdalsfjella; der tusenvis av villrein årleg har passert. Terrenget og fjellformasjonane på begge sider av Grovåskaret er som skapt for driving av rein. For den einaste farbare vegen når reinen vart skremd vekk frå dei store og beiterike fjellbotnane på kvar side, gjekk nettopp gjennom dette skaret.
I Grovåskaret finst restar etter eit stort fangstanlegg. Den omfattande arbeidsinnsatsen som har vore lagt ned for å sette opp dette anlegget, syner verdien som staden må ha hatt for reinjegerane: Ein reknar med at om lag 250 kubikkmeter stein har gått med til sjølve bygginga. Ledegjerda, eller rettare: sperregjerda, har vore opp til 1,80 meter høge. Innanfor desse gjerda er det bygd steinbruer som leier fram til kanten av åtte graver. Gravene er i sin heilskap lagt over bakkenivå. I Grovåbotnen, om lag to kilometer unna fangstanlegget i Grovåskaret, er det funne ei telttuft med sentral eldstad. I og med at tufta liknar tilsvarande funn som er tolka som samiske, kan dette tyde på at det også kan ha vore samisk deltaking i fangstaktivitetane i dette området. Smelting av brear og fonner, som følger av klimaendringane, fører til at det stadig vert avdekt nye, arkeologiske funn i høgfjellet. Fonna i Grovåskaret, er den fonna som har gitt flest arkeologiske funn i Møre og Romsdal, frå jarnalder og fram til Svartedauden i 1349. Rikdomen frå fangsten her bidrog truleg også til eit materielt oppsving i Eikesdalen og Romsdalen; noko funn av statusgjenstandar frå denne perioden kan tyde på. Blant funna frå fonna i Grovåskaret var tilhogde trestykke frå skremmepinnar og tregjerde. Desse viste klare relasjonar til sperregjerda, noko som kan tyde på at dei også er frå perioden jarnalder–mellomalder. Både skremmepinnar og sperregjerde har nok vore plasserte ut i frå kor trekket gjekk på den tida, då fonna var mykje større enn ho er i dag. Restane av skremmepinnar og tregjerde er dei første av slike gjenstandstypar som er funne i fjella i Midt-Noreg. I og med at Grovåskaret ligg langt over tregrensa, kan vi gå ut i frå at alt slikt tremateriale har vore frakta hit av menneske. Opp til 1.200 reinsdyr kunne dagleg passere gjennom Grovåskaret. Dersom ein forsøker å rekne på kapasiteten i anlegget, det vil seie den tida som gjekk med til mellom anna klargjering og rydding av fangstgraver, kan vi gå ut i frå at det her let seg gjere å fange 20–30 dyr om dagen. Store mengder slakteavfall, datert til jarnalderen, er også funne i området. Slakteavfallet fortel ei tydeleg historie om at mange reinsdyr har vore tekne av dage her. I dei fleste fonnene i Møre og Romsdal som er undersøkte av arkeologar, er det gjort funn av pilspissar og andre gjenstandar som har vore nytta til jakt. I Grovåskaret er det ikkje gjort slike funn, noko som kan tyde på at dette var eit reint fangstområde. Arkeologiske funn av fangstanlegg kring Gravdalsvatnet forsterkar dette inntrykket. Området har også vært brukt til jakt- og fisketurisme på 1800-tallet. Ved sørenden av Gravdalsvatnet ligg ei fangstbu som vart sett opp omkring 1850 eller 1900 av ein britisk jeger, Mr. West. Bua skal vere sett opp i samband med sportsfiske i Gravdalsvatnet. Steinbua har også gitt namn til turisthytta Westbua. Også i dag er jakt og fiske ein viktig aktivitet her.
Alnes er eit ope og relativt lite område med ein konsentrert busetnad. Husa ligg i klynge på strandflata, i livd for vêr og vind under ein terrasse i terrenget aust for innmarka. Her er våningshus, med uthus og løer på baksida og naustrekkje langs sjøen. Bakom gardshusa ligg jordbruksareal i karakteristisk teigblanding, og beitebakkar strekk seg inn mot fjellsida. Den store naturbeitemarka i Alneslia er ei av dei mest karakteristiske langs kysten av Møre og Romsdal. Kystlynghei oppe på fjellet, sanddyner, nordvendte kystberg og blokkmark, er viktige naturtypeførekomstar. På Godøya har det vore gardsdrift sidan førhistorisk tid. Gardane vart rekna som gode korngardar, med etter måten store avlingar. Både bygg og havre vart dyrka her. Innmarka vart etter kvart delt opp i mange teigar. Kvar gard kunne ha 50–60 slike. Ved hjelp av bumerke på bytesteinane klarte bøndene å skilje teigane frå kvarandre. Utskiftinga, som her vart gjennomført i 1881 og i 1905, reduserte denne teigblandinga. Bruka på Alnes har likevel noko teigblanding framleis, med to til tre teigar tilhøyrande kvart bruk. I tidlegare tider hende det at kyrne frå Juv og Alnes vart sendt på beite på den vestlege delen av fjellet. Framleis finst her restar etter sommarfjøs og mjølkestadar. Fjellet er bratt og farleg, så sidan 1800-talet har oppsitjarane stort sett halde storfeet nede i heimemarka. Fjellbeitet har vore reservert for geit og sau. For bøndene på Godøya har fisket til alle tider vore ei viktig attåtnæring, og til tider sjølve hovudnæringa. Båt og naust høyrde til på kvart einaste bruk. Under det årlege vinterfisket etter torsk vart gardane på Godøya gjort om til fiskevær for båtlag frå fjordbygdene på Sunnmøre. Fiskarane kom gjerne i februar og vart verande fram til påsketider. Til godt ut på 1900-talet var Alnes eit mykje nytta fiskevær, med kort veg til rike fiskegrunner. Under vinterfisket kunne 30–40 båtar liggje her samstundes. Kvar einaste heim hadde då tre til fire båtlag innlosjert, med 7–8 mann i kvart lag. Fisket har halde seg som ein vesentleg næringsveg heilt fram til i dag. Dei første dekksbåtane kom på 1890-talet. Etter hundreårsskiftet fekk stadig fleire båtar sett inn motor, og reiskap og båtar har sidan følgt med tida sin mekanisering og teknologisering av fiskeflåta Alnes har inga god, naturleg hamn. Vart vinden kraftig og havbåra høg, måtte båtane trekkast opp på land. For å betre desse tilhøva vart det på 1890-talet bygd molo på nordsida av hamna. Moloen tok av for dei verste båredraga. Etter kvart som fiskebåtane vart større, vart hamn og molo også utvida. I 1960 stod moloen på sørsida av hamna, ferdig. Klippfisktørking var lenge ei viktig attåtnæring på Godøya. På Alnes tørka dei fisk på steinmoloar, fram til 1930-åra. Her låg også trandamperi, som framstilte medisintran. På Godøya fanst ikkje skog. Torv vart nytta til brenne. Gardane hadde sine torvmyrer på fjellet. I tillegg til torv, vart lyng og eine og nytta. Tarebrenning var vanleg på Alnes. Strandlina var delt inn i små teigar, nettopp av omsyn til at brukarane dreiv med brenning av tare. Brenning i større målestokk kom i gang kring 1880. Taren vart tørka på marka om våren, og sidan brent i jordgroper, taremiler. På Alnes kunne ein sjå 20–30 brennande miler på ein gong. Oska vart selt til medisinsk bruk. Etter andre verdskrigen vart det slutt med dette arbeidet. Det særprega fyret på Alnes vart reist i 1937, etter at det hadde vore fyrlykt på staden meir eller mindre samanhengande sidan 1850-talet. Fyrstasjonen er i dag ein del av eit opplevingssenter, som opna i 2016. På 1960-talet vart det lagt veg langs Alnes-stranda. Vegen batt Alnes saman med gardane på sørsida av øya. Ved at den undersjøiske Godøytunnelen opna i 1989, vart Godøya ein del av fastlandsambandet mellom øyane i Giske og Ålesund. I 2006 vart ein ny veg mellom Alnes og Støbakk opna, med tunnel gjennom Storhornet.
Flåværleia har frå gamalt av vore den mest nytta siglingsleia langs Sunnmørskysten. Slik er det framleis. Også større fartøy, som til dømes Hurtigruta, nyttar denne leia. Flåværleia er ei urein farlei. Her er store og mindre øyer, og eit uttal av holmar og skjær. Dei største øyene er brattlendte, nokre med fjellsider som skyt loddrett opp frå havet. Inn imellom desse, der det er mest livd mot vêr og vind og bårebrot, ligg dyrkbar jord og buande lende. Terrenget på øyane vekslar mellom myrlendte flater og skoglause åsar og fjell. Gardsbruka har vore gjennomgåande små, og som regel drivne i kombinasjon med andre inntektskjelder; først og fremst fiske, men også til dømes tarebrenning, fuglefangst og sanking av mose. Lyngkledde holmar vart før nytta til utmarksbeite. Gardstunet bestod gjerne av fleire små driftsbygningar, båtstø og naust. Einskilde stadar, som til dømes Flø, er lite prega av nyare inngrep. Kulturlandskapet her syner stor tidsdjupne, der den gamle tunskipnaden og spora etter den tradisjonelle fiskarbonden, framleis er tekne vare på. På øyene som omkransar Flåværleia finst ei rekkje spor etter kulturminne frå førhistorisk tid. Her ligg fleire steinalderlokalitetar, spesielt i midtre delar av leia: ved Herøya, Dimnøya og langs vestsida av Hareidlandet. Sør i leia ligg Sandsøya med Dollsteinshola, ei fjellhole på vestspissen av øya. I Dollsteinshola finst aktivitetsspor etter menneske i perioden frå yngre steinalder til yngre jarnalder. Langs Løsetstranda, nordvest på Gurskøya, ligg heile 63 gravrøyser. Gravrøysene stammar frå bronse- og jarnalderen. Den største gravrøysa langs Flåværleia, og ei av dei største på heile Vestlandet, finn vi på Osnes i Ulsteinvik. Røysa er om lag seks meter høg og 45 meter i diameter. Også på Gåsneset i Ulstein og på Flø ligg førhistoriske gravrøyser. På Kvalsund, på sørsida av Nerlandsøya, vart det i 1920 avdekt to båtar, tidfest til tidleg vikingtid (ca. 800 e.Kr.). Den største av dei var 18 meter lang, og var rigga med keiper for ti par årar. Funna på Kvalsund kan ha vore såkalla votivfunn, der båtane var offergåver. Herøya i Herøyfjorden vert også kalla «Sagaøya». Nemninga heng saman med at ho er omtalt fleire stadar i sagalitteraturen. På Herøya stod det tidlegare ei mellomalderkyrkje, bygd i stein. Kyrkja var hovudkyrkje for heile ytre Sunnmøre. På Herøya ligg også Herøy gard. Hovudbygninga vart reist i 1752, som prestebustad. Seinare vart her handelsstad. Bygningane på garden er i dag museum. For å gi landkjenning nord om Stad, vart det allereie i 1767 tent eit fyrlys på øya Runde. Runde fyr er det eldste på Sunnmøre, og blant dei eldste i landet. For å syne dei sjøfarande den indre leia, vart Haugsholmen fyr sett opp på Frekøya i 1876. Som innsiglingsfyr til Flåværleia, vart fyret på Flåvær reist i 1870. Seinare er her også sett opp lykter, stakar og andre siglingsmerke. Flåværleia har gjennom tidene ikkje berre vore ei siglingslei. Dette var også eit område folk frå heile regionen søkte til, for å drive fiske. Der farvatnet var smult og landingstilhøva gode, som ved Haugsholmen, Storholmen og Sandsøya, voks det fram fiskevær.
Eit av dei største fiskeværa var Sandshamn på Sandsøya. På 1860- og 70-talet vart det sett opp ei rekkje bygningar her. Ein periode hadde Sandshamn også sitt eige sjukehus. På Flåværholmane var det handelsstad med ei lun hamn, der dei sjøfarande kunne finne ly for vind og båredrag. I påvente av lageleg vêr for å runde Stad, kunne båtar bli liggjande her i dagevis. Under vårsildfisket på 1800-talet vart Flåværholmane også eit fiskevær og knutepunkt for salting og omsetning av sild. Under fiskeria kunne opp til 1500 menneske vere samla på Flåværholmane. I 1928 fekk staden eigen skule. Under andre verdskrigen vart tyske vaktstyrkar utplasserte fleire stadar i området kring Flåværleia, mellom anna ved fyra på Svinøy og Runde. Øya Skorpa kom til å spele ei sentral rolle i motstandsarbeidet, som hamn for Shetlandsbussen og for annan alliert trafikk. Her tok motstandsfolk imot båtar med britiske og norske agentar, og her låg flyktningar i skjul, medan dei venta på å bli skipa over Nordsjøen. I motsetning til det som skjedde på mange andre, tilsvarande stadar langs kysten under krigen, vart motstandsarbeidet på Skorpa aldri avslørt.
Hjørundfjorden er omkransa av høge, bratte fjell, som vekslar med slakare sidedalar. Kulturlandskapet langs Hjørundfjorden og Norangsdalen er prega av beitemarker og lier med varmekjær lauvskog. Dei bratte fjellsidene innetter fjordløpet har berre gitt plass til få og spreidde gardsbruk på landtangar og i hellingar. I dei grøderike sidedalane Bondalen, Skjåstaddalen og Norangsdalen ligg gard etter gard opp etter dei flatbotna, u-forma dalføra; med høge fjell på kvar side. Dei rike fjellbeita som finst her, gav grunnlag for varig og stabil busetjing. Dal- og strandsidene langs Hjørundfjorden inneheld mykje skredjord, som er næringsrik og gir gode vokstervilkår for gras. I dei nedre delane av sidedalane er jorda ofte skrinnare, med mindre mold og meir grus og sand. Her er heller ikkje så mange fonntrygge stadar å finne. Under slike tilhøve måtte gardstuna plasserast med omhug. Det beste var om gardstunet kunne liggje høgt og fritt i terrenget. At staden var solrik hadde særleg mykje å seie, då sola mange stadar er borte i vekevis om vinteren. Slike topografiske avgrensingar gjer det rimeleg å tru at tunskipnaden i dag er temmeleg lik slik han opphaveleg var. Langs Hjørundfjorden er det spor etter gardsdrift langt tilbake, ikkje minst på vestsida av fjorden. Ved Store-Standal finst spor etter ard, som kan knytast til jordbruk i førhistorisk tid. Dyrkingsflater avdekt på Sæbø, tyder på gardsbusetnad her allereie i jarnalderen. På Kvistad finst fossile dyrkingslag datert til sein bronsealder. Vidare innetter fjorden ligg gardar og grender som har ei lang historie knytt til seg. Skår, sør for Sæbø, er ein av få veglause fjordgardar som framleis vert driven. Og på Finnes i Storfjorden står husa i klynge, som frå gamalt av. Inst inne i fjorden ligg
grendene Bjørke, Leira og Viddal, og Skjåstaddalen, og Norangsfjorden med grendene Urke og Øye. På desse stadane er det etter måten gode vilkår for å dyrke jorda; trass i at det også her finst område med bratt lende og mykje stein. I sidedalane kring Hjørundfjorden finst nokre av dei mest typiske setergrendene på Sunnmøre. Frodige fjelldalar høvde godt for stølsdrift, og stort sett alle gardane langs fjorden hadde seter. Fjellbeita gav grunnlag for produksjon og sal av kjøt. Norangsdalen, som er mellom dei trongaste dalføra i Noreg, ber tydeleg preg av kampen mot naturkreftene. Ved Jelskredsvatnet er dalbotnen fylt av utrasa ur. På Urasætra og Stavbergsætra vart stølshusa sett opp i rekke der det var fonn-sikkert. Lygnstøylvatnet vart danna etter eit ras i 1908. I vatnet kan vi framleis sjå restar etter den gamle vegen, husmurane og grinda. På Bjørke og i Skjåstaddalen ligg nokre av dei eldste profane bygga i fylket, der fleire kan tidfestast til perioden før 1537. Også fleire av bygningane på Bakketunet på Åkre kan tidfestast til mellomalderen. Bakketunet vert rekna som det eldste, heilskaplege gardstunet i Møre og Romsdal. Sjøen var den viktigaste ferdslevegen langs Hjørundfjorden, men langs stranda gjekk også stiar og tråkk. Her kunne skredfaren vere stor, ikkje minst vinterstid. For at skuleborna skulle sleppe å sette av garde langs fonnfarlege stiar eller leggje ut på fjorden i allslags vêr, vart det i 1915 bygd ein internatfolkeskule på Stavset. Skulen var internatskule i 35 år, og var i drift fram til 1965. Bygninga står der framleis, som den einaste av sitt slag i Møre og Romsdal. Frå siste delen av 1800-talet vart Hjørundfjorden og Hjørundfjordfjella populære reisemål for utanlandske turistar. Både tyske cruisebåt-passasjerar og engelske fjellklatrarar strøymde til området. Turistskip ankra årvisst opp ved Øye, der eit hotell i sveitserstil vart oppført i 1891. Sjølv om hotellet vart utvida både i 1926 og i 1932, har det likevel framleis sitt særeigne, arkitektoniske preg. Hotellet er og eit døme på at ein leverte prefabrikerte bygningar sist på 1800-talet. Firmaet Thams i Trøndelag var leverandør av hotellet.
Smøla kommune består av ei stor øy, «Fast-Smøla», og ein skjergard med meir enn 6 000 mindre øyer, holmar, skjer og båar; dei såkalla «smulane». Desse finn ein sør og vest i for Fast-Smøla, og desse har gitt kommunen namn. Ut mot Gripen, der Trondheimsleia møter havet, er farvatnet ureint, og gjennom tidene har det vore ei rekke skipsforlis her. Edøyfjorden, som er eit reinare farvatn, bind Kuli, Edøy og Solskjelsøya saman. Hamnene ligg strategisk plasserte mot leia. Edøy og Kuløy skil seg ut frå resten av Smøla ved at berggrunnen består av konglomerat av sandstein, som har gitt grunnlag for betydeleg jordbruksareal med sjølvdrenert sandjord. Kystlyngheier, forma gjennom lang tradisjon med beiting og sviding, pregar landskapet på fleire av øyene og holmane. Det er eit småskala jordbrukslandskap, der flekkar av dyrkbar jord ligg mellom bergknausar og store myrområde. Området er nesten fritt for trevokster.
Frå gamalt av har mykje av utmarka kring Edøyfjorden vore nytta til utmarksbeite og til viktige attåtnæringar, som fuglefangst og sanking av egg og dun; noko mellom anna stadnamna her vitnar om. Namnet Edøya kjem til dømes av edder, ærfugl, og på naboøya Kuli er det funne spor etter fuglefangst frå yngre jarnalder. Vi finn steinalderbusetnadar fleire stadar på Smøla. Her finst spor etter åkerbruk frå før-romersk jarnalder, mensteingjenstandar kan tyde på at det var jordbruk på fleire av øyene allereie i overgangen yngre steinalder/eldre bronsealder. Samlinga med spreidde gravrøyser som ligg kring Edøyfjorden, på Edøy, Kuli, Fastlandsmøla og Solskjel, er ei av dei største langs Trondheimsleia. Kuli er den av øyene med tettast konsentrasjon av graver.
I eit av gravfelta på Edøya ligg ei stjerneforma røys, «Edøystjerna», som truleg er eit gravminne frå mellom 300- og 600-talet. Slike steinsettingar finst det få av i Noreg, og dei fleste ligg i nærleiken av det som skal ha vore lokale maktsenter. På nordsida av naboøya Kuli står ein såkalla «heilag kvit stein», som truleg er frå same periode som Edøystjerna. Steinen står i tilknyting til eit større gravanlegg. Her er det til saman registrert 82 gravrøyser, og funna kan tyde på at desse øyene var viktige kultstadar allereie i før-kristen tid. På bakken ut mot sjøen, øst for garden Kuli stod den såkalla Kulisteinen, ein korsmerka stein med runetekst. Den språklege utforminga kan tyde på at teksten er frå omkring 1000 e.Kr., og at han i så fall kan knytast til Olav Tryggvason sin freistnad på å kristne landet. Innhaldet kan også tolkast som at kristendommen hadde vore i Noreg i «tolv vintrar». Om så er, kan han vere rissa inn om lag tolv år etter at vedtaket om kristenrett vart gjort på Mostertinget i 1024. Kulisteinen spelar ein viktig rolle i Noregs historie, da det er første gongen at ordet «kristendom» er nemnd i ein norsk tekst, og det er første gongen at namnet «Noreg» er skriftfesta på norsk jord (ref. Arne Kruse). Dette gjer Kulisteinen til eit symbol på overgangen mellom vikingtid og mellomalder; med seinare rikssamling, statsdanning, og kristninga av landet. På grunnlag av dette er nemninga «Noregs dåpsattest» nytta om Kulisteinen, og er innlemma i Unesco si liste over Norges dokumentarv. I 2019 vart det ved hjelp av Georadar avdekt ei skipsgrav på Edøya. Skipet ligg begravd nordaust for Edøy gamle Kyrkje under dyrkingsjord og teiknar seg som ein 13 meter lang kjøl med antyding til bordgangar innsirkla av rester etter ei steinrøys på 18 meter i diameter. Sjølve skipet kan ha vore 16–17 meter langt, og er truleg frå yngre jarnalder (ca. 570–1030 e.Kr.). Solskjelsøya er i sagalitteraturen kjent som staden der Harald Hårfagre kring år 863 utkjempa to slag mot lokale hovdingar, som eit ledd i kampen for å samle Noreg til eitt rike. Slaga stod om rådveldet over Romsdal, Nordmøre, Sunnmøre og Fjordane. Harald gjekk sigrande ut, og overlét seinare desse områda til Ragnvald Mørejarl. Frå slaga ved Solskjel og utover i mellomalderen, har området kring Edøya og Kuli truleg vore ein del av eit kontinuerleg og stabilt maktsenter. Garden Edøy danna utgangspunkt for det mektige Edøygodset, som kan ha lege her allereie i tidleg vikingtid. I mellomalderen vart Nordmøre kalla Edøy len, noko som understrekar den sentrale posisjonen til dette området. Edøy gamle kyrkje står i dag att som det fremste symbolet på dette maktsenteret. Kyrkja var ei av to steinkyrkjer som fanst på Nordmøre, og ei av ni frå mellomalderen i heile Møre og Romsdal. I seinmellomalderen vart det ein stadig aukande internasjonal etterspurnad etter fisk. Der hamnetilhøva var gunstige og farvatnet smult, vart det bygd opp små samfunn, fiskevær. På fiskeværa samla folk seg for utror under dei årlege fiskesesongane. Utover på 1900-talet, med moderniseringa av fiskeflåten og utviklinga av havfisket, mista etter kvart fiskeværa sin opphavelege betydning. Mange vart fråflytta, og forfallet sette inn. Framleis står bygningsmiljø att, som minne frå tidlegare tider, og som blikkfang for dei som kjem nordetter leia.
Sør på Edøy ligg restar av det som var Edøy kystbatteri. Kystbatteriet, som vart bygd av den tyske krigsmakta i juni 1941, var ein del av Festung Norwegen, forsvarslina langs Norskekysten.
I nord, sør og vest vert landskapet gjennombora av fire fjordar: Norddalsfjorden, Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. I sør og søraust er landskapet innramma av høge fjellmassiv som set det fysiske skiljet mellom vest og aust. Dei fire fjordane er djupe og reine, omgitt av bratte hamrar som vekslar med slake lier. Storfjorden har gjennom tidene vore den viktigaste sambandslina mellom kysten og indre Sunnmøre. Omgitt av bratte fjell og tronge dalar, var fjorden også ofte den einaste ferdsleåra for dei som budde og levde her, ikkje minst på vinterstid. Det var kløv- og rideveg over Geirangerfjellet til Lom i Gudbrandsdalen og mellom Eidsdalen og Geiranger, men fjorden var vegen som batt folk i hop, og færingen var det viktigaste framkomstmiddelet. Ein og annan stad langsetter fjorden, der det var rimeleg flatlendt og skredsikkert, vart det rydda jord og sett opp våningshus, fjøs og naust. Andre fann fram til plassar lenger oppe i fjellsida, gjerne på hyller der terrenget var slakare. Herifrå var det som regel også kort veg til utmark og fjellbeite. Gardstuna ligg ofte ulendt til, og er enklast å nå med båt. Husa er i dag fråflytta, men mange av dei vert framleis teke godt vare på, og nytta som fritidsbustadar. Gardane har ei historie som går langt tilbake i tid. Sommaren 2018 vart det gjort arkeologiske undersøkingar på nokre av fjord- og hyllegardane langs Storfjorden. Desse synte at fleire av gardane hadde vore i bruk allereie i før-romersk jarnalder (om lag 300 f. Kr.). Kollag vitnar om at her har blitt rydda jord, truleg til beite. Slike rydningslag vart funne både på Skageflå, og på Øvstegarden og ei av setrene i Oaldsbygda. Spor etter stabilt åkerbruk finn vi ikkje før langt seinare. På Midtgarden i Oaldsbygda finst spor etter korndyrking i høgmellomalderen (1150–1350 e. Kr.). Bygg var det vanlegaste kornslaget. Husdyrhald har truleg også vore viktig på denne tida. Her er også funne spor etter jakt og fangst i frå førhistorisk tid. Tidfestinga av slike funn kan tyde på at det i løpet av mellomalderen skjer ei endring når det gjeldt næringsgrunnlag; frå jakt og fangst til husdyrhald. Mot slutten av mellomalderen og i tidleg nytid skjedde ei rask utviding av busetnaden langs Storfjorden og Geirangefjorden. Mellom anna vart den historiske gardsbusetjinga i Gomsdalen og på Blomberg etablert. Dette kan også ha skjedd på Skageflå. Eit overordna inntrykk er at dei høgastliggjande gardane jamt over er noko eldre enn gardane nede ved sjøen. Dette kan ha samanheng med gode beiteområde oppover mot høgfjellet. Mange av gardane hadde seter. Einskilde stadar, som til dømes ved Kilstivatnet, låg fleire seterbruk i lag. I Storfjord-området er det i dag berre éi seter som framleis vert drifta, Herdalssetra i Norddal. Talet på besøkande på setra er stort. Bøndene som driv her er viktige tradisjonsberarar og formidlarar av kulturhistoria og er produsentar av kortreist, lokalprodusert mat. På 1600-talet, kanskje også før den tid, var det fast busetnad i Herdalen. Sidan tidleg på 1800-talet har her vore stølsdrift. Utover på 1800-talet auka folketalet på gardane langs Storfjorden. Nokre av dei vart delte opp i fleire bruk, andre vart busett på nytt etter å ha lege aude ei tid. På dei mest brattlendte plassane kunne jordsmonnet vere skrint. Her var gjerne næringsgrunnlaget tredelt: krøterhald, skogdrift og fiske. Eit døme på ein slik gard er Uranes, rett over fjorden frå Stranda. Familien som flytte hit i 1892, heldt seg med geit og sau. Storfehald var vanskeleg i dette terrenget, der krøtera ofte måtte bergast ut frå fjellhyller der dei hadde gått seg fast. På Uranes var det berre eit mindre område som kunne slåast med ljå på vanleg måte. Elles var det å fare med ljåen mellom stein og ur, langt innetter
strendene og høgt oppe i fjellsida. Der ljåen ikkje strekte til, vart tollekniven nytta. Graset vart samla i eit nett av tau og trilla ned til sjøen, der det vart turka. Lauv, særleg frå ripsbuskar og almetre, vart nytta som tilleggsfòr. I vinterhalvåret gav vedhogst eit jamt og sikkert innkome for familien på Uranes. Utover på 1900-talet gjekk folketalet på fjord- og hyllegardane langs Storfjorden jamt tilbake, men tok seg mellombels opp att under andre verdskrigen. I løpet av 1950-åra vart dei fleste av desse gardane fråflytta. Geirangerfjorden var ein av dei aller første fjordane i Noreg som vart oppdaga av utanlandske turistar. Allereie i siste halvdel av 1800-talet var både tyske keisarar og britiske lordar med på å gjere Geirangerfjorden, og bygda Geiranger, til ei merkevare for denne gryande næringa. Etter kvart som hotellkapasiteten vart større og vegnettet bygd ut, auka også tilstrøyminga av tilreisande. Dei seinare åra har det meste av auken vore knytt til at stadig fleire cruiseskip tek turen inn Storfjorden og Geirangerfjorden.
Den nordlege delen av området er eit ope fjordlandskap, der fire embetsmannshus ligg på rad med utsikt over fjorden. Ved fjorden ligg naust og sjøbuer som høyrde til gardane og var viktige for kommunikasjon og handel. Herskapshusa finn vi på Tysse, Leite, Fagervik og Badeneset. Dei fleste er bygde i første halvdel av 1800-talet og var opphavleg omgitt av tidstypiske hageanlegg. I dag finn ein spor etter desse hageanlegga ved alle husa, tydlegast i form av eldre store tre. Alle husa rettar seg mot fjorden, som var hovudferdselsvegen på den tida, og ligg vakkert til i landskapet.
Den best bevarte av desse eigedomane er garden Tysse. Tysse har røter som storgard tilbake til 1300- talet. Anlegget slik vi ser det i dag vart bygd av Nils L. Landmark. Han vart sorenskrivar i Sunnfjord i 1809 og flytta då hit. I dag vert tunet kalla Lillingstonheimen etter den engelskepresten og språkgranskaren, Claude Lillingston som kjøpte garden i 1880.
Familien Landmark var svært opptatt av jordbruk og å spreia kunnskap om moderne driftsmåtar til bøndene i området. Landmark var ein føregangsmann for modernisering av landbruket. Han bygde opp garden til eit mønsterbruk og la mykje arbeid i å plante frukttre og andre hagevekstar. Han sette òg i gang med skogplanting. I fleire år vart anlegget drive meir som ein jordbruksskule og fleire unge bondegutar fekk her ei kort opplæring i landbruk. I same opplysningstradisjon var Marie og Barbra Landmark sin husmorskule på nabogarden Leitet.
Tunet på Tysse har hovudhus og tre uthus. Hovudhuset vender seg mot fjorden og er utforma i tråd med stiltrekka til den klassisistiske bergensarkitekturen. Hageanlegget nærast huset er på sørsida prega av den geometriske hagestilen med rette spasergangar og geometriske blomsterbed. Her er det lagt vekt på at menneska skulle ha kontroll over naturen. På nordsida mot fjorden har hagen ein meir open struktur som fylgjer landskapet. Frå hovudhuset er det planta allear langs stiane som går ned til sjøen og bort til stien som i dag vert kalla Filosofgangen. Filosofgangen kryssar det tronge og djupe Tyssegjelet. Her er det tett vegetasjon og store lauvtre som skaper ei nærast mytisk stemning.
Mot Dalsfjorden lengst aust i området ligg det karakteristisk utstikkande Badeneset. Søraust for Badeneset var det ei god hamn og her vart det reist fleire sjøbuer, og den gamle butikken låg her. Mykje er her godt bevart og viser samanhengen mellom jordbruket og bruken av fjorden til transport og fiske.
Landskapet som omgjev husa i dag er i stor grad det same jordbrukslandskapet som var her på familien Landmark si tid. Med unntak av fylkesvegen er det få store moderne inngrep innanfor området.
På Fredensborgåsen sør-aust for Tysse etablerte Landmark ein romantisk landskapspark som vart brukt til rekreasjon for familien og deira gjestar. Anlegget var i tråd med samtida sine landskapsparkar som var ein stil som kom frå England og vart ei ny hageretning i Noreg på slutten av 1700-talet. Gravplassen til familien Landmark er eit sentralt element i parken på Fredensborg.
Landskapsstilen sine estetiske prinsipp var i klar motsetnad til tidlegare tider sin geometriske hagekunst og la vekt på å fylgje landskapet og skape ein hage der naturen var arrangert med utsiktspunkt, sitjeplassar og siktlinjer. Målet var å forme naturen slik vi opplever den i eit landskapsmåleri.
Stilen vart svært populære hjå overklassen i Noreg. Hagane vart gjerne utforma av overklassen sjølv, utan bruk av profesjonelle landskapsarkitektar. Stemningsfulle element som kunstig oppbygde ruinar, grotter og «minnesmerke» var viktig for å oppnå den ynska måleriske effekten. Gravplassar kunne også vere viktige element.
Det romantiske ideal var å ha eit mest mogleg urørt, helst vilt og kupert terreng med ein naturleg trebestand som ramme om stiar og andre innslag i anlegget. I mange tilfelle låg dei eit stykke unna hovudbygningen. Der låg dei gamle geometriske hagane framleis att. Dette finn vi også på Tysse. I 1824 fekk Landmark løyve til å anleggje ein privat familiegravplass som vart eit sentralt element i landskapsparken.
Mange av hovudtrekka i parken er bevart. Det oppdemma vatnet er framleis eit sentralt punkt, vegen rundt vatnet er i dag ein sti og ikkje køyrbar. Lyststaden er enno synleg. Frå den går det ein køyreveg med allé opp til gravplassen som er plassert på ei lita høgde. To urner med minneskrift på sokkelen er plasserte med hovudutsikta retta mot tunet på Tysse. At gravplassen er innlemma i parkanlegget og måten den er lagt på, er i tråd med den romantiske landskapshagen sine ideal, og er det best bevarte enkeltelementet i parken i dag.
Fleire av dei bygde elementa i er i dag vekke, men hovudtrekka i anlegget er bevart. Filosofgangen er opparbeidd som tursti bygd på spor i landskapet.
Denne delen av Aurlandsdalen viser samspelet mellom den mektige naturen, fjellgardane og den gamle ferdselsvegen. Øvst i området er dalen open, men smalnar inn vestover. Ved Øyestølen skjer dalen seg etterkvart kraftig ned i fjellmassivet før han igjen vert meir open mot Vassbygdi.
Her gjekk den kortaste av dei gamle ferdselsrutene mellom Austlandet og Vestlandet. Han var mykje brukt som drifteveg. Den flotte vegtraseen gjennom Aurlandsdalen, der Austlandet møter Vestlandet byr på alt frå goldt steinlandskap til frodige djupe dalar. Traseen er i dag ei historisk vandrerute og det frivillige laget Venner av Aurlandsdalen gjer ein stor innsats med skjøtsel av kulturlandskapet i dalen på dugnad.
Aurlandsdalen vart besøkt av fleire kunstnarar. Johannes Flintoe sitt måleri «Bjønnestivarden» frå 1820 gjorde dalen kjend for eit større publikum. Aurlandsdalen vart etter kvart eit mål for turistar og er i dag ei av dei mest kjende vandrerutene i landet.
Høge fjell omkransar den smale dalen med fleire mindre sidedalar. I dalbotnen renn Aurlandselvi. Landskapet er dramatisk og vakkert, men har vore utfordrande å ferdast og bu i. Rasvifter og kampesteinar fortel om naturfarane. Mange stader er det bratte stup frå stien og ned til elva, andre stader er stien lagt tett på elva. Små gardsbruk ligg der det har vore mogleg å rydde nok jord til å livberge seg, i hovudsak høgt oppe i dalsidene. Der var dei trygge for flaum og fekk meir sol enn nede i dalbotnen.
Truleg var det fast busetnad i Aurlandsdalen før svartedauden. Dei første som slo seg ned her dreiv hovudsakleg med jakt og fiske, men etter kvart vart jordbruk viktigast. Etter svartedauden vart mange av gardane lagde aude og først på 1600-talet kom dalen i full bruk att. Det høgaste folketalet hadde ein på midten av 1800-talet. Etter kvart som utvandringa til Amerika tok seg opp, vart gardane fråflytta. I 1922 vart Sinjarheim fråflytta som den siste. Gardane vart etter det nytta til stølsdrift, og dermed gjekk mange av dei eldre stølane ut av bruk. Det er framleis noko beitedyr i Aurlandsdalen og mange andre spor etter bruken av utmarka.
I den vide Aurdalen, var det opphaveleg tre gardar. Då gardane vart fråflytta på slutten av 1800-talet starta ein med turismeverksemd. I dag er her to fjellstover og Østerbø fungerer som innfallsport til vandring ned Aurlandsdalen.
I Aurdalen finn vi den særmerkte Aurdalen gravplass som vart vigsla i 1858. Gravplassen vart etablert fordi det var umogleg å frakte dei døde ned til kyrkjegarden på Aurlandsvangen om vinteren. 27 menneske er gravlagde på gravplassen som var i bruk fram til 1911.
Noko lenger ned ligg garden Nesbø, der dalen vidar seg ut i eit landskapsrom med bratte, delvis kultiverte lier, fjellhamrar og Nesbøvatnet som dominerande element. Her er det eit heilskapleg gardsmiljø der fleire av dei gamle bygningane i det eine tunet framleis står. Særmerkt for dei gamle bygningane er bruken av stein. Det er framleis oppmurte åkerterrassar innvevd mellom slåttemark, rydningsrøyser og steingjerde og murar etter fleire løer.
Nord for Nesbø går Gravadalen opp mot stølar og store fjellvidder. Nesbøgalden sperra lenge for ferd selen mellom Nesbø og Aurdalen. All ferdsel med dyr måtte då gå via Gravadalen fram til det vart sprengt ut veg i Nesbøgalden i 1930-åra. Tidlegare var det sett opp trebruer og stigar slik at folk kunne gå til Aurdalen langs elva.
På sørsida av Aurlandsdalen ligg det berre to gardsbruk, Berekvam og Teigen. Teigen ligg omlag 650 moh i eit storslege og dramatisk landskap med eit høgt stup ned til elva. Her er framleis bevarte rydningsrøyser og bakkemurar viktige element. Nedom stølen Frivoll er det eit stort område med gamal lauvingsskog av bjørk.
Frå Teigen kan ein sjå over til Sinjarheim på 600 moh på nordsida av dalen. Garden har ei framskoten plassering i det bratte landskapet. Bygningane i tunet står tett saman. Tunet er det best bevarte og mest komplette i Aurlandsdalen med i dag sju eldre hus; stovehus, kårhus, eldhus, fjøs, stall, stabbur og låve. Fleire av husa har ein høg grunnmur ut mot dalen. Den tidlegare intensivt drivne innmarka er framleis open med bakkemurar, rydningsrøyser, stiar, styvingstre og andre element i landskapet. Sinjarheim vert framleis brukt av Sogn jord- og hagebrukskule til tradisjonell stølsdrift nokre veker kvar sommar.
Almen ligg ca. 400 moh og har til liks med Sinjarheim ei svært dramatisk plassering, men av ein heilt annan karakter. Tunet ligg tett på Aurlandselvi. Landskapet rundt er svært rasutsett med store steinskreder. Stovehuset står innunder ein stor stein som vernar mot skred. Rydningsrøysene dekkjer store delar av innmarka. I lia vest for tunet er det eit stort tal almetre som har spor etter lauving. Plassen hadde lite åkerjord og har truleg vore ein av dei vanskelegaste å livberge seg på. Herifrå vert dalen vidare og landskapet flatar ut med frodig oppdyrka kultureng, beite og innslag av edellauvtre. Ved Vetlehagjen er det eit gamalt jordbrukslandskap med åker, slåttemark, steingardar, fegate og bakkemurar.
Namn og segner knytt til stadar langs vegen vitnar om ferdselen over svært lang tid. Frivodl, Grimevollen og Svinasletti var kvileplassar for driftekarane som gjekk opp Aurlandsdalen. Fleire namn viser til jordbruksdrifta, som Konnshedleren og Kaldaholet. Grunnlaushellern der Likbjørki stod like ved, er knytt til transport av dei avdøde til Aurlandsvangen. I Likbjørki vart liket hengt opp for vern mot rovdyr når ein måtte overnatte undervegs til kyrkjegarden.
Stortinget vedtok i 1894 at det skulle byggast jernbane mellom Christiania og Bergen. Bergensbanen var det største prosjektet i jernbanebygginga si historie i Noreg og kosta meir enn eit heilt statsbudsjett. Jernbana var viktig for å binde saman Austlandet og Vestlandet og då ho opna i 1909 vart reisetida mellom dei to landsdelane vesentleg kortare. Då ein planla bygginga av Bergensbanen vart det samstundes planlagt sidespor til Hardanger og Sogn. I 1923 starta arbeidt med Flåmsbana.
Arbeidet på fjellet kunne berre uførast sommarstid, og dei lange avstandane i eit veglaust fjellterreng gjorde at transport av folk og materiell var ei stor utfordring. Det vart difor bygd ein eigen anleggsveg på strekninga der jernbana skulle byggast. Vegen som bustadar og eit lite parkanlegg. Flåm stasjon er seinare utvida og ombygd til ein moderne togstasjon.
Vegkryssinga over Filefjell har vore særs viktig for handel og samkvem mellom aust og vest, og har ei svært lang historie. I området ligg det fleire generasjonar med vegstrekningar. Vi finn spor etter den gamle Allmannavegen (tjodgata), Den Bergenske postveg, Den Bergenske kongeveg, Den Bergenske hovedvei, den første riksvegen og dagens E16. Området har såleis ei unik samling av veghistorie over eit langt tidsrom. Mellom Maristova og Kyrkjestølen ligg den lengste originale Kongevegstrekninga som er igjen mellom Lærdalsøyri og Øye. Vegen er del av den Bergenske Kongeveg og er den første køyrevegen over Filefjell, bygt i perioden 1791 til 1793 og den første offentleg finansierte køyrevegen mellom aust og vest.
Filefjell var den kortaste, lågaste og minst vêrharde strekninga mellom Austlandet og Vestlandet. Det er funne spor etter ferdsel tilbake til steinalderen. Arkeologiske funn viser at det var ein fast ferdselsveg her alt i jernalderen og at det då var fast busetjing her. Området er rikt på førhistoriske kulturminne attende til steinalderen. Tyngda av kulturminna er likevel frå vikingtid og mellomalder då det var omfattande ferdsel og jernvinne på Filefjell. På Kyrkjestølen, på Vangssida finn vi tuftene etter St. Thomaskyrkja, ei stavkyrkje bygd på det som truleg var ein marknadsplass der folk frå Sogn, Voss, Valdres og Gudbrandsdalen møttest årleg.
Med Gulatingslova vart ferdselen over Filefjell regulert og verna. Lova fastslo at vegen skulle fylgje den traseen han alltid hadde fylgt og at breidda skulle svare til lengda på eit spyd - åtte alen. Allereie i denne eldste lova ser vi at vegrett vart oppfatta som eit samfunnsgode som dei private omsyna måtte vike for. Med Magnus Lagabøte si lov i 1282 vart reglane i Gulatingslova i hovudsak vidareførde og gjaldt i hovudtrekk fram til Vegloven av 1824.
På 1600-talet vart kongemakta meir sentralisert til København og det var behov for eit meir effektivt styre av distrikta i Noreg. Nye næringar innan bergverk og trelast og utvikling av postvesenet auka behovet for nye og betre vegar. Christian IV vedtok at alle allfarvegane i Noreg skulle forbetrast. Framleis var det bøndene som hadde ansvar for vedlikehaldet på kvar sitt vegstykke.
Den første store reforma i samferdselshistoria kom med innføringa av postvesenet i 1647. Postvegane vart utvikla som eit hovudvegsystem som batt saman dei ulike stifta i Noreg og København. Bergensruta gjekk om Valdres og Filefjell, og fylgde truleg mellomalderen sin allmannaveg. For å få eit effektivt postvesen vart det behov for å bygge ut vegnettet til køyreveg. Vegen over Filefjell vart bygd etter det franske prinsipp som var rådande på slutten av 1700-talet. Det gjekk ut på at ein bygde vegen i rette linjer uavhengig av terrenget, noko som var lite eigna på fjellovergangar i Noreg. Fleire parti av vegen vart så bratte at hestane ikkje klarte å trekkje lasset opp. Ei av desse strekka var frå Maristova og opp til Håvarden. Det vert kalla «De sju skuffelser». Vegen er lagt i ei rett linje opp bakken og har ei maksimal stigning på 1:4. Totalt stig vegen 230 meter opp til det høgaste punktet på kongevegen 1230 m.o.h.
Allereie etter ca. 50 år starta arbeidet med å legge om og forbetre vegen over Filefjell. Frå midten av 1800-talet hadde også prinsippa for å bygge veg endra seg. No søkte ein å leggje vegen flatt i terrenget og å unngå for bratte stigningar. Traseen frå Kyrkjestølen til Maristova vart på 1840-talet lagt gjennom Smeddalen. Dette gjorde ein av dei tyngste traseane over Filefjell lettare å passere. Rundt 1850 vart vegen nedanfor Maristova lagt om med ny bru over Smeddøla. Dei siste endringane kom med oppgradering av dagens E16 gjennom Smeddalen. Kongevegen har meir eller mindre stått urørt frå han gjekk ut av bruk som hovudveg i 1840-åra.
Bøndene som hadde ansvar for vedlikehaldet møttest tre gonger om året for å sjå etter vegen. Styresmaktene førde tilsyn med arbeidet ved å ri baugreid. Dersom vegen ikkje var i god nok stand, fekk bøndene bøter. Det vart stilt stadig større krav til vedlikehaldet og det førde til konfliktar mellom bøndene og generalvegmeisteren. Etterkvart tok soldatar over mykje av byggearbeidet, medan bøndene gjorde vedlikehaldet