Dalføret er karakterisert av grender og gardsbruk som ligg langs Lærdalselvi og E16. Dalen er omkransa av høge, bratte fjell, med sidedalar som munnar ut i hovuddalen. I nedre del er det vide elvesletter og nokre grusterrassar over sletta. Etter Saltkjelen og oppover blir dalen trongare og med mindre jordbruksareal. Raskjegler ligg mellom innmarka og fjellet.
Ferdselshistorie og jordbruksstrukturar med eit tidsspenn frå yngre steinalder/bronsealder til notid er to raude trådar i landskapet. Her er spor etter jordbruksdrift tilbake til yngre bronsealder og buplassar meir enn 8000 år tilbake. Lærdal har særs godt klima for jordbruk. Jordbruket har i dag element frå både den gamle tradisjonelle drifta og moderne drift. Den lange bruken av dalen som ferdselsveg mellom Aust- og Vestlandet set òg preg på landskapet.
Areal til oppdyrking har vore avgrensa. Tidlegare var randsona mellom innmarka og fjellsidene viktige produksjonsareal, der m.a. husmannsplassane låg. Landskapet er ein mosaikk av kulturar som ein knapt finn andre stader. I heile området finn vi busetjingsspor, gravfelt, gravhaugar, dyrkingsspor og rydningsrøyser. Desse er i hovudsak lokaliserte nær dagens gardstun med bygningar frå 1700-talet og framover.
Området er i dag prega av landbruket etter utskiftinga frå slutten av 1800-talet til godt opp på 1900-talet. Hovudvekta ligg på dyrking av grønsaker, frukt og bær i nedre deler av dalen og husdyrbruk i Borgund.
Lærdalselvi er eit av dei viktigaste landskapselementa i dalen, den har vore, og er avgjerande for innbyggjarane. Ho gav grunnlaget for dyrkingsjorda på flatene, men flaumar og endringar i elveløpet sette tidlegare grenser for kor ein kunne busetje seg. Elva har gjeve vatn til gardsdrifta og vore ei viktig lakseelv. Bøndene fiska fyrst sjølve, men frå midten av 1800-talet byrja dei å leige ut til sportsfiskarar. Tilrettelegging av tilkomst til dei gode fiskeplassane er døme på spor i landskapet etter denne verksemda.
Med lite nedbør har det vore ei utfordringa å få fram nok vatn til åkrane. Dette har resultert i eit omfattande system med vatningsveiter, dei eldste går truleg tilbake til 12–1300 talet. Ljøsnaveiti førte vatn frå Lærdalselvi og ned på Ljøsnaterrassen i eit ca. fem km langt strekk gjennom ulendt terreng. Veita var ferdig i 1890-åra og i bruk til langt ut på 1900-talet. Store delar er framleis bevart, men fører ikkje vatn. Undebakkaveiti er ei av dei få veitene som framleis er vassførande og til dels fungerer.
For å kunne drive jordbruk her måtte ein jamleg rydde stein frå jorda, noko dei mange rydningsrøysene viser. Steinen har òg vore nytta til gjerde og i geiler. Store steinblokker og hellerar har vore nytta til lagring av vinterfôr, men òg til overnatting. Stølsdrifta var avgjerande for busetjinga. Området i dalen var avgrensa og ein var heilt avhengig av å nytte utmarka. Lærdal har store utmarksvidder der gardane hadde stølar, men mange var tungt tilgjengelege.
Storleiken på gardane speglar den gamle strukturen med storgardar, mindre sjølveigande gardar og husmannsplassar. Husmannsplassar var i drift allereie på 1600-talet og vi finn framleis tydelege spor etter dei i heile dalføret. Husmannsplassane låg der det var marginalt for drift, slik som Galdane og Halabrekka.
Mange av dei eldre gardstuna er framleis godt bevarte, mellom anna i freda tun. Med kristninga av Noreg vart det reist fleire kyrkjer i dalen og Borgund stavkyrkje er framleis bevart. I mellomalderen var det òg kyrkjestadar på storgardane Eri, Rikheim, Hauge i tillegg til Tønjum der det også i dag er kyrkje.
Hovudferdselsåra over Filefjell og ned gjennom Lærdal har ei lang historie. Den hadde reguleringar alt i Gulatingslova før 900, og i Magnus Lagabøter si Landslov frå 1272, med klare retningsliner om standard på vegen og kvar dei vegfarande kunne gå. Bøndene si vedlikehaldsplikt var også fastsett i lova.
Med innføringa av postvesenet i 1647 vart det oppretta nye postvegar mellom knutepunkt i Noreg. Postvegen mellom Kristiania og Bergen gjekk over Filefjell og ned til Lærdalsøyri før han gjekk vidare på sjøen til Gudvangen. Postvegane gjekk hovudsakleg langs den gamle «tjodgata», men nokre stader hadde dei eigne trasear, til dømes over Steineåsen og Seltåsen.
Det er bevart fleire generasjonar veganlegg i området og vegane pregar særleg strekninga frå Seltun til Borgund stavkyrkje. Ein av dei best bevarte traseane er ridevegen Sverrestigen mellom stavkyrkja og Husum, som var i bruk fram til han vart avløyst av vegen gjennom Vindhellaskaret som opna i 1793. Denne vegen vart igjen avløyst av ny veg gjennom Vindhellaskaret i 1843 som har høge murar og slyngande svingar for å unngå for bratt stiging. Vegstrekket forbi husmannsplassen Galdane var eit av dei meir utfordrande, og vi finn her fleire generasjonar av vegar.
Under andre verdskrig var kommunikasjonslinene mellom Aust- og Vestlandet var viktige å sikre for tyskarane og det er spor etter tyske forsvarsverk gjennom heile dalen. I det særs tronge partiet ved Seltåsen er det anlegg på begge sider av dalen.
Strynefjell er eit storslege landskap med fleire fjellparti og dalar. Det er store kontrastar mellom det frodige jordbrukslandskapet nede ved Oppstrynsvatnet og det villare fjell-landskapet.
Ei reiseskildring frå ei reise over fjellet til Skjåk ca.1860 skildrar landskapet slik: «Hjelle så ut til å være et lite sted, eneståaende vilt og øde... Nå begynte en kjøretur uovertruffen i storslagenhet og prakt gjennom en vill og trang dal.» «Dalen ble mer og mer ensom og øde etter som vi kjørte oppover, stadig oppover... Kolossale fjell av enhver form og fasong, ville forrevne og mørke, løftet seg på begge sider av dalen. Buskaset som hadde satt sitt preg på den nedre delen av dalen, forsvant, og alt ble øde villhet, ingen trær eller busker, ingen markblomster eller bregner syntes å vokse noe sted...»
Skildringa er framleis svært treffande. Den største skilnaden frå 1860-talet til dagens landskap er dei to køyrevegane over Strynefjellet.
Vegen over Kamperhamrane var den enklaste traseen frå Nordfjord over til bygdene nord på Austlandet og har etter alt å døme vore i bruk i over 1000 år. Den følgjer Hjelledalen og Sunndalen sør i området. Det mest krevjande partiet er opp Kamperhamrane.
Driftene med dyr frå Vestlandet til Austlandet var ei viktig næring på 1800- og byrjinga av 1900-talet. Vegen over Kamperhamrane til Skjåk var ein mykje brukt drifteveg i Nordfjord. Driftene samla seg vanlegvis på nordsida av Strynebukta og hadde seks faste kvileplassar på strekninga til Skjåk. Ruta gjekk via Oppstrynsvatnet, Hjelledalen og Sunndalssetra før ho gjekk over Kamperhamrane. Fleire stadar var det her bratte trappevegar oppetter blanke fjellsider og opp i over 1100 moh før dei kom over til Skjåksida.
Langs driftevegen ligg gardsbruk med stølar, husmannsplassar, vardar og sjølve vegfaret. Inne ved Kamperhamrane er det eit par «herbyrge», blokkeller bergheller som har vore brukt til overnatting for ferdafolk.
Den forseggjorte vegtraseen opp Kamperhamrane var krevjande å byggje og å vedlikehalde. Arbeidet ein la ned vitnar om kor viktig denne ferdselsvegen var. Etter opninga av Gamle Strynefjellsveg gjekk traseen ut av bruk som ferdselsveg mellom Aust- og Vestlandet, men er i dag ei historisk vandrerute.
I 1894 opna Gamle Strynefjellsveg. Vegtraseen går frå Skåre i Stryn til Grotli i Skjåk og følgjer Videdalen opp mot høgfjellet. Vegen er bygd med tørrmurar, hårnålsvingar, ein felts breidde, grusdekke og sikring med stabbesteinar. På Sogn og Fjordane-sida går han gjennom eit bratt og raustsett fjellterreng. Vegen var planlagt og bygd som ein rein turistveg, open i sommarsesongen, men vart ein viktig hovudveg mellom aust og vest.
Turisme vart stadig viktigare i Nordfjord i siste del av 1800-talet. Jernbanen var under bygging gjennom Gudbrandsdalen og turistvertane i Stryn og Geiranger såg at ein kunne få ei svært attraktiv turistrute viss ein knytte jernbanen i Otta saman med karjolskyss til Geiranger og Stryn. Ei anna attraktiv turistrute ville vere ein rundtur over Strynefjellet mellom Oppstryn og Geiranger. Langs Oppstrynsvatnet vart det ikkje bygd veg før i 1922, så her vart turistane vart frakta med dampbåt.
Det vart raskt bygd ut infrastruktur for å ta seg av dei reisande. Kaia i Oppstryn låg på Hjelle og samstundes med opninga av Gamle Strynefjellsveg opna det hotell her. Då vegen langs Oppstrynsvatnet kom, gjekk også den tett forbi hotellet. I 1903 etablerte staten ei fjellstove med ei spektakulær plassering ved Videseterfossen. Etterkvart vart ho utvida og driven som privat hotell. Både Hjelle hotell og Videseter hotell er framleis i drift.
Opp Tystigen til Videseter er vegen bygd med 19 slynger og er eit av dei mest spektakulære strekka på Gamle Strynefjellsveg. Den øvste delen opp til Videseter er framleis slik han var bygd i 1894, med grusdekke og stabbesteinar. Lenger nede i Hjelledalen er eit av dei mest spektakulære elementa Jøl bru. Brua går over elva Skjerdingdøla i ein skarp sving over eit gjel som er 50–60 meter djupt. Den skapte problem då ein gjekk over til bil- og busstrafikk. Brua var ein flaskehals for biltrafikken fram til det kom ny bru parallelt med den gamle då nye Strynefjellsveg vart bygd.
Ferdselen over Strynefjellet vart raskt stor og det kom snart krav om heilårsveg m.a. frå postvesenet og forsvaret. Den store utfordringa var den snørike Tystigen som var den siste stigninga på vestsida av Videdalen. For å få fram heilårsveg her måtte ein bygge ein svært dyr tunell. Prosjektet vart difor ikkje realisert. Først i 1977 vart Nye Strynefjellsveg opna for trafikk. Til liks med Gamle Strynefjellsveg byrjar den nye vegen ved Skåre bru og endar opp i Grotli, men traseen vart lagt gjennom Grasdalen i staden for Videdalen og med store deler i tunnel. Det vart også bygd rasoverbygg og raskjegler for å sikre ein trygg veg. Likevel er overgangen framleis utsett for stenging i vintrar med mykje uver og det vert reist krav om bygging av fleire tunellar for å sikre ein rastrygg heilårsveg.
Dei fleste gardane ligg i eit ope fjordlandskap der bratte fjell stig opp bak gardsbruka. Finnabotn skil seg frå resten av fjordlandskapet i området som er eit avgrensa landskapsrom der fjorden er omkransa av bratte og høge fjell.
I heile området er det spor etter korleis menneska har tilpassa landskapet slik at ein kunne livnære seg her. Gardane hadde gjerne fleire stølar. Nokre av fjellstølane ligg langt frå garden. Gardsbruka hadde fleire ulike inntektskjelder som til saman skapte eit livsgrunnlag. Det var mellom anna vedhogst for sal, laksefiske i fjorden og pelsdyroppdrett. I dag er turismen ei ny inntektskjelde som også set spor i landskapet.
Menneska har brukt dette området i svært lang tid, noko gravrøysa på Kalvhageneset ved Ålrek og gravhaugane ved Sylvarnes og Vollevik er synlege spor etter. Det er òg gjort funn som tyder på busetnad til bake til steinalderen på Geithus. I fjellet er det spor etter stølstufter som kan gå langt tilbake i tid.
Folk på Strendene er avhengige av båt for å kome seg til andre stader. Mellom gardane, innmarka, utmarka og stølsområda er det eit nett av stiar og gangvegar. Enkelte av dei er mura opp i det bratte terrenget. Dei til dels høge og omfattande vegmurane er med på å skape det særprega kulturlandskapet.
Den vertikale driftsstrukturen i området er svært godt bevart og lett lesbar i landskapet. Nokre av gardstuna ligg tett på fjorden, medan andre ligg noko høgare oppe. I det bratte terrenget var det viktig at tunet vart lagt trygt for skred, samstundes som åkerjord og slåttemark måtte sparast. I strandsona er naust, buer og kaiar lagt der det var mogleg å legge til med båt. På Sylvarnes er det bevart eit gamalt ishus som tidlegare vart nytta i samband med laksefisket. Fiske etter laks var ei viktig inntektskjelde. Nokre stader er det kome nye bygg for turistverksemd i strandsona.
I Finnen og i Finnabotnen er det fleire bruk heller tett på fjorden der landskapet flatar ut. Nede ved fjorden finn vi òg restar etter fleire husmannsplassar, mellom anna i Vollaviki der husmannstova framleis står.
På Ålrek er mykje av det gamle klyngetunet knytt til dei tre bruka bevart. Garden Ålrek er ikkje utskifta og den gamle teigblandinga er framleis intakt. Eigarane har gjort eit stort arbeid over mange år for å halde landskapet med dei mange teigane ope. Vegen opp frå fjorden og bakkemurane i tunet og innmarka viser bruken av landskapet. Her er framleis bevart fleire eldre frukttre. Tunet som ligg omlag 100 moh gjev eit godt bilete av korleis menneska i området budde i tida før utskiftinga.
På garden Sylvarnes ligg dei to bruka tett ved ein annan, og dannar eit felles tun der mange av dei gamle bygningane er bevart. Då bruka framleis vert drivne på tradisjonelt vis, er kulturlandskapet særs godt bevart med rydningsrøyser, steingjerde og den oppmura vegen som viktige element. Det ligg ein godt bevart einerhage aust for tunet. Lauving er framleis i hevd på Sylvarnes.
Karakteristisk for gardstuna langs Strendene er at dei ofte består av eitt eller to bruk. Nokre stader står tuna til fleire bruk tett saman, andre stader er det meir avstand mellom dei. Ein del tun skil seg ut ved at det er gjort svært få endringar i bygningsmassen og dei er særs verdifulle kulturmiljø. Kyrkjeteigen, Geithus, Hustavenes, Vollaviki, Hanekam, Vetlesand og Ålrek er gode døme på tun som er godt bevarte.
Utmarka var vesentleg for livberginga på Strendene. Dei fleste gardsbruka hadde fleire stølar, heimestøl og fjellstøl var nødvendig, og nokre bruk hadde gjerne to fjellstølar. Heimestølen låg gjerne på 300–500 moh og var i bruk vår og haust, medan fjellstølen låg høgt til fjells. For ein del av gardane var det lange og bratte stølsvegar. Stølshusa på desse stølane vart ofte små og spartanske og gjerne bygd opp av enkle materiale og stein. Eit godt døme er Ålrekstølen, der det gjerne tok seks timar å gå frå garden til stølen. Steinsela viser korleis ein i størst mogleg grad har brukt lokale materiale til å bygge husa. Fleire av stølane i området er framleis godt bevarte og gjev eit godt bilete av den tradisjonelle stølsdrifta. I tillegg til Ålrekstølen gjeld det Hanekamstølen, Hestfjellet, Smørklepp og Sylvarnesdalen.
Ein del av stølane har ei spektakulær plassering og er godt synlege frå fjorden, til dømes Hustavenesstølen, Rotteskaret, Skjemmedalen, og Ytstestølen Geithus.
Det vêrharde Stadlandet strekkjer seg som ein knyttneve ut frå land og deler Stadhavet i to. Bratte klipper går ned til sjøen. På sjølve platået er landskapet meir flatt og trelaust. Vikene som skjer seg inn i halvøya gav grunnlag for tidleg busetjing. Gravfunn viser at her har det vore gardsdrift sidan eldre jernalder. Busetnaden er i hovudsak lokalisert til dalføra med flat, vid dyrkingsjord og i bratte bergskòrer ved havgapet. Mange av grendene har godt bevarte landskap og eldre bygningsmiljø, slik som Fure, Liset, Drage, Hoddevika, Ervik, Honningsvågen og Tungevågen.
Heiane er i hovudsak samansett av platåmorene og torvmyr. På dei høgareliggande delane dominerer terrengdekkande myr, med djupne på ein til to meter. Strandvollar og sandstrender er eit anna særtrekk. Vi finn tydelege strandvollar i Honningsvåg, Hoddevik og Ervik. I Hoddevik og Ervik er strandvollane dekka med flygesand og her er aktive sanddyner. Gardsbruka er typiske kombinasjonsbruk med landingsplassar, båtstøer og naust, åkerareal, innmarksenger og utslåtter, heimestølar, beitemark i fjellet, torvmyrer, lyngsankingsområde og jaktområde.
Stadhavet er eit av dei farlegaste strekka langs Norskekysten og det har alltid vore forbunde med fare å krysse det. På begge sider av Stadlandet var det naudhamner der båtar kunne vente på godt nok vêr til å passere. I eldre tid var det også vanleg å trekke båtar over Dragseidet for å unngå å krysse Stadhavet. Traseen gjekk mellom Leikanger og Drage. Dette er ei svært gamal ferdselsrute der store delar er bevart. På Dragseidet står ein steinkross, oppsett i 1913, på staden der Olav Tryggvason kristna fire fylke i 997.
Fiske var svært viktig. Stadlandet ligg mellom Vanylvsgapet og Sildegapet som er to viktige fiskeområde. I sesongfiskeria deltok også fiskarar frå andre delar av distriktet. Fiskarane heldt til i rorbuer og naust. Dei store naustrekkjene i Hoddevik, Drage og Ervik viser tydeleg kva fisket har hatt å seie for busetnaden der.
Gardsbruka er i hovudsak samla i grender nede ved sjøen, men nokre ligg òg ved dei store vatna oppe på platået. Det milde klimaet gjorde at ein kunne ha sau og kystgeit gåande ute heile året. Kystlyngheiene saman med tang gav fôr året igjennom. Stellet av kystlyngheiene har vore ein del av det tradisjonelle jordbruket på Stadlandet og er framleis halde i hevd, om enn i mindre omfang enn tidlegare. Med jamne mellomrom vart lyngen brent for å unngå at han vart for grov. Kystlyngheiene er nokre av Vest-Europas eldste menneskeskapte landskap der prosessen med å skape dei starta allereie for 5000 år sidan.
Gardstuna ligg med innmarka samla rundt seg. Innmarka er mange plassar delt opp av steingjerde som skil mellom dei ulike bruka og mot utmarka. Eit karakteristisk trekk er gardfjøsane, mange bygd i stein, som i Honningsvåg, Ervik, Hoddevik og Drage.
Dei fleste gardane på Stadlandet vart utskifta rundt førre hundreårsskifte og fekk då dagens gardsstruktur, men på Indre Fure vart klyngetunet ikkje splitta opp. Det gjev eit godt bilete av landskapet på Stadlandet før utskiftinga.
Gardane hadde stølar inne på fjellet. Eit døme her er stølsområdet Løkane som vart brukt av fleire gardar. For mange var det vanleg at budeia gjekk opp og ned morgon og kveld for å mjølke.
I det trelause landskapet var torv frå myrene ein verdifull ressurs. Eit av dei store og godt bevarte områda med terrengdekkande myr finn vi i Dekkene naturreservat. Det er eit samanhengande landskap med lynghei og terrengdekkande myr. Myra i bakkehallingane gav den beste torvkvaliteten då torva her var best omdanna. Torva vart enten lagra i eigne torvhus på heia eller frakta til garden. I torvmyrene finn vi tydelege spor etter torvtekt, som gamle grøfter, rektangulære hol i myrflatene eller unaturleg rette kantar i skrånande terreng.
Kyrkjegarden i Ervik er sannsynlegvis frå mellomalderen. Det var ein gamal skikk at presten heldt preike her ein gong i året, gjerne når det var mange tilreisande til fisket. I 1943 forliste hurtigruteskipet Sanct Svithun utanfor Ervik etter at det vart bomba av dei allierte og mange omkom. I 1970 vart det bygd kapell ved kyrkjegarden. I klokketårnet står krossen frå ei massegrav for russiske krigsfangar som mista livet i straffeleiren som låg i Ervik i krigsåra. Vi finn framleis spor etter leiren.
Stad har i alle tider vore strategisk viktig, og det var tidlegare veter her som varsla om ufred. På byrjinga av 1800-talet vart det bygd ein kystsignalstasjon på Kjerringa, der det i dag står ein vêrradar. På tredvetalet vart Hovden i Ervik ein viktig del av forsvarsverka med ein flyvarslingsstasjon. Denne vart overteken av tyskarane i 1940. Tyskarane sine militære anlegg på Hovden, Kjerringa og Storeneset i var ein viktig del av forsvarsverket Atlanterhavsvollen. Mange av ruinane er framleis synlege i landskapet.
Selja er ei av fjelløyene langs kysten av Sogn og Fjordane med to karakteristiske fjelltoppar, Varden og Klosterfjellet. Øya er strategisk plassert der den indre og ytre tjodleia langs kysten møttest for så å fylgje same lei forbi Stad. Selje var hamn der ein venta på høveleg vêr for å segle over Stad. Selja er nemnd i skriftlege kjelder heilt frå sagatida i samband med reiser langs kysten og vestover havet.
Delar av øya, spesielt i sør-vest, er prega av bratte klipper og blokkmark. Mot aust og nord er det betre forhold for jordbruk på strandflater og i lune viker. Mot vest ligg den mest vêrharde delen, men også her er det større flatare parti mellom fjellet og sjøen og hamna i Klostervågen. På den austre delen av øya ligg det fleire små gardsbruk.
Mellom Selja og fastlandet ligg Ersholmen. Holmen var opphavleg skogfri, men etter eit forsøk i 1876 på skogplanting i eit barskt kystklima, er den blitt dekka av skog.
Øya Selja er knytt til legenda om Sunniva og seljumennene. Legenda vart skriven ned i fleire versjonar i mellomalderen. Hovudtrekka er at den gudfryktige kongsdottera Sunniva flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghovding. Sunniva og fylgjet hennar sette ut i opne båtar utan segl eller årer. Dei dreiv over havet og kom først til Kinn, men vart jaga derifrå og for vidare til Selja der dei slo seg ned. Det vart etterkvart ufred med dei som budde i området. Dei lokale sende bod på Håkon jarl for å få dei nykomne vekk frå øya. Legenda fortel vidare om korleis Sunniva og fylgjet hennar søkte ly i ei berghole då Håkon jarl gjekk til åtak. I fylgje legenda vart dei frelste ved at Gud lòt store steinar rasa ned frå hola og gravla Sunniva og fylgjet henna. Seinare ser forbipasserande eit blendande lys frå øya og det vart funne bein etter menneske med ein vedunderleg, søt ange. I 996 oppsøkte Olav Tryggvason Selja, og saman med biskopen sin finn han menneskebein og kroppen til Sunniva heil og uskadd. Olav Tryggvason og biskop Sigurd gjorde etter dette Selja til den første helgenstaden i Noreg. Truleg starta helgendyrkinga straks etter.
Dei kulturhistorisk mest interessante områda på Selja er klosteret med helgenanlegg, Heimen med humlegarden, Nordbø med den gamle kyrkjegarden og restane etter grunnmurane til kyrkja og gardsbruka på austsida av øya, samt vegen mellom Bø og klosteret.
Klosterruinane og helgenanlegget rettar seg mot storhavet. Mot søraust reiser terrenget seg bratt opp mot fjellet der helgenanlegget ligg. Benediktinarklosteret og helgenanlegget er bygd opp rundt legenda om St. Sunniva. I 1068 la Olav Kyrre eitt av dei tre norske bispeseta til Selja og rundt år 1070 vart Albanuskyrkja reist som bispekyrkje. Klosteret var via til St. Albanus og vart bygd ut i fleire byggesteg fram til slutten av 1200-talet eller byrjinga av 1300-talet. Etter svartedauden fekk klosteret ein knekk, men var i drift til ut på 1500-talet.
Anlegget består av sjølve klosteret der dei fleste av bygningane var organisert i ein lukka firkant med ein open plass i midten. Tårnet til St. Albanuskyrkja er i dag den einaste delen av klosteret som framleis står i full høgd og med tak. Helgenanlegget er bygd opp slik at ein går frå sjøen og opp til Sunnivahola der helgenstaden ligg heva over resten av anlegget og understrekar det opphøgde og heilage ved hola.
I landskapet kring kloster og helgenanlegget på Selja er det fleire steinbrot der ein henta ut bygningsmaterial i mellomalderen. Steinblokker vart og henta frå det rasprega nærområdet.
Hagen er eit viktig element ved mellomalderen sine klosteranlegg. På Selja kan klostergarden ha vore brukt til noko dyrking, men omlag ein kilometer frå klosteret ligg eit skjerma område som vert kalla Heimen eller Humlegarden. I fylgje tradisjonen dreiv munkane hagebruk her og undersøkingar tyder på at dette kan ha vore drive tilbake til mellomalderen. Ei rekkje steinstrukturar i området kan vere rydningsrøyser eller graver.
Vegen frå Bø på austsida av øya går til klosteret, og var truleg hovudvegen dit. På austsida finn vi i dag fleire tradisjonelle kystgardsbruk som vart rydda på nytt på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.
Området har vore i bruk i lang tid, og her er mange spor etter menneske i forhistorisk tid, i form av dyrkingslag, båtstøer og gravrøyser. Fylkeskyrkja stod her fram til 1654 då ho vart flytta inn på fastlandet. På Nordbø er murane etter kyrkjeskipet og koret, samt kyrkjegardsmuren framleis synlege i terrenget. Det var prestegard her fram til reformasjonen.
Dette er eit dramatisk fjordlandskap omkransa av høge fjell. Vi finn spor etter førhistorisk fangst i fjella og etter jordbruksdrift tilbake til bronsealderen. Kjernen i området er Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden med strandsoner og lier utan større synlege tekniske inngrep. Gardsbruka er med på å prege landskapet langs fjorden, i dalføra og på fjellhyllene over fjorden. Skog er karakteristisk for delar av området, der lauvskogen dominerer dalføre og lier i heile området. Barskogen er òg eit tydeleg innslag. Fjellområda som vert toppa med store fonner og bremassiv går opp i over 1700 moh. På fjellryggane ved Fresvikbreen ligg det fleire stupfangstanlegg for rein. Anlegga er store og omfattar faste installasjonar som sperregjerde, murar, bogesteller, slakteplassar og kjøtgøymer.
Fjorden har vore reiseveg og livsnerve. Dei få stadene der det har vore mogleg, har ein hatt busetjing i lang tid, noko som gravhaugar og -røyser langs fjorden vitnar om. Vi finn små tettstadar som Undredal og Gudvangen der busetnaden er samla nede ved fjorden og tilgjengelege ressursar er nytta innover i dalen og på fjellet. Ein har heilt fram til i dag hausta fôr på teigar som ligg lenger vekke, og bruk av båt har vore viktig for å kome til desse ressursane. Det er framleis synleg teigar på det vi i dag oppfattar som heller utilgjengelege stader. På mindre flater ved fjorden ligg det òg enkelte gardar, gjerne eitt eller to bruk saman, som til dømes Styvi og Breisnes.
På Styvi i Nærøyfjorden er mykje av den eldre bygningsmassen framleis godt bevart og kulturlandskapet ved gardstunet er halde i hevd. Styvi hadde vår¬støl nede ved fjorden, og sommarstølen låg på andre sida av fjorden saman med stølane til gardane i Dyrdal.
Dyrdal har hatt busetjing i lang tid. Fangstanlegga i fjellet og arkeologiske funn vitnar om det lange tidsrommet menneska har brukt området. Dei eldre gardstuna og jordbrukslandskapet fortel om busetjinga og levevegen. Av særskild interesse er nausta og restane av det eldre bygningsmiljøet nede ved fjorden, klyngjetunet som ligg ovanfor fjorden, gardstuna i Drægali og på Drægo lenger opp mot fjellet, samt stølsvollane. Samla utgjer desse bruka eit heilskapleg kulturlandskap med forholdsvis få moderne tiltak.
Grenda Bakka, med fleire gardsbruk og kyrkje, har eit heilskapleg og godt bevart bygningsmiljø med gardstun og eit lite strandsitjarmiljø. Det er aktiv jordbruksdrift og tydelege spor etter eldre drift.
Langs fjordane var det tidlegare fleire høgdegardar i drift. Tuna og kulturlandskapet på Nedbergo og Stigen er framleis bevart og er viktige element i det storslegne landskapet.
For gardane i området har utmarksressursane vore avgjerande, ofte med fleire stølar. Fjellområda var òg mykje nytta til jakt og fiske. Bruken av landskapet har sett tydelege spor med ulike typar bygningar, vegfar, bakkemurar, og steingjerde samt murar i sjø for å verne bøane mot erosjon.
Undredal ligg ved Aurlandsfjorden og tilkomsten til bygda var lenge via fjorden. I Undredal står husa tett saman langs vegen. Lenger opp frå fjorden ligg det fleire gardsbruk. Det er framleis slik at nokre av dei som bur i tettstaden driv små gardar. Nokre av dei har også slåtteteigar utetter fjorden. Innover dalen er det stølsområde og der det framleis er aktiv geitedrift på nokre av stølane. Undredal har hatt busetnad i lang tid og var tidlegare eit sentrum med ei lang historie som kyrkjestad, noko Undredal stavkyrkje vitnar om.
Dei gamle ferdselsrutene gjekk mykje på fjorden, men det var likevel behov for vegar over land. Ei av rutene mellom Aust- og Vestlandet gjekk inn Nærøyfjorden og vidare til Stalheim og Voss. Den gamle postvegen mellom Styvi og Bleiklindi frå 1660 vart brukt til å frakte posten frå Gudvangen til Styvi når det låg is på fjorden og derfrå med båt til Lærdal. Frå Gudvangen gjekk vegen vidare gjennom Nærøydalen. Her er det bevart fleire strekk av den gamle kongevegen. Traseen frå Nærøydalen og opp til Stalheim var svært bratt. Auka ferdsel på 1800-talet gav behov for ei større utbetring som var ferdig i 1845. Ein kunne frå då av køyre opp Stalheimskleiva med hest og kjerre.
I siste halvdel av 1800-talet kom dei første turistane til området. Dette vart starten på ei reiselivsnæring som framleis er svært viktig. Frå slutten av 1800-talet vart turen frå Gudvangen og opp til Stalheim eit populært reisemål for cruiseturistane på Nærøyfjorden. Gudvangen vart etterkvart ein liten tettstad med hotell og serveringsstadar. Stalheim hotell med si spektakulære plassering over Nærøydalen, er eit anna spor etter turistane. Stalheimskleiva vart tidleg ein attraksjon.
På 1800-talet vitja mange kunstmålarar Nærøyfjordområdet. Eit av dei mest kjende verka frå nasjonalromantikken er Johan Christian Dahl sitt måleri «Fra Stalheim». Biletet viser utsikta frå Stalheim mot Nærøydalen. Måleriet er ei god kjelde til kunnskap om landskapet slik det var på midten av 1800-talet. Diktaren Per Sivle vaks opp på Stalheim. Oppveksten og landskapet der har vore med å prega arbeidet hans. I ei av dei mest kjende forteljingane hans «Berre ein hund» har fjellet Jordalsnuten ei sentral rolle. I bilete «Fra Stalheim» har også dette karakteristiske fjellet ei sentral plassering.
Noreg si lange kystlinje var ein viktig del av det tyske forsvarsverket Atlanterhavsvollen. I Sogn og Fjordane vart det bygd eit omfattande nett av forsvarsverk med skytestillingar, kystfort og tunge batteri. Anlegga vart i stor grad bygde av krigsfangar frå Sovjetunionen og Aust-Europa, samt sivile tvangsarbeidarar.
Etter 1945 vart ei rekkje av anlegga avvikla, medan andre vart overtatt av det norske forsvaret og var i bruk i lang tid. Festningsverka var plasserte på strategisk viktige stadar og spesielt ved munningane til Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden for å hindre at allierte skip kunne segle inn fjordane og ta seg vidare til lands austover. Kystforta skulle også forsvare tyskarane sin skipstrafikk nord- og sørover langs Norskekysten.
Utanfor Nordfjord går ei av hovudleiene nord-sør gjennom Ulvesundet, over Vågsfjorden og inn Skatestraumen før den går vidare sørover gjennom Rugsundet. Det tyske kystforsvaret var her konsentrert til området ved Måløy og Vågsfjorden som var eit strategisk viktig punkt langs Norskekysten. Dei militære anlegga her skulle verne skipa i konvoiane som gjekk forbi Stad og dei skulle sperre av innseglinga til Nordfjord.
Kystforta på Rugsundøy, Blålid og Vemmelsvik sperra av innseglinga til Nordfjord. Her kunne dei tre kanonbatteria samlast mot mål i Vågsfjorden og ved den indre sperrelinja mellom Rugsundøy og Angelshaug var ein framleis under eld frå batteriet på Tangane når ein kom innanfor rekkevidde av torpedobatteriet på Angelshaug. Anlegget på Kulen skulle sikre hamna i Måløy og kontrollere Ulvesundet.
Området omfattar fem militære anlegg: Torpedo-Batterie Angelshaug, MKB 9./504 Nordfjord (Rugsundøy), HKB 3./981 Vemmelsvik, HKB 7./981 Blaali og Batteri 895 Kulen (Måløyna). Batteri 894 Kulen (Måløyna) vart øydelagt under Måløyraidet i 1941. Måløyraidet vart utført av den britiske militære eininga Spesial Operations Executive der 576 mann deltok, av desse 33 norske frå kompani Linge. Målet med Måløyraidet var å nedkjempe dei tyske styrkane, uskadeleggjere kanonstillingane og å øydelegge industriverksemder som var til nytte for okkupasjonsmakta.
Under Måløyraidet vart Batteri Kulen nedkjempa og øydelagt før det rakk å fyre av skot. Etter Måløyaidet vart det bygd ut ei rad store festningsanlegg kring Måløy, mellom anna kystforta på Blålid og Vemmelsvik.
Våren 1942 vart det sett opp eit nytt batteri på Kulen som erstatning for det som vart øydelagt, men det vart etter svært kort tid flytta til Vemmelsvik. Frå Kulen har ein god oversikt over Vågsfjorden samstundes som ein kontrollerer innløpet til Ulvesundet. Anlegget skulle også forsvare byen Måløy mot angrep. På Kulen står det i dag berre att restar av fundamenta til anlegget.
Batteriet på Blålid kom dit i 1944 og var flytta frå Flokenes ved Førdefjorden. Flyttinga var eit ledd i å samle kreftene i viktige tyngdepunkt. Blålid skulle nedkjempe sjømål i Vågsfjorden, sperre innløpet til Nordfjord og Måløy og sikre eigne skip og konvoiar i området. I tillegg til batteriet bestod fortet av mellom anna kai, bunker for kommandoplass og sambandssentral. Frå Blålid er det kort avstand og god sikt over fjorden mot Måløy.
Anlegget på Vemmelsvik frå 1942 ligg lenger inne i Vågsfjorden. Det har godt utsyn utover fjorden mot vest og mot anlegget på Rugsundøy og innløpet til Skatestraumen. Fundamenta til eit batteri plassert nede på svaberga er synlege frå sjøen, men den tette granskogen bak gjer at anlegget lenger inne på land er lite synleg. Det sørlegaste punktet til anlegget er på Vemmelsvikholmen. Holmen har lite skog og her er ruinane etter batteriet godt synlege. Mellom holmen og fastlandet er det lagt opp ei fylling som det er bygd bilveg på ut til batteriet. Foreningen Vemmelsvik kystfort arbeider med å ta vare på fortet og har mellom annan restaurert ei av kanonene.
MKB 9./504 Rugsundøy er plassert på Tangane på vestsida av Rugsundøy. Rugsundøy var saman med Nesje fort ved Sognefjorden dei to første kystforta som vart etablerte i Sogn og Fjordane. Kystfortet på Rugsundøy var òg eitt av berre to kystfort i Noreg som var involvert i regulær kamp då det under Måløyraidet vart utsett for bombeangrep og kjempa mot den britiske kryssaren HNM Kenya.
Landskapet her er framleis eit ope lyngheilandskap. Ruinane etter kystfortet med den attverande kanonen er godt synleg og viser korleis ein har nytta landskapet i oppbygginga av fortet og for å oppnå eit strategisk mål.
Torpedo-Batteriet Angelshaug er plassert på fastlandet aust for anlegget på Vemmelsvik og vart bygd i 1940. Torpedobatteriet var kamuflert som eit naust i fjøra. På slutten av krigen vart kommandosentralen for kystavsnittet flytta frå Florø til Angelshaug. I dag er det berre ein betongruin att av torpedobatteriet. Batteriet er plassert heilt nede ved sjøen inne i ei lita vik.
Frøysjøen er ei viktig farlei som har vore brukt frå lang tid tilbake, noko dei mange gravrøysene vitnar om. Då havstrekninga på utsida av Bremangerlandet er svært vêrhard, gjekk seglingsleia langs kysten gjennom Frøysjøen. I nord møter Skatestraumen utløpet av Nordfjord og her kan ein segle enten gjennom Rugsundet og innover til fjorden eller nordover gjennom Ulvesundet.
Sjøområda er omkransa av fjell og øyer, mange med steile og høge fjellsider, men òg fjell med mjuke avrunda toppar. Nokre stader er det flatare parti og låge nes, som på Berle. Det opne landskapet er prega av stein og knausar, med innslag av jordbruksområde. Delar av området er eit blokklandskap forma av ras over lang tid. I Vingen er dette særleg tydeleg og dei mange helleristingane vitnar om det lange tidsrommet landskapet er brukt av menneska.
Skatestraumen er eit smalt og langstrekt sund mellom Bremangerlandet og Rugsundøy. Her er tidvasstraumane kraftige gjennom det relativt tronge og grunne sundet. Det gjer Skatestraumen til en god fiskeplass, noko den har vore heilt tilbake i steinalderen. Eit teikn på dette er den store konsentrasjonen av spor etter menneske frå steinalderen og fram til jernalderen, som vi finn på begge sider av Skatestraumen. Området si strategiske plassering for ferdsel langs kysten og det rike fisket gjorde at mange kunne livberge seg her. Ingen annan stad i Sør-Noreg har så mange store buplassar med så tjukke busetjingslag som i Skatestraumen. Han vert difor rekna som ein sentral plass i steinalderen.
Enkelte formasjonar skil seg ut i landskapet og har fungert som landemerke langs kystleia. Hornelen er den mest kjende av desse. Fjellet ragar 860 meter rett opp frå fjorden og er Nord-Europas høgste sjøklippe. Det knyter seg ei rekkje segn og historier til klippa som er omtalt i kongesagaene, knytt både til Heilag Olav og Olav Tryggvason. I følgje lokal folketru var fjellet tilhaldsstad for trollpakk, og på jonsoknatta samla heksene seg her.
På austsida av Frøysjøen ligg Vingen med eit av Nordens største helleristningsfelt. Meir enn 2300 figurar er rissa i berget. Landskapsrommet er avgrensa av høge fjell som stuper ned i fjorden, men der enkelte flatare parti bryt opp. Innerst i Vingepollen kan ein sjå på landskapsrommet nærast som ein utandørs katedral, der vind og lydar skaper ekko innover fjordarmen og fjella rundt gjev eit nærast lukka landskapsrom. Rett ovanfor Vingen, på den andre sida av fjorden, ligg Hornelen. Denne mektige sjøklippa er synleg frå Vingen, og har etter alt å døme òg hatt betydning for plasseringa av bergkunsten i Vingen.
Vingen er ein forholdsvis kort padletur frå Skatestraumen og det er nærliggande å tru at dei som budde ved Skatestraumen brukte Vingen som ein felles rituell stad.
Vingen har såleis vore ein viktig samlingsplass for jakt- og fangstsamfunna langs kysten i steinalderen som truleg vart oppsøkt i heilt spesielle høve. Helleristingane er dei tydlegaste spora etter menneska sin bruk av dette landskapsrommet i førhistorisk tid. Hovuddelen av helleristingane er lokalisert på dei flatare partia. Området er veleigna til styrtjakt på hjort. Dei mange hjortedyra som er rissa i berg og på steinblokker knyter dei til ein fangst- og veidekultur som kan daterast til tids rommet 9000–2000 f.Kr.
På nordsida av Skatestraumen ligg Rugsundøya som ei av dei store øyene i dette landskapet. Mellom Rugsundøya og fastlandet i aust går Rugsundet. I nord opnar sundet seg opp mot Nordfjord. Sjølve sundet er sentralt i landskapet. Samanhengen mellom fjord, sund og øyer gjev eit vakkert og variert landskap. Frå Rugsund kan ein òg sjå Hornelen.
Den gode hamna har frå gamalt av vore sentral. Her var det kyrkje frå mellomalderen og handelsstad frå slutten av 1600-talet. Gjestgjevarstadar med losji var etterspurt av øvrigheitspersonar, fiskarar og bønder på veg til eller frå Bergen.
Kombinasjonen mellom fiske og jordbruk har nokre stader sett tydelege spor i landskapet rundt Frøysjøen, mellom anna ved Rugsund og i Vingen. Gardsbruka ligg i strandsona der tunet omkransa av innmarka gjerne ligg eit stykke opp frå sjøen med fjellsida i bakkant, nede ved sjøen ligg naust og sjøbuer. På 1600–talet skapte eit rikt sildefiske grunnlag for fast busetjing på mange avsides plassar i Nordfjord.
Berleområdet på vestsida av Frøysjøen er eit rikt jordbruksområde noko gravfelt, gravhaugar og gravrøyser viser. Bautasteinen ved Hauge Lille vitnar om den lange tida området har vore brukt av menneska. Berle var bustaden til høvdingen Berle-Kåre som vert omtala i Eigilssoga som beserk, sterk og modig.
Andre verdskrig har òg sett spor i området. Ved Berle og på Ospeneset finn vi synlege delar av tyskarane sitt forsvarsverk Atlanterhavsvollen.
Nikolai Astrup sin kunst er uløyseleg knytt til landskapet i Jølster der han vaks opp og budde mesteparten av livet. Landskapet går att i nesten heile produksjonen hans og har vore avgjerande for virke hans som kunstmålar.
Jølstravatnet har ei lengd på om lag 20 km, i tillegg kjem Kjøsnesfjorden som ein utstikkar mot aust. Både Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden er omkransa av høge og bratte fjell, nede langs vatnet er det fleire store skredvifter. Langs Kjøsnesfjorden er dei blankskurte fjellsidene eit markert trekk. På toppane av fjella her kan vi enno sjå dei blågrøne ismassane langs kanten av Jostedalsbreen. Ved Årdal og Ålhus vidar landskapet seg noko ut med korte dalar som strekkjer seg nordover. Jordbruk har vore, og er, ei viktig næring. Landskapet har vore prega av slåttemarker, styvingstre og steingardar. Utmarka og stølsdrifta var viktig. Gardflorar låg i grensa mellom innmark og utmark.
Det bratte terrenget har påverka plasseringa og utforminga av gardstuna. Fram til utskiftinga vart tuna på fleire gardar organiserte som rekkjetun på grunn av terrenget. Tuna vart gjerne plasserte på område som var tørre og der dei ikkje opptok potensiell åkerjord. Det måtte òg vere trygt for ras. Nedanfor tunet låg åkrane, medan slåtteteigar og hamnehagar gjerne låg på oppsida av fjøsbygningane. Det er framleis bevart mykje frå den gamle strukturen. Jølstravatnet var viktig både for ferdsel og for livberginga, jf. dei mange nausta som ligg der.
Nikolai Astrup vaks opp på prestegarden på Ålhus. Han begynte tidleg å måle, og særleg i den fyrste tida henta han motiva sine frå området rundt prestegarden. Etter at han var ferdig utdanna, kom han tilbake til Jølster og vart buande her resten av livet. Det var viktig for han å arbeide med motiva sine der dei var. Etter at han flytte til Sandalstrand på sørsida av Jølstravatnet, vart hagen og nærområdet her eit viktig element i motivkretsen.
Jølstravatnet med dei omkransande fjella er eit sentralt element i landskapet som også er vesentleg i mange av Astrup sine bilete. Dette store landskapsrommet som er oppdelt av ulike jordbruksteigar og dei gamle gardstuna, var ei viktig kjelde til motiva hans. I mange av bileta møter vi gardstuna med den gamle byggjeskikken og kulturlandskapet rundt dei som hovudmotiv, medan det store landskapet dannar bakgrunnen.
I området er det bevart fleire gamle tun med byggeskikk som går langt tilbake i tid, mellom anna delar av gamle klyngetun. Fleire av dei gamle stølsgrendene er bevarte og syner til både Astrup sin kunst og til den tradisjonelle driftsstrukturen i Jølster.
Styvingstrea, høystakkane, frukttre i bløming og bjørkeskogen går att i fleire av dei mest kjende bileta hans. Langs Jølstravatnet finn vi framleis styvingstre, også eit motiv i måleria hans.
Prestegarden på Ålhus med sine kvitmåla hus representerer ein annan type tun enn dei tradisjonelle gardstuna i Jølster. Landskapet sett frå prestegarden er eit av hovudmotiva til Astrup. Her er det embetsmennene si verd som vert vist og vi kan sjå det som ein kontrast til måleria av bøndene sine klyngetun. I framstillingane av prestegarden med hagen og landskapet rundt er det Astrup sine minne om barndommens Jølster som vert attskapt. Opplevingsbileta og minna frå barndommen var vesentlege for han og kunsten hans. Han hadde som målsetjing å kunne tolke sine eigne indre bilete i møtet med naturen i Jølster.
Astrup nytta store delar av Jølster som motiv. Nokre område går att i bileta og har truleg vore viktige for han. Garden Sunde på sørsida av Kjøsnesfjorden, der han møtte Engel, som vart kona hans, er eit av desse. Garden ligg ved vatnet med utsikt til fjellet Kollen som han måla fleire gonger.
Frå 1912 budde Astrup og familien på Sandalstrand som ligg i eit bratt terreng på sørsida av Jølstravatnet. Etter at Astrup tok over her, utvikla han plassen til det som i dag er kjent som Astruptunet.
Sandalstrand skulle forsørge familien gjennom tradisjonelt husdyrhald og jordbruk, og vere ein gardshage der vill vegetasjon, bærbusker, frukttre og grønsaker også spelte ei estetisk rolle. Blomstrar var eit viktig element i hagen og i måleria hans. Kombinasjonen av pryd- og nyttevekstar, vill natur, tukta tre og fargar skapte ein kreativ gardshage med røter i Jølster sin jordbrukstradisjon. I tillegg var utsiktspunkta som trekte landskapet inn i opplevinga av Sandalstrand ein viktig del av utforminga av hagen.
I biletkretsen frå Sandalstrand er vekstlivet og arbeidet på garden vesentlege motiv for den seine delen av Astrup sin produksjon. Nabotunet er òg med i mange måleri og er eit godt døme på korleis han har integrert utsikta frå sitt eige tun som ein del av opplevinga frå gardshagen. Slik Astrup utforma hagen og brukte han i kunsten, kan vi trekkje parallellar til Nolde og Monet som skapte hagar for at dei skulle vere ei kjelde til motiv i deira kunst. Astruptunet slik det er i dag kan sjåast på som ein forenkla versjon av gardshagen frå Nikolai Astrup si tid.
Dette er eit klassisk fjordlandskap der fjorden er omgjeven av høge fjell. Samspelet mellom den dramatiske naturen og dei busette områda med gardsdrift er karakteristisk. Ved Ornes skifter fjorden retning og neset er eit markant element i landskapet der det strekkjer seg langt ut og er synleg i heile området. Den karakteristiske lyse fargen på fjorden er ei fylgje av brevatnet som renn ut i han. Fleire dalføre munnar ut i fjorden, og der landskapet flatar noko ut ligg gardsbruka. Eit karakteristisk trekk er dei store gardane der fleire framleis er i drift.
På Ornes ligg verdsarvstaden Urnes stavkyrkje og området femner heilskapen som omgjev stavkyrkja. Terrenget på Ornes stig regelmessig opp mot flata der stavkyrkja er plassert. Her frå stig terrenget vidare bratt oppover til omlag 930 moh. Landskapet på Ornes er ein mosaikk av innmark med produksjon av gras, bær og frukt, samt busetnad og skogkledd utmark. Busetnaden og innmarka ligg på dei flatare partia, samt på vest- og sørsida av neset.
Stavkyrkja låg tett på garden Urnes, og var synleg på god avstand i det som tidlegare var eit ope jordbrukslandskap. Utskiftingskartet frå 1865 viser plasseringa av kyrkja rett nord for tunet der ho heva seg over bygningane i tunet. Kyrkja var truleg ei høgendekyrkje. Det vil seie at ho høyrde til garden Urnes som i mellomalderen var ein mektig gard. Det store tunet var plassert sør og aust for kyrkja. Etter utskiftinga flytta fleire bruk ut av tunet og etablerte seg med eigne tun, omgjevne av innmarka aust for kyrkja. Denne strukturen er framleis bevart. Bygningsmassen og innmarka er særs godt bevart.
Nede ved fjorden ligg fleire gardsbruk, også her er mykje av den eldre bygningsmassen bevart, samt innmark og både nyare og eldre frukthagar. Ytst på neset ligg ferjekaien og ei eldre naustrekkje. Her har det sannsynlegvis vore landingsplass for båt i lang tid.
I tunet på Nedre Bugge ligg gravhaugen Skipshaug, tidfesta til yngre bronsealder og det eldste gravminne på Ornes. Han er i dag lite synleg, men har tidlegare vore eit markert element i landskapet. Lengre sør på neset ligg Ragnvaldshaug som er frå eldre jernalder. Denne er framleis godt synleg. Både Skipshaug og Ragnvaldshaug kan sjåast på som ei territoriemarkering, begge hadde ei tydeleg plassering mot sjøen.
Ved den gamle vegen frå fjorden opp til garden og kyrkja står bautasteinen Høgesteinen. Steinen står sannsynlegvis på sin opphavlege plass og vart truleg reist i yngre romartid/folkevandringstid. Då det var vanleg å plassere bautasteinar langs vegar, er det sannsynleg at gamlevegen er like gamal eller eldre enn bautasteinen. På same måte som gravhaugane, fungerer bautasteinen som ein territoriemarkør som knyter tunet til vegen og fjorden.
Lengst nord i området på sørsida munnar Krokadalen ut. Her flatar terrenget ut og gav gode forhold for jordbruk. Her ligg fleire gardar som har vore i bruk over lang tid. Gravrøyser frå jernalderen ved både Ytre og Indre Kroken vitnar om det. Ytre Kroken var ein storgard som i 1764 kom i offisersfamilien Munthe sitt eige. På byrjinga av 1800-talet vart garden ein møtestad for kunstnarar.
Tettstaden Solvorn ligg vis a vis Ornes og er ein viktig innfallsport til verdsarvstaden Urnes stavkyrkje. Solvorn har ei lang historie som strandstad med busetnad tilbake til vikingtida. Her var det ei naturleg hamn som vart nytta av gardane på Hafslo og Mollandsmarki i tillegg til dei i Solvorn. I løpet av 1600-talet utvikla Solvorn seg til ein tettstad, med handelsstad, skysstasjon, og etter kvart gjestgjevargard og tingstove. På allmenningen nede ved Strondi bak nausta vaks det fram eit strandsitjarmiljø med små, enkle husvære og uthus. Solvorn vart stadig viktigare som knutepunkt og etterkvart vart det bygd rekkjer av sjøhus på bolverk utover sjøen.
I 1813 vart sorenskrivarembetet for Indre Sogn flytta frå Sogndal til Solvorn og sorenskrivargarden Christianelyst vart bygd. Christianelyst avgrensar tettstaden mot sør, medan Walaker hotell avgrensar tettstaden mot nord. På oppsida av vegen bak strandsitjarhusa vakst det på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet fram eit nytt belte av frittliggande einebustadar, mange av dei i sveitserstil.
I mellomalderen stod det ei stavkyrkje i Solvorn, omtala i skriftlege kjelder frå før 1340. Stavkyrkja stod truleg ved den gamle kyrkjegarden rett sør for dagens kyrkje. Den gamle kyrkjegarden er framleis bevart og frå den er det gode siktliner til Urnes stavkyrkje.
Rundt Solvorn er det eit aktivt og godt bevart jordbrukslandskap med eldre gardstun. Høgdegardane på Mollandsmarki omkransa av innmark er eit viktig element i landskapet og viktige opplevingselement sett frå stavkyrkja.