Kulturmiljoer



Filter
Sorting
  • Hyllestad

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3251
    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3251
    informasjon
    • Området rundt Åfjorden er eit ope fjordlandskap omkransa av låge avrunda fjell. I aust deler fjorden seg i Hyllestadfjorden og Sørefjorden. Dei to fjordarmane er skilde av det langstrakte karakteristiske Katleneset innerst i fjordbotnen der kommunesenteret Hyllestad ligg. Lihesten skil seg ut som eit viktig landemerke. I strandsona og inne i dei små dalane og vikene ligg ei rekkje eldre gardsbruk. Menneska her livnærte seg i hovudsak av jordbruk og fiske, i tillegg til kvernsteinsproduksjonen. I Hyllestadvikja, nord for dagens sentrum, ligg det gamle sentrumet med eit heilskapleg og særprega bygningsmiljø med naust, sjøbuer, dampskipskai og fleire eldre bustadhus. Mykje tilgang til granatglimmerskifer saman med gode forhold for utskiping og transport gjorde området godt eigna til produksjon og eksport av kvernstein. Granatglimmerskifer er ein skifrig, mjuk stein full av harde granatar, veleigna til kvernstein. Produksjonen av kvernstein i Hyllestad har ei tidsdjupn på 1300 år med spor etter aktivitet frå 700-talet og fram til 1930-talet. Det vart i hovudsak laga to typar, handkvernstein og vasskvernstein. I mellomalderen vart det òg laga steinkrossar. Fleire bevarte steinkrossar på Vestlandet frå 900- til 1200-talet skriv seg frå Hyllestad, mellom anna to i Eivindvik og tre i Hyllestad. Steinkrossane var truleg spesialbestillingar frå mektige kundar. Det er òg funne spor etter plater, trau, mortarar, ljoresteinar og ulike heller. Kvernsteinverksemda har sett tydelege spor i områda for produksjon og i fjorden der ein skipa ut kvernsteinen. Dei største brota finn vi ved Myklebust i Hyllestad sentrum og på Rønset. Dei ferdige kvernsteinane vart skipa ut frå kaiar fleire stadar langs Åfjorden til marknadane ute i Europa. Vi finn spor i form av kaiplassar, tapte kvernsteinar og ballaststein på fjordbotnen. Dei eldste synlege brota finn vi på Otringsneset og Sæsol, daterte til 700-talet. Dette er nok likevel ikkje dei eldste produksjonsspora, dei er dekt til med produksjonsavfall og er ikkje undersøkte. I dei store brotområda kan vi sjå utviklinga av teknikken med å ta ut kvernstein i eit langt tidsrom. Utviklinga har i grove trekk gått frå hogging av emne til handkverner i grunne brot fram til rundt 1100-talet, til djupare brot og meir effektiv produksjon av vasskvernstein. Før 1600-talet var det truleg slutt på hogginga av emne rett frå fjell, og utover 1700-talet vart det vanleg med sprenging. Innanfor området finn vi gode døme på dei ulike fasane av utvinninga. Kvernsteinsparken er lokalisert nær kommunesenteret og tilrettelagt for at ein kan oppleve delar av kvernsteinsbrota på Myklebust. Her er delar av terrenget prega av store avslagshaugar og bekkeløpet er fylt med kvernsteinsemne og avslag. Tydelege spor etter drift ser ein i brotveggar, lause emne og store avslaghaugar. Ved Myklebustneset ligg det kvernsteinar i sjøbotnen som vitnar om utskipinga av kvernstein. Garden Sæsol ligg på ein ås i eit ope småkupert terreng med visuell kontakt med Hyllestadfjorden og Sørefjorden. I dette området har ein dei eldste dateringane av steinbrota i Hyllestad. På strekninga Rønset – Otringsneset finn vi den tettaste konsentrasjonen av spor etter kvernsteins produksjon. Området har både nokre av dei eldste, og dei fleste av dei yngste steinbrota i Hyllestad. Omfanget her har vore så stort at landskapet er endra og spora etter drifta er framleis synlege. I området Rønsetlia-Berge finn vi dei yngste produksjonsplassane. Her tok ein i bruk ny teknologi ved at ein sprengde ut steinblokker i fjellet med krut og så hogg ut kvernsteinane frå desse blokkene. I brota frå 1600- og 1700-talet finn vi borehol for sprenging og store blokker som vart hogd til vasskvernstein. Ved Rønsetklubben nede ved fjorden finn vi ein annan stor konsentrasjon med mange «grunne» brot med uttak av handkvernstein som kan vere særs gamle. Her finn vi òg ein del av ein gamal brotveg og spor etter både båtfeste og kaianlegg som tyder på at det har vore ein utskipingsstad her. I fjorden er det gjort funn av kvernstein og skrapstein ved Rønsetklubben og funn av kvernsteinar ved Stuberget. I svaberget på Otringsneset er det hogge ut fortøyingsringar som vitnar om at dette har vore ein viktig utskipingsplass. Området som heilskap utgjer ei unik samling av kulturminne knytt til kvernsteinsproduksjon over eit svært langt tidsrom. Rønset/Otringsneset og Myklebust er dei to stadane i KULA-området som er rikast på kulturminne etter utvinninga. Her er det ei mengd brotveggar, avslagshaugar, brotgroper, rest etter brotveg, tre utskipingshamner, samt tydelege merke i fjellet etter kvernsteinsutvinninga. Kvernsteinsproduksjonen her har forma landskapet og ein ser tydeleg omfanget av den tidlegare aktiviteten. Kvernsteinslandskapet i Hyllestad er prega av dei mange store og små steinbrota, og viser utviklinga av produksjonsteknikken frå 700-talet og fram til moderne tid. Området har ca. 400 steinbrot av ulik storleik, frå små brot med nokre få uttaksspor der ein har hogd ut runde omriss for å kile ut handkvernstein, til djupe og høge brot der ein har tatt ut mange tusen stein til både handkvern og vasskvern. Ved steinbrota er det steinskrot i store haugar frå drifta, det er vegar, stiar, murar, ruinar og utskipingshamner, samt mange tusen kvernstein som gjekk sund og ligg att i terrenget. Det er også restar av smier, for hoggjarnet måtte skjerpast med jamne mellomrom
    kommune
    • 4637
    kulturmiljoId
    • K568
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 568
    malemetode
    • 19
    navn
    • Hyllestad
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Høyanger

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3252
    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3252
    informasjon
    • Høyangsfjorden er omkransa av høge fjell med bratte sider. I fjordbotnen ligg tettstaden Høyanger med kraftverk og industrianlegg. Frå tettstaden går Dalsdalen innover med Daleelva i botn. Oppe på fjella er det ei rekkje større og mindre vatn, og opphavleg var det fleire fossar ned til dalen. Før 1916 var dette eit tradisjonelt jordbrukslandskap der gardane låg nede i dalen, ved fjorden eller på hyller oppe i fjellsida. Ved fjorden var det tre gardar og det budde om lag 120 menneske i området. Drifta av gardane var den tradisjonelle for Vestlandet med ein vertikal driftsstruktur med utstrekt bruk av fjellområda til beite, stølsdrift, jakt og fiske. Med utbygginga av kraft- og industrianlegga i Høyanger endra landskapet seg både ved fjordmunningen og oppe i fjella. Infrastrukturen til kraft- og industriutbygginga førte med seg synlege røyr¬gater, kraftlinjer, trapper, trallebaner, vegar, stiar, dammar, brakker og andre tekniske installasjonar. Ein del av den gamle bruken av landskapet forsvann. Med oppdemming av vatna vart fleire stølsvollar sette under vatn og ein måtte flytte stølsdrifta til andre stadar i fjellet. Nokre frie fossefall forsvann. Ein del av gardsdrifta vart vidareført, i hovudsak oppe i liene og innover Dalsdalen. Fjella vart framleis nytta til beite, støling og til jakt og fiske for bøndene. Hovudtrekka med den smale fjorden og dei bratte fjella er som før, men landskapet har fått tilført til dels store installasjonar som har endra det til eit kombinert jordbruks- og kraftlandskap. Dei største endringane var ved fjellvatna som vart oppdemma og i fjordbotnen der tettstaden Høyanger vart etablert. Den djupe Høyangsfjorden gav gode forhold for å etablere ein djupvasskai. Dette gjorde transporten av råmateriale og eksporten av ferdig aluminium lett. Kombinasjonen av vassressursane og høve til transport sjøvegen var vesentleg for at ein kunne etablere industristaden Høyanger i ei tid der ein måtte nytta krafta lokalt. Kraftverka og industriverksemda er framleis hjørnesteinen i Høyangersamfunnet. Historia om Høyanger som industristad startar i 1899 då ingeniør Einar Ramsli og arkitekt Sigurd Lunde sikrar seg vassrettane i Øyrevassdraget. Dette kjøpet markerer starten på kappløpet om vasskrafta ved Høyangsfjorden. I tida 1906–1915 sikrar konsul Harald Larsen seg alle vassrettane og startar opp arbeid med planar for vasskraftverk og industri. I 1916 startar det nyetablerte firmaet AS Høyangfaldene, Norsk Aluminium Company (NACO) opp arbeidet med bygging av kraft-, fabrikk- og byanlegg, samstundes som ein endrar namn på staden frå Høyangsfjorden til Høyanger. Den første provisoriske kraftstasjonen vart bygd på Hjetland i 1916, og i 1917 er første byggetrinn på dei permanente kraftanlegga ferdig. Dette anlegget bestod av Grimsosdammen og Kråkosdammen med røyrgater, trallebane og trapp ned til Kraftstasjon 1. I november 1917 var aluminiumsfabrikken ferdig og elektrodefabrikken startar produksjon av anode kol. Støyperiet stod ferdig i 1918 og prøveproduksjonen starta opp, men grunna manglande råstofftilgang vart det ikkje vanleg produksjon før i desember 1919. Fabrikkanlegga er gjennom tidene utvida og oppgraderte. Kraftproduksjonen er utvida fleire gonger. Første utviding var bygginga av Kraftanlegg 2 i 1937–38. Kraftanlegg 2 førte til store endringar i landskapet i Dalsdalen for å bygge dei omfattande anlegga i fjellet. Anlegget består av trallebane, røyrgater, vegar og dammar. Kraftstasjon 3 og Kraftstasjon 4 vart bygd i Norddalen. Lukehusa og ulike sikringstiltak i samband med dammane er andre synlege kulturminne i landskapet som fortel om kraftutbygginga. Slik det etter kvart vart vanleg, har ein ved seinare kraftutbyggingar også i Høyanger lagt mykje av anlegga inne i fjella og med unntak av dam- og veganlegg er desse lite synlege i landskapet. Krafta som vert produsert i Høyanger vert i hovudsak brukt lokalt og linjetraseane rettar seg difor i hovudsak frå kraftstasjonane til fabrikkanlegga og tettstaden. Høyanger gjekk frå å vere eit jordbrukslandskap til ein tettstad med ein planlagt bystruktur, industri- og kaianlegg. Med etableringa av tettstaden Høyanger kom den moderne byplantankegangen til Sogn og Fjordane. Det arkitektteikna bustadområdet Parken vart den første hagebyen i Sogn og Fjordane. I tettstaden er mykje av Egne hjem-bustadane bevart som eit heilskapleg område. I planlegginga var ein oppteken av at tettstaden skulle ha ein vakker utsjånad og NACO nytta fleire av samtida sine kjende arkitektar både til byplanen og til å teikne dei ulike husa. I Høyanger var det kraft, industri og produksjon som var det vesentlege for dei som bygde opp samfunnet. Noko som kan illustrerast med at det ikkje kom kyrkje i Høyanger før i 1960, medan Folkets Hus vart tatt i bruk i 1917.
    kommune
    • 4638
    kulturmiljoId
    • K569
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 569
    malemetode
    • 19
    navn
    • Høyanger
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Hove og Hopperstad

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3253
    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3253
    informasjon
    • Området viser dei lange linjene i utviklinga av ei rik jordbruksbygd på Vestlandet frå jernalderen og mellomalder, via det tradisjonelle jordbrukslandskapet etter utskiftinga og til dagens moderne jordbruks landskap. På terrassane finn vi vide og lettdrivne areal som var godt eigna for jordbruksteknikken i jernalderen og mellomalderen. Det er spor etter jordbruk tilbake til eldre jernalder og landskapet er rikt på kulturminne frå eldre jernalder og fram til i dag. Gravhaugane på Moane, Hopperstad stavkyrkje, Hove steinkyrkje og Tenold stavkyrkje (som er borte) vitnar om staden som eit politisk og religiøst maktsentrum i jernalderen og mellomalderen. Vik er den ytste av dei større jordbruksbygdene langs Sognefjorden. Bygda låg godt til for ferdsel over fjellet til Voss og på fjorden. Straum- og vindforhold i Sognefjorden kunne bidra til å tvinge skip på veg inn fjorden over mot Viksida. Her hadde ein ei særleg god strategisk plassering for å kunne fungere som eit maktpolitisk tyngdepunkt. I løpet av yngre jernalder/vikingtid hadde ein sannsynlegvis stor produksjon av våpen og reiskap som har vore med på å skape den velstanden som vi kan sjå i gravene frå denne tida. Funn i ei av kvinnegravene på Hopperstad viser til kontakten med Europa, og kan tolkast som ein ekteskapsallianse med ein irsk familie. Også andre funn i området vitnar om god kontakt over Nordsjøen, enten i form av handel, alliansar eller plyndring. Garden Hove har sannsynlegvis utmerka seg. Den sentrale plasseringa i bygda, namnet, rike fornminnefunn og at det vart reist ei kyrkje her i mellomalderen, tyder på at den var eit religiøst og maktpolitisk sentrum i jernalder og mellomalder. Moahaugane er knytt til garden og er eit særmerkt element i landskapet som knyter området til forhistoria. Her er åtte store og to mindre haugar og bevarte restar etter dei to Guahaugane på den aust lege terrassekanten ned mot elva Vikja. Haugane er godt synlege nede på flatbygda og med god utsikt ut over dalen og fjorden. Storhaugane hadde ein diameter på 15 til 30 meter og ei høgd på tre til fire meter og må ha gjort inntrykk på alle omkring. Det ser ut som dei første Moahaugane vart reist på 300-talet. Det kom fleire til heilt fram til 1030-talet. Den store samlinga av gravhaugar viser at det her sannsynlegvis har vore eit maktsentrum i jernalderen som var stort i vestlandsk samanheng. Hove steinkyrkje frå ca. 1170 er ei av dei eldste steinkyrkjene i Sogn og Fjordane og var truleg ei privatkyrkje knytt til ein velståande mann med sete i Vik. Vi kan sjå kyrkja som ei vidareføring av Hove som maktsenter og ei kontinuitet i gudsdyrkinga tilbake til før kristninga. Kyrkja ligg godt synleg i landskapet og er den har visuell kontakt med Hopperstad stavkyrkje. Det gamle klyngjetunet på Hove (Hovstunet) låg aust på terrassen ved Moahaugane. Etter utskiftinga vart mange av husa flytta. To av bruka etablerte seg med tun vest for steinkyrkja. I dag er området prega av ei blanding av nyare og eldre bygningar. Dei nye tuna har vidareført del av den rekkestrukturen som det eldre tunet hadde. Dei største endringane i bygningsmiljøet etter utskiftinga er dei to store fellesfjøsa som ligg like ved Hove kyrkje. Utover i yngre jernalder får fleire gardar i Vik auka status. Hopperstad har særleg mange og rike funn frå denne tida, og denne garden vart no ein av dei mest sentrale og største i bygda. Ved Haugateigen er det funne ni graver frå yngre jernalder, men dei er ikkje lenger synlege. Gravfunna fortel om ei jamn utvikling frå folkevandringstida og framover, der garden hadde ein aukande rikdom til lenger ut i vikingtid ein kjem. Spesielt for gravfunna på Hopperstad er at det er funne mange kvinnegraver som var rikt utstyrt. Dagens stavkyrkje på Hopperstad vart reist kring år 1130, truleg har det stått ei kyrkje her før dette. Plassert på ein haug i landskapet omlag midt i bygda med utsikt over dalen og fjorden er ho godt synleg og hevar seg opp over gardane nedanfor. Hopperstad var truleg fylkeskyrkja i Sygnafylket og i så fall den første offisielle kyrkjestaden i fylket. Hopperstad stavkyrkje og det store Hopperstadtunet står på ein rest av den samme terrassen som Moane. Det var eit tett klyngjetun fram til utskiftinga i 1880-åra. Rundt 1850 var det omlag 50 hus i tunet. Ved utskiftinga flytta tre av bruka ut av tunet, men Hopperstadtunet har tydeleg bevart den gamle klyngestrukturen. Det er eit særs verdifullt kulturmiljø der det ligg nær Hopperstad stavkyrkje med ope jordbrukslandskap rundt. Det har bygningar frå fleire bruk der eit mangfald av eldre bygningane dominerer. Bygningane er i hovudsak frå 1800- og byrjinga av 1900-talet, fleire i enkel bygdesveitserstil. I hovudsak står tunet slik det var bygd opp att etter utskiftinga. Mange andre gardstun i området har den tradisjonelle oppbygginga som kom etter utskiftinga.
    kommune
    • 4639
    kulturmiljoId
    • K573
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 573
    malemetode
    • 19
    navn
    • Hove og Hopperstad
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Gulatinget

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3254
    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3254
    informasjon
    • Det gamle Gulatinget er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Gulating vart truleg skipa av Harald Hårfagre og var ei årleg tingsamling som fann stad frå om lag 900–1300 e.Kr. Vi har ikkje sikkert belegg for den presise plasseringa av tingstaden. Utifrå landskapet, sagatradisjonen, historisk kunnskap om Gulatinget og plasseringa til kyrkja, samt plasseringa av dei to steinkrossane, har ein tolka det til at det første Gulatinget var lokalisert i Eivindvik. Under Håkon Håkonson sitt styre (1217–1263) vart tingstaden til Gulatinget flytta til ein ny møtestad kalla Guløy. Ein har ikkje gjort arkeologiske funn som har kunna stadfeste akkurat kvar tingstaden låg, men meiner likevel at Flolid, om lag fire km aust for Eivindvik, er den mest sannsynlege staden. Dette meiner ein på bakgrunn av at det skal ha vore ei kyrkje i området og at landskapet har eit påfallande naturleg atrium. Denne tingstaden hadde sannsynlegvis ei kortare levetid enn den i Eivindvik då Håkon 5 Magnusson flytta tinget til Bergen, truleg rundt 1310. Gulatinget var opphavleg eit allting der «alle frie, våpenføre menn» hadde rett til å møte. Seinare vart det omdanna til eit lagting. Gulatinget hadde både lovgjevande og dømmande makt. Det var der tingmennene godkjende lovene i forhandlingar med kongen sine representantar og kyrkja. Då Gulatinget vart oppretta, var Gulen omlag det geografiske sentrum for midtre del av Vestlandet. Eivindvik ligg strategisk til nær skipsleia og den vidare vegen inn Sognefjorden. KULA-området omfattar dei to stadane i Gulen der Gulatinget sannsynlegvis vart halde og landskapet rundt. Tingstadane var lette å kome til med båt frå dei ulike delane av regionen som var omfatta av Gulatinget, og det var tilgang til gode hamner. I tillegg måtte dei ha plass til alle som kom og terrenget måtte høve som tingstad. Ein slak terrengrygg slik vi finn i Eivindvik er eit godt døme på eit naturleg terreng som var godt eigna til tingplass. Tida frå 900-talet og fram til 1300-talet var uroleg. Leidangen vart eit viktig grep for å sikre landet mot invasjon og var det første organiserte forsvarssystemet for Vestlandet. Leidangen var regulert i Gulatingslova. Systemet med vetar for å varsle ufred og å samle leidangen var viktig. Rundt Eivindvik er det fire vetar, plasserte på Næverdalsfjellet, Semnebøfjellet, Middtun og Svaberg. Vetane er tolka som eit vaktvern for Gulatinget i tillegg til at dei var ein del av det heilskaplege vetesystemet. Truleg har det vore lokale tingstadar i Gulen lenge før det regionale tinget oppstod. Området knytt til Gulatinget har variert, før 930 var det i hovudsak Hordafylke, Firdafylke og Sygnafylket. Etter midten av 900-talet vart området utvida til å omfatte Sunnmøre, Rygjafylke og Egdafylke. Ved innføringa av landslova i 1274 inngjekk også Valdres, Hallingdal og Setesdal. Ved tingstaden i Eivindvik står det to krossar i granatglimmerskifer frå 900 talet. Krossane er hogde i steinbrota i Hyllestad og frakta til Eivindvik. Den eine krossen står plassert ved kyrkjegardsporten og den andre eit stykke oppe i bakken nord for kyrkja på området som i dag vert kalla Krossteigen. Topografien har mange likskapstrekk med skildringa av Gulatinget i Egils saga. Terrassen under krossen på Krossteigen ville kunne vere ein god tingvoll. Ved krossen var det ei kjelde med rikeleg vatn, kalla Olavskjelda, og skipa kunne finne seg gode hamner i vika nedanfor og langs sundet både lenger aust og vest. Gulatinget på Flolid vart valt som Sogn og Fjordane fylke sin 1000-årsstad og det er opparbeida ein park i området der ein trur at Håkon Håkonson flytta Gulatinget til. I parken står Bård Breivik sine monumentale kunstinstallasjonar der Tingveggen er det mest markerte verket. I dei tidlegaste tingseta til Gulatinget hadde ein ikkje nedskrivne lover. Lovene vart overleverte munnleg og ein måtte hugse dei. I regjeringstida til Olav Kyrre (1067–93) vart Gulatingslova skriven ned. Fleire ulike kjelder frå mellomalderen gjev til saman eit godt bilete av korleis Gulatingslova var på 1100- og 1200-talet. På Gulatinget i 1267 vart ei ny Gulatingsbok lagt fram til godkjenning og den gjaldt fram til 1274 då Landslova vart vedteken av tingmennene. Landslova vart utarbeida av Magnus Lagabøte og samla dei norske landskapslovene i ei lovbok. Landslova gjaldt i fleire hundre år og grunnlova frå 1814 bygde på dei gamle lovsamlingane. Korleis Gulatingslova har blitt vidareført i dagens lovverk ser vi til dømes i rettsreglane knytt til odelslova og allemannsretten.
    kommune
    • 4635
    kulturmiljoId
    • K574
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 574
    malemetode
    • 19
    navn
    • Gulatinget
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Grinde – Engjasete

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3255
    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3255
    informasjon
    • Dei fleste gardane ligg i eit ope fjordlandskap der bratte fjell stig opp bak gardsbruka. Finnabotn skil seg frå resten av fjordlandskapet i området som er eit avgrensa landskapsrom der fjorden er omkransa av bratte og høge fjell. I heile området er det spor etter korleis menneska har tilpassa landskapet slik at ein kunne livnære seg her. Gardane hadde gjerne fleire stølar. Nokre av fjellstølane ligg langt frå garden. Gardsbruka hadde fleire ulike inntektskjelder som til saman skapte eit livsgrunnlag. Det var mellom anna vedhogst for sal, laksefiske i fjorden og pelsdyroppdrett. I dag er turismen ei ny inntektskjelde som også set spor i landskapet. Menneska har brukt dette området i svært lang tid, noko gravrøysa på Kalvhageneset ved Ålrek og gravhaugane ved Sylvarnes og Vollevik er synlege spor etter. Det er òg gjort funn som tyder på busetnad tilbake til steinalderen på Geithus. I fjellet er det spor etter stølstufter som kan gå langt tilbake i tid. Folk på Strendene er avhengige av båt for å kome seg til andre stader. Mellom gardane, innmarka, utmarka og stølsområda er det eit nett av stiar og gangvegar. Enkelte av dei er mura opp i det bratte terrenget. Dei til dels høge og omfattande vegmurane er med på å skape det særprega kulturlandskapet. Den vertikale driftsstrukturen i området er svært godt bevart og lett lesbar i landskapet. Nokre av gardstuna ligg tett på fjorden, medan andre ligg noko høgare oppe. I det bratte terrenget var det viktig at tunet vart lagt trygt for skred, samstundes som åkerjord og slåttemark måtte sparast. I strandsona er naust, buer og kaiar lagt der det var mogleg å legge til med båt. På Sylvarnes er det bevart eit gamalt ishus som tidlegare vart nytta i samband med laksefisket. Fiske etter laks var ei viktig inntektskjelde. Nokre stader er det kome nye bygg for turistverksemd i strandsona. I Finnen og i Finnabotnen er det fleire bruk heller tett på fjorden der landskapet flatar ut. Nede ved fjor den finn vi òg restar etter fleire husmannsplassar, mellom anna i Vollaviki der husmannstova framleis står. På Ålrek er mykje av det gamle klyngetunet knytt til dei tre bruka bevart. Garden Ålrek er ikkje utskifta og den gamle teigblandinga er framleis intakt. Eigarane har gjort eit stort arbeid over mange år for å halde landskapet med dei mange teigane ope. Vegen opp frå fjorden og bakkemurane i tunet og innmarka viser bruken av landskapet. Her er framleis bevart fleire eldre frukttre. Tunet som ligg omlag 100 moh gjev eit godt bilete av korleis menneska i området budde i tida før utskiftinga. På garden Sylvarnes ligg dei to bruka tett ved ein annan, og dannar eit felles tun der mange av dei gamle bygningane er bevart. Då bruka framleis vert drivne på tradisjonelt vis, er kulturlandskapet særs godt bevart med rydningsrøyser, steingjerde og den oppmura vegen som viktige element. Det ligg ein godt bevart einerhage aust for tunet. Lauving er framleis i hevd på Sylvarnes. Karakteristisk for gardstuna langs Strendene er at dei ofte består av eitt eller to bruk. Nokre stader står tuna til fleire bruk tett saman, andre stader er det meir avstand mellom dei. Ein del tun skil seg ut ved at det er gjort svært få endringar i bygningsmassen og dei er særs verdifulle kulturmiljø. Kyrkjeteigen, Geithus, Hustavenes, Vollaviki, Hanekam, Vetlesand og Ålrek er gode døme på tun som er godt bevarte. Utmarka var vesentleg for livberginga på Strendene. Dei fleste gardsbruka hadde fleire stølar, heimestøl og fjellstøl var nødvendig, og nokre bruk hadde gjerne to fjellstølar. Heimestølen låg gjerne på 300–500 moh og var i bruk vår og haust, medan fjellstølen låg høgt til fjells. For ein del av gardane var det lange og bratte stølsvegar. Stølshusa på desse stølane vart ofte små og spartanske og gjerne bygd opp av enkle materiale og stein. Eit godt døme er Ålrekstølen, der det gjerne tok seks timar å gå frå garden til stølen. Steinsela viser korleis ein i størst mogleg grad har brukt lokale materiale til å bygge husa. Fleire av stølane i området er framleis godt bevarte og gjev eit godt bilete av den tradisjonelle stølsdrifta. I tillegg til Ålrekstølen gjeld det Hanekamstølen, Hestfjellet, Smørklepp og Sylvarnesdalen. Ein del av stølane har ei spektakulær plassering og er godt synlege frå fjorden, til dømes Hustavenes stølen, Rotteskaret, Skjemmedalen, og Ytstestølen Geithus.
    kommune
    • 4640
    kulturmiljoId
    • K571
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 571
    malemetode
    • 19
    navn
    • Grinde – Engjasete
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Den ytre skipsleia med fjelløyene

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3256
    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3256
    informasjon
    • Folk har gjennom fleire tusen år budd og ferdast ved ytterkysten. Her var det sikker tilgang på mat frå fangst og fiske. Kontaktnettet var stort og hovudtransporten gjekk med båt. Dei to hovudleiene vert omtala som den indre og den ytre leia. Å kjenne att leia var viktig. Her ligg mange grunner og skjær som kan vere livsfarlege. I Sogn og Fjordane ligg det nokre markante fjelløyer som er godt synlege på lang avstand, og som har vore naturlege seglingsmerker langs leia: Alden, Tvibyrge, Kinn, Skorpa, Batalden og Hovden. Felles for dei seks øyene er at dei er lett å kjenne att. På Alden kan det høgaste punktet minne om ein hest, jf. namnet Norske hesten. Tvibyrge har to fjelltoppar som er lett å kjenne att. På Kinn er Kinnaklova det særmerkte landskapselementet. Den pyramideforma toppen på Batalden skil seg klart ut. På fastlandet ligg Staveneset med gravrøysene godt synlege frå sjøen. Gravrøysene i området er kanskje dei mest tydelege spora etter forhistoria. Dei er plasserte svært synleg i seglingsleia. Det største gravfeltet i området med 30 røyser ligg på Stavenes i Askvoll og er godt synleg frå sjøen langs den indre leia. På Stavenes er det også funne 11 felt med helleristingar Kinn med Kinnaklova er eit av dei mest særmerkte seglingsmerka langs den ytre leia. Øya har hatt busetnad i svært lang tid og rundt år 1100 vart Kinn kyrkje bygd. Ho er plassert heilt ute ved havet. Kyrkja hadde gode inntekter frå fiskeria. Segna om prinsessa Borni knyter Kinn saman med Selja og St. Sunniva og gjorde truleg Kinn til eit pilegrimsmål i mellomalderen. I tillegg til øyane som seglingsmerker vart det frå 1828 starta ei stor utbygging av fyrstasjonar langs kysten og dei seglande fekk då nye landemerke å navigere etter. Innanfor området finn vi fleire kystfyr, mellom anna Stabben og Ytterøyane. Menneska som budde på øyene var avhengig av å drive mangesyssleri med gardsdrift, fiske og litt handel. Denne levemåten har sett tydelege spor i landskapet. Brukseiningane var ofte små og oppdelte, der ein på dei små åkerlappane har dyrka korn og frå utpå 1800-talet potet. I det milde klimaet kunne dyra, spesielt småfeet, gå ute på beite på lyngheiene og strandengene store delar av året. Det vart òg sanka vinterfôr i lyngheier og på slåtteenger. Sjø og strand var ei form for utmark som var avgjerande for at menneska kunne leve her. Tang, tare og fiskeavfall til dyrefôr og gjødsel var ein viktig del av energioverføringa til garden. Små øyer og holmar vart ofte brukt som beite. Torv vart brukt til brensel, og i fleire myrer finn vi spor etter uttak. På fleire av øyene er det bevart kulturminne som viser bruken av landskapet. Typisk er det at menneska har busett seg der landskapet flatar ut, og inne i viker der dei får ly. Øya Tvibyrge er eit godt døme på dette, der busetnaden er lagt på austsida i Tvibyrgjevågen. Den lange steinmuren som var ferdig i 1871 og skil innmarka frå utmarka og mellom dei to bruka, er eit karakteristisk element i landskapet. Laksefisket var ein viktig del av næringsgrunnlaget og lakseverpet låg nord på øya. I dei store sildeåra rundt 1850–60 søkte fleire tusen menneske seg til området. Frå denne tida fekk ein ordtaket «Dra til Kinn og bli rik». Det rike fisket førte også til ei teknologisk utvikling på øyene då det frå 1861 vart etablert fiskeritelegraf. I Rognaldsvåg på Reksta finn vi eit av dei største og best bevarte sjøhusmiljøa i området med 30 til 40 naust og sjøbuer. Bygningane er svært varierte i storleik og formuttrykk. Saman med ei rekkje andre eldre bygningar dannar dei eit heilskapleg kulturmiljø. På Batalden, Fanøya, Kinn, Reksta og Skorpa stod mange av dei store sjøhusa og salteria. For å bygge buene måtte ein ha til dels store og omfattande sjømurar. Etter at storsilda forsvann vart mange av sjøbuene og salteria flytta til andre stadar og berre grunnmurane står att, slik som dei store murane ved Fanøya. Dei er vitnesbyrd om dei store fiskeria i området. Dette sildefisket var avgjerande for at Florø by vart etablert i 1860. Under andre verdskrig var det stor aktivitet i området, både av okkupasjonsmakta og av motstands rørsla. Tyskarane etablerte signalstasjonar på Færøy for å kontrollere skipstrafikken til og frå Florø. Den tyske marine etablerte òg kystvaktavdelingar ved Vallestad på Askrova, på Ytterøyane og Kvannhovden. For motstandsrørsla var øyene viktige. Folk herifrå deltok i englandsfarten. Shetlandsgjengen brukte fleire av øyene, mellom anna vart nordsida av Skorpa brukt som skjulestad for MTB-ar. Mot slutten av krigen var Domba på Hovden ein viktig stad for motstandsfolk og britiske etterretningsagentar. Ein tok her i mot våpen og ammunisjon som vart distribuert til motstandsrørsla i fylket. Flyktningar vart sende ut av landet frå Domba. Askrova vart brukt som lagerstad for materiell frå England. Radiostasjonar rapporterte til England om skipstrafikken frå skiftande stader.
    kommune
    • 4602
    kulturmiljoId
    • K564
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 564
    malemetode
    • 19
    navn
    • Den ytre skipsleia med fjelløyene
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Balestrand og Vangsnes

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3257
    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3257
    informasjon
    • På 1800-talet kom dei første turistane til Noreg. Omlag samstundes byrja kunstnarane å reise i landet. I 1875 kjem det eit stort skifte i turismen, då Thomas Cook arrangerte den første selskapsreisa langs Norskekysten. Heilt frå byrjinga var Sognefjorden av dei aller viktigaste reisemåla for turistskipa. Dåtida sitt romantiske natursyn heldt den vestlandske naturen med ville og bratte fjell, brear, tronge fjordar og høge fossefall for vakker og sjåverdig. Dei midte og indre delane av Sognefjorden var, og er, eit landskap som representerer alt dette. Fjærlandsfjorden. Det karakteristiske smale neset var eit viktig mål for mange av turistane på 1800-talet, spesielt dei tyske. Dette kom av at forfattaren Esaias Tegnér i 1825 gav ut diktsyklusen Frithiofs saga som vart svært populær i Europa og spesielt i Tyskland. Forteljinga hadde store delar av handlinga si lagt til Vangsnes, der Vangsnes var heimen til Fridtjof. Mange av dei tyske turistane ville sjå heimstaden til Fridtjof og å passere Vangsnes var ein viktig del av reisa. Keisar Wilhelm var svært oppteken av sagaene, det norrøne og ideen om at nordmenn var ein del av det felles germanske folket. Tegnér si Frithiof saga var eit verk han sette svært høgt og i 1911 gav han to skulpturar frå denne forteljinga til Noreg. Ein var av Fridtjof som vart plassert på Vangsnes og ein av kong Bele, far til Ingebjørg, som vart plassert i Balestrand. Skulpturane er plasserte slik at dei har visuell kontakt med kvarandre over fjorden. Statuen av Fridtjof vart plassert svært synleg på toppen av neset på Vangsnes og tett på to gravhaugar. Statuen av kong Bele er plassert tett på fjorden, godt synleg på toppen av den eine av Belehaugane.
    kommune
    • 4640
    kulturmiljoId
    • K570
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 570
    malemetode
    • 19
    navn
    • Balestrand og Vangsnes
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126
  • Grip kulturmiljø

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3258
    datafangstdato
    • 2024-03-08T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-03-08T08:11:50Z
    id
    • 3258
    informasjon
    • I mellomalderen var Grip eige av biskopen i Nidaros. På 1700-talet var det kjøpmannsstanden i Kristiansund som rådde grunnen. Kulturmiljøet på Grip har for ettertida ein høg maritim referanseverdi. I regional delplan for kulturminne er øya Grip framheva når det gjeld bygningsvern. Grip stavkyrkje er frå seinmiddelalder og er automatisk freda som nasjonalt viktig kulturminne. Stavkyrkja som er ei av tre stavkyrkjer i Møre og Romsdal vart reist i ein periode i mellomalderen med låg aktivitet knytt til bygging av nye kyrkjebygg. Grip har lange tradisjonar som fiskevær. Kulturmiljøet som omhandlar fiskerihistoria til øysamfunnet er vektlagt til å ha ein nasjonal verneverdi. Vernekriteria er basert på eit maritimt kulturmiljø. Staden er eit godt bevart fiskevær med eit tettbygd trehusmiljø. Fiskeværet må sjåast i samanheng med at ein innanfor dei førmoderne fiskeria med åremakt og råsegl var avhengig av å ha kortast mogleg veg ti dei rikhaldige fiskefelta. Difor vart Grip i mellomalderen etablert som fiskevær. Utkomme av fiskeria og ei rekkje funksjonar knytt opp mot fiskeria var i historisk tid det sentrale innan livberging og inntekt hjå kystbefolkninga. Det vart mellom anna tørka klippfisk på bergarealet på øyane, og tilreisande sesongfiskarar vart innlosjert under skreifiskinga på seinvinter og vårparten. I tillegg kan det nemnast at Grip har bevart stavkyrkje, losstasjon og fyrmiljø som inngår som viktige objekt i eit sjeldan verdfullt kulturmiljø knytt til historisk busetting, fiskeri og samferdsle under marginale tilhøve. I regional delplan for kulturminne vert og loshytte på øya og Grip fyr trekt fram som verneobjekt. Loshytta som er ein del av det historiske fyrmiljøet representerer eit samferdselsminne som er regulert til bevaring av regional verdi. Fyret er eit kystfyr frå siste del av 1800-talet. Det er vedtaksfreda av nasjonal verneverdi, og er eit av dei mest kjende fyra på Norskekysten. Øysamfunnet var eigen kommune fram til 1964. Fram til innlemminga i Kristiansund kommune var øygruppa landets minste kommune. Bebygginga på øygruppa er samla på Gripholmen. Grip vart fråflytta først på 1970-talet og i dag er tettstaden i havet viktig for fritidsbusetting og turisme.
    kommune
    • 1505
    kulturmiljoId
    • K580
    kulturmiljokategori
    • M-REG
    lokalId
    • 580
    malemetode
    • 19
    navn
    • Grip kulturmiljø
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-03-08T09:32:53Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    vernetype
    • REG
    versjonId
    • 20230126
  • Surnadalsøra kulturmiljø

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3267
    datafangstdato
    • 2024-03-08T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-03-08T08:11:50Z
    id
    • 3267
    informasjon
    • Staden Surnadal og tettstaden Surnadalsøra som ikkje må forvekslast med den nyare sentrumsdelen som heiter Skei er prega av å ha eit særleg verdfullt trehusmiljø. I den regionale delplanen for kulturminne for Møre og Romsdal er det framheva at Surnadalsøra har hatt ein historisk funksjon som handelsstad og strandstad med eit trehusmiljø som er regulert til bevaring. Ein vedteken reguleringsplan skal sikre øra etter prinsipp om antikvarisk og historisk bygningsvern. Plan og bygningslova sett i høve til ivaretaking av det eldre bygningsmiljøet står sentralt. Det lokale «Øyrafondet» er eit godt lokalt initiativ for å sikre vernemidlar til bevaring av bygningar for private huseigarar. Det er bygnadar frå to tidsperiodar. Den byhusliknande bebygninga på strandstaden «Øra» skiljer seg markant frå hus og driftsbygningane i jordbrukskommunen Surnadal elles. Den eldre trehusbebygginga på Øyra er løfta fram i regional delplan hjå seksjon for kulturarv i fylket som viktig å ta vare på. Trehusa sin bygnadsstruktur og innretting ut mot gateplan i eit fortetta og smalt bygdesentrum må trekkast fram som relativt sjeldan for regionen Eit sentralt trekk når det kjem til rådande historisk byggestil er Bandbebygging med ei markant byfortetting. Husa er bygd skulder mot skulder på båe sidane av gatearealet i ei langsgåande rekke. Det er smalt mellom brygger i sjøkanten og fortetting av rekker av trehus. Ein del av dei eldre husa pregast av panelt tømmer av byhusliknande karakter, medan andre bygningane er fasadeprega næringsbygg som vender ut mot gateplan. Bygningshistorisk er øyra sine rekkjer av eldre trehus eit sjeldan fint døme på bygningshistorisk referanseverdi. Som handelsstad har Surnadalsøra sin rolle minka betrakteleg samanlikna med handelsnæringane som sterkt prega øyra seint på 1800-talet. Som mange andre stader kor bebygging har vorte brannherja (stor brann i 1938) er Surnadalsøra prega av eit tap av kulturminne i form av trehus, trebrygger og pittoresk utforma koloniliknande hagar som kom vekk. Det store fleirtalet av innbyggjarane tapte heim og arbeidsstad som ein konsekvens av brannen. Trehusmiljøet som står att i dag har høg referanseverdi i høve ein representativ originalitet på ein tettstad som tidlegare hadde funksjon som bygdeby. Bygningane representerer sin absolutte eigenverdi, samstundes som at dei fell innanfor forståinga av eit større kulturmiljø som skapar ein høg representativ verneverdi kollektivt sett. Eit døme på eit verdfullt bygg kan vere» Raudlåna» eller «Gammallåna» som er eit vedtaksfreda bygg frå 1700-talet. Utover det særprega trehusmiljøet på Øyra kan og nokre andre kulturminnekategoriar løftast fram. Dei arkeologiske funna må seiast å vere mangfaldige. Det er mange funn som syner til tidleg jorddyrking og fleire gravminne. Ein har og ein relativt høg grad av teknisk – industrielle kulturminne. Her kan nemnast Aasbøsmia som er ei nedlagt smie og tidleg kraftstasjon som leverte ljosstraum til øra frå 1916 av. I den første driftsperioden bygde ein ut Løftabekken og dreiv maskiner i eigen verkstad ved å nytte seg av turbindrift.
    kommune
    • 1566
    kulturmiljoId
    • K588
    kulturmiljokategori
    • M-REG
    lokalId
    • 588
    malemetode
    • 19
    navn
    • Surnadalsøra kulturmiljø
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-03-08T10:16:07Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    vernetype
    • REG
    versjonId
    • 20230126
  • Futsetra landbruksmiljø

    https://api.ra.no/KulturminnerKulturmiljoer/collections/kulturmiljoer/items/3268
    datafangstdato
    • 2024-03-08T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-03-08T08:11:50Z
    id
    • 3268
    informasjon
    • Den regionale delplanen for kulturminne omtalar Futsetra som eit kulturmiljø som er danna av eit særprega gardsmiljø som er eit landbruksminne. Ein vektlegg at landbruksmiljøet har ein regional verneverdi. Kulturmiljøet vert og vektlagt til å ha eit godt bevart kulturlandskap som vert vektlagt som verdfullt. Kulturminneverdiar som trekkast fram er eit gardstun som landbruksminne. På Futsetra har det vore høg aktivitet i steinalderen etter arkeologiske funn å døme. Ifølgje bygdeboka for Bremsnes har staden vore brukt som seter i fleire tidsrom, men meir permanent busetting basert på gardsdrift har og prega bruken historisk. Futsetra står fram som eit mangfaldig kulturlandskap med ei rekke ibuande kvalitetar som omhandlar historisk og nyare landbruksdrift med tilhøyrande historiske spor etter tradisjonelle arbeidsprosessar som pregar langvarig bruk av eit kulturlandskap.
    kommune
    • 1554
    kulturmiljoId
    • K587
    kulturmiljokategori
    • M-REG
    lokalId
    • 587
    malemetode
    • 19
    navn
    • Futsetra landbruksmiljø
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-03-08T08:55:16Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    vernetype
    • REG
    versjonId
    • 20230126